Norsk del, Gullvekta
Språk - grunnlag for kulturell verksemd
Seksjon › 7 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Mjauande katt
Vanvørding er ein del av kulturlivet. Ein fagna del av kulturlivet står på spel.

Språk - grunnlag for kulturell verksemd

Ei laus skisse rundt å gi ein god dag i norma frå før

Nynorsk er ein del av kulturlivet i dag, men kanskje ikkje i morgon.

Ein kan merke seg at den lange endringsprosessen i nynorsk til dels kviler på omfattande vanvørding av fortidas gjeldande normer for hovudmål. I somme høve stikk altså omfattande vanvørnad seg fram som middel til å endre framtidige normer ved at somt slikt blir tatt inn som del av det bakgrunnsstoff som nye vedtak og normer stør seg på.

Interessant, kva? Mykje og massiv ringeakt for lova som gjeld, kan kanskje endre ho etter kvart. Somme kunstnarar har levd opp til det. Pablo Picasso var ein som braut med gamle normer og var med å forme nye. Skal ein gjere kulturen sin rikare, kan ein altså gi ein god dag i eit og anna; ein kan bli nøydt til det. Det er mange måtar å gå fram på.

Gjennomgang av Språkrådet si innstilling til ny norm syner i retrospekt at "ha-ha" til gjeldande normer kanskje driv fram nye normer atter kvart. Det som gjaldt som norm før, får då segle sin eigen sjø og gå inn i historiske samandrag. Men no finst likevel mottiltak mot slike utglidingar. Somme får kalle det rådbot i den grad det gagnar. Svaret: Ved høvelege vektleggingar og gjennomtenkingar kan feil påverknad på normgivarar svekkast. Ein del av spørsmålet: I kva grad skulle utanfor-norm-folk få verke inn på ny, offisiell norm etter kvart?

Det kan vere meiningsbrytingar i nemnder også. Det er ingen løyndom. Folk bak ei ny norm forstår dei treng å vakte seg for "bandittbruk" og ikkje blir ukritisk "omfangs-fiksert". Og det synest eg nemnda bak Nynorsk 2012 har greidd godt, det også!

Alle med dialektbakgrunn og dermed i mindretal i forhold til gjennomsnittleg omfang og bruk både her og der, finn kanskje ingen høveleg veg fram til offisiell godkjenning for alt godt ein har å varte opp med;. Saka er dessutan at mang ei som har gildt språk i gåve, ikkje tør bruke det overalt, og kjenner seg sakte nedstemt av at mange bruker noko anna - på arbeidsplassen, for eksempel. Slik veks bokmål fram - det er ei blanding av dansk og anna. "Kvartdansk" kan nærme seg det blandingsforholdet som finst i dag.

I den grad ein finn høveleg, dekkande bruk av kvalitetskontroll rangert over makelege fleirtals- og bruksmengde-omsyn, kan ein vel gle seg. For ein har ingen garanti for at ymse fleirtalsbruk-utjamningar ikkje er forflatingar. I somme høve kjem gjennomsnitt til kort som mønster på det gilde og det beste. Det er ein lærdom som Abraham Maslow målbar på sine felt. (1987, s. 68, og passim). Han såg at ein folkehop er ein blanda hop og ganske langt ifrå kjennemerka til kjekke, sunne, sjølvrealiserande menneske. For språk kan det også komme inn at ei dialekt som er gild og høveleg, kjem i mindretal og dermed fell bort frå offisiell norm ved å vere berre "lite brukt".

To dialektkåringar

Sylfest Lomheim forvirra

Til Telemark skal vi for å hauste visdom. For det ligg vel ein slags lærdom einkvan stad kring "telemarksmål" som nyss blei kåra til vakraste dialekta i landet - i media. Dette både forundra og forvirra Sylfest Lomheim, førre direktøren i Språkrådet.

1. Men Ivar Aasen var hadde ei anna oppfatning av kva som var best norsk:

Ivar Aasen hadde ei streng rangordning for dialektene ut frå kor nær dei låg gammalnorsk. Han fortel i forordet til Prøver af Landsmaalet at dei beste dialektene var dei i Hardanger, Voss og Sogn . . ." [Wikipedia, s.v. "Ivar Aasen", mi omsetting]

I ein annan samanheng skreiv Ivar Aasen også ned ordspråk som "Sjå på dei beste, ikkje dei fleste", og det forsøkte han å uttrykke i korleis den kompetente grammatikken og glimrande laga ordboka hans blei etter kvart. Glimrande . . . men ikkje tidmessige. Dei var likefram "fødte gamle og godt etter si tid" (med arkaiserande opplegg, med gammalmodige normer). Ivar Aasen gjekk inn for syntesebygging med ord og uttrykksmåtar frå eldre tider. Forfattarar flest og språkfolk flest følgde ikkje Ivar Aasen i alt. Hadde han så rett med omsyn til blant anna vossamålet? Ikkje veit du og ikkje vossingane heller, og det kan faktisk vere like bra å vedgå det, all den tid gode, generelle nok kjenneteikn for "beste dialekta" nok ikkje er forma, og med brei semje om dei.

