Norsk del, Gullvekta
Radøygardar i ætta - 1
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

BILDE
Radøy kommune med administrasjonssenteret Manger ligg litt nord for Bergen. Dagens kommunegrenser (2017) er fiolette.

Radøy kommune ligg nordvest for Bergen i Nordhordaland. Kommunen omfattar størsteparten av øya Radøy og ein del øyer omkring etter at dei tidlegare kommunane Manger, Sæbø og Hordabø blei slått saman til Radøy kommune I tillegg kom Bognøy frå tidlegare Herdla herad, Straume krins med Fesøy frå Austrheim herad og Sletta krins frå Lindås herad. Titland som før hadde høyrt til Sæbø, blei overført til Lindås kommune. I alt blir det 268 andre øyer, holmar og skjer vest for Lindåshalvøya, kjem Store norske leksikon til.

I aust grensar kommunen til Lindås kommune, og over fjordane som omgir Radøy, ligg Meland i sør, Øygarden i vest og Austrheim i nord. Manger er administrasjonsstaden. Det bur nesten 5000 i kommunen. Målforma er nynorsk.

Landskapet er forma av langstrakte, lave ryggar i retninga nordvest-søraust, og senkningar som dels er skogkledde, ofte med myrer og vatn.

Busetnaden er bra jamt fordelt på Radøy. Kommunen har tettstader, Austmarka aust på øya, og Manger og Bøvågen meir vestpå.

Industri er viktigaste næringa i vår tid. Det meste av industrien ligg i eller ved dei tre tettstadane. Jordbruket er basert på husdyrhald med især storfe, sau og høns, og nesten hele jordbruksarealet er eng og beite. Fiskeoppdrett er komme til som ei viktig næring – dei fleste anlegga ligg nordvest i kommunen. Nesten halvparten av dei yrkesaktive har arbeid utanfor kommunen, mest i Bergen og Lindås.

Radøy er knytt til fastlandet ved bruar, og har også bru- og vegsamband til øyene Toska og Floen i sørvest.

Det blei gjort steinalderfunn ved garden Straume først i 1960-åra. Og så er det litt av kvart anna: Kommunevåpenet har til dømes to svarte årekeipar som figurar mot gull-bakgrunn, og viser til arkeologiske funn i kommunen. For på Mangersnes har nokre av dei eldste småbåtane i landet blitt funne, og to keipar viser til denne delen av den gamle Mangerkulturen i kommunevåpenet. Eine keipen er tidfesta til om lag 160 evt. (etter vår tidsrekning). Det er den eldste som er funne i Skandinavia. Han blei funnen under eit bord som var vigd til Njord/Nerthus av vaneætta, som etter Ynglingesoga rådde før æsene. [Meir (engelsk)]

TO TOP

Folk og gardar frå Radøy frå oldefar og oldemor av

•~ Farfar Iver Halvorson (1880--1941) blei født på Seløyna i det som no er Øygarden kommune. Han flytta til Sunnmøre og med farmor Ragna, (f. Spilchevig, 1884--1963) fekk han ti barn som voks fram. Farfars slektsgrein har mange anar frå Radøy. [Sjursen, 217-18; Haugland, 2006--2010]

•~ Far til farfar, Halvor Rasmussen (ca. 1824--85), voks opp på garden Perhusbakken i Øygarden. Han fekk femten barn med to koner. Farfar var son av andrekona, Marta Olsdatter (1845--1922). Ho kom frå garden Solen søndre i Manger (gnr 48, bnr 2, Myren) i Radøy kommune. No heiter garden Søre Solend. Det er rundt 15 km i luftlinje frå Seløyna til tettstaden Manger, rett austover over fjord, til Radøya i Radøy kommune. [Sjursen, 218]

•~ Farfars farfar (tippoldefar), Rasmus Hansen Floen (1780--1849), var opphavleg frå garden Haugland i Radøy, og gifta seg med Anne (Anna) Ivarsdotter (1785--1846) frå garden Vågstaule i Sæbø sokn på Radøy. Rasmus tok etternamnet Floen etter å ha pakta der. Øya Flona er i dag brufast med Radøy, og del av Radøy kommune. Ekteparet fekk sju barn i lag. Det sjette barnet til Anne Iversdotter var oldefar Halver (Halvor). Tippoldefar Rasmus gifta seg opp att året etter at førstekona døydde. Andrekona hans, Anne Olsdotter (1799-), var enke. [Sjursen, 217].

•~ Far til Rasmus var Hans Knutson (Knudsen) (1753--før 1816) frå garden Bø i Radøy. Han gifta seg med Brita Rasmusdotter (ca. 1747--ca. 1805) frå Villanger i Radøy. [Radøy gj. tidene, bd 3, s 31]

•~ Far til Hans var Knut Henriksen Bø (ca. 1720--73) frå garden Bø i Radøy. Han gifta seg i 1714 med Eli Nilsdotter (ca. 1731--67) frå garden Haugland i Radøy. [Radøy gjennom tidene, bd. 2, s 291]

•~ Faren til Knut, Henrik Knutsen Hella (ca. 1670--ca. 1748), var frå garden Uthella i Radøy. Mari heitte kona hans. [Radøy gjennom tidene, bd 2, s 291-92]

Iallfall sytten gardar. Radøygardane som det er funne slekt ifrå så langt: Askeland, Boga, Bø, Fjellsenda, Halland, Haugland, Helland, Hole, Hvidsten (Sæbø), Kjeset, Kviste, Sylta, Søre Solend, Uthella, Villanger, Vågenes og Vågstaule (Sæbø).

Innhald


Radøy folk og gardar, lokalhistorie, litteratur  

Førsund, Finn Borgen. Førde bygdebok: Gardssoge og soga om folket. Førde: Førde kommune, 1990.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 1. Manger: Radøy kommune, 2006.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 2. Manger: Radøy kommune, 2008.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 3. Manger: Radøy kommune, 2010.

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene Band 4. Manger: Radøy kommune, 2012.

Kleiveland, Geir. Naustdal Bygdebok. Gards- og ættesoge. Band I og II. Naustdal: Naustdal Sogelag, 1995 og 1997.

Sjursen, Jahn Alfred. Ættebok for Nordre Øygarden. Bergen: Eige forlag, 1983.

Radøy folk og gardar, lokalhistorie, opp Seksjon Sett Neste

Radøy folk og gardar, lokalhistorie BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]