GULLVEKTA
Eventyrmerknader og anna - A
Nordiske eventyr Reservasjonar [FØRRE] [NESTE]
SAMLINGA

AT-nummer, ATU-nummer og ML-nummer

AT er frå forbokstavene i etternamna Aarne og Thompson, og viser til eit internasjonalt klassifiseringssystem for eventyr og skjemtesoger. AT-nummer blei erstatta og ført vidare av ATU-nummer i 2004. Då kom ei etterlengta revidering av heile klassifiseringssystemet. [Ti] [MEIR]
      Segner er klassifiserte etter vandresegnkatalogen. Den blei utforma av Reidar Thoralf Christiansen (1886-1971). ML-nummer viser til katalogen hans: ML i den står for migratory legend (vandresegn). Norske vandresegner - og dei er det mange av - står systematisert i den katalogen. [MEIR]

Om AT-nummera

Lukka di AT-nummer som har vore i bruk i hundre år, er stort sett uendra som ATU-nummer også, men skildringane av eventyrtypane etter ATU-nummer i den nye katalogen er grundigare. Det ligg mykje meir dokumentasjon og arbeid bak ATU-skildringane enn AT-skildringane dei kviler på. Det er naturleg. For dei fleste etablerte, norske eventyr gjeld framleis det som står om desse eventyrtypane og AT-nummera deira, men det finst unntak. Til dømes har ikkje det kloke Asbjørnsen og Moe-eventyret "Grisen og levemåten hans" blitt leivna ATU-nummer.
      AT-nummera er del av det mest brukte systemet for å klassifisere (gruppere) eventyr i den europeiske kulturkrinsen. Tal rett bakom AT (døme: AT 14) viser til motiv-grupper, dvs. historietypar. Slike AT-nummer står opplista i internasjonale eventyrkatalogar. AT-systemet, som er langt frå komplett og fullkomme elles òg, kan gjere god nytte like fullt, i og med at det har rom for godt og vel 2500 basis-intrigar, plott, med modifikasjonar.
      SKILNADER OVER SAME GRUNNLEST. Eventyrvariantar har same nummer når dei er ganske like i hovudtrekk. Dei har i så fall likeins handlingsgang og/eller grunnmotiv: Det kan kanskje finnast både to og tre slike i eitt og same eventyr; det skil seg. Det kan altså finnast variasjonar og forskjellege utbroderingar av same eventyrtype, og AT-nummer kan godt vise til meir enn ein eventyrtype og fleire eventyrmotiv og undermotiv i eitt og same eventyr.
      FRÅ HISTORIA. Finnen Antti Aarne kom med The Types of the Folktale på tysk i 1910. Verket blei revidert i 1928, omsett til engelsk og sia monneleg utvida av den amerikanske folkloristen Stith Thompson in 1961. Sia har Dr. D. Ashliman frå Pittsburgh Universitet revidert katalogen [sjå Agha], og Ørnulf Hodne har laga eit bra oversyn over norske (og dermed mange nordiske) eventyr. [Tyno].
      LIKE NYTTIG: Når ein spør kva eventyr handlar om, kan ein også dele dei inn i hovudgrupper alt etter kva for nytteverdiar dei ber fram. Eit slikt pragmatisk perspektiv gir nøklar for svært mykje interessant i tillegg til AT-nummera sine data om typar av forteljingar. Mange eventyr og svært mange undereventyr handlar om å lykkast i livet, kan hende eksistensielt og figurativt, og slike eventyr kan ordnast i tre hovudgrupper etter middela til framgang som dei handlar om:
  1. (Meir eller mindre underfulle) dyr,
  2. Reiskap (underting),
  3. (Ofte underfull) medisinkunnskap.
Det finst eventyr som kan høve i meir enn ei av hovudgruppene. I så fall høver blandingsgrupper, kan vi vel seie. Oversyn over dei tre gruppene finn ein på engelsk her: [LENKJE]

OPP

Tydingar

Klok smågris

Fritt etter Ivar Grimstad, Reven bak øyret: Meir vist og gale frå Sunnmøre, s. 15. [Rei 15]
      [TIL SOGA]

Tre pluss tre

AT 175: Dei tre sønene som gifta seg med nabodøtrene - Utjamning av motsetnader. Ein stubb om tre gutar og tre jenter med tullete namn, og som gifta seg med kvarandre slik at motsetnadene fekk og balanserte kvarandre.
      Stubben er tradert (er blitt fortalt og nedskriven) i Sogn og Fjordane.
      [TIL SOGA]