2. Norstat fekk vinteren 2012 inn data frå eit landsrepresentativt utval på 1000 personar. Dei svarte på "Hvilken dialekt liker du minst?", og då svarte dei fleste rogalandsdialekta. På dei neste plassane kom Hordaland og Sogn og Fjordane. [2]

3. Eit halvt år etter kom enda ei dialektkåring. Denne gongen var det P4 som var på ferde med bajasopplegg - nitten personar med ulike dialekter skulle snakke i radio, og så fekk folk seie kva for dialekt dei likte best: slik skulle "Norges vakreste dialekt" kårast - ved at ein såg vekk frå at kven som snakka har sitt å seie, kor i fylket han og ho var ifrå har også mykje seie, og innringarar kunne ha rotta seg saman om å stemme fram favoritten sin, for eksempel. Det har også noko å seie kor mange som ringde inn frå kvart fylke, og kanskje kor mange som bur i kvart fylke. Slike forhold kan verke inn på tala. Det er elles for å gardere seg mot tvilsame saker og ubalanserte, ikkje-representative funn at ein har representative utval og taler om feilmarginar attåt. No vel, resultat av ein overflatisk PR-jippo: Telemark i tet framfor Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane. Verst i den blest-kåringa var elles Oslo-mål. [3]

Sognemåla

"Sogning" er ikkje éin dialekt, men fleire.

  • Indre sognemål er klassifisert som sørvestlandsk (a-mål) og er utbreidd i Indre Sogn med Vik og Balestrand (utan Jostedalen).
  • Nordvestlandsk eller nordleg e-mål blir talt i Ytre Sogn, og Fjordane. Det har desse underavdelingane:
    1. Ytre sognemål: Ytre Sogn frå Gulen til Høyanger.
    2. Sunnfjordsmål: Sunnfjord.
    3. Nordfjordmål: Nordfjord og Jostedal i Indre Sogn.

Så kva slags dialekt var på ferde? Det veit kanskje du, men ikkje eg. For det finst mange og ulike dialekter i somme fylke, og det gjeld både Sogn og Fjordane og Telemark. Ein kan ikkje skjere dei alle over ein kam - dei er ikkje alle like.

Den penaste dialekta. Det var ei som spurde dei snakka penast etter min smak. Eg sa "Bø" - eg likte godt korleis folk snakka rundt Bø i Telemark, men la til at "Kvar fugl syng med sitt eige nebb". Eg vil også hevde i tråd med eit latinsk ord at variasjon kan fryde, og at det er overordna. Dernest kan ein vel vere takksam for å ha ei dialekt og eit språk i det heile. "Missekåringar" i språkvegen er neppe det heilt store for ein som meg. [Wikipedia, s.v. "Norske dialekter"].

Telemål - for bra til å overleve?

Om målet i Telemark er det å legge til at det skiftar svært mellom områda i fylket. Det er ikkje berre éi dialekt der heller, det finst fleire. I-endinga av hokjønnsord finn ein langt inni Telemark, og Nynorsk 2012 luka vekk i-endinga - ikkje fordi ho var stygg eller vakrast i landet her - men fordi "for få" bruker i-endinga. "Sjå på dei beste, og ikkje på dei fleste (Norsk ordtak)" bør stå som korrektiv til overlag mykje gjennomsnitts - Det bør vere fair nok, og vi kan dessutan gle oss over ein og annan fargeklatt i uttrykka også, og ikkje berre i enga. [Wikipedia, s.v. "Telemark" og "Norske dialekter"]

Hovudstadsmål, sarpingmål og mossemål

Oslomål blir jamt over ikkje rekna for høgstatusmål, for i staden for den gamle bydialekta (vikamål og andre austnorske dialektar), kom "dannet dagligtale" som hadde røter i dansk og tok herredømmet. Der ligg problemet for mange oslofolk - mellom anna altfor lite tiltru til eige språk.

For halvvegs å summere eitkvart: Heller ikkje sarpingmål eller mossingmål har fått status som elitespråket her i landet. Korfor? Sarpsborg var jo hovudstad - til 1016. Og ingen har vel blitt skremt heilt vekk frå sarpingmålet av Maren Juel (1749-1815) - ein gong rikaste kvinna i Noreg, og seinare berykta gjengangar på Hafslund hovudgard. Både Fredrikstad og Moss ligg ganske nær ved.

