Norsk del, Gullvekta
Norske eventyr. Første band  ❀ 5
Seksjon › 1   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Tidobbelt igjen

Ein fattig husmann [1] høyrde ein søndag presten preike om kjærleik og hjelpsemd mot nesten. Presten sa blant anna: "Den som gir ein skilling i Guds namn skal få att tidobbelt."

Husmannen sa med seg sjølv. "Hadde eg visst dette før, var eg ein velhalden mann no."

Då han kom heim la han opp råd opp med kona si om korleis dei på beste vis skulle få seg nytte av den lærdommen. Dei blei då einige om at skulle dei gi noko bort, måtte det vere den einaste kua deira, for det var det monn i. Og presten var den rette mannen å gi ho til, for han ville vel fort gjere gåva kjend høgare oppe.

Neste morgon la han i veg med kua. Men presten ville nødig ta imot gåva. Husmannen gav seg likevel ikkje, og presten tok til sist imot kua. Så reiste husmannen heim att, og kua blei sleppt inn grinda til kyrne til presten.

Presten hadde ti kyr frå før, og alle ti stimla no saman om husmannskua. Utpå natta fann kua ei grind som var dårleg attlaten, og kom seg ut der. Så tok ho vegen heimover med alle prestekyrne etter seg. Om morgonen stod alle utanfor husmannsstova og rauta. Husmannen vakna, sprang ut og sleppte inn alle elleve i fjøset, og gav dei litt salt.

"Nei slik ein Guds mann som presten var!" sa husmannen til kona. "Og så snart han fekk Vårherre til å komme oss i hug! Det er elleve kyr i fjøset no!"

Kona ut av senga for å sjå det. Dagen lang var dei to overlag glade og fornøgde. Men då det lei mot kvelden, kom presten og ville ha att kyrne sine. Husmannen undra seg over dette etter det som presten hadde sagt siste søndag.

Presten sa at preika var ikkje slik å forstå, og at husmannen hadde ingen rett til kyrne. Men husmannen føreslo at om presten hadde noko å klage over, fekk han ta saka opp med Vårherre. Husmannen tykte det var underleg om Guds mann hadde skifta tru på berre to dagar.

Alt presten la ut, kom han ingen veg: husmannen stod på sitt. Men til sist blei dei samde om at den som vann å helse først på den andre neste morgon, skulle eige dei ti kyrne.

Tidleg neste morgon kom husmannen settande og ville inn og helse på presten, men døra var stengd. Så rusla han omkring og kika, og fann eit opent vindauge over kjøkkendøra. Der kraup han inn og sette seg til å vente oppå nokre lause fjøler som låg over tverrbjelkane [2] der.

Kvelden før hadde dei brygga i prestegarden. Om litt kom tenestejenta ut i kjøkkenet for å sjå til brygget. Då ho hadde tatt lokket av bryggekaret, kom presten og ville gå til husmannen. Men då han fekk auge på jenta, gløymde han både husmann og hastverk.

"God morgon, jenta mi!" sa presten. "Så tidleg gjekk Pilatus ein gong til domshuset."

Dette var eit underleg snakk, tenkte husmannen. Men då presten blei urimeleg lenge der hos jenta, blei han nyfiken. "Her går det føre seg noko, skal eg dømme etter lydane til far [3]", tenkte han vidare, og luta seg fram for å sjå. I det same vippa fjøla, og husmannen stupte på hovudet ned i bryggekaret.

Jenta skreik, "Fanden kjem for å ta oss! No hoppa han i bryggekaret!"

Presten og jenta rende ut til kvar sin kant. Og husmannen opp av bryggekaret og heim det fortaste han vann. Her bytte han på seg tørt tøy, og gjekk så attende til prestegarden, fann presten og helste på han.

"Eg har alt vore oppe lenge", sa presten etter helsinga, "så kyrne er mine."

"Å, men eg var oppe tidleg, eg også, og heime hos deg i god tid før Pilatus gjekk til domshuset og fanden fall i bryggekaret", sa husmannen.

Presten sa då: "Når det er slik, er kyrne dine. Gå heim, men sei ikkje noko!"

