![]() |
Frå nynorskhistoria | |||||||||||||||||||
|
Frå Norsk språkutvikling
Språket er ein sentral del av kulturen og formidlar kultur også. Norske språkforhold har sine problem. Eitt er at bokmål kjem frå "finare" klassers dansk som fanst for nokre hundreår sia, men skil seg frå nudansk, som har blitt enklare - og bra er det. Nynorsk er tufta på gammalnorsk, til dels gjennom dialektane som det blei ein slags uttrekt overbygning for. Nynorsk har sine kjerneormråde, men "strukturell tvang" ifrå norsk næringsliv mot nynorsk gjer at ein kan få noko nær hakeslepp over produkt som blir lanserte på nynorsk her i landet. Dessverre. Om Einar Haugen, "ein leiande autoritet på norsk kultur"Den norskamerikanske språkforskaren Einar Haugen (1906-1994) voks opp i eit tospråkleg iimmigrantmiljø. Han tok doktorgrad med ei avhandling om Ivar Aasen og nynorskens historie. Han blei også professor i skandinaviske studium og lingvistikk ved Harvard University. Han skreiv mellom anna boka Riksspråk og folkemål. Den er ein forsonleg og grundig gjennomgang av språkforhold som har vore i Noreg. Boka er omsett til bokmål. Den er eit standardverk om norsk språkpolitikk: "Han la vekt på språksosiologiske forhold og skildra kor intenst nordmenn var opptekne av språk, men også korleis norsk språknormering hadde "gjort mange menneske språkleg splitta og usikre". Ifølgje Haugen var det ofte sosiale skille og klassemotsetnader som bidrog "til å halde striden ved like og gjere det så håplaust vanskeleg å få slutt på den," skriv Store Norske Leksikon [mi omsetjing]. Haugen skreiv mykje brukte lærebøker i norsk og også ei god norsk-engelsk ordbok som dekte begge norske skriftspråk. Den bruker eg. Norske forskarar forstod ikkje alltid kor verdifullt Haugens pionerarbeid var, nemner Store Norske dessutan, og avrundar med Haugensitatet: "Bilinguals have more fun (tospråklege har meir moro)." Det er gode sjansar for det. Haugen skreiv såleis forord til og redigerte dei tospråklege teikneseriebøkene Han Ola og han Per og More Han Ola og han Per> i lag med Joan N. Buckley [LENKJE]. Begge bøkene er gitt ut på universitetsforlag. [Mop, Hap] Her er bilete av Haugen.
Landsmålet som blir kalla nynorsk Når namn er lite treffande, som "nynorsk" jo er, ligg det kanskje vansker gøymde i det. Nynorsk er jo ikkje nytt no. Det var eit stortingsvedtak som døypte om det brukande "landsmål" til "nynorsk" og "riksmål" til "bokmål", og det var ikkje meint som skøyarstrek.Eit fenomen har jamt ei historie, ei stode, og mange sider ved seg, iallfall mange innfallsvinklar til å kaste lys over fenomenet. Så også problemet nynorsk. Frå historikkenRundt 1250 var Noregsveldet på sitt største. Men det ble ført inn i union med Danmark i 1380, og unionen kom til å vare til 1814, mens del etter del av norske område blei avstått. Med andre ord, i den tida kom Noreg meir og meir under tøffelen. Og oldnorsk skriftspråk visna frå røtene, og frå ca. 1500 og til ca. 1850 var dansk einaste skriftspråk i Noreg - i starten inkonsekvent og varierande. Eit danskbasert overklassetalemål utvikla seg midt i den perioden - eit talemål med ein norsk uttale som skifta med landsdelane. Ca. 1800 snakka kanskje eit par prosent av folket dette språket. Resten snakka dialektar. [Meir]I 1814 vart Noreg skilt frå Danmark. Dansk heldt fram med å vere skriftspråket. Grunnlova var på dansk. Men frå 1830-talet meinte mange at Noreg som ein eigen nasjon burde ha eige språk, og desse delte seg med tida i to retningar. Den eine ville byggje opp eit sjølvstendig norsk skriftspråk på grunnlag av dialektane. Ivar Aasen (1813-96) frå Sunnmøre forma det skriftspråket. Han skipa og bygde ut landsmål med både grammatikk (1864) ordbok (1873) for det, og skreiv dikt og skodespel. Andre slutta seg til. Landsmålet blei offisielt jamstilt med dansk i 1885, og godkjent som undervisningsspråk i barneskolen i 1892. Frå 1890 til 1930 voks det som skolespråk og allment bruksspråk i fleire landsdelar, men berre på landsbygda. I 1929 vedtok Stortinget at landsmål skulle kallast nynorsk. Ved sia av dette strevet voks også ei anna retning, der det danske skriftspråket gradvis blei fornorska. I 1907 blei sentrale norske trekk gjorte obligatoriske. Denne målvarianten blei omdøypt frå riksmål til bokmål i 1929 ved stortingsvedtak. Etter 1900 blei det arbeidd for å tilnærme bokmål og nynorsk med tanke på ei framtidig samansmelting - samnorsk. Det kom tre større rettskrivingsreformer. I dei blei former som låg nært folkelege talemålsformer på Austlandet, innførte i begge skriftspråka til fortrengsel