Moss

La oss halde oss ved fjorden, så vi kan samanlikne noko beinare med Oslo, som ligg inst i same fjorden og inn-isa om vinteren frå naturen si hand. Det kan vanskelig seiast å ha vore det klokaste valet av hovudstad i Noreg. Bergen har då mykje jamnare klima, og her meiner eg ikkje "regn heile året". Bergen blei hovudstad etter Trondheim, men først var det Borg (no: Sarpsborg).

Ikkje alle har blitt orientert om at ein by i dagens Sverige også var hovudstad for Noreg. I den tida gjekk Noreg heilt sør til Gøteborg. Distriktet Bohuslän hadde tilhøyrt Noreg heilt frå den norske rikssamlinga, vel alt frå Harald Hårfagre si tid, og spela ei stor rolle i norsk historie. Byen Konghelle der (ved Nordre elv, kring tre km vest for den noverande byen Kungälv i Bohuslen var i si tid ein av dei eldste byane i Noreg. Og Sigurd Jordsalfare gjorde byen til Noregs hovudstad og resistensstad frå år 1111, og byen hadde den rolla til slutten av 1150-talet. I 1140 blei byen omtalt som ein av dei seks viktige byane i Noreg. Men etter kriging sanka svenskestaten heile Båhuslen ifrå Noreg i 1658. [4] [Wikipedia, s.v. "Konghelle"]

Så veit vi det, og at Noreg har hatt fem hovudstader, i denne rekkefølga: Borg, Trondheim, Konghelle, Trondheim, Bergen og no sist Oslo: Kor blir den neste? Eg kan godt gå for Gol. Det har kort namn, ligg bra sentralt, og gravearbeidet i den vidare utbygginga treng ikkje bli enormt kostbar heller. Slik er det ikkje med dagens hovudstad. Og jamvel om ein av anane mine var borgarmeister i Oslo, meiner eg: At Oslo blei hovudstad, var nok eit historisk feilgrep. Men "den norske tradisjonen" med å flytte på hovudstaden og byte på å bere byrdene, den liker eg.

Gol inn i prestisjekampen

Gol ligg ved Bergensbanen, har terreng med flott utsikt. Mens jorda blir varmare, held vel skiføret om vinteren stand på Gol lenger enn i Nordmarka. Gol og omland har enno rom for rekreasjon, leik, idrett og kulturelle opplevingar og mangt i tillegg, som kort namn i adressene, universitet med kort namn, nytt storting, regjeringsbygg og ei mengd statlege styringsetatar. Ja, grei omlokalisering verkar nok som eit kolumbiegg. Andre held jo på å ta over Grønland og andre strok i Oslo likevel. Blir Oslo ein ny, fint inngjerda eller overvaka ghettoby? I den grad slikt breier seg i byen, går det neppe godt med norskdommen. Gol har nynorsk som målform. Slikt burde bli kjærkomment, enda om lettlurte ikkje fattar det, ikkje enno iallfall.

Når det gjeld "Gol som hovudstad" - Andre har gjort liknande før. Brasil, til dømes, fekk ny hovudstad då dei hyra arkitekten med merkevarenamnet "le Corbusier", tømmermannen, til å teikne splitter ny hovudstad i eit grissgrendt område langt inni landet. Byen blei dessutan bygt. [Wikipedia, s.v. "Brasilia"]

Gol og gjennomsnittsnordmannen

Folk på Gol nyttar nynorsk, og er få. "Sjå godt på dei beste, og ikkje dei fleste," er essensen av eit gammalt ordtak. Motsett dette herjar gjennomsnittet og "brukt av mange" i dagens Noreg. Gjennomsnittsnordmannen finst ikkje. Og ikkje alt som blir kalla gjennomsnittleg er givande og godt, til dømes der "mange" går inn for sakte nedsløvande narkotika. Og ein "gjennomsnittskinesar" før var nok under fattigdomsgrensa, og under den grensa er det ikkje berre stas i langdraget. Gjennomsnittleg er ikkje alltid normalt og godt og gildt nok, syner blant andre Tollak Sirnes (1968, kap. 1 o.a.). Gausskurva (klokkekurva) i statistikken illustrerer og talfestar somme fenomen godt når det gjeld gjennomsnitt og plussavvik frå det gjengse som ikkje er godt og velforma for rett mange.

Mossing inn i varmen?

Moss ligg sentralt ved Oslofjorden og har ein oppvakt fugl i byvåpenet. Fjorden utanfor Moss ligg ikkje isdekt "halve året" heller. Berre der ligg ein vinst. Sambandet over Oslofjorden skulle kunne ordnast så det går ganske som ein leik, jamvel om Moss blir både hovudstad og millionby.

