NORSK DEL, GULLVEKTA  

Glimt frå nynorsk-stoda

 13 › 4 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Avisgløtt

Det er andre glimt enn glimt i auget. Innkikka nedafor fyller ut biletet ifrå ei side med info om nynorsken som blir brukt her på nettstaden og utviklinga av nynorsk i dei siste femti åra [LENKJE].

Shapshot ("snøgt skot")

IMAGE
Frå vondt til verre, altså.
Nynorsk blei forma på grunnlag av dialektar av Ivar Aasen (1813-1896). Han var frå Ørsta på Sunnmøre.
      Den nynorske målforma blei offisielt jamstelt med dansk i 1885 og godkjent som undervisingsspråk i barneskolen i 1892. I 1929 fekk språket namnet nynorsk (før: landsmål) etter eit stortingsvedtak.
      Fjorten prosent av elevane i landet har nynorsk som hovudmål (2007), og verre kan det bli om trenden frå i dag held fram.
      Av alle bøker som i 2000 blei gitt ut for barn og unge, var fem prosent på nynorsk. På Internett er sju prosent av alle norske dokument på nynorsk.

Kjelder: Norsk Språkråd, Nynorsk faktabok, forbruker.no/jobbogstudier/studier/article1066909.ece

Meir nynorsk for barn verkar tiltrengt

Nynorskelevar treng meir nynorsk skjønnlitteratur å lese i, syner den internasjonale leseundersøkinga (PIRLS). Det er den internasjonalen stiftinga IEA som har evaluert læringsutbyttet i skolen. Det går fram av undersøkinga at frå fjerde til femte klasse har bokmålselevane mykje større framgang når det gjeld evne til å lese litterære tekstar enn elevane med nynorsk som hovudmål.
      "Nynorskelevar heng etter," seier Ragnar Solheim ved Leseforskingssenteret i Stavanger. Årsaka kan vere at nynorskelever les dårlegare fordi dei ikkje får lest nok nynorsk, fordi utvalet av nynorsk skjønnlitteratur er for lite. Dette gir nynorskelevane eit handikap, trur han. Når dei har lese ut alt som finst av skjønnlitterære tekstar på nynorsk, så har dei framleis stor leselyst, og det som då er tilgjengeleg er bokmålstekstar, fortel han vidare.
      Benthe Kolberg Jansson, førstelektor ved Nasjonalt Senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret), samstemmer i at det er kjempeviktig at skolane sørgjer for godt tilfang av litteratur på nynorsk. Elever med nynorsk som opplæringsmål les omtrent like mykje bokmål som elevar med bokmål som opplæringsmål.

Kjelde: Sølvi Foseide, Ragnhild Krogvig Karlsen og Marit Hverven. "Nynorskelever leser dårligere". NRK, 27.12.2007. www.nrk.no/nyheter/kultur/1.4385095

Nynorskelever skriv heller bokmål

335 nynorsktalande elevar ved Hafstad vidaregåande skole i nynorskkommunen Førde blei bedne om å velje mellom bokmåls- eller nynorskvarianten av femti ordpar med tradisjonelle nynorskord og bokmålsvariantar. Femtisju prosent av dei kjente at bokmålsforma var mest naturleg, mens nynorskorda blei valde i trettini prosent av tilfella.
      "Mange elevar vrakar nynorskformer til fordel for bokmålsord, seier lektor Svein M. Sirnes, og at "nynorsken treng ei grundig modernisering, slik at den blir i tråd med det som blir oppfatta som naturleg."

NTB. "Nynorskelever skriver heller bokmål." Bergens Tidende, 17.3.2007. www.bt.no/innenriks/article349425.ece

Presset

Tove Lise Granli, mor til ein gut på tolv og ei jente på 15 år, har erfart korleis kvardagen har utvikla seg til ein kamp for at barna skal få den undervisinga dei har krav på som elevar i ei eiga nynorskklasse på Sagene skole i Oslo.
      Foreldra har måtta kjempe og forhandle med skolen for ikkje å miste nynorskundervisning elevane har krav på. Det har også vore dagleg kamp om kvaliteten på tilbodet: "Ungane har fått læreplanar og tavleundervisning på bokmål i staden for nynorsk, og opplevd å få raud strek på prøvar fordi læraren manglar nynorskkompetanse. Når vi som foreldre engasjerer oss blir vi stempla som problemforeldre," fortel Granli.
      Skoleansvarleg Ingar Arnøy i Noregs Mållag fortel at historia er langt frå eineståande, men snarare typisk for stoda i norsk skole etter at Opplæringslova blei endra for fem år sia. Etter at klasseomgrepet blei oppheva, stod skolane fritt til å organisere undervisinga på nye måtar og bruke større elevgrupper. Som følgje legg skolane ned nynorskklassene og køyrer felles undervising for nynorsk- og bokmålselevar. Dette trass i at lova gir elevar på barnetrinnet rett til undervising på sitt eige hovudmål i alle fag som inneheld lese- og skriveopplæring, seier Ingar Arnøy. "Opplæringslova sikrar ikkje nynorskelever ein fullgod opplæring. Realiteten er at nynorskelever blir tvinga over til bokmål og blir nekta undervising på sitt eige språk. Unge menneske som har røtene sine i det nynorske språket, blir frårøva identiteten sin på ein grov og brutal måte."