for vestnorske former i nynorsk, som før, om og så for fyrr, um og so i nynorsk. Desse reformene hadde solid fleirtal i Stortinget, men etter okkupasjonen av Noreg (1940-45) byrja rørsler å kjempe for dei meir tradisjonelle formene. Riksmålsrørsla på si side bygde opp ein eigen, konservativ bokmålsnormal i 1950-åra, og normal fekk namnet "riksmål". Samtidig med dette strevet var det stor valfridom. Både hovudformer og sideformer var tillatne på nynorsk og bokmål. I lengda blei bokmål dominert av ei meir tradisjonell språkføring, mens nynorskbrukarane stort sett godtok meir tilnærming til bokmål. Men frå 1960-åra av blei tilnærmingspolitikken mellom nynorsk og bokmål gradvis svekt, og målformene konsoliderte seg meir, alt mens dialektbruk blomstra i tale, og dialektane gradvis nærma seg kvarandre innan ymse regionar i landet. Den offisielle språknormeringa i landet blei teken hand om av Norsk språkråd frå 1972. Frå 1996 arbeidde Norsk språkråd med ei ny reform i begge målformer som tok sikte på ei vidare konsolidering av to normalar med mindre valfridom. Kultur- og kyrkjedepartementet godkjende i 2005 dei fleste framlegga for bokmål. Men nynorskrettskrivinga blei som før. Offisiell språkpolitikk i dag er å bevare begge målformene som to ulike skriftformer av norsk. Bokmål er brukt i skrift av 85-90 % i alle landsdelar, mens dialektbruk er utbreidd i tale. Nynorsk blir brukt i skrift av 10-15 %. Nynorsk har sine kjerneområde. Den står etter måten sterkt på visse felt også, men svakt innan populærkultur, teknologi og økonomi i sær. Det over er i hovudsak henta frå ei kort utgreiing av Lars Vikør. Den er gitt ut av Språkrådet. [Meir] VidareOffentleg tilnærmingspolitikk mellom nynorsk og bokmål blei gitt opp under Bondevik-regjeringa i 2002. I 2005 tok Språkrådet til orde for ein ny, samla språkpolitikk i utgreiinga "Norsk i hundre!"I 2008 la regjeringa fram stortingsmeldinga "Mål og meining. Ein heilskapeleg norsk språkpolitikk". I pressemelding nr. 3/09 frå 28. april 2009, slutta Stortinget seg til hovudtiltaka i den språkmeldinga (St.meld. nr. 35 (2007-2008). Det er teke fram nokre poeng frå den på førre side. Nokre tankar om nynorsken vidare, av Lars VikørLars Vikør skriv i ein kronikk i Bergens Tidende (26. nov. 2007) at det er nokre sentrale spørsmål ein bør stille om nynorsken vidare, ikkje minst for å avklare.Skal nynorsken vere for kjerneområdet eller for heile landet, spør han, og legg til at det fins jamne hovudmålsbrukarar som dannar språksamfunn somme stader, og at desse brukarane er avgjerande for om nynorsken skal leve vidare. Andre grupper av brukarar lyt heller få andreprioritet, og å "tilpasse" eit språk til grupper som ikkje bruker språket, er ein risikosport, seier Vikør vidare. Han meiner dessutan at ein enkel og autentisk språknormal er noko som "alle" har interesse av. Motsett dette kan ei elitedominert språkreform vanskeleg unngå å fremmendgjere mange vanlege folk frå språket dei bruker. Vikør held fram at eit hovudmål for ei reform må vere "å minske, i alle fall ikkje auke, avstanden mellom eksisterande bruksnormer og offisielle normer". Undersøkingar har elles vist at bruksspråket nynorsk slett ikkje er i oppløysing. Men med omsyn til den gode valfridommen i nynorsk, "er det ikkje opplagt at former som berre blir brukt i spesielle språkideologiske miljø, bør bli ståande." Ein bør nok slutte å tru på at nynorskens problem kan løysast ved enkle universalgrep, og heller ikkje tru at ein språknormal blir "tydeleg" og "enkel" berre han blir stram, rundar Vikør av kronikken med. Bergens tidende, 26. nov. 2007. MeirDet er bra valfridom i nynorsk med omsyn til ord, endingar og anna.
Lars S. Vikør summerer frå femti års strev for jamstelling med meir i Språknytt (nr. 3-4, 2002, s. 6-9). Meir: neste side.
Haugen, Einar. Norsk-engelsk ordbok. 3rd ed, Oslo: Universitetsforlaget, 1995. Haugen, Einar. Riksspråk og folkemål. Oslo: Universitetsforlaget, 1969. Nida, Eugene, and Charles Taber. The Theory and Practice of Translation. Leiden: United Bible Societies / Brill, 1974. Rosendahl, Peter J. Han Ola og Han Per. A Norwegian-American Comic Strip. En norsk-amerikansk tegneserie, redigert av Joan N. Buckley og Einar Haugen. Oslo: Universitetsforlaget, 1984 (Original printed in the Decorah-Posten).
Rosendahl, Peter J. More han Ola og han Per. A Norwegian-American Comic Strip. En norsk-amerikansk tegneserie. Redigert av Joan N. Buckley og Einar Haugen. Bilingual Edition. Iowa City: University of Iowa Press, 1988. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |