Norsk del, Gullvekta
Norske eventyr. Første band  ❀ 4
Seksjon › 1   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Reven som fadder

Ein bjørn og ein rev kjøpte seg ei tønne smør i lag. Så ein dag skulle bjørnen bake lefse. Men det blei så urimeleg mykje røyk av det. Så sa han til reven:

"Du må opp på taket og få det orden så røyken kjem ut."

Så gjekk reven opp og tok til å reparere på taket. Men best det var, ropte reven ned gjennom pipa at det var nokon som ropte på han inni skogen og ville ha han til å vere fadder. Og slik gjekk det tre gonger. Kvar gong han kom opp på taket att, så ropte han ned gjennom pipa til bjørnen:

"No ropa dei på meg inni skogen og vil ha meg til fadder."

Og bjørnen svarte: "Du får vel gå da."

Men dette fann reven på berre for å smake på smøret i tønna, for ho hadde dei gøymt inni skogen. Kvar gong reven kom att frå skogen, ville bjørnen vita kva barnet heitte. Første gongen sa reven det heitte "Sprettopp". Då hadde han opna tønna. Den andre gongen "Midtvegs". Då var han kommen halvveges med å ha i seg smøret. Den tredje gongen "Sleike-botnen". Då var han ferdig.

Då dei blei ferdige med lefsebakinga, skulle dei inn i skogen etter smør til lefsene. Men det var ikkje noko att i tønna.

"Det er vel du som har ete opp smøret?" sa bjørnen.

"Nei, kva er det du seier, bestefar," sa reven.

"No skal vi finne ut av det", sa bjørnen og ville til å opne reven for å sjå etter smøret.

"Nei høyr, vi legg oss heller i solbakken," sa reven, "og slik finn vi det ut: Den som er feitast i bakenden når vi vaknar, har ete opp smøret."

Så la dei seg i solbakken. Men då bjørnen hadde sovna, lurte reven seg i veg og skrapte fram noko smør frå sprekkene i botnen av tønna og smurde det i bakenden på bjørnen. Så la han seg attmed bjørnen og lét som han sov.

Etter ei tid vakna bjørnen og gnei seg i auga. Han kjende seg så våt i baken. "Men kva er det vi ser, bestefar? Det er nesten så smøret renn ut av rumpa di," sa reven.

"Det var vel eg likevel, då," sa bjørnen.

(Attgiving)

Notar

Bjørnen fer utfor

Bjørnen låg og sov på ein haug, og så kom reven med noko smør i ei kinne [1] og ville dele med bamsen.

Bjørnen treiv smøret og sprang opp på eit høgt berg med det, for han ville ete smøret i ro og mak sjølv når han hadde sove ut den natta. Reven følgde etter, og fekk lov å sove attmed bjørnen der oppe til morgongry. Reven var minst og skulle ligge ytst mot kanten av eit stup. Innanfor låg bamsen, og innanfor bamsen var smørkinna.

Då bjørnen var sovna, smatt reven på oppsida av han og sa: "Flytt deg ifrå meg, gamlefar! Eg fer utover!"

Dei første to gongane høyrde ikkje bjørnen dette, men tredje gongen flytta han seg - men feil veg, så han for utover kanten. Då sette reven seg på kinna og skratta så dei høyrde han i fjella omkring.

(Attgiving)

Ord

  1. kinne: reiskap til å kinne (kjerne) smør med. Det finst og fanst fleire typar. Stavkinna, som er enklast og eldst, er eit høgt kar av tre, men ein kinnestav som passar i ho. Med staven blir det piska fløte eller rømme nedi karet, heilt til smøret skil seg ut. (Wikipedia, "Kinne")

Notar

Reven og bjørnen som skulle bake

Det var ein gong ein raudrev og ein bjørn som skulle bake. Bjørnen skulle bake og reven steike. Då dei hadde bakt ei stund, kom reven til å få overhendig lyst på ei tønne smør dei hadde i lag ute på stabburet, så han banka i bakstehella med steikespaden sin.

Då sa bjørnen til reven: "Det er visst ein som bankar på døra. Ta ein lefsebit med til gjesten og gå ut og hels på han."

Raudreven gjekk ut, og så fór han opp på stabburet og på hovudet i smørtønna. Der tok han til å slafse og glefse i seg frå ho. Då kom han i hug det som bjørnen og han var i gang med, og fór attende. Då reven kom inn att, spurde bjørnen kva det var.

"Trur du ikkje det var ein som ville ha meg til å vere fadder for eit barn?" skrøna reven.

