Norsk del, Gullvekta
Øygarden lokalhistorie. Utval og samandrag
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Utegangar-vêr frå Arne Asphaugs Øygarden 1850-1885, bd 1, 1992, s 68
I Øygarden fekk vêrar gå ute fritt (Bilete frå Arne Asphaugs Øygarden 1850-1885, bd 1, 1992, s 68).

På Seløyna. Farfar voks opp på Seløyna (Seløy) i Nordhordland og gifta seg på Sunnmøre. Øya ligg i havgapet med storhavet som næraste nabo i vest i eit vêrhardt strok. Landskapet er lågt og ganske flatt og naturelementa vartar somtid opp med skikkeleg blåst og bølgegang. Landskapet er vent nok, med våtmyrar og bergknausar. Ein gong var store delar av Øygarden dekt av skog, men det er lenge sidan. Havet kan ligge blått og skinande når sola er framme. På naboøya til Seløyna ligg Tjeldstømarka våtmarkreservat. Det blei naturreservat i 1995. [Asphaug 1992, 135)

BILDE
Øygarden kommune (t.v.) er markert med blå-lilla grenser.

Øygarden. Seløyna er den nørdste store øya i Øygarden kommune nordvest for Bergen. Kommunen er først og fremst samansett av ei rad øyer med større og mindre bruer seg imellom. Dessuten kjem det til knapt 450 andre øyer, holmar og skjer. Busetnaden på dei store øyene er oftast samla i små strandstadar og fiskevær.

Øygarden kommune ligg vest for Fedjefjorden/Hjeltefjorden frå Fedjeosen i nord til Vindøyosen i sør, og er landfast med Bergenshalvøya via Sotra. Namnet viser til at kommunen vernar område lenger innover frå havet. ein skjergard av øyer og holmar og skjer vernar land innanfor mot havbåra og stormen frå vest.

Øygarden blei etablert som kommune i 1964. Då blei Hjelme kommune og ytre delar av tidlegare Herdla kommune slått saman til ny kommune. Øygarden har sokna Hjelme og Blomvåg i sitt eige prestegjeld; det ligg i Midhordland prosti i Bjørgvin bispedømme.

Administrasjonssenteret i kommunen var Tjeldstø på austsida av Alvøy til 2009. Det blei flytta derifrå til Rong på Rongøy i sør etter eit vedtak gjort tre år i førevegen. Kommunen har ikkje tettstadar.

Kommunen er ein del av region vest som no utgjer kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Dei fire ligg nær kvarandre geografisk i ein region med eit næringsliv som i dag er mest basert på industri, energi og marin næring. Øygarden har mykje fiskeoppdrett, og er ein av dei viktigaste i Hordaland slik. Og folk før i tida livnærte seg også i stor grad av sjøen: fiske og småbruk.

Kystmuseet i Øygarden ligg ved den gamle dampskipskaia i Ovågen. Det viser lokalhistorie attover til tider då kommunen ikkje fanst. Det gir gløtt inn i korleis menneska i Øygarden tok i bruk naturen for å skape eit livsgrunnlag og lokalsamfunn gjennom fleire tusen år. Kystmuseet gir også ut tidskriftet "Havstrilen" i lag med Nordsjøfartmuseet i Tælavåg i Sund.

I dag veks folketalet mykje i Øygarden. Om lag 4 400 innbyggarar bur i kommunen no (1. jan 2012). Målforma til kommunen er nynorsk.

[Hovudkjelder, m.a. Museum Vests nettsider; Wikipedia, sv. "Øygarden"; Store norske leksikon, s.v. "Øygarden".]

Ingen skikkeleg stril legg seg til å sjølvdauda. [Asbjørn Kristoffersen]

Div.

Perhusbakken på Seløyna

I kommunesamanheng. Farfar kom frå Perhusbakken på Seløy(na), ein stad som i dag har postadresse Hellesøy, Øygarden kommune. Seløyna ligg i Øygarden kommune og prestegjeld etter kommunesamanslåinga i 1964.

Kasteball-sokn med fleire namn etter kvart. Namnet på soknet som Perhusbakken tilhøyrde på Seløyna var (ytre) Bø før 1869. Soknet var då i Manger prestegjeld og Manger heradskommune - det var på oldefars tid - men i 1869 slutta Bø-folket seg til det nye Herdla prestegjeld, og blei der til 1903. Det året blei Bø eige sokn under Manger prestegjeld fram til 1916, og kom til å heite først Hjelmen og så Hjelme. Hjelme blei dessutan eigen heradskommune frå 1910, skilt ut frå Manger heradskommune. Etter 1916 blei Hjelme sokn overført frå Manger til Herdla att, og det varte til 1964. Det året kom soknet inn under det nyoppretta Øygarden prestegjeld, samtidig med at Hjelme kommune slo seg saman med ein del av Herdla kommune og blei Øygarden kommune. No ligg altså soknet i Øygarden kommune.

Dette fortel at farfar var frå Seløyna, Manger, Herdla, Øygarden, og far hans frå Manger, alternativt Bø, på same øya i dagens Øygarden - alt etter korleis ein forklarer det.

[Jf. DIS, "Informasjon om Øygarden"]

Namna skiftar: Litt fyldigare bakgrunnsstoff innleiingsvis. Innbyggarane i Bø sokn hadde tidvis ei strevsam kyrkjereise i båt over fjorden austanfor til Hordabø eller Manger. Med tida kom derfor vedtak i Manger kommune om å bygge kapell på Hjelme der i Ytre Bø sokn under Hordabø sokn i Manger prestegjeld, mens folket i Bø valde å slutte seg til Herdla sokn i det nyoppretta prestegjeldet Herdla. Det var mykje for å få fleire enn 4-6 gudstenester i året om råd, for fleire fekk dei ikkje under Manger. Men det blei ikkje mykje betre under Herdla, skriv Arne Asphaug (1992, xx).

