NORSK DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk: Rundt 300 munnhell og talemåtar

 13 › 2 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Rundt 300 munnhell og talemåtar

"Alt godt kjem ovafrå," sa mannen, kona fekk ein takstein i hovudet [Br 137].

"Alt har ein ende. Gud gi eg hadde ingen," sa guten, han skulle ha ris [Ae 209, Br 45].

"Alt monnar," sa musa, ho pissa i sjøen [Oy 217].

"Berre gift deg," sa mannen; han såg katten leika seg. jf. Den som har for godt, skal gifte seg [Oy 203].

"Blunda du òg, din einøygde jækel," sa fanten, han skulle tre i nåla [Br 25].

"De kan no bere stein mens de kviler," sa mannen til drengane sine [Br 108].

"Dei er ikkje englar alle som nakne er," sa mannen, han såg kona lauge seg [Br 45].

"Dei er sure," sa reven om rognebæra; han kunne ikkje nå dei [Oy 228].

"Den drog blod," sa snikkaren, han stakk spikaren uøvd i lomma.* [Jf. Go 104].

"Denne veka gjekk fort, - i overmorgon er det alt onsdag," sa mannen [Br 164].

"Der blei lusa lurt," sa mannen; han brende opp skjorta si [Oy 215].

"Dess før eg blir ferdig, dess før blir eg fri," sa jenta, ho tok gryta av då grauten var halvkokt [Br 51].

"Det blir no inga moro før eg kjem," sa tjuven; han såg folket gjekk til galgen [Oy 217].

"Det drar den vegen med oss alle," sa jomfrua, ho såg åtte brurepar [Go 108].

"Det er alt det same," sa mannen; han steig opp på hesten og datt ned på den andre sida [Oy 221].

"Det er betre å få juling enn å vantrivast," sa guten [Br 20].

"Det er botn i meg også," sa jenta, ho hadde spist ei halv goro [Go 108].

"Det er det same kor eg slit mi tid," sa mannen, han låg i grøfta [Go 104].

"Det er ein overgang," sa reven; dei snudde skinnet på han [Oy 234].

"Det er fritt val, men den som ikkje vil, han skal," sa presten [Br 189].

"Det er fusk med alt så nær som søtmjølk - og den blandar dei vatn i," sa mannen [Br 127].

"Det er god potetmold her," sa kallen, dei grov ned kjerringa [Br 127].

"Det er godt alt saman; først det eine og så det andre," sa mannen; dei spurde kva slags vin han ville ha [Oy 204].

"Det er godt eg har ikkje gjort verre vondt enn at eg kan kome att der eg har vore før," sa kjerringa, ho kom på slaveriet tredje gongen [By 194].

"Det er ikkje godt alt som kjem ovafrå," sa mannen, han fekk ein takstein i hovudet [Br 70].

"Det er ikkje greitt," sa guten; han fekk bek i håret [Oy 205].

"Det er ikkje greitt," sa jenta, ho steikte frosk i vaffeljernet [Go 107].

"Det er ikkje så nøye, berre det er akkurat," sa mannen [Br 135].

"Det er langt fram," sa tjuven, han gjekk til galgen [Go 104].

"Det er langt fram," sa tjuven; han skulle til galgen [Oy 213].

"Det er lett å rive rote," sa kjerringa; ho reiv øyret av den andre [Oy 221].

"Det er mangt stygt i sjøen," sa mannen, han såg kona sumde [Br 152].

"Det er mye vondt i verda," sa guten; han skulle lære å lese [Oy 234].

"Det er no ein overgang," sa reven, dei flådde skinnet av han [Br 55].

"Det går opp og ned her i livet," sa heisføraren.] [Oy 199].

"Det går rundt," sa mannen, han stod på kverna [Go 106].

"Det går så opp og ned," sa heisføraren [Br 76].

"Det går vilt for seg borti Russland," sa mannen, han snudde bladet opp ned mens han las [Br 114].

"Det har ingen hast for mi skuld," sa mannen, han skulle hengast [Br 80].

"Det hender ofte slikt på sjøen," sa selen; han blei skoten i auget [Oy 207].

"Det hører med til dansen," sa guten; han datt i koll [Oy 209].

"Det kan bli for mye av det gode òg," sa mannen, han fekk møkkalasset over seg [Br 70].

"Det kjem som smurt," sa presten, han mangla bukseknapp og fann to i kollektskåla.* [Br 140].