Så spurde bjørnen kva for noko det barnet skulle heite.

"Har tatt til", sa reven.

Ei stund etter var reven trøytt av å stå i steikeosen. Han banka i bakstehella med steikespaden att.

"Det er visst nokon som bankar på", sa bjørnen. "Ta med ein lefsebit til velkomst og gå ut."

Så tok reven ei brødlefse og gjekk opp på stabburet att og åt seg midt ned i smørtønna. Då reven kom attende til baksten, spurde bjørnen kven det var som hadde banka på.

"Trur du ikkje det var ein til som ville ha meg til fadder", skrøna reven.

Bjørnen spurde kva det andre gudbarnet skulle heite.

"Midtvegs" sa reven.

Ei stund etter banka det att; reven var ute med same fanteferdene.

"Det kakkar på", sa bjørnen. "Ta med ein lefsebit og gå ut."

Så tok reven ein lefsebit og gjekk inn på stabburet att. Då sleikte han smørtønna tom. Då reven kom inn att, spurde bjørnen kva det tredje barnet skulle heite.

"Tomt og reint", sa reven.

Omsider hadde bjørnen gjort frå seg med å bake og reven med å steike. "No skal det smake med ein smørbete etter alt strevet", sa bjørnen og skulle til å ta seg ein smørklatt. Då var smørtønna både tom og sleikt. Bjørnen forstod at reven hadde narra han. Han slo labben i pelsen på Mikkel i det han smatt inn under ei bjørkerot.

"Slepp bjørkerot og ta revefot", ropte reven.

Bjørnen blei nøydd til å overvege om han heldt i rot og ikkje rev, og tenkte så hardt at han sleppte taket.

Notar

Tre gode råd

Det var ein mann som heitte Svein. Det var smått med han heime, og så laut han ta ut frå kone og born for å tene. Så kom han til ein gard. Der blei han verande i tre år, for han var så flink til å drive jorda at mannen på garden kom til å halde så mykje av Svein at han ikkje ville gi slepp på han etter eitt år, og heller ikkje to neste åra kvar gong Svein ville heim att.

Til sist tykte mannen at han ikkje kunne halde på Svein lenger. Han spurde då Svein kva han helst ville ha, enten løna si eller tre bra råd. Svein grunda mykje på det, men så sa han at han ville ta råda.

Så sa mannen: "Følg berre hovudvegane og ta ikkje nokon snarveg. Du skal ikkje ta inn på nokon gjestgjevarstad der det er ein gammal mann og ei ung kone. Og så skal du ta med deg ei saks som du skal du få av meg."

Folket på garden bakte no ei stor kake til Svein, ei kake han skulle ha med heim til kona og barna.

På heimvegen kom Svein i lag med nokre andre som ferdast. Då det lei på, ville dei hine gå ein snarveg. Svein ville ikkje, og så skildest følget. Noko etter trefte han ein av dei att. Han fortalde at dei hadde vore ute for røvarar som hadde tatt alt dei hadde og livet til resten av følget. Berre han sjølv hadde sleppt ifrå dei.

Så kom Svein til eit vertshus der gjestgivaren var gammal og kona ung. Så torde ikkje Svein gå inn der, men han orka ikkje gå lenger heller, og dermed la han seg i låven utan at gjestgivarparet såg det. Mens han låg der, kom det ein mørkhåra kar ridande til gards. Mannen sette hesten sin ved låven og la ein utanpåfrakk over han mot regn og blåst. Kona kom ut og tok imot karen, og så gjekk dei inn saman, dei to. Fort blei det slikt eit oppstyr inni vertshuset at mannen i låven skjøna at dei drap den gamle mannen. Då kraup Svein bort og klipte ein firkanta lapp ifrå ein fald i frakken som låg over hesten, la den avklipte lappen i lomma, og la av garde.

Då han kom heim, gav han kaka til kona. Då dei skar ho opp, låg pengane han skulle hatt og meir til i ho. Mannen og familien hans blei svært glade. Han hadde fått meir enn lønna, og gode råd så han overlevde heimvegen attpå.

Berre nokre timar etter gjekk det ord i bygda om at ein ganske ung og lyshåra mann som hadde overnatta i vertshuset der Svein var innom, hadde blitt tatt for drap på den gamle og skulle dømmast neste dag. Svein gjekk då sporenstreks til lensmannen og fortalde kva han hadde sett og høyrt frå låven i gjestgivargarden, og så blei det nytt forhøyr. Der skulle Svein komme og vitne, og karen som hadde drepe den gamle mannen, sat også i rommet. Svein fortalde det han visste og synte fram saksa og lappen, og lappen passa til frakken til mannen, som ikkje hadde sett etter i faldane der. Så fekk mannen som var urett skulda for drapet, gå fri, og dei to skuldige blei sett i fengsel for ugjerninga.