Herdla-soknet blei skipa i 1869. I 1875 blei den særs nye kyrkja på Hjelme vigsla: året etter var kyrkjeveggane komne opp, dei også. Då kyrkja blei reist i 1875, hadde altså soknet namnet Ytre Bø, under Hordabø sokn i Manger prestegjeld.

[Kjelde: Den Norske Kyrkja i Øygarden]

Strileforfedrar. Farfar - ti av dei tolv barna hans voks opp - hadde mange halvsysken og sysken. Far hans, som også voks opp på Perhusbakken, fekk femten barn med to koner: ho som er farfarmor mi, kom frå Søre Solend i Manger (Radøy kommune). Ein finn alle desse med namn og fleire data hos Jahn Sjursen (1983) under "Perhusbakken".

Tippoldefar før det hadde sju barn med første kona si. Det var dei som flytta til Perhusbakken. Dei kom begge frå gardar som i dag er i Radøy kommune. Og vidare bakanfor dei er enda mykje meir Radøyfolk.

Ein kar vestanfrå var i Oslo for å more seg, og hamna i seng med ei dame. Eit par månader etter ringde ho til han og sa ho var gravid.

"Og du sa jo du var steril", sa ho.

"Nei, eg sa eg er stril", sa mannen.

TO TOP

Folkeliv frå tida før 1890-åra

Korleis hadde dei det på Seløy og omkring då oldefar levde? I det følgande står mest utplukk frå boka Øygarden, band 1 av Arne Asphaug. Boka ligg føre på Nettet, og bibliotekdata om ho står nedst på sida.

Lynghage, stovehus og innomhus

Den største lynghagen i landet er på Sæle nær ved Perhusbakken.

For å gi eit inntrykk av korleis livet var i gamle dagar i det som er nørdre Øygarden no om dagen, har folk tatt vare på ei stove frå eldre tid. Egil Sæle skriv at Adnestova på Sæle - som grensar til Hjelme - står til minne om bustadtilhøva for fiskarbonden fram mot 1900-talet, fordi ingen hadde hjarte til å riva ho ned. Eit kart frå Nordre Sæle i Øygarden frå 1862-63 syner eit klyngetun med 20 bygningar, både stover og uthus. I dag står ◦Adnestova att av dei.

Innomhus var stoveromma oftast overfylte, sjølv om dei hadde mange rom i husa elles. Dei fann det best å spare varme slik, Lufta blei tung. Brennevin var ikkje vanleg. Heime i huset drakk folk alkohol svært sjeldan.

Leiglendingar vestpå

Mange øygardsfolk leigde og brukte jord på visse vilkår. Leiglending-gardsbruk var nær sagt overalt. Kvar leiglending rådde over garden på sjø og land, og plikta å drive garden på beste måte, halde husa ved lag og betale all offentleg skatt. For å klare seg best råd, dreiv leglendingane eit mangesysleri. Dei avla korn og poteter, hadde kyr som gav mjølk, slakta især sauer og salta og tørka skrottane, og henta seg ferskmat frå sjøen attåt saltfisk og tørrfisk. Torsk og sei var årvisse. Hummar, laks, makrell og vårsild kom også til.

Sukker var framleis luksus, og det var også kaffibønnar – og nye skattar kom til.

I 1800-åra tok mange gardsbruk til å komme i bøndene si eige. I 1850 var 73% av jorda i bondeeige og seinare gjekk leiglendingordninga vekk. Sjølveige gav bøndene råderett over gardane sine, og sjølvstende.

Vêr og vind og sjøen

Ein sit tryggare på berget enn i båten. - Del av gammalt Øygard-ord

I 1800-åra strøymde folk frå fjordane utover i Øygarden i dei beste fiskesesongane. Der slo dei seg ned så lenge storfisket varte. Det var eit fiske som gav noko. Og øygardsfolket gledde seg til at fjordfolket skulle komme. Dei gav gåver og fekk gjengåver. Det var stor stas og moro. Når kvelden kom etter dagstrevet, pleidde fiskarane å samle seg til snakk og sladder ved stranda. Praten gjekk lett og livleg med ein dram. Samværet verka lunt og verdifullt. Karane trivdest i lag.

Gjenytingsbasert sosialt samvær: Fjordfolk fekk fisk, og øygardsfolk fekk fare inn i fjordane etter jordbruks- og skogbruksvarer. Ordninga stod godt ved lag til midt på 1800-talet. Då krympa ho.

Og folk før var meir opptatt av vêr og vind, uvêr og snø enn i vår tid, for dei var meir prisgitte naturen og svingningane der.

Sjønæringa var livsviktig, og mang ein gong blei det livsfarlig ute på sjøen. Opne båtar ute til sjøs var utrygge om det brått bles opp til orkan, og fiskelykka var så viktig at dei kopla fråvær av fiskelykke til trollskap.

Folk brukte line, dorg og garn attåt fiskesnøre. Dei gjekk etter vårsild, laks, sjøaure, brugde, kval og anna i sjøen, blant anna krabbe, hummar og østers. Av storkvalane var både vågekval og grindkval kjærkomne bytte. Folk reiste til i båtane med fullt mannskap når det spurdest det var kval å jakte. Frå båtane slo folk i vatnet med årer, hoia og skreik, og jaga med dette byttet sitt inn i ei bukt. Der sette dei steng så kvalen var fanga, og tok så livet av dyret. Det kjærkomne kjøtet delte dei etter hevdvunne reglar.

[Asphaug 1992, 146-50; Asphaug 1995, 20-21]

På land

På plassane hadde plassfolka kyr, sauer, geiter, grisar og høns. Sauane var små utegangarar av norsk vestlandsrase, med grov ull. På gardane hadde folk jamt over hestar i tillegg. Dyra gjekk fritt. Gjødselen blei ofte liggande i tunet. Det blei lukt og lort.

Skog hadde dei ikkje i Øygarden for nokre hundre år sidan. Dei henta einer, lyng, tyrirot og torv og fyrte med slikt. Dei brende også jord dei fann i djupe myrer. Mange lagra torv i naust og løe, andre i eigne torvhus, som til dels var av stein.