"Det manglar meg berre elleve skjorter på tylfta, og når ho mor har storvask, lyt eg liggje," sa guten [Br 158].

"Det monnar, det monnar," sa snigelen, han låg på dørstokken i åtte år.* [Br 128].

"Det regnar ute," sa Gunnhild, ho sat under bjørka [Go 107].

"Det skal bedømmast etter tre manns skjønnheit," sa han som sat i heradsstyret [Br 102].

"Det talar alle om at eg drikk, men ingen om at eg tørstar," sa mannen [Br 40].

"Det tar då av for noe," sa mannen, han bar støvlane på ryggen [Go 106].

"Det var andre korn det," sa kjerringa, ho beit i muselorten [Go 107].

"Det var da inga ku heller," sa mannen, han miste kona [Go 104].

"Det var eit koselig lag - vi tala vondt om andre og hadde det artig," sa byfrua [Br 111].

"Det var fine skålegåver," sa mannen, kjerringa slengde pissepotta etter han. (Skålegåve er pengar ein gir til brur og brudgom (og spelemann) i bryllaup. Ei tom ølskål blir då send rundt til gjestene til å leggje skålegåvene i.) [Br 76].

"Det var folk på den garden; dei hadde så nær bode meg inn." [By 196].

"Det var ikkje meir du ville?" sa jenta, guten fridde til henne [Br 58].

"Det var rare gryn," sa mannen, han malte muselort [Ae 208].

"Dette var andre bollar, det," sa mannen, han beit i hestelorten [Br 26].

"Dette var godt," sa mannen, han åt suppe med ei stoppenål [Go 44].

"Du fall i god jord," sa kona, kallen blei gravlagt [Br 92].

"Du får tole såpass, pus," sa guten, han stappa katten i omnen [Br 180].

"Du skjønar vel spøk," sa slusken, han hadde slått ut auget på kameraten [Br 167].

"Eg blei storkjefta av di vi åt med treskeier heime," sa guten [Br 95].

"Eg bryr meg ikkje om det som går føre seg bak ryggen min," sa guten, han fekk ris på rumpa [Br 146].

"Eg er glad med alt som er vel unnagjort," sa mannen, han åt frukosten til kvelds.* [Go 104].

"Eg hadde ein hund i fjorten år, og vaska verken fat eller skål," sa mannen [Br 190].

"Eg har ikkje noen tru på ulven sia han beit hovudet av han far," sa lappguten [Br 190].

"Eg har ikkje stole pengar som du har gjort (laga)," sa mannen [Br 168].

"Eg kjenner krutet," sa guten, han skaut med nepefrø [Go 106].

"Eg skulle ønskje vinden ville vende seg til eg skal heim att," sa kjerringa, ho rodde i motvind [Br 196].

"Eg tar det eg har, eg," sa kona, ho tørka av bordet med hokatten [Br 97].

"Eg tregar (angrar) på den gode trøya," sa kjerringa då mannen blei borte på sjøen [Oy 230, Go 108].

"Eg veit ikkje kva du gryler for, det står no ikkje om livet," sa mannen, han skulle slakte grisen [Br 39-40].

"Eg veit ikkje kva du gryler for," sa mannen, han rende kniven i grisen [Br 73].

"Eg visste det bar den vegen," sa mannen, han hadde villa seg [Br 198].

"Ein får ta det som det kjem," sa mannen, kona heiv pissepotta etter han [Br 174].

"Ein får vere glad ein er til - det er mange som ikkje er det," sa guten [Br 178].

"Ein kan ikkje gjøre alle til laks (lags)," sa Vårherre då han skapte silda [Br 111].

"Ein lyt stundom bruke både bøn og bannskap," sa nordlendingen [Br 34].

"Fint skal det vere," sa kona, ho fekk ei mahogniflis i rumpa [Br 52].

"Fram skal eg, om eg så skal gå baklengs," sa guten [Br 57].

"Fulorda er ikkje for mange; det er så mange som skal ha," sa kjerringa [jf. sladder] [Oy 202].

"Gi vinden ville vende seg til eg skal heim att," sa kjerringa, ho rodde i motvind [By 194].

"Godt mål skal du få," sa kremmaren, han skar så knipent at fingeren følgde med [Br 129].

"Gå over brua, så slepp du va'," seier dei til dei som knotar og seier "hva" [Br 102].

