![]() |
Sjøormar og slikt
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Sjøormar og slikt
Av og til dukkar det opp nyheiter om noko drabeleg uvanleg, til dømes sjøorm. Der det blir nødvendig å røkte etter og tenkje flott, går kanskje folk gjennom tre stadium:
Skoten sjøorm
Så, på midten av 1800-talet, smidde smeden Børse-Gunder ormebørsa. Det var ei kjempebørse til sjøormjakt, med kaliber på bortimot 20 mm. Børse-Gunder tok med seg ei geit til eit svaberg ved Abborvatnet der han visste ormen ville dukke opp, og tjora geita fast som agn eit stykke opp på land. Han tjora også seg sjølv fast til eit tre like ved, for dragingsmakta i auga til sjøormen ville han ikkje ta sjansen på då han sette seg til å vente. Etter kort tid kom sjøormen fossande, løfta hovudet, kom inn på svaberget og nappa til seg geita. Børse-Gunder sikta og trekte av. Kulene sat der dei skulle. (Biletet) Den siste kjende observasjonen av sjøorm i Sperillen er frå 1893. Den ormen "var mykje lenger enn ei vanleg hesjeraje (altså minst 15 meter lang)," sa augevitnet Karen Fjellbråten, nittenåringen som såg den ein gong ho var ute og trilla tvillingar. [Dms 65-68] Trening i "Det kan tenkjast -"Den som har sett sjøorm, er den rette til å fortelje om det sette. Vi som ikkje har sett slike vesen, har ikkje det som skal til for å fatte noko særleg om skapnadene. Det har seg på same måten som med Ufoar. Somme seier dei har sett dei, har teke foto og videoar av slikt også, somme seier dei har blitt ført bort for ei tid, og så bortetter. Og det er neimen ikkje alle som blir trudd i ettertid heller, enda om dei heiter Ronald Reagan, Jimmy Carter, eller er far til Prins Philip! For den som ikkje har førstehands kjennskap til Ufoar og sjøormar, er det lett å avfeie slikt som bra folk seier i staden for å dyrke fram den heilt rette haldninga, som er "Dette kjenner eg ikkje til." Held ein takt og tone høgt, kan ein sikkert klare seg unna med "Det kan tenkjast", sia tankane jo alt er tenkt - Døme: Det er ikkje fint gjort å blankt avvise einkvar som seier dei har sett UFO i Noreg og store UFO-krater. "Tvillingtoskar: Den eine avviser blindt, og den andre trur like blindt (Amerikansk)." Her er eit autentisk, bra klart UFO-bilete til ettertanke: [UFO-bilete med meir]. No blir eg kanskje ikkje tilgitt den spøken av di den fungerer som eit falskt spor langs tankevegen her, men skit, la gå. Somme kan ta ein spøk, og andre ikkje. Same kva, vitskapsfolk strever med å skilje fakta frå lausare forteljingar, også når det gjeld busemenn og vetter i skog og mark. På grunnlag av å ikkje vite og å ville finne ut av ting skikkeleg, har vi utvikla framifrå framgangsmåtar til mangt. Vi kjem betre i veg om vi lærer å ikkje tru blindt på ting som blir fortalt, men be dei som kjem med dogmatiske tankar, om å gi gode prov. Det er gode prov ein sankar eller spør etter i fysikken, til dømes. Manglar dei, legg ein kanskje påstandane i skuffa for spekulasjonar og liknande. Data om det som kallast sjøormar - kva for prov ligg føre? Finst prov nok? Kva slags prov kan det dreie seg om? For det er forskjell på prov og dokumentasjonar. Vi får lære å avgjøre ting som det. Kanskje vil vi freiste å finne prov på sjøormar attåt. Som i kriminalsaker, er handfast prov normalt rekna som godt nok. Finst det funn av sjøormar - leivningar, knoklar? Kanskje; det er ikkje godt å avgjøre det. Det er feilkjelder å ta omsyn til. Vi får sjå om sjøormar finst før vi feirar dei. Det er nok det beste. Av og til og her og der kjem det for dagen artar av dyr og fisk vi ikkje har kjent til. Somme har vitskapen meint var utdøydd for millionar av år sia. Med slike fakta innabords kan ein godt tenkje seg at sjøormar hører til slike gamle artar. Men så lenge gode prov ikkje finst, kan ein godt halde tankane sine for seg sjølv og ikkje utbasunere dei for alle. Mange forstår ikkje at liknande gjeld for omgrepet 'hulder' også. Fanst kvinner med kuhale? Og var det så stor skilnad over grensa til Finland at den rygghole norske blei syltynn av å komme til Suomi? (Finsk hulder er syltynn, heiter det.) Kva med å tru at Satan finst, gudar og gudinner, monster, trolla i skogen og bøsen i mørket?