Kornåkrane låg som små lappar rundt om på gardane. Kornet fekk vanlegvis mykje sol i Øygarden. Somme år blei kjernen fast og det grøne strået gult seint i august, men til vanlig laut dei vente til uti september. Når vêret var så dårleg at karane ikkje kom seg på sjøen, treska dei korn. Treskemaskiner kom til Øygarden rundt 1885.

Før kornet kunne malast, laut dei tørke det. Dei tok kornet i hus eller eldhus og tørka det i grua. Dei brukte tørkehelle eller gryte å ha kornet oppi då.

Dei tok til å dyrke poteter rundt 1800, og kalla dei 'tate' i den gamle øygardsdialekta.

I utmarka fann dei blåbær, blokkebær og krekebær til saft eller syltetøy. Dei dyrka litt nepe, løk, kålrabi, timian. Timian brukte dei til sauekjøtet. Fruktavl og hagedyrking var det lite av (bd. 2, s 62)

Fram mot 29. september var sommaren til ende. Då var det Mikkelsmess, og til den tida laut all avlinga og reiskapen vere under tak. No var dei kisteglade for å ha fått mat i hus. No stod det att å male kornet til mjøl også.

Matstell

Øygardsfolk åt til vanleg fire måltid om dagen. Frukost klokka åtte, middag klokka tolv - og så var det middagskvil ein liten time. Så blei dei nonsmat klokka seksten om ettermiddagen og kvelds mellom klokka tjue og tjueto.

Maten blei servert i store skåler eller på store fat av steintøy, tre eller metall. Dei drakk av krus og hankekoppar. Ved bordet hadde alle maten sin på ei trefjøl før steintøy blei vanleg. Det var ikkje vanleg å bruke kniv og gaffel. Alle brukte fingrane. Slik var den vanlege bordskikken.

Av graut og suppe fekk alle ete som dei ville.

Maten

Dei bakte flatbrød, lefser og potetkaker. Oppå potetkakene brukte dei krabbe, smør, sukker, sirup, ost, graut, prim, egg, brisling, unglaks, og litt ost. Pålegga veksla frå hus til hus.

Suppe åt dei til frukost, etter middag og til nons (i 3-4-5-tida). Suppa var på havre- eller byggmjøl. Av og til fekk dei litt mjølk oppå suppa. Då smakte suppa bra, står det. (bd 2, s 95).

I den eldste tida brukte dei mykje graut av mjøl og vatn til middag. Seinare heller til frukost eller til kvelds. Om hausten brukte dei mykje potetgraut i staden for.

Folk åt særleg mykje poteter i august og september, då potetene var modne og smakte best.

Rundt 1850 åt øygardsfolk nesten aldri kjøt. Dette endra seg etter kvart. Då åt dei mellom anna kjøt som var salta i lake. Og seinare kom spekelår til også. Det var salta kjøt som var blitt hengt opp til tørking. Andre delar av skrotten blei vatna ut og kokt. Dei åt sau, skarv, alke og ærfugl.

Fisk blei også salta og lagra. Enten blei salta fisk lagt på berg til tørking eller hengt opp til tørking. Seinare blei han utvatna og kokt.

Fersk fisk blei kokt eller steikt. Dei kokte alltid i sjøvatn.

Huslydane hadde dei ei gryte der dei kokte lever av mange fiskeslag.

Fisk åt dei gjerne til middag og kvelds, saman med flatbrød og poteter. Sild åt dei fersk, kokt eller steikt, eller lettsalta, eller tørka. Makrell åt dei både fersk og salta.

Møblar og hamp før

Øybuarane var mykje sjølvhjelpte, ikkje mykje konsumentar, og ikkje passive "TV-sluskar" heller. Møblane var vanlegvis heimelaga - seng, langbord, langbenk, krakkar. Øks, sag, høvel og navar fanst i dei fleste heimane. Det blei laga enkle gardreiskapar av tre. Dei sat ofte og smidde på emne - det blei greiper, spadeskaft, sigdskaft eller orver på denne måten. Mange dreiv smedyrket som attåtnæring, og kunne då lage spadebeslag, sigd og ljåblad.

Øybuarane kjøpte buntar med russisk hamp i Bergen, og banka han med klubbe til han blei mjuk og god. og kvar haust blei det spunne til not, garn og snøre. Å spinne hampen var helst kona sitt arbeid. Så sette dei seg til å binde fiskegarn. Skulle tråden brukast i snøre og not, laut dei også tvinne han. Enden på visa var at store og små sat og batt seg not i mange korte mellomstunder, og ofte sat dei kvar kveld og batt. Mange dreiv også og batt før dei var komne ut av senga om morgonen.

Dei som ikkje hadde gardsbruk, kunne bruke heile dagar på å lage til garn ifrå hamp. Årleg kunne eit ektepar med barn tilvirke nitti kilo leigehamp til not, og dei fekk vanlegvis betalinga på førehand.

Utetter 1870-åra blei handspinning utkonkurrert av maskiner, og etter kort var tida over for hamparbeid som attåtnæring.

I heimen

Kvinnene sydde, strikka, spann og vov og laga til forskjellige klede. Draktene var av ull, lin, skinn, vadmål og filt. Med tida kom klede av bomull også. Regelen var at ingen kjøpte meir enn tiltrengt.

Skinn frå slaktedyr blei salta, vaska og stelt så ikkje håra på ullsida fall av. Så blei kjøt og feitt skrapa av. Skinna skulle gjerast mjuke og glatte. Kvinner fekk trøyer av skinn med ullsida inn. Utsida blei smurt med ein salve. Slik blei skinna slitesterke så dei kunne tole vind og vêr.

Folk laga seg også skinnhuer dei barka og smurde.

Ulla blei brukt i heimen slik ho kom frå dyra. Ho blei kjemma og rulla og tvinna ved rokken til slitesterk tråd. Den finaste tråden blei det kyrkjeklede av. Strikkegarn og innslag i veven kunne vere av kortare ull.