"Han er ikkje så farlig som han er stygg til," sa kona om kallen [Br 61].

"Han er så god som natta er lang," sa jenta om guten [Br 132].

"Han har nase som ein hauk og kjeft som ein gauk, så han slår seg nok fram i verda," sa faren om sonen [Br 194].

"Han skal nok lære å gå, om han ikkje blir noen dansar," sa kona, ho fekk ein einføtt son [Br 37].

"Hardt mot hardt," sa kjerringa; ho datt i berget [Oy 206].

"Her er dårlige tider no," sa bedemannen, "det dør berre to i veka." [Ae 209, Go 103].

"Her hjelper det ikkje med bøn, her lyt det møkk til," sa presten, han såg på åkeren [Br 129].

"I sted hengte jei nøielen på spigerer - og no ser eg korkje lykelen eller spikaren," sa jenta som hadde tent i byen [Br 102].

"Ikkje alt som likkar (lear seg) er laust," sa reven, han beit veren i pungen (og kunne ikkje kome seg laus) [Br 112].

"Ikkje det spøtt," sa mannen, dei spurde om han ikkje kunne høre [Go 106].

"Ikkje skal ein bøye seg," sa mannen, han skeit ståande [Ae 208].

"Ingen veit kor haren går," sa mannen; han sette snara på taket [Oy 206].

"Ingen veit kva han eig før han skal flytte," sa mannen, han bar på ein tresko og eit trådnøste [Br 55].

"Ja, kva gjør ikkje folk for pengar," sa kjerringa, ho fekk sjå ein neger [Br 138].

"Jammen sa eg smør," sa kjerringa, ho gjorde i kinna [Br 162].

"Kor rart med alle mye nærare innpå seg," sa kjerringa på campingferie.

"Kors i Jessu namn, kors i Jessu namn, eg tar ikkje meir enn det som manglar," sa han Tjua-Jens, han stal matvarer mens det lynte og tora.* [Go 104].

"Kunsten er mangfaldig," sa kjerringa, ho reiv håret av mannen med ei eldtong [Go 107].

"Kvar si lyst," sa kjellarmannen, då andre slost, drakk han [Br 121].

"Kvar si lyst," sa kjellarmannen; han drakk og hine slåst [Oy 215].

"Kvass er ho, det veit eg, men kor ho har brynet sitt, det veit eg ikkje," sa mannen om kona si [Br 31].

"Kvinne kjenner kvinne best," sa den kvinnelige gynekologen. "Likar ikkje du meg, så får eg like meg sjølv," sa friaren då han fekk nei [Oy 214].

"Mangt blir gjort for moro," sa mannen, han sleit håret av kona [Br 127].

"Men eg narrar lusa, eg," sa mannen, han brende opp badstua med alle kleda [Go 104].

"Ned med brennevinet," sa mannen, han sette flaska for munnen og drakk av tuten [Br 29].

"Nei, eg får vel til att," sa presten, han hadde sovna på stolen [Br 140].

"No har eg hørt det også," sa mannen, øyrehinna sprakk [Br 89].

"No skal de få sjå på kast," sa mannen, han dansa halling med katten [Br 95].

"No skal du jammen få sjå," sa mannen, han stakk ut auget på kjerringa [Br 153].

"No skal du sjå," sa sogningen; han datt ned av kyrkjetaket [By 193].

"Nok sunge, berre ber ut," sa mannen, dei skulle gravlegge kona hans [Go 103].

"Nordavinden er kald, same kor han kjem frå," sa kjerringa [Oy 218].

"Oppover vann haren, men nedover tapte eg," sa mannen [Go 103].

"Passelig pølse er best," sa presten i Halland, der dei baud han den store magepølsa [Oy 115].

"Prat du, det er ikkje vettet som heftar deg," sa mannen til kona [Br 197].

"Ramn er også fugl," sa jenta [Go 107].

"Reint skal det vere," sa kjerringa, ho sopte søppelet under senga [Go 107].

"Rekninga kan aldri lyge," sa guten; han hadde rekna ut at han var eldre enn far sin [Oy 220].

"Set du meg i mold, skal du få både ære og soll (ihoprørt mat), men set du meg på stein, skal du få suge berre bein," sa poteta [Br 139].

"Sjøen tærer," sa mannen; han åt opp nista si på første halvmila [Oz294].

