Norsk del, Gullvekta
Norske eventyr. Første band  ❀ 2
Seksjon › 1   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Katten og fuglen

Katten sat i sola, og fuglen sat på mønet. Så sa katten:

"No skal du late som du er drukken, og rulle ned." Dette gjorde fuglen, han var så truskyldig. Med det same fakka katten han.

"No fekk du mat!" sa fuglen.

"Mjau!" sa katten. Dermed slapp fuglen laus og flaug opp på taket att. Der sa han:

"Eg rår kvar og ein til ikkje å late som han er drukken når han ikkje er det."

Og katten sa: "Eg rår kvar og ein til ikkje å svare på alt han får høyre når han skal ete."

Notar

Harehus

Når det er kaldt om vinteren, skjelv og hutrar haren: "Huttetu, å huttetu, lever eg til sommaren, skal eg bygge meg hus, bygge meg hus!"

Men når det er sommar og varmt, sprett han så glad i liene. Då er det ein annan låt. "Hus i kvar busk, hus i kvar busk!" seier han då.

Så blir det ikkje til at han bygger den sommaren heller.

Notar

Den blakke hesten

Ein bonde rusla inn på festekontoret [1] ein stad. Han skulle ha ny dreng, ein som ikkje prata for mykje. Kunne dei hjelpe han med det?

Det gjekk to år og vel så det før bonden snakka til den nye gardsguten. I mellomtida hadde dei mest brukt teiknspråk. Bonden sa: "Synest du ikkje den blakke hesten min er fin?"

"Jo", svarte guten.

Det gjekk tre år tid. Då sa bonden: "Eg lyt visst skilje meg med den blakke hesten min, eller kva meiner du om det?"

"Same for meg", sa guten. "Eg skal slutte likevel."

"Korfor det?"

"Eg orkar ikkje dette stadige maset om den blakke hesten."

(Attgiving)

Ord

  1. festekontor (før:) kontor for arbeidsformidling, drivne av privatpersonar eller fagforeiningar. Kontoret sette arbeidstakarar og arbeidsgivarar i samband med kvarandre. Vilkåra for desse kontora var fastsette i ei lov frå 1896. Frå 1947 blei kontor (verksemder) for privat arbeidsformidling forbode. Staten tok over.

Notar

To landkrabbar i båt

To vettige landkrabbar [1] var på gjesting hos strilar [2] i slekta, og no skulle dei to ro til byen og kjøpe heim ymse ting som dei trong. Det var putt [3] stilt. Dei to var ikkje vane med båt, og sette seg imot kvarandre og gav seg til å ro med kvar sitt årepar. Dei såg snart at dei ikkje kom nokon veg enda dei tok i alt dei orka, så det likefram knast og brast i båt og årar. Men båten lea berre på seg att og fram, og dei kom ikkje av flekken.

Då blei dei leie og kunne ikkje skjøne kva det var som heldt båten fast slik. Den eine fekk den tanken at han skulle ta ut nygla [4] og sjå om det kanskje kunne gjere ein forskjell. Han reiste seg opp og gjorde som han hadde tenkt, og i same augeblinken glei båten fram så det var ei fryd og ikkje noko å klage på. Men vatnet strøymde inn i båten. Det såg ut til at båten kunne bli full av sjøvatn, enda om dei brukte hattane sine til å ause med. Då sette han som hadde tatt ut nygla seg og heldt med fingeren i nygleholet [5]. Den andre mannen sat framme i båten og rodde, og båten glei fram med god fart. Sidan den dagen kunne dei to landkrabbane seg med både årer og nygle i robåtar.

(Attgiving)

Ord

  1. landkrabbe: skjemtande: ein lite sjøvand person.
  2. stril: person som høyrer til kystfolket omkring Bergen, det vil seie folket i Nordhordland og Midhordland utanom det gamle bysenteret i Bergen kommune.
  3. putt: heilt.
  4. nygle: tapp i botnen på ein båt.
  5. nyglehol: hol i botnen på ein båt. Det er holet ein tar nygla ut av for at vatnet skal renne ut av båten når han står på land.

Notar

Munken og fuglesongen

Ein munk gjekk ein dag ut i skogen rundt klosteret. Mens han gjekk i skogen, fekk han høyre ein fugl som song så gripande vakkert. Munken stod først lenge og høyrde på. Så ville han flytte seg nærare for å få sjå fuglen. Men etter kvart som munken gjekk, flytta fuglen seg også. Så vakkert song fuglen at munken flytta seg etter og etter og gløymde både tid og stad, og berre høyrde etter fuglesongen. Han var borte i lang, lang tid mens fuglen song og munken lydde.

Då han kom attende til klosteret, var det ingen som kjente han, og ikkje kjende han nokon der heller. Han hadde vore borte så lenge at alle han hadde kjent, var daude. Men sjølv hadde han ikkje merka kor tida hadde gått. No bad han om losji for natta der på klosteret, og det fekk han. Men då dei kom til han morgonen etter, var det berre mold i senga som han hadde lege i. Kor hadde han blitt av?

(Attgiving)

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner.    Seksjon     Sett    Neste

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]