Men Moss fekk ikkje overtaket, heller ikkje mossedialekt, så no ligg ein eit stykke etter i "kampen om hegemoniet" inntil vidare. Når mossemålet blir rekna som ein stor ting verda over, då har ein funne fram. Det kan vere så enkelt at det for få mossingar i forhold til resten av folket eller at byen låg for nær svenskegrensa i hundreår med ufred. Det er iallfall for få mossingar til at byen tar kontrollen - dei har ikkje vore flittige nok slik. Og det har blitt så lite makt - også påverknadsmakt - i mossinghender at dei enno ikkje har styring over staten, landsdekkande påverknadsmedia, forferdeleg digre forlagshus, og enno ikkje fått kongeslottet flytta til Moss sentrum og fått kongefamilien til å snakke mossing - med unntak av mossingen Ari Behn, kanskje. Og mossingane er heller ikkje særskilt kjente for å tyne folket for skattar. Kan grunnen vere dei ikkje er grove og harske nok til slikt? Kanskje . . .

I gamle dagar fekk mange dytta på seg skriftpråket få herskande, frå dei som kunne å lese og skrive iallfall. Dei herskande kraup for kongen som sat i slott - Den gjengse hop snakka dialektar, og dialektar gjekk saman med høgstatus før i tida, då latin raka høgare enn engelsk.

Eit hovudproblem i elitefokusert tenking er elles kven som til sjuande og sist skal avgjere kva som er sunt og godt og modent innan språk og språkføring. Det er ein fare for at demokratiske reglar forsvinn på vegen. Er det dommarar som ikkje har lært psykiatri som er dei heilt rette til å dømme om nokon er frisk eller ikkje når fagfolka er usamde? I rettssaker har det gått føre seg på den måten; ikkje berre ein gong, men fleire.

Elitesyn har farar med seg bak i vogna, og ulempene kjem kanskje til synes litt etter kvart. Dei kan bli store og altfor leie. Her har eg peika på nokre problem og framheva mossingane for å gi noko dømekjøt på dei teoretiske beina, men ikkje fine løysingar. [Wikipedia, "Normalfordeling"]

Greieleg nynorsk utan store kvalar

Kval: (a) nesten hårlaust sjøpattedyr; (b) liding, pine.

Nynorsk skriftmål er ganske ungt og ikkje heilt klart etablert, og heller ikkje mottatt med ovasjonar av veldige skarar. Kan flott kvalitet hjelpe? Kanskje og kanskje ikkje.

Kvalitet i språkbruken, korleis kan ein nå fram til det og halde oppe? Ein treng markørar, slik som leseleg-indeksar kjem hjelpande til for den som vil skrive greitt og lesartenleg. Som svensken seier: "Läsbarhetsindex (LIX) kan användas för att få uppfattning om hur lätt eller svår en text är att läsa." [Jf. Wikipedia, s.v. "Lesbarhetsindeks"]

Andre moment kjem til, og også andre kjennemerke. Finn-Erik Vinje skriv til dømes noko om "en lettbrukt guide" i boka Riktig norsk (1999, s. 70). Han tar for seg ordbruk og korleis partisipp blir tyda ved gjengs bruk, særskrivingar, samanskrivingar og atter andre samanflettingar i grammatikken. Frå slikt snakk finn ein fram til at leseleg-indeksar grip nok ikkje inn i språket sin djup-struktur, men grammatikk og språknormer gjer det.

Språkstil hylla av verdskjente forskarar

Greileg nynorsk har vel sine kjenneteikn, enda om ytre former endrar seg etter kvart, og kva som blir halde for god stil, kjem an på skiftande tider og "vi med dei". Før var pompøse, snirklete vendingar og overlag lange setningar kjennemerke på å kunne skrive - men slik kansellistil har i stor grad gått av moten, fordi ein helst vil bli forstått av folk, og ikkje skrive for å vise seg, mest av alt. Då gripe ein etter enkelt, klart språk, for det kan gagne lek og lærd ved å få fram hovudsaka fortare og greiare. Det ligg langt betre "tanke-prosessering" attom, og stundom ein "filosofi" eller ei gild forståing som blant anna verdskjende forskarar har målbore. God stil hjelper. God stil har mange sider. Her er funn:

La ingen lokke deg til å seie eller gjere noko som ikkje er lønnsamt for deg sjølv. - Pytagoras

Sei ikkje få ting med mange ord, men mykje med få ord. - Pytagoreisk

Dei fleste av dei grunnleggande vitskapsideane er av vesen enkle, og kan som regel bli uttrykte i språk som er forståeleg for alle. - Albert Einstein, i Zukav 1989, s 27

Sjølv for fysikaren blir skildringa med vanleg språk kriterium på graden av forståing som er nådd. - Werner Heisenberg, same stad

Kan du ikkje - i det lange løp - fortelje alle kva du har gjort, har det du har gjort vore verdilaust. - Erwin Schrödinger, same stad.