"Skal det bli vennskap mellom oss, må de kvitte dykk med dei sinte hundane," sa ulven til sauene [Br 160].

"Skit, la gå," sa kjerringa, ho drog i snora [Br 156].

"Slik skal bonden ha det," sa kremmaren, han blanda sand i sukkeret [Ae 209].

"Spøk med din like og ikkje med meg," sa feiaren til kolbrennaren [Oy 226].

"Stakkars kongen som må kjemme seg kvar dag," sa mannen, han kjemma seg og miste noen flokete hårtustar.* [Go 106].

"Store hus er kalde," sa mannen, han låg ute julekvelden [Go 104].

"Stygt, men sterkt," sa hinguten (fanden), han sauma att auga på mor si med bastetau [Br 12].

"Takk, Sivertsen, det er nok no," sa mannen, han låg full i fjøra mens sjøen flødde opp i munnen på han [Br 134].

"Tala kan ikkje lyge," sa guten, han hadde rekna ut at han var eldre enn far sin [Br 142].

"Var det du eller var det bror din som døydde i fjor?" spurde mannen [Br 42].

"Vi brukar ikkje den klattebakinga hos oss. Når vi baker om morgonen, så har vi heile dagen," sa kjerringa [Go 106].

"Vi kom til snille folk," sa fanten, "vi hadde så nær fått mat." [Go 106].

"Vi skal alle den vegen," sa veslejenta; ho såg brurene gå i kyrkja [Oy 232].

"Vi treng ikkje be om daglig brød så lenge vi har kaker," sa kona [Br 94].

"Vårherre skulle ha skapt oss heilvaksne, så hadde vi sleppt den forbaska vomma," sa mannen [Br 198].

"å du vide verd," sa mannen; han hadde reist ei mil [Oy 233, By 193].


Beina stikk ikkje i han (han er feit og fyldig) [Oy 195].

Byte som brør (med lik velvilje) [Oy 197].

Dei er reint ut på marka komne (ganske forarma, så godt som husville) [Oy 216].

Dei fer over det med ein harefot (svært lauslig) [Oy 206].

Dei har ei høne å plukke (ein tvist å avgjøre) [Oy 209].

Dei har ikkje bratte brauter å gå [Oy 196].

Dei har årene sine ute (dei er i rørsle for å passe høvet) [Oy 194].

Dei heng i hop som humlestilkar (eller erteris) [Oy 206].

Dei lever i hop som hund og katt (i kiv og strid) [Oy 215].

Dei ligg under lokk (er døde og gravlagt) [Oy 214].

Dei pløyer på stormyra (på havet) [Oy 227].

Dei pryder seg med fremmende fjør (med lånt pryd) [Oy 219].

Dei ror kvar sin båt (strever kvar til sin side; der er inga semje mellom dei) [Oy 220].

Dei sette seg på bakføtene (Dei budde seg til motstand) [Oy 194].

Dei setter opp nasen og seier nei (dei nektar å lye) [Oy 218].

Dei skyt på same skiva (har same formål) [Oy 224].

Dei slår det bort i vind og ver (dei ensa det ikkje) [Oy 233].

Dei syng på siste verset (er snart ferdige) [Oy 228].

Dei vaska han vel på baken (Dei baktala han dyktig) [Oy 194].

Dei ville gjøre ramnemat av han (ville øydeleggje han) [Oy 219].

Den eine held og den andre slår (dei er like skuldige) [Oy 205].

Der det er mange hender, er mange munnar [Oy 236].

Der er mange krokar og flokar (forviklingar) [Oy 212].

Der fekk han vatn på mølla si (blei styrka, fekk eit gunstig høve) [Oy 232].

Det er anten ofsen eller vansen (Det blir anten for mye eller for lite) [Oy 218].

Det er beint fram som fot i hose (enkelt) [Oy 195].

Det er berre frå hand og i munn (ikkje meir enn du straks kan ete) [Oy 206].

Det er den tida då mjølka kryp opp i horna (tida med knapt fôr, då det vankar lite mjølk) [Oy 216-17].

Det er det som munkane slåst om (det er nettopp knuten, det som noen ikkje blir einige om) [Oy 217].

Det er ein vegg or huset (ein viktig del er vekk) [Oy 232].

Det er eit langt lerret å bleike (den saka vil ikkje så snart bli avgjort) [Oy 214].