Og fordi Svein hadde vore så klok, gjekk folk saman om å få han til ordførar. Med lønna kunne han leve godt heime på garden i lag med kona og barna.

(Attgiving)

Notar

Fattigjenta blei dronning

Ein mann og ei kone hadde pliktarbeid i kongsgarden kvar dag. I den tida sat den vesle dottera deira heime aleine i ei jordkoie [1] borti skogen. Ho skulle lage mat til dei kom heim.

Ein dag var det ikkje meir mat i huset enn lite grann byggmjøl. Det tok ho då og knadde til deig og laga tre kaker som ho bakte i oska. Som ho skulle snu den første kaka, trilla kaka ned av hella, ut av døra, nedover bakken og heilt ned til bekkekanten. Jenta sprang etter, men kunne ikkje finne ho att. "Ja, det får vere mi kake", tenkte ho. "Far og mor skal ha dei to som er att."

Men då dei andre kakane skulle snuast, gjekk det som med den første. Dei trilla av stad, og jenta sprang etter. Ho var så lei seg for at foreldra skulle gå svoltne til sengs. Så gjekk ho og leitte og leitte - til ho kom så langt inn i skogen at ho ikkje kunne finne vegen attende. Det blei mørkt, og så sette ho seg på ein trerot og gret.

Då kom det ein liten, grå hund fram og gjorde seg så blid. "Klyv opp i treet, du, og sett deg til å sove der. Så skal eg passe på at det ikkje hender deg noko."

Jenta var glad for at det var ein vennleg hund somhadde komme, og klauv opp i treet og sovna der. Om morgonen kom kongen forbi. Han såg den vesle jenta som sat i treet, og tok ho med til kongsgarden. Ho hadde på seg ein kjortel av eit gammalt gyldenstykke [2], noko tøy som mor hennar hadde fått i kongsgarden, og derfor trudde kongen at ho var av høg ætt. Så bad han dronninga, mor si, om å oppsede ho som eit kongebarn. Hunden blei også i kongsgarden og heldt seg støtt og stadig til jenta.

Då ho voks til, blei ho så vakker og ven at ingen hadde sett maken. Kongen ville gifte seg med ho, men då gamledronninga, mor hans, forstod det, blei ho så arg at ho plaga jenta på alle vis for å bli kvitt ho, for gamledronninga såg somt som tyda på at jenta var fattigmannsbarn. Men kongen brydde seg ikkje om det mora hans gjorde; han la på folka i slottet at dei skulle stelle i stand til bryllaup.

Ein dag kom kongen og dronninga og sa at jenta skulle vere med og sjå på romma som var sette i stand til bryllaupet. Då sa hunden til jenta: "Pass no godt på deg sjølv, for dronninga vil sette deg på prøve, for å sjå om du er av rikfolk. Derfor skal du alltid gå midt etter teppet og ikkje rose nokon ting, berre sjå luftig omkring. Det siste rommet du kjem til, er brudekammerset. Der vil dei tre kakene du miste i skogen, kjem trillande framfor foten din. Då kan du ikkje kunne halde deg frå å le. Når dei då spør korfor du ler, skal du seie: "Slikt, slikt."

Då jenta kom inn i romma, var det så gildt der at det lyste lang veg. Frå den eine døra til den andre låg det teppe av silke med gullblomster og sølvblomster på. Jenta syntest nesten ikkje ho kunne sette foten på teppet, men så kom ho på det hunden hadde sagt, og gjekk rank og fin midt etter teppet. Og alt det dronninga viste ho, såg ho berre luftig over og heldt nakken rank, for det var det ho måtte passe på, hadde hunden sagt.

Sist kom dei til bruderommet, og det var det gildaste av alle. Med det same jenta sette foten over dørstokken, kom kakene trillande fram for ho og bort under bruresenga. Så kunne ho ikkje halde seg, men måtte le.

"Kva er det å le av her?" spurde dronninga kvast.

"Slikt, slikt", sa jenta berre, og let dei hine stå og undre seg over kva ho meinte med det.