(Eventyr frå Nord-Trøndelag og Nordland. Attgiving)

Ord

  1. husmann: (før:) mann som har eige hus, men ikkje eig jorda han bruker og må arbeide for jordeigaren for bruken, eller gi vederlag på andre måtar.
  2. tverrbjelke: bjelke på tvers av huset.
  3. far: presten.

Notar

Svarte-Lars

Det var ein ei kone som hadde ein son som dei kalla Svarte-Lars. Så var det ein gong han skulle til bekken og hente vatn i eit spann for mor si. Då han kom til bekken og tok opp vatn i mjølkespannet sitt, hadde det komme ein fisk oppi.

"Lar du meg få leve, skal du få alt du ønsker deg", sa fisken.

Ja, fisken fekk leve.

Då guten kom inn att, sa han: "Mor, eg fekk ein fisk i spannet då eg tok opp vatn. Men han bad så fint for livet sitt og lova meg at eg skulle få alt det eg ønskte om eg ville sleppe han fri. Så det gjorde eg."

Mora sa: "Fisken kunne vore god attåt smør og brød for deg, du." Så blei ho så vond med Svarte-Lars at han reiste ifrå ho. På vegen kom han til kongsgarden. Der spurde han om teneste.

"Kva kan du gjere då?" sa kongen.

"Å, det kan vel vere kva som helst", svarte Svarte-Lars.

"Kan du hogge då?" sa kongen.

"Det skulle eg meine", svarte Svarte-Lars.

Andre dagen skulle Svarte-Lars til skogs og hogge alle trea i ei li der. Han fekk med seg mykje niste. Då han kom dit han skulle hogge, sette han seg på eit berg og sa:

"Er det no sant som den heilage fisken sa, så høgg kjerret i heile lia ned seg sjølv, og trea i lia høgg ned seg sjølv, og eg får sitte og ete opp nista."

Han hadde snautt sagt dette, så braka og knaka det i lia rundt omkring han, og han tok til å ete.

Om kvelden då han kom heim til kongen, spurde han: "Kva er oppgåva for i morgon?"

Å, eg tenker at du har arbeid i morgon også med å hogge ned skogen i lia", svarte kongen.

"Skogen er felt alt", svarte Svarte-Lars.

Kongen lo og sa: "Det trur eg ikkje før eg ser det." Så reiste han opp i lia og såg etter. Då blei kongen forundra.

Andre dagen skulle guten legge i hop alle dei nedhogde trea i lia til éin vedhaug. Han fekk med seg gild niste. Då han kom opp til lia, sette han seg på eit berg og sa:

"Er det no sant som den heilage fisken sa, så legg dei nedhogde trea og buskene i heile lia seg i hop i ein vedhaug mens eg sit her og et."

Med det same han hadde sagt det, drog dei felte trea og kvistane i lia seg saman i ein haug mens Svarte-Lars sat og åt på nista.

Om kvelden då han kom heim att til kongen, spurde han: "Kva er oppgåva for i morgon?"

"Eg tenker då at du har arbeid i morgon også med å legge i hop alt det nedhogde i lia", sa kongen.

"Det er ordna", svarte Svarte-Lars.

"Det vil eg ikkje tru før eg ser det", sa kongen, og bad guten køyre alt det nedhogde frå lia heim til seg dagen etter.

Tredje dagen skulle Svarte-Lars køyre heim lia.

"Då vil eg få ein hane å køyre med", sa Svarte-Lars.

"Kan du køyre med hanar også, du då?" spurde kongen.

"Vi får då sjå", Svarte-Lars. Så reiste han med mykje niste og ein hane. Då han kom fram, sa han:

"Er det no sant som den heilage fisken sa, så lesser veden seg på hanen av seg sjølv og eg får stå og sjå på."

Så leste veden seg i hop, og hanen drog vedlasset heim mens Svarte-Lars gjekk etter. Då han kom til kongsgarden, stod kongsdottera i vindauget og såg på. Då ho såg Svarte-Lars køyre med ein hane, lo ho så ho stod tvikrokete. Slik hadde ingen sett at ho hadde ledd før. Og kongen hadde sagt at den som fekk kongsdottera til å le, skulle få ho.