Det er for lite til troll og for mye til menneske (om ein ufredelig, slem person) [Oy 230].

Det er ikkje av lunga, det er berre av tunga (er ikkje av hjertet, ikkje alvor) [Oy 215].

Det er ikkje til å løfte foten for (ingen umak verdt) [Oy 201].

Det er ingenting i vegen for det (ingenting til hinder) [Oy 232].

Det er låkt at det er sagt, og verre at det er sant [Oy 213].

Det er mange berg i vegen (der er store hindringar) [Oy 195].

Det er mange kråker om kornet (Der er mange som søkjer etter det, eller det er mange å skifte imellom) [Oy 212].

Det er ofte minst verdt, som er mest vørdt [Oy 237].

Det er på god veg (det har gode utsikter) [Oy 232].

Det er som å gripe ålen om sporden (fåfengt) [Oy 194].

Det er som å kjøpe grisen i sekken (usett) [Oy 205].

Det er som å skvette vatn på gåsa (det har ikkje verknad) [Oy 224].

Det går den vegen som høna skrapar (eller sparkar. Dvs. det går tilbake) [Oy 203].

Det går inn det eine øyret og ut det andre (du hører det nok, men glømmer det straks) [Oy 235].

Det går over skrevet (det stig for høgt) [Oy 224].

Det går sniglegangen (yttarst seint) [Oy 225].

Det har verken rot eller fot (har ingen basis) [Oy 221].

Det heng saman som tørr sand (det heng ikkje saman) [Oy 206].

Det kan heppe og det kan gleppe (Det kan lykkast, men det kan også slå feil) [Oy 207].

Det kan ikkje vere to soler på same himmelen [Oy 236].

Det kjem som julaftan på kjerringa (for fort) [Oy 210].

Det ligg fremst på tunga (t.d. eit namn du kjenner, men ikkje kan hugse med det same) [Oy 202].

Det skal anna til enn "kona som ligg" [Oy 193].

Det skal meir til enn to tomme hender [Oy 193].

Det somtid fell, og somtid flør (det går opp og ned) [jf. Oy 199].

Det tok ein stein ifrå hjertet (var ei stor lette) [Oy 227].

Det var ein av rette berget (av den ekte sorten) [Oy 195].

Det var enden på visa (det blei utfallet) [Oy 199].

Det var på eit hangande hår (på nippet) [Oy 207].

Det var så ein stein kunne gråte (svært sørgjelig) [Oy 227].

Det veg ikkje så mye som det ruvar (er ikkje så viktig som det synest) [Oy 232].

Det vil anten bere eller breste (særlig om is) [Oy 195].

Driv naglen mens den går (nytt høvet godt) [Oy 217].

Du går då ikkje etter glør (Du har likevel ikkje så stor hast at du ikkje kan kvile litt) [Oy 204].

Du veit om ein heilag mann, men ikkje kor han bur (du veit noe, men ikkje nok) [Oy 207].

Då var det ein annan vind i skyene (då hadde stemninga endra seg) [Oy 233].

Då visste eg kva klokka hadde slått (då merkte eg korleis sakene stod) [Oy 211].

Eg skal ikkje stikke noe under stol (ikkje løyne noe) [Oy 227].

Eg skal syna han eit firkanta hol (vise han døra) [Oy 208].

Eg stod som på glør (høgst urolig og redd) [Oy 204].

Eg ville ikkje skjemme hendene på han (ikkje nedlate meg til å slåss med han) [Oy 206].

Eg ville ikkje tru mine eigne auge [Oy 230].

Eg ville ikkje vere i hans klede (i hans stad i den stillinga som han no er kommen i) [Oy 211].

Ein får bite seg i leppa og teie (kjempe mot harmen sin) [Oy 195].

Ein gong fager og fin, ein annan gong som eit svin [Oy 199].

Ein snurr på tråden (ei forvikling) [Oy 225].

Fare nord- og nedetter (fare ei uferd). jf. norrønt: Nidr ok nordr liggr helvegr [Oy 218].

Fattigmanns seng er snart oppreidd [Oy 236].

Gråtande friar, berrføtt smed, sta hest og stam prest: Kven likar du best? (På skotsk er eit liknande ordspråk om ei brummande ku, ei galande høne og ei plystrande jente) [Oy 159].

Gå i barndommen (bli sløv av alder) [Oy 195].

Ha auga med seg (sjå seg vel omkring) [Oy 194].