Dei spann om haustane til fram mot jul. Kvinnene karda og spann frå tidleg morgon - ofte frå halv seks til seks - til tidlegast klokka 22 om kvelden.

Etter jula sette dei opp vevstolen i stua, dei som hadde vevstol, og vov til fram mot våronna. Utetter vinteren sette dei gjerne opp tre-fire vevar i vevstolen. Dei vov til undertøy og klede, åkle, handdukar, lerret, vadmål og meir.

Fram til rundt 1850 stampa (tøva) dei vevane heime. Då la dei stoffet i ein stamp og slo varmt vatn på. Så stampetrødde dei i stampen med bare føter til tøyet var reint og mjukt nok. I den eldste tida farga dei tråd og vevar heime. Det hende dei ikkje brukte anna enn dei naturlege ullfargane, gulkvit, sauesvart (svartgrått) og grått. Fargane raudt og blått var vanlegast, Dei brukte fargestoff frå naturen, frå plantar, bark og lav, og så kjøpte dei indigo-farge og nokre få andre fargar attåt. Farginga gjekk føre seg i heimane før farging i Bergen tok over.

Om våren, då lyset var bra, sydde dei klede rundt om i heimane. Dei sydde for hand med nål og tråd.

Strikke gjorde dei hele året. Kvinnene strikka "alltid". Dei strikka også mens dei gjekk - sokkar, labbar, vottar og anna det blei bruk for.

Strikka ullplagg blei tøva mens sjøen fjøra. Ved tøvinga blei ulla i klesplagget arbeidt godt saman, så det blei tett og sterkt og ikkje krympa heilt utanfor kontroll.

I nesten kvart hus var det nokon som kunne lage treskor. Halmskor fanst også, og skor av skinn.

Vasking, lapping og stopping i Øygarden

Måndag og tysdag vaska dei klede der i distriktet. Finare stoff laut settast i bløyt ei natt. Dei brukte mykje vatn, både kaldt og varmt. Dei varma vatnet innomhus i store gryter og hadde det opp i store trestampar. Til vaskebrett brukte dei ei enkel trefjøl med riller, og skubba tøyet opp og ned på fjøla. Elles "knekte" dei bløyta tøy mellom hendene. Tjukt tøy banka dei reint med klubbe. Finare stoff fór dei varsamare med. Til sist måtte alle kleda i skyllevatn. Dei reine kleda la dei anten til tørk på berget i sola, eller hengde dei på ei snor.

Dei vøla, stoppa og lappa heile året, til det var på tide å strikke nytt. Vevde plagg blei brukt til dei var så slitte at det ikkje var mogeleg å vøle dei meir. På denne tida var det vanleg med bot på kvardagsklede.

Etter vaskinga måtte finare plagg strykast. Dei brukte ein trerull og eit brett til det. Slik blei kleda glatte og fine.

Kva menn gjekk kledt i

Menn gjekk i ullundertøy. Underbuksene pla vere kvite. Dei var solide klaffebukser med oppknappa klaffe framme og bak. Sommarstid gjekk dei ofte og arbeidde utan anna brok. Mennene gjekk også i skjorte av ull eller lerret. Utanpåbuksa var av vadmål og rakk til knea. Men etter kvart blei det vanleg med lange bukser, som oftast blå.

Over beltet brukte karane bolung eller vest, vanlegvis blå. Utanpå kom blå eller grå trøye. I den eldste tida hadde dei for det meste kvite strikkasokkar på føtene, men seinare blei det vanleg at dei strikka ullsokkane var grå.

Til kvardags brukte øygardsfolket tresko. Men om sommaren gjekk dei ofte barføtte.

På hovudet hadde dei heimestrikka huer, raude eller blå var vanlege. Desse varme kvardags-topphuene tok folk sjeldan av seg, men hadde dei på ute og inne. Og stundom brukte dei svarte filthattar.

Mannfolka måtte ha varme klede på sjøen. Skinnhuer av katteskinn eller saueskinn. Når det blei regn, bytte dei hua i sydvest. Men berre dei færraste brukte oljebukse og oljetrøye. Dei gjekk i barka kalveskinnbukser og kalveskinntrøyer. Buksene skulle ein kunne dra på seg lettvint, jamvel om ein hadde på seg støvlar.

Dei brukte vottar å verne hendene med.

Kvardagsdrakt for kvinner

Det første ei kvinne tok på seg om morgonen, var ei svarthue - som i litt seinare tid blei avløyst av eit skaut: eit tørkle av kvit lin eller av lerret, og brukt som hovudplagg.

På overkroppen hadde dei undertrøye av ull. Utanpå brukte somme kvite skjorter, men dei fleste brukte grøne trøyer som var tettknappa i halsen. Alle gjekk i svart eller mørkeblått liv.

I den eldste tida var stakkane blå og plisserte, og seinare svarte og foldelagte. Utanpå stakken brukte dei eit fangforkle som til vanleg var mørkt, med smale render i mange fargar. Under stakken hadde dei ei lausbukse som var open i skrittet. Når øygardskona såg det høvde, sette ho seg på huk og vatna ut under stakken, også under utandørs samtalar. Kvinnene pleidde ikkje sjenere seg når dei kjende slik trong.

Når kvinnene arbeidde ute, gjekk dei i trøye. I løa brukte dei varme skinntrøye med ullsida inn.

Dei gjekk i strikkasokkar og tresko.

Iherdige Anna som ville sy mykje for lenge

Anna på Alvheim tok på seg leigearbeid titt og ofte. Ein lys kveld midt på sommaren ho var ferdig med kveldsstellet, ville ho til å sy. Natta var lys, men då ho ville ta til med å sy enda ein stakk, reiste seg og tok etter vadmålsstoffet som hang over ei stong under bjelkelaget, høyrde ho "Adna, Adna." Ho let stoffet henge og gjekk til sengs. Ho skulle ikkje skiple roa til tunfolket, tenkte ho.