Kona som gret slik

AT 1834. Presten som song så vakkert (The clergyman with the fine voice) - Ein messande prest ser ei gammal kone i kyrkjelyden gråte. Han kjenner seg smigra og spør korfor ho græt. Ho svarer at ho har blitt mint om den gamle geita si, og som blei teken av ulven.
      [TIL SOGA]

Bukken styrde skuta

AT 204: Dyra i havsnød — Tre husdyr (hane, sauebukk, gris eller and) legg ut på sjøen i båt saman, og kjem i fare på sjøen. Kvar uttrykker otte på sitt eige, særmerkte sett (herm etter dei).
      [TIL SOGA]

Kollsegling

Kjelda: Vkp 47-48.
      [TIL SOGA]

Jentefriing

AT 1462 "Engelen" i treet. — (Jfr. også 1453 A+ 1459** = AT 1453 A: Soger om ei kvinne (jente).
      Ei jente gøymer seg i eit tre og får ein gut til å tru han blir rådd av ein engel til å gifte seg, og gjer det. Forteljinga finst også med "omvendte forteikn":
      Ein lat gut frå fattig familie kledde seg ut som prest og gøymde seg bak husalteret til ein rikmann. Då rikmannsfamilien samla seg til middag, kom "presten" fram og gav rikmannen i oppdrag å gifta bort eine dottera si til granneguten. Neste morgon kom rikmannen og fridde på vegner av ei av døtrene sine. Slik fekk den fattige guten ei rik jente.
      [TIL SOGA]

Reven og bjørnen som skulle bake

AT 15+5: Bjørnen og reven skulle bake — I den internasjonale eventyrkatalogen heiter motivet som har fått koden AT 15, "å stele smøret til partnaren". I eitt av eventyra som er nemnt der, er det katten og musa som skal halde hus saman, og dei kjøpte ei potte med feitt til å ha gjennom vinteren. Men katten fortalde musa då og då at at den skulle til namnedåp mens den sneik seg til feittpotta og åt deler av feittet. Musa oppdaga svindelen og konfronterte katten - og blei straks eten opp av katten. Slik er den varianten som er med i Grimm-brørne si eventyrsamling.
      Varianten vi har, er ein av i alt ti som er nedteikna i Noreg.
      [TIL SOGA]

Katten og fuglen

(AT 122). Katten og fuglen (The wolf loses his prey). - Ein katt lurer ein fugl så den blir teken av katten, og fuglen narrar katten så fuglen slepp fri.
      [TIL SOGA]

Bønhøyring

Frå Ivar Grimstads Reven bak øyret [Rei 84]
      Apropos til forteljinga: "Dei vene åndene finn kvarandre (Fransk ordtak)."
      [TIL SOGA]

Å spørje bergbassen

AT 1701: Ekko-svara "leve lenge", "snart dø" - Den som spør, høyrer dei siste orda i spørsmålet kasta tilbake, og narrar seg sjølv. "Som du roper i bergskaret, blir ekko forma."
     Har ein bruk for råd og er smart, veljer ein bra fagfolk, og ikkje berre slike som gir svar ein kan like. Det er i grunnen utviding av same lærdommen. "Svar kan vere følgjer av kva ein spør om, korleis og til kven." Hugsar ein det, kan ein trulig tilpasse seg betre. Kjelde: t.d. Gad.
      [TIL SOGA]

Knuste egg

Frå Ivar Grimstads Reven bak øyret [Rei 62]
      [TIL SOGA]

Tre kongssøner som fekk kvart sitt ønske

AT 580: Det har ingen nød med den som alle kvinnfolk er glad i — Om å bli heftig elska av kvinner - Tre brør fekk ønskje seg noko. Den yngste ønskte og fekk makt til å bli elska av kvinner. Kvinner blei så hugtekne i han at dei gav han magiske ting til hjelp. Dermed kunne han ha det godt. Det enda med at ei kongsdotter gifta seg med han, og verken faren eller mora hennar sa henne imot.
      Når kvinner forelskar seg, gir dei, kan hende.
      [TIL SOGA]

Japp Felling

AT 500: Rumleskaft og "Hjelparens namn". — Eit overnaturleg vesen hjelper. Gjenytinga eller betalinga verkar ikkje for stor i starten. Men det viser seg den blir kanskje for dryg - mykje verre enn først trudd, om ein ikkje finn vegen ut - om ein ikkje kjem fram til kva hjelparen heiter. Hjelparen blir sint over å bli avslørt og såleis tape lønna, og blir borte på eit vis.
      Det ligg truleg ei overlevering av primitiv namnemagi gøymt i dette.
      [TIL SOGA]