Ha bukta og begge endane (ha det heile i si makt; ha alle fordelane) [Oy 197].

Han bad om godt ver (om skånsel) [Oy 232].

Han bannar ikkje kråka (han har ikkje hjerte til å gjøre skade) [Oy 194].

Han beinlaus bankar på veggen (om vinden) [Oy 195].

Han blei raud i kammen (opprørt, hissig) [Oy 219].

Han er både bjørn og okse (er rettelig dyktig, klarer seg på alle kantar) [Oy 196].

Han er høgste hanen i korga (den fornemste i laget) [Oy 206].

Han er ikkje komen på si rette hylle (i ei stilling som kunne passe han) [Oy 209].

Han er ikkje snar i snuinga (er seinferdig) [Oy 225].

Han fekk andre auga å sjå med (kom til ei anna oppfatning, fekk andre tanker om tingen) [Oy 194].

Han fekk for lang taum (for mye fridom) [Oy 229].

Han fekk lang nase (blei narra, skuffa) [Oy 218].

Han fekk verken vått eller tørt (verken mat eller drikke) [Oy 234].

Han fer som vatn i eit trau (er svært lett å påverke, svært ustadig) [Oy 232].

Han får gå på kattefoten (sakte, varsamt) [Oy 210].

Han får ta skeia i ei anna hand (prøve tingen på ein annan måte) [Oy 223].

Han gav dei ein god dag (han tok seg ikkje av dei) [Oy 197].

Han gjekk som ein dengd hund (rettelig skamfull) [Oy 198].

Han gjekk vegen og gløymde ærendet [Oy 232].

Han går som katten om heit graut (har god lyst, men tør ikkje gripe tak) [Oy 210].

Han har det som spelemannen: Best borte og verst heime [Oy 226].

Han har eit kje i ura (Han har noe å vakte på, ein liten skatt å sjå til) [Oy 210].

Han har ikkje døravettet (glømmer å late att døra) [Oy 198].

Han har rørt i ei kvefsebol (Han har pådradd seg hat, oppegga eit parti imot seg, osv.) [Oy 212].

Han har stanga horna av seg (Han har fått nok av strid(en); han har rast ut) [Oy 208].

Han har vore ute ei vinternatt før [Oy 231].

Han kan meir enn å mate seg (kan somt som ikkje er vanlig kjent) [Oy 216].

Han kom så det plystra i nasen på han (kom brått og/eller opphissa) [Oy 218].

Han laut gå bikkjestranda (hadde ikkje båt og laut gå ein omveg) [Oy 195].

Han laut mate krabben (gi krabben mat, dvs. brekke seg av sjøsjuke) [Oy 212].

Han laut slå på ein annan streng (prøve på ein annan måte, tale i ein annan tone) [Oy 227].

Han legg ikkje fingrane imellom (han slår hardt) [Oy 200].

Han let som ein sjø (klynka og klaga og bar seg lenge) [Oy 213].

Han må vere fødd i kvernhuset (om ein som talar uvanlig høgt) [Oy 212].

Han rir ikkje same dagen som han salar (er sein) [Oy 220].

Han sel ikkje høna si i vått ver (han passer nok på den beste tida) [Oy 209].

Han ser ikkje skogen for tre (manglar overblikk, ser for mye på enkeltting) [Oy 224].

Han sit i skuld oppunder øyra (er svært forgjelda) [Oy 224].

Han sit som ei skjor på skigarden (speidande) [Oy 223].

Han skal no alltid syde opp som ei suppegryte (om eit brushovud) [Oz294].

Han skryt av ølet udrukke (for tidlig) [Oy 224].

Han slit ikkje silke (strir med armod) [Oy 225].

Han sparer ikkje på humlen (han gir rikelig av det bitre) [Oy 225].

Han tar det ikkje tungt (sørgjer ikkje over det) [Oy 228].

Han var ikkje tørr attom øyra enda (var enno berre eit barn) [Oy 230].

Han visste ikkje si arme råd (var ganske rådvill) [Oy 219].

I dag meg, i morgon deg (du kan vente noe liknande sjølv) [Oy 197].

I morgon skal det smelle (skal saka avgjørast) [Oy 225].

I mørket er alt like svart [Oy 236].

I sju lange og sju breie (svært lenge) [Oy 233].

I slikt vatn får ein slike fiskar [Oy 232].