Vennlege underjordiske

Tru på underjordiske var levande. Bokverket Øygarden opnar med diktet "Huldrebryllup", som manar oss til å vere varsame med å le av dei som det går ille [Asphaug 1992, 12]. Dei underjordiske var vennleg stemt mot dei som dreiv jorda.

Ein av bøndene på Hjelme var ein dag ute og arbeidde på jorda i utmarka. Mannen sette seg ned for å ete nisten. Det var graut og mjølk han hadde med. Men han hadde gløymt skei. Han visste råd. Like bortom der han no sat, låg Kjyrehauen. Der inni heldt Kjyrebonden til. Mannen sa fram ei regle der han bad om å få låne ei skei fordi han hadde gløymt ei. Så la han seg nedpå for å ta middagskvilen. Då han vakna låg slik ei vakker sølvskei framfor han. [Asphaug 1992, 74-75]

Redde og lettlurte og engelsk pakk

Røvarar herja langs kysten i gamle dagar. Ein haust hadde folk i Blomvågen sett alt kornet sitt opp til tørking då røvarar gjorde landgang ei natt og kom oppover mot garden. Der møtte dei rekka av kornstakkar, flydde attende til skutene sine og forsvann.

Ein annan gong hadde røvarar tenkt å gjere strandhogg i Breivik ei natt. Men i den tida stod det eit lite kvitkalka hus litt oppfor sjøen. Då røvarane fekk auge på huset, såg det strengt og mektig ut, og likna kanskje ei festning. Litt etter forlét dei Breiviksundet i stor hast.

Bakom munter tidtrøyte som dette låg beiskare forhold. Soldatar fór fram med rov. Men også skip frå den engelske flåten for dårleg fram. Ein gong plyndra dei Herdlakyrkja, og dei gjorde verre røvarferder andre gonger det ikkje var fredstider. Og i 1807 bomba dei København utan å ha erklært krig. Då mista Noreg-Danmark skipsflåten sin.

Vanlegvis var folk førebudde på at åtak brått kunne komme. Ei segn fortel at folket i Blom ein gong samla alt sølvet sitt i ein kopparkjel og søkkte han djupt i eit vatn og så godt vekkgøymt at dei ikkje fann han att . . .

[Asphaug 1992, 135-37]

Havstrilen i Bergen

I Bergen møtte havstrilen folk som var i stand til å leve av handel. Mellom bygriske og omlandfolk voks interessemotsetnadene til konfliktbasert og stor sosial avstand. Øygardsfolk fann ut at til byen måtte dei, enda om dei møtte hardare handelsvilkår der enn folk lenger vekke frå.

Strilane var folk med harde, enkle livsvilkår. Vanlegvis kom dei inn til byen i småbåtar. Kanskje hadde dei rodd 8-12 timar for det, kanskje hadde dei god medvind og kunne segle fram på mykje kortare tid. Motvind og motstraum laut dei også hanskast med, og stundom ein islagt byfjord i Bergen. Dei kom fram etter hardt slit, og byfolk tykte dei såg ruskne og rufsne ut. Somtid, etter mange vanskar i leia, laut dei overnatte under seglet i båtane, med ei trøye over bringa og hovudet. Etter å ha hutra seg gjennom natta var dei klar til handel.

Somtid overnatta dei i Bergen i svært enkle eitt-roms losjihus som vende ut mot sjøen. Der budde dei under tak, fekk ete ved bord og sove i briskar som var spikra langs veggane. Det meste av maten dei trong hadde dei med seg heimafrå. Folk sat og låg. Natta i losjihuset var lang og uroleg, men det heile var stort sett gratis. Strilane var utskilte i eigne stover, og byfolka skjønte ikkje livsvilkåra deira.

I bondestovene drakk dei brennevin til gagns. Byfolk likte å kalle brennevinet det gjekk i, for "havstrilens nasjonaldrikk".

Når dei gjekk i byen, skilde strilane seg ut ved korleis dei var kledt og ved framferda si. Dei blei ofte plaga av bergensramp når dei innover i byen. Strilekoner gjekk like fullt frå dør til dør i Bergen og baud fram varene sine, mens mennene låg ved fisketorget og baud fram fisk frå båtane sine, og blei rekna som underlegne.

Strilane blei jamt nedvurdert og ringeakta, og utsett for gjøn og sjikane, blant anna frå skrålande gategutar. Strilane slo fast at dei hadde sine eigne skikkar, sitt eige målføre, og kunne seie, "bygdene var til før byen". Men oftast stod dei sindige og baud fram varene i møte med reine haglvêr av bannord og urimeleg sjikane. Men innunder kleda var ikkje strilane underlegne – dei var garva og hadde stri sjølvkjensle og ikkje minst eigen kultur.

[Asphaug 1992, 150-156]

Møte med framande kulturar

Ein gong blei ei skute losa inn til Øygarden, og der kasta dei anker i ei mellombels hamn. Losen og rorkarane blei bedt til middag om bord. Kjøtet var mørt og godt, og med så små bein at karane ikkje kunne skjøne kva for bein det var. Desse framande sjøfolka hadde vel mat som øygardsfolket ikkje hadde høyrt om. Karane åt seg mette, og prøvde så å få til ein prat med mannskapet. Då kom det fram at dei hadde hatt store rotter til middagsmat. Då gjekk alle øygardskarane til rekka på skuta.

Havstrilen og jula

Etter Reformasjonen levde mangt frå katolsk tid vidare i skikkar og tru og kulturlivet elles. På 1800-talet kjende folk til mange gamle helgedagar, og kunne namna på dei. Og mykje av den gamle tradisjonen rundt jula levde vidare. Jula tok til den 13. desember. I den tida som kom, blei folk reddare for maktene. Somme la tollekniv eller saks i vogga til vern.

Folk trudde at i denne tida var det farlegare å ferdast ute i mørket. For då kunne det komme eitkvart som minna om ein stor geitebukk med ein slede etter seg. Skulle ein møte noko slikt, var det best å springe av vegen, og elles ty til magiske geberder, som å krosse seg og risse krossar her og der.