If you have an important point to make, don't try to be subtle or clever. Use a pile driver. Hit the point once. Then come back and hit it again. Then hit it a third time - a tremendous whack. (har du noko viktig å poengtere, så prøv ikkje å vere subtil eller kløktig. Bruk ein påledrivar(konkret: maskin til å drive pålar i bakken. I overført tyding: hardt slag). Slå fast poenget ein gong. Kom så tilbake til det og slå ein gong til. Slå så for tredje gong - eit brakslag. (Lausleg gitt att)- Sir Winston Churchill

Broadly speaking, the short words are the best . . . - Winston Churchill

Frå dette går det vel fram at å skrive enkelt og greileg ikkje treng å vere forkvakla og dårleg. Og dei beste forbilda kan vere bra å ha. "Eit bilde seier meir enn hundre ord - kanskje meir." Dagens pålebankarar (eng. pile driver, dansk: pælebanker) kan ein elles finne mange bilde av på Wikipedia. Somme er mynta på store pålar, andre på gjerdestolpar, og så bortetter.

Konsis, klar og grei språkforming kviler på grammatikk, ordtilfang og gjengse språkvanar med meir. Også forskarar kan godt skrive greileg og klart og innlemme saftig metaforbruk, syner blant andre Robert Barrass (2002).

Glasgopler i sjøen

Manetar svøm og driv omkring i sjøen om sommaren ei tid. Somtid driv dei med straumen, somtid svømmer dei. Det er kjernar i midten. Dei kjernane er det som verkar befruktande. Det er kjønnsorgana. Kjerner finst innanfor ein ganske vassen kropp. I våre farvatn har manetane klokkeform og etterslep. Og etterslepet, tentaklane, som kan vere opptil hundre meter lange for somme manetar, det gir ein metafor på språkbruken. Han treng ikkje vere døyeleg og gi svie og sabla verk.

No har vi eit bilete som kan gagne nynorsken. Men det kjem an på korleis biletet blir mottatt.

Hovudmåla her er . . .

Endra språkforhold i Noreg gir nytt press på nynorsk, og behovet for stødig og lødig nynorsk forsterkast: nynorsk lyt makte å stå imot press og nedrivingsframstøytar. Men det er ikkje fullgodt berre å halde stand og stå imot, ein treng også nynorsk som er ekspansiv nok til å ta over for bokmålet der ein finn spelerom. Nynorsk som er skikka til å "ta tilbake heim og land" lyt vel vere bra stø og fast på ei vis, og romme dugande former og skrivemåtar der tinga endrar seg over tid. Språket må også seg etter kvart for å reflektere nye tider, sedar, skrivemåtar, apps, andre tekniske nyvinningar og meir til.

Så det er ikkje berre ulike dialekter som skal vere med innanfor rammene i enda ein ny nynorsk skrivenorm.

Å sjå kva for endringar som har vore og vel kan vere på trappene framover, kan hjelpe ein å favorisere likande løysingar som kan vere fullgode ein morgondag om ikkje altfor lenge, og ikkje berre i går og i dag. Best mogeleg grammatisk konsekvens, gjerne med forenkla grammatikk (blant anna færre unntak frå hovudreglar, få eller ingen avvikande bøyingar av ord) og godt berande ordtilfang kan også vere til gagn. Så har ein fleirval og vil skrive til gagn for dei som veks fram og kan bere nynorsk vidare, er det klokt og godt å ha hovudnormer til hjelp for utsiling mellom alternativa. Her er nokre nyttige hovudnormer:

  1. Skriv så greileg du kan, og høveleg beint fram.
  2. Formuler deg lettvint, snyggt*, med godt hald og med (litt) mindre rom for tvil. (Snygg er svensk for flott, pen og rein.)
  3. La det gli glattast råd – la det vere fermt, lettvint, klart nok, snerte, og ikkje abakeleg.
  4. Ta vel vare på det som verkar passe sjølvbergande, sikkert høveleg, osv.
  5. Med konsekvens og stil: enkelt, greitt, høfleg og fast, om det er råd.
  6. Greitt fasttømra for å kunne stå imot ytre press og bere frukter i framhaldet om det er råd. Så "lar ein det flyte og renne".