Ikkje heil i hovudet (ikkje rett i hovudet) [Oy 207].

Ingen kan sjå botn i han (greier ikkje å forstå kva han eigentlig meiner) [Oy 196].

Kan eg ikkje få det, så får eg då sjå det [eigna for tilskodarkultur] [Oy 200].

Kjem eg, så ser du meg (det er uvisst om eg kjem) [Oy 211].

Kva gjør ikkje tysken for pengar? sa mannen; han såg ein apekatt (Was macht der Deutche nicht für 's Geld?) [Oy 230-31].

Kvar ein vil gjerne gi ei forklaring som er gunstig for han sjølv [IA] [Oy 236].

Kvinne kjenner kvinne best [Oy 236].

Lat dei gjøre det betre, som kan betre [Oy 204].

Lat dei ikkje spele deg på nasen (Gjøre narr av deg) [Oy 218].

Lat dei sigle sin eigen sjø (skjøtte seg sjølv) [Oy 222].

Leggje hovudet i bløyt (grunne på noe, studere) [Oy 208].

Leite opp att gamle tufter (besøke den førre heimen sin, eller fødestaden) [Oy 230].

Lyg han, så lyg eg (når du berre seier kva ein annan har sagt) [Oy 215].

No er eg ikkje redd om hunden gjør (blir sagt når du har fått forråd i huset så du kan ta imot ein kommande gjest. Hunden gjør nemlig når det kjem fremmende) [Oy 209].

På berre bakken (forarma, husvill) [Oy 194].

Same guten spelar same slåtten (om ein som alltid bringer same sak på bane) [Oy 205].

Slå eit slag (gjøre eit forsøk) [Oy 224].

Slå fillene sine i hop (slå seg saman, gifte seg. Om fattige folk.)[Oy 200].

Slå store boltar med lite hovud (skryte) [Oy 196].

Slå to fluger med ein smekk [Oy 201].

Som å bere vatn i eit såld (ganske unyttig) [Oy 232].

Som å bere vatn i elva (om unødig strev) [Oy 232].

Så feit som ein gjødd galte (eller nise) [Oy 200].

Sår er sjeldan så vel grodd at ikkje arret synest [Oy 236].

Trøytt som ein makk [Oy 230].

Vi kom til snilt folk; vi hadde så nær fått mat (spottande om uvennlig mottaking) [Oy 201].

Vi slit på tida (Vi fordriv tida med slit og slep - ofte eit svar på spørsmål om korleis det står til [Oy 225].


BØLGJE

Litteratur  
      Ae: Holbæk, Bengt & Piø, Jørn: Allverdens ordsprog. Schibsted. Oslo, 1991.
      Bo: Evensberget, Snorre & Gundersen, Dag: Bevingede ord. 2. utg. Kunnskapsforlaget. Oslo, 1983.
      Br: Universitetsforlaget: Kort og godt. Utvalde ordtak til husbruk. Universitetsforlaget. Bergen. 1978. — Frå Einar Seims 20 000 variantar av norske ordtak og hermer, eit oppkomme av livsvisdom og livserfaring til ettertanke.
      Bsa: Lie, Kåre A, oms. Buddhas samtaler: De lange tekstene. Digha Nikaya. Bind 2. Det store bindet: Mahavagga. Oslo: Solum Forlag, 2005.
      By: Bø, Olav, ed: Rim, gåter, ordtøke. 3. utg. (Norsk folkediktiing 4) Samlaget. Oslo, 1977.
      Go: Christiansen, Reidar: Gamle norske visdomsord. Norske ordspråk i utvalg. Cappelen. Oslo, 1992.
      Noo: Almenningen, Olaf, red. Norske ordtak. Nesodden: Frifant Forlag, 2005.
      Oa: Aasen, Ivar: Norske ordsprog. 3. utg. Vestanbok. Voss, 1982.
      Or: Kragh, Ole: Alverdens ordsprog og talemåder. Vendelkærs. København, 1979.
      Osl: Jensen, Brikt, red. Ordspråkleksikon. Tr. Gunnar Gjengset. Oslo: Schibsted, 1996. (Carsten Bregenhøj og Solveig Pått: Politikens Ordsprogleksikon.)
      Oy: Aasen, Ivar. Norske Ordsprog samlede og ordnede af I. Aasen. 2. utg. Christiania: Mallings Boghandels Forlag, 1881.
     

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2002–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]