No ville Svarte-Lars ha kongsdottera, men det ville ikkje kongen. Så sa Svarte-Lars for seg sjølv:

"Er det no sant som den heilage fisken sa, så blir kongsdottera med barn og eg blir faren til barnet."

Så blei kongsdottera med barn og fekk barn, men ingen visste om nokon barnefar. Så skulle alle dei kjekkaste i riket til kongsgarden, for dei tenkte at før eller seinare ville barnet rope "pappa". Første dagen var dei inne, alle dei gildaste. Men ingen blei kalla pappa av barnet. Tredje dagen skulle dei uslaste inn. Men ingen blei kalla pappa av barnet.

Så var der ingen att utan Svarte-Lars. Så skulle han inn. Med det same han kom inn døra, ropte barnet "Pappa". Då blei kongen så sinna at han ikkje ville vite av dei meir, verken dotter si eller Svarte-Lars. Kongen fekk då laga i stand ei glaskiste med to rom i - eit for dotter si og eit for Svarte-Lars - og sette kista på sjøen med dei to i. Men barnet fekk bli.

Då dei kom på sjøen sa Svarte-Lars: "Eg kan spenne sund glaset mellom romma våre i kista, så vi kan sitte i hop."

Ho bad vent at han ikkje skulle prøve det. Dei dreiv då inn mot ei øy. Då dei var like ved stranda, sparka Svarte-Lars hol i kista så sjøvatn sleppte inn og kista stod fast i sanden. Lars hadde fått ha med seg eit sverd i kista. Det slo han no mange gongar mot glaset med så det gjekk sund og dei gjekk i land velberga.

Så sa Svarte-Lars: "Der ser eg ei fin li. Eg vil bort og finne meg rydningsland og hogge tømmer til hus og innbu."

"Å nei, gjer ikkje det. Det er ikkje anna enn dauden for oss no."

Jo, Svarte-Lars reiste bort i lia og til å hogge. Så kom det ein rise som sa: "Kven er det som høgg i skogen min?"

"Er det din skog , dette då?" sa Svarte-Lars.

"Ja, men det skal vi nappast og dragast om", sa risen.

"La oss hoppe om det", svarte Svarte-Lars.

Så blei dei samde om å hoppe på eit berg.

"Er det no sant som den heilage fisken sa, så dett du nedi til oppunder hendene og eg dett nedpå som ei dun", sa Svarte-Lars.

Så hoppa dei, og risen datt nedi til opp under armholene, men Svarte-Lars kom nedpå så lett som ei dun.

"Å, nåde! Vil du hjelpe meg opp att, så skal du få eit koparslott som eg har", sa risen.

Men så mykje nåde fekk han ikkje. "Gi meg heller nøklane", svarte Svarte-Lars, og då han hadde fått dei, tok han sverdet sitt og hogg hovudet av risen. "Du skal då ikkje stå slik og li deg i hel", sa han. Då han hadde gjort det, reiste han tilbake og fortalde kongsdottera kva som hadde hendt, og ho blei så glad at det var ikkje med måte.

Andre dagen sa Svarte-Lars: "Eg såg så fin ei li, eg vil bort og finne meg rydningsland og hogge tømmer til hus og innbu."

"Nei, ikkje gjer det", sa kongsdottera, men det hjelpte ikkje.

Svarte-Lars reiste bort i lia og til å hogge. Med det same han tok til å hogge, kom det ein rise og ropte: "Kven er det som høgg i skogen min?"

"Er det din skog dette, då?" spurde Svarte-Lars.

"Ja, men det må vi dragast og nappast om", sa risen.

"Nei, la oss hoppe om det", svarte Svarte-Lars.

Ja, så blei dei samde om å hoppe om det.

"Er det no sant som den heilage fisken sa, så dett du ned til oppunder halsen og eg dett nedpå som ei dun", sa Svarte-Lars.

Så hoppa dei, og då risen kom ned att, datt han nedi berget til oppunder halsen, mens Svarte-Lars kom nedpå så lett som ei dun.

"Vis nåde! Om du vil hjelpe meg opp att, skal du få eit sølvslott eg har", sa risen.