Med eitt auge på endringar og eitt på liketil språkforming etter gitte normer held ein seg i gjenge om skriftspråket nok ikkje er som dialekta i eitt og alt, men i det meste – Halvkunstnarlege hovudnormer blir som bukser å fylle ut etter kvart. Folk fyller ikkje ut elastiske bukser likt; det er elles noko. Det finst dessutan mange slags breie språkvettreglar og fjellvettreglar for skriving. Noko ulike tradisjonar i ulike landsdelar finst også. Slikt kjem attåt mellom omsyna. Målet er ikkje konsolidert nynorsk aleine, men ekspansiv nynorsk.

Frå siste femti års språkendringar

Lars S. Vikør summerer elles frå femti års strev for jamstilling med meir i Språknytt (◦nr. 3-4, 2002, s. 6-9). Her er språkleg modifiserte utplukk:

  • E-ending i infinitiv av verb har definitivt tatt over. Før fanst a-endinga mykje meir.
  • Ord med enkel -m - har fått dobbelt m som hovudform.
  • Frå 1982 blei det tillate å ikkje bøye perfektum partisipp (eit enklare system, førebels sideformstatus).
  • Mange ord med -ø - har fått hovudstatus framfor ord med -y -.
  • Ord med -æ - har få hovudformer på -e -.
  • A-ending har tatt over frå i-ending i bunden form for hokjønnsord.
  • I perfektum partisipp har -e vunne over -i som ending av sterke verb.
  • Ordtilfanget er mjuka opp, og ord med opphav i dansk og tysk har komme med i nokon monn - det vil seie "anbehetelse"-ord - ord som tar til med an- og be- og endar på -heit og -else. Dei strir med og mot val av ganske norske ord mang ein gong.
  • Det er stor valfridom, og enkelte er meir puristiske enn andre.

I Språkrådet si innstilling til ny norsknorm datert april 2011, Ny rettskriving for 2000-talet, står det på side 56:

Ord med e/i går i retning e: smikke > smekke, lippe > leppe.

Ord med e/æ går i retning e: sæter > seter, spræk > sprek.

Ord med jo/y går i retning y: bjoda > byda, skjota > skyta.

Ord med o/u går i retning o: buble > boble, sumla > somla.

Ord med o/ø går i retning ø: gòr > gørr, mòl > møll.

Ord med u/y går i retning y: sturt > styrt, tunn > tynn.

Innstillinga har blitt gjeldande norm frå første august 2012. Det dreier seg om ei moderat reform. Noko går ut, og dessutan får mange ord som før var sideformer, ny status som fullt brukande i lærebøker og offentlege skriv. Reforma er utslag av både offentleg styrt språkpolitikk, studiar av talemålet, og utbreiinga av ulike variantar av ord, høyringar og noko til.

Frå å ha vore skildrande endringstendensar har fleire funn om språkbruk tatt steget og blitt normative. No lyt ein bli med og henge på slik det står - for offentleg bruk. Framleggsvedtaka har vore del av demokratisk dragkamp og tautrekking mellom ulike interesser og syn. Prosessen fann støtte i både statistikk og sonderande forarbeid.

Det finst meir å lese hos Språkrådet om emne som "Språkutviklinga gjennom femti år", "Nynorskrettskrivinga", "Norvagisering", og "Nye ord i nynorske ordlister" og "Rettskrivingsnemnda for nynorsk si innstilling, "Ny rettskriving for 2000-talet", som skal gjelde frå første august 2012, og dessutan nokre kritiske artiklar frå aviser, mållag og meir til.

Språket: på sett og vis eit levande felt

Levande, glidande nynorsk: Eg for min del vil meine at bra nynorsk skal "hegne om det heilskapeleg mest verdifulle" og at "Det enkle og jamne kan vere godt og greitt." Det er rom for unntak.

Språket som eit slags levande konglomerat speglar sosiale vilkår, kommersielle interesser og delar av kulturlivet. Somme endringar i språket ikkje er styrte ovanfrå (Språknytt nr. 3-4, 2002, s. 3), men kjem til som følge av påverknadar frå sterke grupper med meir. Gamle uttrykk og faste vendingar glir med tida ut av gjengs bruk og språkproduksjon. No og då kjem nye normer som toppen på kransekaka.

At "språket er "levande" vil helst seie at språket som konglomerat speglar sosiale vilkår, kommersielle interesser og heile kulturlivet. Vikør skriv om dette: "Språket er fornya med store mengder ord som høyrer til nye kulturformer . . . mens gamle kulturord har gått ut eller er blitt gammaldagse." (same blad, s. 8). Det skjer ein slik prosess i sakte kino.