Siste søndagen før julaftan skulle dei ha salta, røykt og kokt sauehovud til middag, servert i lag med kokte poteter. På denne søndagen kom islom inn frå havet og stakk nebben i fast land, berre denne eine gongen i året - trudde mange.

Like før jul gjekk mannen og barn ut i utmarka og fann grøne einebusker. Dei hakka dei i småbitar og strøydde bitar utover golva heime, og over tunet. Over einebitane strøydde dei skjelsand. God lukt fylte romma. Ungar i sokkeleisten fekk merke at eineren stakk i føtene. Mange fekk nye tresko.

Julekvelden skulle dei ha fersk fisk på bordet, helst sei. Talglys og pussa lysestakar kom til, og så kunne dei sløkke dei andre lysa og la høgtida begynne. Då åt dei ved langbordet. Etter maten rydda dei matrestane og husfaren las i salmeboka eller eit evangelium. Til avslutning song dei salmar.

No blei julebordet duka og dekt. Frokosten til dagen etter blei sett på eit fat på bordet, og alle lefsene som skulle etast i julehelga, blei dynka. Julelyset skulle brenne heile julenatta.

Så seint som i 1870-åra sette mange fram ei skål øl og julebrød til tunkallen. Somme let det stå på stuebordet, andre sette det ut, der det fekk stå til 8. januar.

Juledag kunne dei ta "analogi-varsel" av luftblærer i vatn og somt i tillegg (sjå døme under Fiskartru).

I helga blei det ønska "god jul" mange gongar og til mange, og no skulle ungane halde seg rolege innanhus. Dei som ville, fekk leike ute.

Andre juledag skulle dei helst ha kjøtmiddag, kanskje litt flesk og ertesuppe, og å gå i julegjestebod. Barn kom saman til leik.

Tredje dag samla dei unge seg til dans og drikk og ei lang vakenatt.

Det blei alt i alt ikkje gjort stort i romjula. Men etter nyttårshelga kom folk i vanleg arbeid att. Jula gjekk ut 6. januar, og dagen etter kom "Sante Knut og bar jula ut". Siste festen blei skipa til om kvelden den 7. januar. Det var tid for eit gammalt, kanskje heidensk ritual som folk også tok framtidsvarsel av. Somme smilte av det, andre tok det på alvor. Så gjekk feiringa over i leik, moro og dansing til langt på natt.

Tinnfat og stakar kom snart etter vekk frå borda. Tida for å ottast "geitebukk med slede" var over for denne gongen.

Helgene med kyrkjetur i regn og blåst og finevêr

Helga starta laurdag så snart lyset blei tent. Kvinnene hadde nok å gjere i helga. Og enkelte koner ville gjerne halde familien rein.

Alle hadde særskilte kyrkjeklede. Kvinnene såg over alle plagga. Etter middag om laurdagen laut dei helst koke søndagsmiddagen, så dei ikkje skulle ha så mykje å gjere når eller om dei kom heim att frå kyrkja. Øygarden var med i Manger prestegjeld. Hovudkyrkja var i Manger, og dessutan fanst kyrkjer i dei tre andre sokna, som var Sæbø, Bø og Herdla. Folk frå nordre Øygarden laut likevel alltid over fjorden, og trossa straum og vind og uvêr for å komme fram - og attende. Mange undra seg over at det ikkje var kyrkje i Øygarden.

Men same kva, då helga var blitt førebudd om laurdagen, kunne folk roe seg etter seks lange arbeidsdagar. Søndagen drog dei til stranda, skubba båten uti sjøen, henta seglet og gjekk om bord. Vel over fjorden fann dei vegen til kyrka. Mannen gjekk føre, kona noko etter, og barna gjekk saman med ein av dei vaksne. Slik var skikken.

Mennene gjekk i skor eller støvlar. Var det vått, bar dei besteskorne med seg, der dei gjekk i kvite ullsokkar oppetter leggen til kneet, og svært vide vadmålsbukser ovanfor det.

Kvinnene kom i mørkeblå eller svarte stakkar som rakk ned på smalleggen, og hadde tettknappa, mørke trøyer over. Somme kom i svarte, strikka rundhuer, andre i skaut. Men var det nedbør, kom dei gjerne i ein vanleg kvinnefilthatt. Somme kom rett inn i kyrkja, andre ville sjå til graver. Men dei fleste var opptatt med å komme saman med slekt og kjenningar og slå av ein prat utanfor kyrkja.

Når klokka ringde, gjekk dei inn i kyrkja. Kvar huslyd søkte å halde saman der inne. Kyrkja i Herdla mangla til dømes sitteplass til 282, så det var ikkje heilt lett. Ingen ville "forakte preika" ved ikkje å vere rolige og følge med - forholdet mellom prest og kyrkjelyd var ikkje det beste. Prestane meinte det var god gjerning å irettesette folk, og brukte harde ord og peikefingeren på folk i kyrkja. Presten kunne bruke over ein halvtime til å stå og refse folket i kyrkja. Somtid brukte han namn, andre gongar ikkje. Ikkje alle prestane var like respekterte, men prestehanda blei likevel jamt kyssa i ærefrykt og takksemd for sakramentet - og folk blei vanlegvis verande i kyrkja til tenesta var slutt.

Etterpå var det skikken å gravlegge lik som var samla opp, for å jordfeste alle same dagen. Innimellom kunne det gå oppi eit halvår før soknepresten kom til. Han gjekk då frå grav til grav, kasta på litt mold og sa nokre ord såpass at grava var vigsla.

Lensmannen møtte opp ved kyrkjene og kunngjorde om skattedagar, militære innkallingar, auksjonar, somme kommunale vedtak, og anna. Så kom handelen på kyrkjebakken, og så øl, vin og brennevin før heimvegen. Då hende det at ungdommar ville kappro eller kappsegle over fjorden.

