NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 10

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Daudingen som hadde svike ei jente

To gutar fekk ein gong auge på eit beinrangel som stod attmed ein vegg ved kyrkja.

"Skal tru om han vil smake ostebiten eg har i lomma?" sa den eine guten. Så tok han ned i lomma og stakk biten i gapet på daudingen. Beinrangelet beit til, og om litt sa han kven han var. Han ville at guten skulle gå til ei jente som han hadde svike og be om ho ville tilgi han.

Det lovde guten. Den andre henta jenta i ein fart, og då ho møtte fram, sa ho til beingrinda, "Kan nokon andre tilgi deg, så kan vel eg."

Straks ramla beinrangelet saman. Og då guten skulle sjå etter, var det berre støv og jord alt saman.

OPP NOTAR  

Den lubne barnekroppen

Ein mann var på veg frå fjellet med kløv. Best det var, bråstogga hesten og stod som stein. Same kva kløvkaren gjorde, flytta ikkje hesten ein fot. Då kom han til at kanskje at utburden var på ferde, for det blei fortalt at det hadde blitt sett ut ein unge der før i tida. Han lytta ei stund etter spede barnerop i skogen og krattet rundt seg, for slikt hadde mange høyrt i mørkninga der i trakta. Mange sa det var hare, og andre trudde noko anna.

Mannen høyrde ingen ting ei tid, men så trudde han det sa, "Gi meg namn, gi meg namn!" og det var som han såg ein ørliten, lubben barnekropp under hesten.

Så sa han ut i vêret: "Det er vel namn du vil ha. Vil du sleppe hesten min, skal eg døype deg når eg kjem heim."

Då rugga hesten som før, og dei kunne gå vidare.

Då karen kom heim, skunda han seg inn i stova etter ei vasskål, gjekk utpå hella og slo det utfor og sa: "Eg døyper deg på ei von, anten Gyrid eller Jon!"

Sia var han aldri ute for utburden.

OPP NOTAR  

Ei mor går att for å sjå til barna sine

Ein gong hadde ein barneflokk fått ei slem stemor. Mora kom og sa:

Eg etterlét meg tolv dyner blå.
Korfor skal mine små liggje på berre strå?
Eg etterlét meg både både øl og mat.
Korfor skal barna mine liggje med tomme fat?

Det hjelpte.

OPP NOTAR  

Deildegasten

Kulpar er djupe holer i bekk eller vatn. I ein slik kulp hadde ein mann kasta ein bytestein. Sia blei han deildegast, og kulpen blei ganske snart kalla gastekulpen, for folk høyrde han streva med å lyfte steinen opp frå botnen. Når han hadde steinen eit stykke oppe, så lo han; men når steinen sokk ned att, skreik han så det var fælt å høyre.

Det var ein stad dei aldri hadde fred for gasten, han gjekk og gaula utetter kveldane og nettene. Ein kveld der kom det ein handelskar med skreppa si til gards og skulle vere der om natta. Då det lei på kvelden, tok gasten til å huje så fælsleg, og folka klaga seg for handelskaren. Han meinte det var råd til å bli kvitt gasten, berre dei gjekk til han og tala vel med han. Men mannen på garden meinte det var rådlaust.

"Er de redde for gasten? sa handelskaren. Det er ikkje noko å vere redde for! Dersom ein går beint til gasten og legg steinen der han peikar, så får ein fred for han."

"Men ingen tør å gå til han og tale med han," meinte mannen.

"Eg kan gå til han!" sa handelskaren. Så gjekk han ut på tunet mens gasten heldt på og skreik og gaula i heia plent som ei ugle. Handelskaren gjekk ned dit ulinga kom frå, og mannen stod på tunet og såg etter han og trudde karen var galen.

Men ei stund etter kom handelskaren tilbake til garden og fortalde: "Då eg kom bort til gasten, sa eg til han: "No skal du seie kor steinen har lege før, så skal eg setje den opp der. Men så skal du love meg at du aldri meir skal kome her!" Så sette eg opp steinen på den staden gasten viste meg."

Sia var dei kvitt gasten der på garden.

OPP NOTAR  

Brynhild som deildegast

Ei kone på ein stor gard overtalte ei fattig husmannskone som heitte Brynhild til at kaste bort ein skiftestein, og gav hende mjøl for det. Brynhild tok skiftesteinen og kasta den i eit tjern på heia, og gjekk heim og kokte seg graut. Men den grauten tolte ho ikkje; ho fekk både magesjuke og sinnslidingar av den.

No går Brynhild som deildegast og skrik og ber seg ille, drassar på steinen og kan umogeleg få den til rette igjen. Synda hennar har lagt seg så tungt på steinen at der er inga råd: enda om ho trælar mykje, så dett den alltid tilbake.

Ved nattetider, helst i skoddevêr, kan ein høyre klagerop over heia.

OPP NOTAR  

Det skal ikkje alltid mykje vatn til

Ein gong ropte det uti Glåma: "Timen er komen, men ikkje mannen!" Då fekk presten Rynning sett ut vakter ved elva. Det varte ikkje lange stunda, så kom det ein kar. Og meir enn travelt hadde han. Men då bad presten mannen inn til seg. Mannen ville ut att med det same, men presten fekk stogga han.

Om kvelden blei fremmendkaren sjuk og bad om vatn. Vatnet blei henta frå Glåma. Men med det same han hadde drukke nokre slurkar, døydde han.

OPP NOTAR  

Heimrittet i mørket

Når ein går oppetter frå prestegarden så kjem ein til ei elv. Ho er stor når det er flaum, men andre tider er ho ikkje større enn at ein kan vade den der ein vil.

Det var ein gong seint ein kveld at folket i prestegarden høyrde at det ropte oppi elva: "Tida er komen, men mannen er ikkje komen!"

Ei stund der etter kom ein mann som hadde vore eit ærend til sjøen ridande på heimveg i mørkninga og skulle over elva. Då gjekk presten ut og bad han gå inn og ikkje ri uti elva i mørket, men mannen hadde slik hast på seg at han ville ikkje heftast. Presten talte han frå det beste han kunne, og tok i bekslet og ville halde hesten, men endå var mannen så strid på det at han reiste sin veg. Men då han kom i elva blei han borte, og det var ingen som såg han sia.

Samlinga NOTES

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2008–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]