Jutultabbar

AT 1000 til 1160. Guten og det dumme trollet. - Det finst ei mengd kombinasjonar av motiv og/eller typeelement (og dermed AT-nummer) i slike heller rå stubbar. Mange ulike eventyrmotiv kan vere fletta saman i forteljingar av denne typen, så også i det noko lengre danske Innpå narra (Noget nær narret), til jamføring.
      [TIL SOGA]

Nybryggja øl til jul

Vkp 7-9.
      [TIL SOGA]

Å ha Ordet

Den første kommentaren er frå Rei 43. Den andre er munnleg tradert.
      [TIL SOGA]

Utrygg is

Rei 57-58. - Kommentar som nesten nå forteljinga: "Ein dårleg ektemann gjer ei god kone (jf. Dp 184)."
      [TIL SOGA]

Grannehjelp

Jordmorsegna er ei vandresegn som finst i mange variantar i Noreg. Det galdt å setje friske og velskapte barn til verda og hjelpe dei fram til gagns menneske. Så hjelpte folk flest kvarandre i tider utan noko særleg offentleg helsestell.
      Forteljinga syner noko om nabotenester og samhald - at barnefødslar samarbeidde folk om når det var tiltrengt. Det var viktig at fødslane gjekk utan hindringar og komplikasjonar.
      Forteljinga er henta frå Fortellinger om huldra - fortellinger om oss [Fh 78].
      [TIL SOGA]

To frå Trøndelag

Forteljingane er frå i ei bok av Jon Leirfall, Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag. Oslo: Samlaget, 1969 (s. 28 og 54)
      [TIL SOGA]

Kvalen som speida

Forteljinga er frå Soga til Olav Trygvason, kap. 33 og 34 - utdrag.
      [TIL SOGA]

Trolla i Raaskogen

Vandresegna har klassifiseringa ML5000 Troll liker ikkje uro i vandresegnkatalogen etter Reidar Christiansen.
      [TIL SOGA]