Så heldt dei bryllaup, og kongen var så inderleg glad i den unge dronninga si. Men ein vakker dag sa gamledronninga: "No vil vi ri ut og sjå til foreldra dine." Jenta kunne ikkje svare anna enn ja, men ho blei ille ved og sprang ut til hunden så fort ho kunne kome frå. "Ja, no sit eg sanneleg i knipa etter at eg følgde gode råd du gav meg, du", sa jenta. "No vil dronninga gjeste foreldra mine, og dei bur i ei jordkoie i skogen."

"Bry deg ikkje om det", sa hunden. "Der det er hjarterom er det husrom og god kontakt så barn får gle seg i livet. Men du skal be kongen om å få tolv av mennene hans med, seks som blæs på horn og seks som blæs i lur [3]. Når dei stig til hest, kjem eg og vil vere med. Men du skal ikkje ha lyst til å ha meg med og ville skikke meg inn att. Så ber kongen for meg, og sidan går det godt, alt saman, skal du sjå."

Så sette dei seg til hest, og då kongen løfta den unge dronninga opp i salen, kom hunden og dansa framfor hesten. "Der er hunden og vil bli med. Men det passar sikkert dårleg. Jag han inn!" sa den unge dronninga.

"Å, stakkar, han er då så glad i deg. La han få vere med", sa kongen.

Så sprang hunden først, og jenta rei etter. Først bar det gjennom ulende [4], men så kom dei ut på ein stor veg. Lenger framme var han brulagt med messing.

Då ropte gamledronninga og spurde: "Kven er det som har denne vegen?"

"Du skal seie "Far min", sa hunden. "Det er Far min, det", sa jenta gåtefullt.

Så rei dei eit stykke til, og då var vegen brulagt med blankt sølv.

"Kven har denne vegen?" spurde dronninga. "Det er Far min, det", sa jenta, og la til stilt for seg sjølv: "Han som held verda i hendene."

"No kjem vi snart til eit slott", sa hunden, "og når vi er så nær at du ser porten, skal du be mennene å blåse. Så kjem det ut ein gammal konge og ei gammal dronning. Når du kallar dei mor og far, tenker eg dei kallar deg dotter."

Så kom dei til eit stort slott, og då dei kom til porten, bad jenta at mennene skulle blåse i horn og lur. Så gjekk porten opp, og ut kom ein gråhåra konge og dronninga hans.

"Å, god dag, far, god dag, mor. Eg er så glad for å sjå dykk no", ropte jenta og sprang av hesten.

"Å, god dag, dotter", sa dei gamle, og var glade for besøk.

No angra gamledronninga at hadde vore lei mot svigerdottera.

Om kvelden då jenta skulle danse med kongen sin, kom hunden og gjorde mine til ho at ho skulle følge med. Så kom dei inn i eit rom der det hang eit sverd på veggen.

"Vil du no gjere noko for meg til takk for det eg har gjort for deg?" spurde hunden.

"Ja, det vil eg så visst", svarte jenta.

"Då skal du ta sverdet og hogge hovudet mitt av", sa hunden.

"Kan eg ha hjarte til å fare slik med deg?" spurde jenta.

"Ja, det er det eineste gode du kan gjere for meg", sa hunden.

Så måtte jenta gjere det, og i staden for hunden stod der ei jomfru. "No skal du ha takk", sa jomfrua. "Eg kunne ikkje bli frelst frå trolldom som var kasta over meg på anna vis enn ved at den som var glad i meg, tok livet av meg. Eg er dottera på dette slottet, og no skal vi vere som søstrar. Eg skal ta foreldra dine til meg."

Så gjekk dei inn att og sa til den gamle kongen og dronninga kva som hadde hendt dottera deira, og at ho no var frelst og var kommen attende. Jublande glade heldt dei stilt med kven som var dotter og kven som ikkje var det, og så dansa dei til dagen lyste. Sidan reiste kongen og den unge dronninga hans heim att og levde godt nesten alle sine dagar.

(Attgiving)

Ord

  1. jordkoie: hytte av jord.
  2. gyllenstykke: tøystoff (i sær silke) som er gjennomvevd med sølvtråd eller gulltråd. [Jf. Lokalhistoriewiki.no. Leksikon: "Gyldenstykke"]
  3. lur: blåseinstrument som er forma som eit langt røyr.
  4. ulende kan vere eit eller fleire av desse: vanskeleg lende; veglaust, ulendt terreng; villmark.

Notar

  Innhald  


Boktilfang

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner.    Seksjon     Sett    Neste

Norske folkeeventyr, nynorske eventyr, kanskje segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2001–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]