Men så mykje nåde fekk han ikkje. "Gi meg nøklane til slottet", og tok han sverdet sitt og hogg hovudet av risen. "Du skal få sleppe å stå her og li deg i hel", sa han. Så reiste han heim att til kongsdottera og fortalde kva han hadde vore ute for. Ho blei då endå gladare enn før.

Tredje dagen sa Svarte-Lars att: "Eg såg så fin ei li. Eg vil bort og finne meg rydningsland og hogge tømmer til hus og innbu."

"Det er ikkje verdt du gjer det", sa kongsdottera.

Svarte-Lars reiste bort i lia og til å hogge. Så kom risen som vakte over lia og sa: "Kven er det som høgg i skogen min?"

"Er det din skog dette, då?" spurde Svarte-Lars.

"Ja, men det skal vi nappast og dragast om", sa risen.

"Nei, la oss heller hoppe om det", sa Svarte-Lars.

Då dei skulle til å hoppe, sa Svarte-Lars:

"Er det no sant som den heilage fisken sa, så dett du nedi til oppunder haka mens eg kjem nedpå att som ei dun."

Så hoppa dei, og då risen kom ned att, datt han nedi berget til oppunder haka.

"Å, vis nåde! Om du vil hjelpe meg opp att, så skal du få eit gullslott eg har", sa risen.

Men så mykje nåde fekk han ikkje. "Eg tar nøklane", svarte Svarte-Lars, og så tok han sverdet sitt og hogg hovudet av risen, "Eg lar deg sleppe å stå her og li i hel", sa han.

Då han kom heim til kongsdottera og fortalde det, blei ho så glad at ho blei nesten ifrå seg av glede.

Så var det ein gong at kongen som hadde sendt dei ut i glaskista, hadde vore borte på ei sjøreise. Han kom til å fare forbi gullslottet, og ville sjå kven som budde der. Då han kom inn, kjende han att dottera si, sjølv om han aldri hadde sett ho så glad før. Kongen hadde mat og meir til om bord i skipet sitt, og dei tura då gjestebod til kongen gret og bad dei tilgi han det fæle han hadde gjort dei. Sonen deira var i god behald, sa han mens dei somtid skaut med kanoner frå båtane for å feire med smell.

Etter feiringa ville dei to heim til barnet sitt og ta seg av det. Dei hadde fin skyss den vegen, meinte dei.

(Attgiving)

Notar

Guten som alle jenter måtte seie sant til

Det var ein gong ein gut som skulle få ønske seg tre ting. Først ønskte han seg hest og vogn, dernest så mange pengar som han kunne køyre, og aller sist ønskte han at alle jenter laut tale sant til han. Så kjøpte han seg ein stor gard og blei ein vørd mann i bygda.

Då det lei på, ville han gifte seg, for på ein stor gard laut det vere ei kone, tykte han, og så køyrde han i veg og skulle høyre seg om.

Først drog han til skrivaren og spurde om han kunne få dotter hans, og det var ja å få med første ordet. Ein slik friar var ikkje nokon å sku ifrå seg, tenkte skrivaren. Så ville guten få tale med dottera for seg sjølv, og då spurde han om ho hadde hatt nokon kjæraste før.

"Å ja då, både to og tre, både skrivarar og futar", sa dottera.

Nei, då stansa ikkje guten lenge der, men køyrde vidare til han kom til futen. Så spurde guten futen om han kunne få dotter hans, og det var ja med første ordet. Han fekk så dottera til sides og spurde om ho hadde hatt nokon kjæraste før.

"Å ja då, både tre og fire, både skrivarar og futar," sa ho.

Nei, då var han ferdig der på garden. Men så kom han til å tenke på ei jente han lenge hadde tykt så godt om. Ho var dotter til ein fattig bonde, og frå då guten brått blei rik, hadde han gløymt ho. No drog guten til bonden og spurde om han kunne få dotter hans. Og det var ja med første ordet, der også.

Så fekk guten jenta for seg sjølv og spurde om ho hadde hatt nokon kjæraste før.

"Eg kunne hatt fleire, men eg venta på deg, eg," sa jenta.

Då blei guten glad, for no hadde han funne ei som passa han.

(Frå Hedmark. Attgiving)

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner.    Seksjon     Sett    Neste

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]