Samlinga

BØLGJE
Agha: Ashliman, D.: A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood Press, 1987.
       Bokr: Høvring, Erik. Den bortfløjne mødom. København: Nyt Nordisk Forlag, 1985.
      Brms: Zipes, Jack. Breaking the Magic Spell. Reprint. New York: Routledge, 1992.
      Dao: Ramløv, Preben. Danske folkeeventyr. København: Gyldendal, 1983.
      Dbt: Bø, Olav, og Bjarne Hodne, redr. Dei tri blå tårni. Eventyr frå Telemark 1. Oslo: Det Norske Samlaget, 1974.
      Df: Thiele, Just Mathias: Danmarks folkesagn, 3 band. (red. Per Skar). København: Rosenkilde og Bagger, 1968.
      Dha: Bø, Olav, red. Dyret i hagjen: Eventyr frå Agder. Oslo: Det norske Samlaget, 1978.
      Dms: Langstrøm, Rolv. Den mystiske sjøormen. Oslo: Samlaget, 1994.
      Dp: Fergusson, Rosalind: The Penguin Dictionary of Proverbs. Harmondsworth: Penguin, 1983.
      Dtsn: Grimm, Jacob: Deutsche Sagen. Berlin: Neues Leben, 1986.
      Eve: Bø, Olav, red. Norsk folkedikting: Eventyr 1 ved P.Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe og Moltke Moe. 2. utg. Oslo: Det norske Samlaget, 1977.
      Evh: Grimstad, Ivar. Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord! Oslo: Det Norske Samlaget, 1977.
      Evi: Liestøl, Knut, red. Norsk folkedikting: Eventyr 2 ved P. Chr. Asbjørnsen [et al.] utg. av Knut Liestøl. 2.utg. ved Olav Bø og S. Solheim. Oslo: Samlaget, 1961.
      Evj: Liestøl, Knut, red. Norsk folkedikting: Eventyr 1 ved P.Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe og Moltke Moe. Oslo: Det norske Samlaget, 1960.
      Evl: Bø, Olav, red. Norsk folkedikting: Eventyr 2 ved P.Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe og Moltke Moe. 2. utg. Oslo: Det norske Samlaget, 1977.
      Evo: Lindø, Rigmor. Eventyrskolen. Oslo: Cappelen, 1988.
      Evr: Liestøl, Knud, red. Norsk folkedikting: Eventyr 2 ved P.Chr. Asbjørnsen [et al.]. Oslo: Det norske Samlaget, 1961.
      Fh: Skjelbred, Ann Helene Bolstad. Fortellinger om huldra - fortellinger om oss. Oslo: Tano Aschehoug, 1998.
      Fva: Asbjørnsen, Peter, og Jørgen Moe. Samlede eventyr, bd 1-3. Oslo: Kunstnerutgaven, Gyldendal, 1965.
      Gad: Alver, Brynjulf, red: Guten i gadden: Eventyr frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal. Oslo: Det norske Samlaget, 1980.
      Gado: Toggerbo, Rasmus. De gamle molbohistorier. Ebeltoft: Elles, 1982.
      Ges: Bø, Olav, red. Guten som snudde på halvskillingen: Eventyr frå Hedmark og Oppland. Oslo: Det norske Samlaget, 1981.
      Gst: Bø, Olav, red. Guten som tente i tri år for tri skilling. Eventyr frå Telemark 2. Oslo: Det Norske Samlaget, 1975.
      Jmg: Alver, Brynjulf, red. Jomfru Marias gudmorsgåve: Eventyr frå Hordaland. Oslo: Det norske Samlaget, 1972.
      Kik: Alver, Brynjulf, red. Kongsdottera i koppartårnet: Eventyr frå Trøndelag. Oslo: Det norske Samlaget, 1970.
      Lfk: Kvideland, Reimund, red. Lita-Frid-Kirsti: Eventyr frå Valdres, Numedal, Hallingdal og nedre Buskerud. Oslo: Det norske Samlaget, 1979.
      Mob: Molboerne. 8.utg. København: Gyldendal, 1965.
      Myhs: Cherry, John, ed. Mythical Beasts. London: British Museum, 1995.
      Nev: Kvideland, Reimund, coll. Norske eventyr. Bergen: Universitetsforlaget, 1972.
      Nfs: Faye, Andreas. Norske Folke-Sagn. 3. opplag. Oslo: Norsk Folkeminnelags Forlag, 1948.
      Nha: Pliny the Elder. Natural History: A Selection. Translated by John Healy. London: Penguin, 1991.
      Nosa: Christiansen, Reidar Thorwald, red. Norske sagn. Oslo: Aschehoug, 1938.
      Nov: Bø, Olav, mfl, redr. Norske eventyr. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982.
      Psd: Alver, Brynjulf, red. Prinsessene som dansa i åkeren: Eventyr frå Rogaland. Oslo: Det norske Samlaget, 1967.
      Rei: Grimstad, Ivar. Reven bak øyret. Oslo: Det Norske Samlaget, 1983.
      Risj: Alver, Brynjulf, red. Ridder Skau og jomfru Dame: Eventyr frå Ringerike. Oslo: Samlaget, 1969.
      Seg: Bø, Olav. Segner. 3. utg. Oslo: Det Norske Samlaget, 1977.
      Segn: Det norske Samlaget: Norsk folkedikting: Segner med ei innleiing og merknader av Knut Liestøl. Oslo: Det norske Samlaget, 1939.
      Segs: Lid, Nils, red. Sagn og gaader. Storakers samlinger 8. Oslo: Norsk folkeminnelag, 1941.
      Sese: Bright, Charles: Sea Serpents. Bowling Green: Bowling Green State University Press, 1991.
      Sone: Alver, Brynjulv, red. Sunnafor sør og nordafor nord: Eventyr frå Akershus, Vestfold og Østfold. Oslo: Samlaget, 1976.
      Svos2: Kungliga Gustav Adolfs Akademien: Svenska sagor och sägner: 2. Sven Sederströms sagor. Stockholm: Bokförlags Aktiebolaget Thule, 1938.
      Ti: Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.
      Tnh: Pliny the Elder. The Natural History. Trs. John Bostock and H. T. Riley. London: Taylor and Francis, 1855. On-line [www.perseus.tufts.edu/cgi-bin/ptext?lookup=Plin.+Nat.+toc]
      Tyno: Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.
      Vkp: Grimstad, Ivar. Velsigne kjæften din, prest. Oslo: Det Norske Samlaget, 1974.
      Wobe: Nigg, Joe. Wonder Beasts. Englewood, Colorado: Libraries, 1995.
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2000—2009, Tormod Kinnes. [E-POST]