Karin Lillian Fladberg. "Skolen sviktar nynorskelevane." Dagsavisen,18. oktober 2007. www.dagsavisen.no/innenriks/article318543.ece

Nynorsk på vikande front

Nynorsk er på vikande front i nesten alle Hordalandskommunane, skriv Krister Clausen Hoaas og Berit Kvalheim i ein artikkel i Bergens Tidende frå 2007. Frå 2001-2006 gjekk nynorsk ned frå 14,9 prosent til 13,8 prosent i heile landet, det vil seie det blei over 3500 færre nynorskelever dei fem åra.
      Nynorsk har så mange ord som vi ikkje brukar, fortel elevar, men hevdar også det går lettare å få gode karakterar med nynorsk som hovudmål av di dei kan så mykje bokmål elles. Derfor er det smartare med nynorsk som hovudmål, heiter det. Det kan vel diskuterast.
      Jan Utkilen, ordførar i Fjell kommune fortel, "Vi har teke det som ei sjølvfølgje at vi er ein nynorskkommune . . . Det handlar om kulturarven og tilhøyrsla vår. Vi er ein del av strilekulturen."
      Hoaas og Kvalheim fortel elles at for femten år sia var det nynorskfleirtal i Hordalandsskulane. No nærmar bokmålsdelen seg seksti prosent.
      Dei fire vestlandsfylka frå Rogaland til Møre og Romsdal har åttisju prosent av alle nynorskelevane i landet. Dei siste fem åra er det berre i nynorskbastionen Sogn og Fjordane at nynorsk ikkje vik for bokmål.

Krister Clausen Hoaas og Berit Kvalheim. "Frykter nynorskens død".Bergens Tidende, 4. jan. 2007. http://www.bt.no/lokalt/hordaland/article328674.ece

Ungdommar les lite av bygdehelten

"Eg har mindre feil i bokmålsstilane mine enn i nynorsksstilane," fortel seksten år gamle Kjetil Kriken i Ørsta, som er "heimbygda til nynorskens far" i eit nynorsk-dominert område. "Vi les lite nynorsk. Det er bokmål overalt."
      Det handlar også om kjensler og identitet hos mange som veks opp vestpå i sær.
      Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta fortel: "Når skolen i aukande grad blir digitalisert, er det . . . viktig å få meir nynorsk på Internett."

Arnfinn Mauren. "Leser lite av helten Ivar Aasen." Aftenposten, 23.06.2005. http://forbruker.no/jobbogstudier/studier/article1066909.ece

Elevar i vidaregåande forlet nynorsken

Kvar femte elev i vidaregåande skole i Sogn og Fjordane vurderer å skifte til bokmål (2004), om ei undersøking frå dei fem vidaregåande skolane Hafstad, Firda, Eid, Flora og Sogndal er representative for alle skolane der.
      Blant 857 spurte er stoda at 19,2 prosent vurderer å skifte til bokmål. 78 prosent synest ikkje det er viktig at skjema etc. er på nynorsk. 41,7 prosent synest ikkje det er viktig at lærebøkene er på nynorsk. 24,1 prosent trur det er ei ulempe å ha nynorsk som hovudmål.
      Hafstad vidaregåande skole er leia av lektor Svein Magne Sirnes. Han fortel at nynorskelever på vidaregåande slit, at funna frå undersøkinga inneheld sprengstoff, men verkar politisk ukorrekte å ta opp.
      Fleire elevar kjenner ikkje nynorske kjerneord som løyndom (hemmelighet) og lagnad (skjebne). Denne utviklinga blir vanskeleg å stogge, trur Sirnes.
      Finn-Erik Vinje meiner funna viser realitetane, og gir følgjande forklaring: "I lengda blir det umogeleg å oppretthalde ein variant av eit skriftspråk som til forveksling liknar eit anna, nemleg bokmål."

Sveinung Berg Bentzrød. "Sviktar nynorsken". Aftenposten, 11. 7. 2005. forbruker.no/jobbogstudier/studier/article1077859.ece

Blått lys

Nynorsk hadde framgang i grunnskolen fram til den andre verdskrigen. I skoleåret 1943-44 hadde 34,1 prosent av elevane her i landet nynorsk som opplæringsmål. I 2007 er det 13,9 prosent. Tilbakegangen har vore stor dei siste åra - ned 3,1 prosentpoeng dei siste 12 åra.
      I trøndelagsfylka er det berre 111 nynorskelever. I Oslo er det berre 15 nynorskelever.
      "Tvang og tallause millionar i statlege overføringar til nynorsken har ikkje hjelpt," hevdar Arve Waage; han er viseformann i Bokmålsforbundet. Vel, strengt teke kan ein ikkje seie noko så bastant, i og med at ein ikkje veit kor mykje annleis - betre eller verre - det hadde vore utan statleg organisering. Men ein har lov å tru og hevde.

Arve Waage. "Blått lys for nynorsk." Nationen, 21.05.2007. www.nationen.no/meninger/leserbrev/article2780932.ece

Oslo-nynorsk

Ingen skoleelevar i Oslo skal kunne velgje vekk nynorsk som sidemål, meiner fleirtalet i bystyret der.
      Sia 2004 har ni vidaregåande skolar i Oslo vore med i eit forsøk med valfritt skriftleg sidemål. Målet med forsøket var å gjere elevane flinkare i hovudmålet og betre haldningane til nynorsk. "Evalueringa gir ikkje noko eintydig svar på om det faktisk skjedde," seier utdanningspolitisk talsmann i Arbeiderpartiet, Khalid Mahmood.

NRK Nyheter 8. feb. 2008.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2007-2008, Tormod Byrn Kinnes. [E-POST]