* Dialektordet 'bøse' (jf. det tyske ordet bøse, dårleg, ubehageleg, vond, slem, o.a.) er det same som buse. Etter norsk folketru er ein buse er eit underjordisk vette som held til i haugar, steinar eller liknande. Busar eller busemenn blei ofte bruka av vaksne til å skremme born. Omgrepet svarar til det engelske bogey. Det ein har prov på, er ikkje noko å tru på lenger. Tru har ein elles på litt av kvart. Tru er ikkje aller beste i hugen, men kan trua stimulere sakleg, kunnig utprøving, kan den brukast greitt. Det finst altfor mykje dum tru og vidskepelse, overtru. Kven trur at kroppane til dei som døydde for tusen år sia skal stå opp at frå grava utan lyter? Den norske kyrkja trur slikt - Det er mange om slik tru! Grensa mellom religiøs tru og vidskepelse er av og til utviska. Vi har heller ikkje meir grunn til å seie at det finst berre ein slags sjøorm enn mange slags vesen som blir kalla slikt og litegrann til. Sjøorm sett nær Ålesund igjen?"Sommaren 1878, dukka sjøormen opp utanfor Ålesund og blei sedd av mange i den tida han heldt seg i fjorden," skriv Langstrøm. [Dms 56] Det er altså ikkje noko nytt at folk ser somt som dei kallar sjøorm. Også i vår tid dukkar det av og til opp nyheiter om folk som hevdar dei har sett sjøormar, har teke kornete bilete av dei og videoopptak. Overlag grovkorna og grøta bilete er mellom feilkjeldene, og dessutan kan bilete triksast i stand og manipulerast. Og så er det augevitna, då. Ikkje alle er edruelege og sannferdige. Ein treng med andre ord å vurdere dei som seier dei har sett sjøormar, også når det dei fortel, kjem i avisa og NRK. Det er ikkje mange år sia "sjøormen blei sett nær Ålesund", og filma litegrann også, skal ein tru NRK, to-tre aviser, og sjøormsider på Internett. [LENKJE] Skal ein tru som det aksepterte fleirtalet? Ikkje støtt. Det kan vere om lag som i ei historie: Ein flypassasjer var så kvit og nervøs at flyvertinna kom bort til han for å roe han. Ho fortalde at alt var under kontroll. Mannen: "Eg er flygar sjølv." Han våga å tvile på at alt var under kontroll. Journalistar kan faktisk ta feil og liggje under for griller og det som er verre, slik reportasjar om kongelege viser. Somme kokar saman skit for å selje. Det er langt verre i andre land enn her. Også politikarane og embetsfolka kan ta feil. Noko kjem for dagen lang tid etter, etter kanskje tiår med forteiingar. Slik er det. Kan ein ikkje stole på seg sjølv og ha kontroll med kva ein trur og ikkje trur, risikerer ein å bli ført vill i somt, og det kan utarte til å bli alvorleg. Kva så der mange kjem og fortel om det same? Her held vi misjonærane heilt utafor. Kva gjer vi når mange seier dei har sett sjøormen og teiknar den? Rolv Langstrøm har skrive ei underhaldande bok. Den heiter Den mystiske sjøormen og blei gitt ut på Det norske Samlaget i 1994. I boka har han samla mange historier om sjøormar, og boka er godt illustrert med teikningar og foto. Dei er gamle for det meste. Han konkluderer kanskje utilsikta vittig: "Etter fleire år med ivrig forsking og tusenvis av observasjonar er sjøormen like mystisk i dag som han har vore i mange hundre år." [Dms 185] Så lenge sjøormar og menneske møtest, er det nok ikkje berre den eine parten (mennesket) som undrast og stirer granskande med store, store auge. Det er no så . . . Eg trur ikkje Langstrøm hevdar det er sjøormen som har forska ivrig og observert tusenvis av gonger, men det gjer ikkje noko. Det gjer normalt godt å la tvitydnad komme bra vett til gode. Slik er det mang ein gong. Langstrøm fortel vidare at det har blitt spunne segner og mytar omkring eit vesen som blir kalla sjøorm. Det kan kanskje vere tale om amfibium og noko til, dersom det er sant det mange godtfolk fortel, at somt som blir kalla sjøorm, kan gå over land, og leve i både ferskvatn og saltvatn. Ål klarer faktisk å tilpasse seg liv i både djupt saltvatn, overflatevatn, og ferskvatn, berre så det er nemnt, og ål er ikkje noko amfibium. Kanskje sjøormar ikkje er amfibium; kanskje sjøorm finst. "Vi må vedgå at det truleg finst både ein og fleire ukjende, symjande skapningar," konkluderer Langstrøm. [Dms 185] Det er rett. Verdshava er mykje uutforska til no; mørke, kalde og med frykteleg trykk i botnen. Kjempehavål; ormeliknande dyr med mange puklar og ei slags man frå nakken og bakover; etterkommarar av forhistoriske dyr - det er tre lauslege grupper som kan femne over forklaringar heilt eller delvis. For eksempel, "At eit slag forhistorisk dyr kan ha overlevd i millionar av år, er coelacanthen [urtidsfisken] eit prov på," skriv Lundstrøm (Dms 187]. Han fortel også om korleis den blei oppdaga i levande live.
Dms: Langstrøm, Rolv. Den mystiske sjøormen. Oslo: Samlaget, 1994. Sese: Bright, Charles. Sea Serpents. Bowling Green: Bowling Green State University Press, 1991.
Thd: Zukav, Gary. The Dancing Wu Li Masters: An Overview of the New Physics. London: Rider, 1979. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19972009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||||||