Språket står i eit spenningsfelt der nokon delar fell bort, grammatikken endrar seg, uttrykksforma blir mindre stiv og "udanna" som følge av ei rekke sosiale utjamningar. Også dialektene har jamna seg ut ein heil del i grepet til regionaliseringa som går føre seg (same blad, s. 11.)

Kva som blir halde for godt språk endrar seg med tida, mellom anna gjennom påverknadar frå sterke grupper. [Språknytt nr 3-4, 2002, s. 3]. Frå endringane:

  1. Ordforrådet skjer det lettast endringar i (Helge Sandøy) [s. 10, 15]
  2. Grammatikken endrar seg mykje saktare (Lars S. Vikør) [s.6-9.)
  3. Stilformer følger grammatikken meir eller mindre, men her er mykje individuelt, mykje er resultat av smak og ubehag, og så bortetter.

Ordtilfanget: Mange nynorske sideformer er tatt med i den nye nynorskrettskrivinga av 1. august 2012, og nokre har blitt tatt vekk. Språkrådet si innstilling frå april 2011 er blitt vedtatt, og syner såleis kva for endringar som skal gjelde i offisielt språk. For bakgrunnsfunn, sjå blant anna Helge Sandøys oversyn i Språknytt nr. 3-4, 2002, s. 10-15).

Setningar: Korte vendingar er jamt å føretrekke framfor lange. Ei laus øvstegrense på noko over tjue ord i perioden (setninga) kan høve nokså ofte. Normer frå klarspråk, plain English (likefram engelsk), og språkvettreglar ført i pennen av Finn-Erik Vinje, gir grunnlaget for slike og andre utformingar, men er ikkje heilt ut gjennomført, blant anna fordi det er fleire andre omsyn å vise også.

Syntesen som endrar seg

Nynorsk er konstruert for å vere syntese av norske dialekter, og blir stadig omforma i hendene på byråkratar gjennom vedtak, fordi livet sjølv endrar karakter. Godt språk er ikkje berre byråkratisk fundert. Vanlege språkbrukarar har også noko å seie, for (1) kor utbreidde orda er i landet, og kor i landet, har komme til og påverke vedtak i høvet, (2) ulike organisasjonar og skoler har målbore kva dei meiner om ting, og (3) tilmed einskilde har hatt sjansen til å komme med meiningar og argument i prosessen som gav Nynorsk 2012.

Nynorsk er ganske ungt, og har i og med det ein noko veik tradisjon som målform her i landet: Særleg gammal er han ikkje, berre 4-5 mannsaldrar, og dei har ikkje vore utan gnissingar, utskillingar og endringar. Like fullt ligg denne målforma nær talemålet til mange, har bra røter i nedarva dialekter, og vernar heimleg identitet godt. Eg vil tru at grepa nynorsk verkar meir omgjengeleg enn djupt knotande bokmål - for bokmål er jo eit hybridmål, altså knot (noko tilgjort) i forhold til heimlege røter som har vore, ei til dels morosam blanding av eldre dansk og mange kystnære, austnorske dialekter. Sitat frå Språkrådet:

Både nynorsk og bokmål er blandingsspråk med element frå mellom anna norske dialekter, eldre dansk skriftspråk, tyske lånord frå mellomalderen og nyare lån frå engelsk. Alle desse elementa finst i begge målformene, men blandingstilhøvet mellom dei ulike elementa er ikkje det same i dei to målformene. På kvar sin måte speglar nynorsk og bokmål att den norske språkhistoria og tilhøva i samtida – i stor grad fanga inn av omgrepet 'klarspråk'. [1]

Kloke ord. Mykje gjeld for mange andre språk også, til dømes engelsk. Det er ei svært omfattande blanding frå mange kjelder. Engelsk har germansk kjerne, og tilsig frå blant anna mellomalder-fransk, latin, og sentrale, gamle norrøne ord. Engelsk er ei strukturert blanding, som fleire andre språk er. Det går fram at også nynorsk er knot på sitt vis, men med mindre innslag av dansk. Kva for målformer, dialekter, ord og seiemåtar som høyrer med til "skattane" verdt å målbere, og kven som ikkje gjer det, er det ulike oppfatningar om (same blad, s. 40).

Utbreiinga og ein sjølv

For tida bruker knapt ein femdel av folket nynorsk som målform - det gjer artig nok nynorsk til eit av dei større språka på jorda (!), men mange gongar mindre utbreidd enn det største, mandarin-kinesisk. [1]

Fleire enn ein femdel av folket snakkar dialekter og regionspråk som ligg ganske nær nynorsk i ein eller annan variant. Det har elles synt seg at det som skulle vere farbar og grei utvikling før, då samnorsken var det oppsette, iallfall offisielle målet å streve etter, verka fæl for somme. Når det gjeld dei nye formene for bøying av kjerneord i nynorsk, kan det vel ta tid å bli vant til dei og jamvel bruke dei sjølv. At ting tar tid, kanskje tiår, i mange høve.