Ein flokk ungdommar som var på heimveg med småbåt frå Manger-kyrkja, fekk ei stri vindbye over seg, kollsegla og omkom. Det tok elles ein time å ro fjorden i maksvêr. I uvê tok det somtid livet, skriv Arne Asphaug. [Asphaug 1992, 174).

Dei som kom levande til lands, måtte til å vaske båten, ha han inn i naustet, og fekk han til å stå bein på kjølen så han ikkje vrei seg skeiv. Seglet blei hengt opp til tørking, og årer og tiljer blei tatt ut av båten, med meir.

Heim kom dei i fjorten-femten-tida, bytte klede så finkleda ikkje blei utskjemt av mat og drikke. No kunne alle gå til bords, og den yngste las fram bordverset "I Jesu namn går vi til bords" eller "Vår disk og duk".

Folk skulle halde seg rolege etter middag, heilt til helga tok slutt seint på ettermiddagen. Då kunne karane dra til Bergen i kvardagskleda, eller fare på sjøen og dra liner og garn.

Eigne kyrkjer og andakt heime

Statskyrkja er i dag den største i landet, om enn på vikande front. Mot slutten av mai 2012 blei grunnlova revidert, og no blei statskyrkja erstattta av ei folkekyrkje som staten skulle finansiere, og skulle ikkje lenger vere så lenka til staten som ho blei som kongen si eige kyrke etter Reformasjonen i 1537. Frå mai i 2012 kan den norske kyrkja sjølv bestemme kva for bispar ho vil utnemne, og storting og regjering fører ikkje lenger oppsyn som før. Kongen er heller ikkje formell leiar av statskyrkje, berre pålagt å tilhøyre den norske kyrkja. - Ja, tidene endrar seg. Fleire melder seg ut enn inn, år for år. I dag står dessutan mange kyrkjer ganske folketomme under gudstenesta, men det finst unntak i distrikt rundt om. Generell oppslutning om kyrkjelege aktivitetar har alt i alt dala dei siste tiåra. Berre gravleggingar held seg på høgt nivå i kyrkja enno. [Wikipedia, s.v. "Den norske kirke"]

Før i tida var kyrkja samlingsplass og ritualstad. Mykje sentral informasjon blei dessutan kunngjort på kyrkjebakken. Og når trongen til eiga kyrkje blei sterk nok etter mykje og somtid strabasiøse roturar over fjorden med drukning attåt for somme, blei det nye kyrkjebygg, som på Herdla. Der blei den vesle gamlekyrkja riven i 1861, og steinane brukt opp att i den nye i lag med brukande stein som gardbrukarane gav og førte frå Øygarden til Herdla og bar på ryggen til Djupedalen, der kyrkja voks. Eller dei leigde hest og køyrde steinar opp kyrkjebakken. Kyrkjelyden skaffa kalk og sand til murverket, og stilte dagleg på byggeplassen med folk. Nykyrkja blei vigsla seint om hausten eit par år etter den gamle blei riven. Veggane var over ein meter tjukke. Inni var det plass til mykje folk. Mykje var innreidd på billegaste vis. Ved seinare ettersyn blei det avdekt ei rekke manglar. Mellom anna draup det inn på fleire stadar, så golvet tok til å rotne. Men i 1872 hadde dei fått tett tak og eit reparert golv, og fiffa opp eit og anna i tillegg.

Dette arbeidet gjekk saman med at leiglendingane i Øygarden kom seg til og blei sjølveigarar som kunne kreve rettane sine meir og betre enn før. I denne tida kom Øygarden kapell (Hjelme kyrkje). Dei måtte finne ein plass der jorda ikkje var for skrinn, og som låg slik til at dei ganske enkelt kunne komme i land med lik dei frakta båtvegen. Dei kom til at ei myrhole på Hjelme, Seløy, passa. Men på Hjelme var det ikkje skikkeleg fin stein som høvde til muring. Dei laut frakte steinen til den nye kyrkjebygget der frå andre stadar i Øygarden, i båt og på rygg, og noko til eit to meter høgt gråsteinsfundament dessutan. Nokre år etter at kyrkja var bygt og vigsla, oppdaga dei at det ikkje var djup nok mold til gravene likevel. Då førte folk båtlastar med mold til kyrkjegarden og spreidde molda ut der. Etter dugnaden var kyrkjegarden djup nok.

Rundt kyrkja og gravplassen bygde dei eit steingjerde med to opningar og sette i fine treportar av materiale frå Sogn ei tid etter. Det var rundtømmer dei fekk frakta til seg. Det hogde dei til sjølve, og reiste kyrkja av plankar som var ti til femten centimeter tjukke. Over kyrkjeskipet og koret var taket dekt med steinheller, og resten av taken var dekt med plankebord der kanten på overbordet låg litt utover kanten på underbordet i ei rekke frå toppen (sutak). Taket over tårnet fekk koparbelegg og ein kuppel av messing. Øygarden kapell (Hjelme kyrkje) blei vigsla i 1875.

Om Storefar og mindre bruk av ermlause trøyer

Framfor kvar høgmesse laut folk i nordre Øygarden likevel hente presten frå Manger i båt. Plikta gjekk på omgang, på tørn. Hjelmekyrkja fekk ikkje meir enn fire faste gudstenester årleg, seinare auka til seks. Og lika låg i grav uti Øygarden i inntil eit halvår før presten innfann seg og vigsla gravene.

No ville folk i nordre Øygarden gå i forbund med "herdlingane", og Herdla tok imot dei nye soknebarna frå nordre Øygarden og lova at Hjelmekyrkja skulle få tolv til femten høgmesser i året. Nordre Øygarden heldt fram som Ytre Bø sokn framleis, som verdsleg kommunal ordning. Dei søndagane det ikkje var preike i kyrkja, heldt folk andakt heime. Fram mot 1880 var det komme huspostillar (preikesamlingar) i mange hus nord i Øygarden.

