Norsk del, Gullvekta
Nøkken
Seksjon › 28   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Theodor Kittelsen. Nøkken, 1904. Section
Theodor Kittelsen. Nøkken 1904. Utsnitt.

Trøbbelet med nøkken er at det er så vanskeleg å sjå han, men det har ikkje hindra mange i å tru han finst i og nær vatn. Kva gjer vi når mange seier dei har sett nøkken? Då tvilar vi kanskje, og helst til eigen fordel. I motsett fall kan det vanskeleg gjere godt å punge ut til kostbare studiar eller ekspedisjonar for å finne han her og der, deriblant gamle bøker. Slik kan vi kanskje spare oss sjølve til eitkvart meir matnyttig, om vi ikkje blir lurt til noko anna.

I folkelege tradisjonar er det mange spennande historier om nøkken og slekta hans. Folk i mange land har sett dei har hatt gagn i å la seg underhalde i lange banar om vinteren, og somtid fortelje skremmesoger så barn held seg vekke frå vatn der dei kan drukne. La gå at det er mykje tull i segner om nøkken, men under skimtar vi kan hende djupare føremål enn å tale for barn, unge og gjestar på besøk. (Wikipedia, "Nøkken")

Og dette med at nøkken lærer somme ivrige folkemusikantar felespel i fossebruset, heng vel saman med at ein no og då kan høyre naturtonar der vatn bruser og vinden pip - ute i naturen, dersom forholda ligg til rette for det. Naturtonar er overtonar. Det er elles stor avstand mellom dei djupaste naturtonane, mens dei høge ligg tettare og tettare.

Det har seg slik at folkemusikk i mange land i stor monn har innlemma naturtonar i musikken ved å nytte femtone-skalaen. Det gjeld den greske tradisjonelle musikken, skotsk og irsk folkemusikk, ungarsk folkemusikk, og så vidare og vidare. Femtoneskalaar inneheld fem tonar per oktav. Kjente komponistar som til dømes franske Claude Debussy har brukt femtoneskalaar. Og ein kjent skotsk sekkepipetype er stemt i femtoneskala, altså ein skala med fem tonar (pentaton skala). (Jf. Dansk Wikipedia, "Skala (musik) > Femtone-skala").

Det går fram: "Naturnære får også somt å lære."

Nøkken i norsk folketru

Innhald


Nøkken, nykken, litteratur  

Nøkken, nykken, opp    Seksjon     Sett    Neste

Nøkken, nykken. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2019, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]