Nynorsken klarer seg ikkje utan stadig meir nynorsk for å overleve. For å vekse og gå fram, må det meir nynorsk kultur til, meir litteratur med omsettingar frå verdskulturen, meir sakprosa, meir spalteplass og mykje meir plass i media, og meir sameining frå brukarane si side. Noko kan ein skipe, og mykje kjem an på kvar enkelt.

Kva kan modernisert språk vere? Eit gløtt

Det kan vere så mangt. Når vi ser attende, finn vi for eksempel at mange av ordtaka til Ivar Aasen blei fortalde til han på ulike dialekter. Nynorsk fanst ikkje då. Han omforma mange av desse ordtaka til dei høvde målforma nynorsk. Også i 1881-utgåva modifiserte han somt. Andre har følgt etter, så mange ordtak er omforma til dei som er i omløp i nyare samlingar.

Det er mange måtar å modernisere på, og utfalla av slik verksemd kan bli ganske ulike så lenge det er valfridom. Her høver det å nemne at i 1978 gav Det Norske Bibelselskapet ut ein revidert Bibel som fekk somme til å sukke letta og andre til å gråte og tykke den var mykje betre før. Frå rundt år 2000 byrja Det Norske Bibelselskapet arbeidet med å revidere 1978-utgåva av Bibelen igjen for å tilpasse den nyare tider og språkutviklinga.

Stort sett kavar ein omsettar etter noko som blir kalla "dynamisk ekvivalens". Det er: meiningane skal komme godt fram, og inntrykket - med ganske "gjennomsnittlege tankesamband" (assosiasjonar) som vonleg er godt i tråd med utgangsteksten - må ein også freiste å få til brukbart. [Nida og Taber].

Sluttord

Stor takk til Finn-Erik Vinje for bøker med idear om språkforming. Nokre står under.

Innhald


Husnormer for enkel nynorsk, Litteratur  

Barrass, Robert. Scientists Must Write: A Guide to Better Writing for Scientists, Engineers and Students. 2nd ed. London: Routledge, 2002.

Maslow, Abraham. Motivation and Personality. 3rd ed. New York, HarperCollins, 1987.

Nida, Eugene, and Charles Taber. The Theory and Practice of Translation. Leiden: United Bible Societies / Brill, 1974.

Sirnes, Tollak. - at vi skal elske hverandre. Oslo: Gyldendal, 1968.

Vinje, Finn-Erik. Bedre norsk: Språkråd fra A til Å. Bergen: Fagbokforlaget, 1998.

Vinje, Finn Erik. Godt ord igjen: Råd og regler for skrift og tale – og andre språkspørsmål. Oslo: Aschehoug, 1972.

Vinje, Finn-Erik. Moderne norsk. Oslo: Universitetsforlaget. 5. utg. 2002.

Vinje, Finn-Erik. Måltrøst: Regler for god språkbruk. Oslo: Universitetsforlaget, 1988.

Vinje, Finn-Erik. Norsk i embets medfør. Oslo: NKS, 1986.

Vinje, Finn-Erik. Norsk språk: Aktuelle språkproblemer, grammatikk, språkhistorie og norrønt. Oslo: Aschehoug, 1972.

Vinje, Finn-Erik. Ord om ord: Innledning til en norsk ordlagingslære. I. Trondheim: Tapir bokhandel, 1973.

Vinje, Finn-Erik. Riktig norsk.. 3. utg. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag, 1999.

Vinje, Finn-Erik. Skrivereglar. Nynorsk. 7. utg. Oslo: Aschehoug, 2009.

Notar

  1. Språkrådet. "Fakta om nynorsk". 5. juli 2012. (Under 'Ordbruken', pkt. 3)
    www.sprakradet.no/nb-NO/Tema/Skole/Nynorsk.nett.no/Fakta-om-nynorsk/
  2. Språkrådet. "Nynorsk – hjelp til sjølvhjelp." 2012.
    www.sprakrad.no/nb-NO/Sprakhjelp/Raad/Nynorsk_sjoelvhjelp/
  3. Dalland, Annbjørg. "Norges styggeste dialekt?" NRK: Rogland, Nord-Jæren. 31.1.2012.
    www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/nord-jaeren/1.7975787
  4. Levangeravisa. "Kåret norges [1] fineste dialekt". 21 juli 2012.
    www.levangeravisa.no/nyheter/article3254605.ece


Husnormer for enkel nynorsk, opp Seksjon Sett Neste

Husnormer for enkel nynorsk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2007–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]