Øygardsfolk snakka om "Storefar so ser" og "Storefar so veit alt". Utanom bønn nemnde dei ikkje "Gud", for slikt heldt dei for syndig, som jødane gjer den dag i dag. Og øygardsfolk heldt seg til kyrkja si tru.

Skikkane endra seg. Konene gjekk over til skaut og kortare trøyer, og mennene gjekk meir og meir over til liggande krage ifrå eldre tiders ståkrage. Under trøya danka vestar ut ermlause trøyer. Og dei fleste heimane ville helst ha ein kraftig kjøtrett til søndagsmiddag, i staden for graut eller steikt fisk. Og det blei slutt med å sette line på søndagskveldane, og heller vente med slikt til etter midnatt - helga blei altså utvida.

Øygardsliv i lag i klyngetun, arbeid og samlingshus

Øygardsfolk levde i tette samfunn, i husklynger på gard etter gard, nærast som landsbyar der stovehus, eldhus og sauehus låg tett i klynger. Klyngene låg midt på gardane eller nær den eldste innmarka, opp mot ei høgd. Utsynet frå slike høgder var verdifullt for fiskarane, for sikta til sjøen sin del.

Somme stovehus var samanbygde, så folk kunne gå frå heim til heim utan å gå utfor dør, men dei fleste hadde kanskje ein meters avstand mellom husa. Midt i klynga eller i utkanten var gjerne ein open plass, tunet. Var det meir enn ei slik klynge på ein gard, fekk kvar klynge sitt eige namn. Løe, fjøs (flor) og sauehus stod enten mellom husa eller utanfor klynga. Det fanst knapt nok eit fast system for slikt.

Klyngetuna var praktiske, for når det skulle fangast kval eller sild, til dømes, kunne dei rope om hjelp frå vegg til vegg. Då kom det fort nok i stand, det samarbeidet som var tiltrengt. Det var dessutan trygt å bu i flokk. Somme tider var røvarar og farlege soldatar over dei. Det blei lettare å få trøyst og hjelp i vanskar og nød. Å bu dør i dør hjelpte overlevinga.

Ulempene var at lauseld nokså lett kunne slå over frå stove til stove. Så når stover brann ned, kunne det godt vere dei blei bygt opp lenger vekke frå klynga, med meir lys og luft. Styremaktene hadde også tatt til å arbeide for meir avstand mellom husa, minst ni og ein halv meter, med unntak. Husmannsfamiliar bygde småtun langt vekke frå gardsfellesskapa. Sjukdomskunne gjorde også sitt til at folk ikkje lenger ønskte å bu så tett, med tanke på smittsame sjukdommar som tuberkulose og spedalsksjuke. Nye driftsformer og utskiftingar gjorde sitt til å gripe inn i gamle, veletablerte klyngetun. (Jf. Aspahug 1995, 82-86]

Når folketalet auka som i den tida, førte det med seg at mange barn laut finne seg andre stadar å slå seg ned, for heime var dei eigedomslause og låg med det an til å tape røter. Somme utvandra – ein tredel av folket i landet mellom 1845 og 1910 gjorde det. Farfar flytta nord til Ålesund.

Men i tiåra før han før, var klyngebusetnad framleis den dominarande busetnadsforma i Øygarden, fordi det var meir som batt saman enn som sprengde folk frå kvarandre.

Arbeidet på gard og i felles båtar gav grunnlag til mykje kontakt. Innimellom arbeidsøktene kunne dei hygge seg saman med å synge, lytte til forteljingar om opplevingar, lettliva skrøner og anna.

Når gardfolk kom heim frå byen, vanka det dram på naboane nede ved naustet.

Folk hadde vett til å samle seg i godvêrsstunder ved sjøen og på haugar til samvær med både prat og drøftingar.

Heime gjekk dei jamt inn til kvarandre, gjerne fleire i lag. Dei snakka saman, fortalde mangt og samrådde, og då var det tid for vanleg prat om sjukdom, vêrmerke, fiske og mangt anna, og sanna sikkert at "ein go' venn e gudl vær" (ordtak).

Når kvelden kom søkte dei til særlege hus, samlingshus. Der var dei i tre-fire timar frå fem-seks-tida om kvelden. Inne i stova hadde dei spyttekasse om lag midt på golvet og sat og låg omkring og spytta. Treffte dei, var det bra. I kråene sat folk som spela kort, samtala, godprata og diskuterte så dei fauk i hop. Dei hadde lett for kontakt, og fekk trening i skilje strileskjemt og alvor. Etterpå kunne dei gå heim og fortelje frå nyhenda.

[Asphaug 1992, 187-193]

Innhald


Øygarden, gardshistorier, litteratur  

Asphaug, Arne, red. Øygarden 1850-1885, bd 1. Tjeldstø: Øygarden kommune, 1992. ⍽▢⍽ Arne Asphaug er forfattar og redaktør, født i 1954. Han har skapt bøker om historie og kystkultur i Hordaland frå kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden, Askøy. Det mest omfattande arbeidet er ei framifrå sjubands bygdebok om Øygarden. [Store norske leksikon, s.v. "Arne Asphaug"]

Asphaug, Arne, red. Øygarden 1885-1920. bd 2. Tjeldstø: Øygarden kommune, 1995.

Den Norske Kyrkja i Øygarden. "Hjelme gamle kyrkje frå 1875.
www.kyrkja.net/index.php/hjelme-gamle-kyrkje

DIS. genealogiske ressurser. "Informasjon om Øygarden". 2012.
www.disnorge.no/genress/index.php?todo=visKategori&kid=100326

Kristoffersen, Asbjørn. "Den siste stril." Bergens Tidende, 3. mars 2013.
blogg.bt.no/preik/2013/03/03/den-siste-stril/#.UTRjP1fKRhA

Museum Vest: "Kystmuseet i Øygarden". Rong, nd.
www.museumvest.no/index.php?action=static&id=7

Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Nordre Øygarden. Bergen: Eige forlag, 1983.

Store norske leksikon, s.v. "Øygarden".

Wikipedia, s.v. "Øygarden".

Øygarden, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Øygarden, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]