![]() |
Språkrøkt | |||||||||||||||||
|
Enkelt og snyggtMed hald, lettvint, og framfor alt snyggt -
Vi har derfor lyfta blikket og valt moderat nynorsk vidare på ferda. Mål som "lettvint, snyggt*, med godt hald og med litt mindre rom for tvil" er det lov å ha. "Skriv så greieleg du kan, og høveleg beintfram", kan stort sett gå for det same. * Snygg er svensk for flott, pen og rein. Frå siste femti års språkendringarLars S. Vikør summerer elles frå femti års strev for jamstelling med meir i Språknytt (nr. 3-4, 2002, s. 6-9). Her er utplukk:
Språket: på sett og vis levandeGodt språk endrar seg ganske sakte. Somme endringar i språket ikkje er styrt ovafrå (sjå Språknytt nr. 3-4, 2002, s. 3), men kjem til som følgje av påverknader frå sterke grupper med meir. Gamle uttrykk og faste vendingar lyt no og då til pers av omsyn til korleis språket har endra seg over tid. Eigenprodusert og omsett tilfang på nettstaden er såleis i ferd med å bli moderert til strammare nynorsk, som oftast utan sideformer. Det kan ta si tid.Vi vil elles meine at bra nynorsk skal "hegne om det heilskapelig mest verdifulle" og at "Det jamnaste kan vere det greiaste." Det er rom for unntak. At "språket er "levande" vil helst seie at språket som konglomerat speglar sosiale vilkår, kommersielle interesser og heile kulturlivet. Vikør skriv om dette: "Språket er fornya med store mengder ord som høyrer til nye kulturformer . . . mens gamle kulturord har gått ut eller er blitt gammaldagse." (same blad, s. 8) Språket står i eit spenningsfelt der nokon delar fell bort, grammatikken endrar seg, uttrykksforma blir mindre stiv og "udanna" som følgje av ei rekkje sosiale utjamningar. Også dialektane har jamna seg ut ein heil del i grepet til regionaliseringa som går føre seg (same blad, s. 11.)
Ordtilfanget: Nynorsk med sideformer blir etter kvart erstatta av moderat nynorsk. For å sjå om ei side er på moderat nynorsk i dag, sjå etter sideformer, som noe, mye, tar, tatt, [hør], -lig, -lige og [omm] og [ømm], for eksempel. Bruk gjerne søkjeboksa for slik etterrøkt: [Ctrl + f].
Setningar: Korte vendingar er jamt å føretrekkje framfor lange. Ei laus øvstegrense på noko over tjue ord i perioden (setninga) kan høve nokså ofte. Normer frå klarspråk, plain English (likefram engelsk), og språkvettreglar ført i pennen av Finn-Erik Vinje, gir grunnlaget for slike og andre utformingar, men er ikkje heilt ut gjennomført, blant anna for di det er fleire andre omsyn å vise også. Kva kan modernisert språk vere?Det kan vere så mangt. Når vi ser attende, finn vi for eksempel at mange av ordtaka til Ivar Aasen blei fortalde til han på ulike dialektar. Nynorsk fanst ikkje då. Han omforma mange av desse ordtaka til dei høvde målforma nynorsk. Også i 1881-utgåva modifiserte han somt. Andre har følgt etter, så mange ordtak er omforma til dei som er handelen i nyare samlingar.Det er mange måtar å modernisere på, og utfalla av slik verksemd kan bli ganske ulike all den tida det er stor valfridom i norsk. Her høver det å nemne at i 1978 gav Det Norske Bibelselskapet ut ein revidert Bibel som fekk til døme sin somme til å sukke letta og andre til å gråte og tykkje den var mykje betre før. Frå rundt år 2000 byrja Det Norske Bibelselskapet arbeidet med å revidere 1978-utgåva av Bibelen igjen for å tilpasse den nyare tider og språkutviklinga. Stort sett kavar ein omsetjar etter noko som blir kalla "dynamisk ekvivalens". Det er: meiningane skal kome godt fram, og inntrykket - med "gjennomsnittlege assosiasjonar" som vonleg er godt i tråd med utgangsteksten - må ein også freiste å få til brukbart. [Trap]. Nynorsk er sirleg konstruert oppå og attåt dialektar. Nynorsk har ein noko veik tradisjon som målform her i landet: Gammal er den ikkje, berre 4-5 mannsaldrar, og dei har ikkje vore utan gnissingar og endringar heller. Like fullt ligg den målforma nærast talemålet til mange, har bra røter i nedarva dialektar, og vernar heimleg identititet ganske bra. Ein kan ikkje støtt seie det same om bokmål. Det er eit hybridmål. Kva for ord og seiemåtar som høyrer med til "skattar" verdt å målbere, og kven som ikkje gjer det, kan det med andre ord vere delte meiningar om (same blad, s. 40). For tida brukar rundt ein femdel av folket nynorsk som målform - noko færre i byane - og enda fleire snakkar dialektar og regionspråk som ligg ganske nær nynorsk i ein eller annan variant. Det har elles synt seg at det som synte seg som farbar utvikling før, verka fæl for somme, til dei fekk vent seg til det nye. Så "glei" det fram. Det kan faktisk ta tiår, det.
GlimtGlimt frå nynorsk-forholda i landet: [LENKJE]Litteratur Trap: Nida, Eugene, and Charles Taber. The Theory and Practice of Translation. Leiden: United Bible Societies / Brill, 1974. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] |