Norsk del, Gullvekta
Fiskartrua
Seksjon › 21 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Michael Ancher. To fiskarar ved ein båt. 1864-1920, Modifisert utsnitt.

Troll i berg og jord og havfolk og andre "våte vesen" i sjø - Noreg har den nest lengste kysten av alle land på kloden. Og rundt åtti prosent av folket bur mindre enn tjue kilometer frå sjøen, etter det Bergens Tidende ein gong la fram.

Før i tida var det mest mat å finne i og ved sjøen. Ein trong ikkje gjete og stelle for fisken i fleire år før ein fakka han heller. Slik var det før i tida, og før det igjen levde folk av fiske, fangst, jakt og å samle seg mat - ned gjennom steinalderen til siste istida. Dei hadde det så triveleg at etterkommarar lever den dag i dag med elektrisitet, Internett, TV og anna som ikkje fanst for nokre hundreår sidan. For som han sa, mannen: "Dersom far din og mor di ikkje fekk barn, er det sjanse for at du ikkje får det, du heller."

Folketrua frå norskekysten høyrer med til omgangsarven til mange. Stamfedrar og -mødrer fortalde spesielle historier ut gjennom lange haust- og vinterkveldar utan glam frå massemedia, og dei fanga fisk og mjølka kyr eigenhendig. I historiene frå slike farne tider er det mange slags vesen som folk trudde på – dei var fanga av si tid og gamle soger som vandra omkring. Delar av denne samansette trua finn ein i segner og eventyr om kvarandre, og røtene kan gå langt attende. Sjå berre:

Marmenillen og gutungen

Marmenill er oldnorsk frå 'mar', hav, og 'mennil', liten mann - altså "liten havmann". Andre ord er marmæle og marmel. Det finst historier om fiskarar som skal ha fått marmælen på kroken og fått han til å openberre framtida. I Landnåmabok, historia om dei som først tok land på Island (870-930), står ei:

Grim Ingjaldson, soneson av Roald frå Hallingdal, fekk ein marmenill på kroken.

"Det hender så mangt på sjøen", sa selen, han blei skoten i auget." [Ordtak]

Grim fekk marmenillen på kroken ein haust han rodde fiske saman med huskarane sine og sonen Tore som låg i stamnen i eit selskinn. Grim spurde då havmannen: "Kva spår du oss om lagnaden vår, og kor på Island skal vi busette oss?"

Marmælen svarte: "Eg treng ikkje spå dykk, men gutungen i selbelgen skal busette seg og ta land der merra di legg seg ned under kløva."

Seinare på vinteren drukna Grim og folka hans, men ikkje guten; han var heime.

[Segntype ML 4055, "Sjøvetter varslar storm"; Vigfússon 1905:54n; Hodne 1999:22.]

Soga fortel ifrå ei folketru som var i live til utpå 1900-talet, ei tru der det gjaldt å få råd og varsel frå havfolk ein fiska og gi dei tøy som varma - akk ja. Skal ein legge til -så det blir tøys som varmar? Mange slags gode historier kan vere nett slikt.

Korsom er, marmælen ("den vesle havmannen) var rekna for å vere ein liten, naken og truskuldig skapning - somme sa han hadde føter. Når han blei trekt om bord, kunne han gi fiskaren mange gode råd og lykkebringande vink om han blei kledd og varma med ein vott, ei hue eller eit klesstykke. Han agerte som spåmann og gav fiskarar og andre sjøfolk høve til å spørje han om tre ting, berre ikkje spørsmåla var dumme og innhaldslause.

[Hodne 1999:22-23]

Katalogiserte segntypar

Reidar Th. Christiansen utforma ein katalog over segntypar. Der står det ni segntypar om vetter i vatn.

ML4050 Rop frå vatnet
ML4055 Sjøvetter varslar storm
ML4060 Sjøvetter gir råd
ML4065 Sjødraugane og landdraugane
ML4070 Draugen prøver rom
ML4075 Utrøst
ML4080 Jenta i kobbeham
ML4085 Havhest og sjøorm i kamp
ML4090 Fossegrimen (nøkken), læremeister i felespel

Alt i Mellomalderen fanst slike soger mellom nordmenn, og her kjem somme:

Fabelvesen i Kongsspegelen

I oppsedingsteksten Kongsspegelen frå Mellomalderen (rundt år 1250) finn ein våte vesen skildra. Somme har blitt tatt vare på i eventyr som ikkje har blitt mista.

A. Havmannen skildra

Havmannen er eit høgt og stort monster i havet utanfor Grønland. Han synest å ha skuldrer, nakke, hovud, auge, munn, nase og hake som det er på eit menneske, men over auga og augebryna ser det meir ut som ein mann med ein toppa hjelm på hovudet. Han har skuldrer som ein mann, men ingen hender. Kroppen lét til å smalne frå skuldrene og nedetter, men "ingen har sett korleis den nedre enden er forma, enten det endar i ein finne som hos ein fisk eller stikk ut som ei stong . . . Ingen har nokosinne observert han på nært nok hald til å avgjere om kroppen har skjel som ein fisk eller hud som folk."

Når havmannen viste seg, var folk visse på at det varsla storm. Dei tok dessutan varsel av korleis havmannen tedde og kasta seg i bølgene, og i kva for retning han tok før han forsvann. (Frå Kongsspegelen, kapittel 16)

Eit båtlag frå Sunnmøre skal ha opplevd å møte ein havmann ein kveld dei låg utanfor Svinøya og fiska ein slags torsk som heiter brosme. Med eitt høyrde dei eit plask, og der stod havmannen halvvegs opp av sjøen. Høvedsmannen tok straks ein vott og kasta han ut til han.

Då sa ikkje havmannen: "Våte klede om kroppen hindrar meg i å svømme." Nei, han skal ha sagt, "Takk skal du ha som gav meg vott. Det bles i vestertind."

Karane sette då segl og stemna mot land. Straks dei var i hamn, kom det kraftige vindkast frå vest.

[Hodne 1999:208]

B. Havfrua skildra

Havmenn har havfruer blir det sagt. Havfrua, kanskje er ho gift og kanskje ikkje enno. Det engelske mermaid, som bokstavleg omsett er "havjomfru" kan spegle denne siste tydinga for folk langt til sjøs.

Ei havfrue (gammalnorsk: margygr) er halvt kvinne, og har menneskehovud og -overkropp og halen til eit vassdyr, for eksempel sel. Ho ser ut som ei kvinne frå livet og oppover, "har store brystvorter på brystet sitt som ei kvinne, lange hender og tungt hår, og nakken og hovudet er på alle vis som på eit menneske med eit stort og skremmande ansikt, skrå panne og breie augebryn, stor munn og skrukkete kinn. Ho skal ha store hender og svømmehud mellom fingrane. Frå underlivet og nedetter ser ho ut som ein fisk med skjel, hale og finnar.

Heller ikkje henne er det vanleg å sjå før farlege stormar er i emning. Ho dukkar i bølgene og kjem opp med fisk i hendene. I fall ho då vender seg mot skipet, leikar med fiskane eller kastar dei på skipet, blir karane redde for at mange av dei skal døy. Men om ho et fiskane eller kastar dei vekk frå skipet, har mannskapet godt håp om at livet blir spart, jamvel om dei skulle komme ut for sterk storm. (Frå Kongsspegelen, kapittel 16)

C. Kraken - stor nok

Kraken skal vere eit skremmeleg digert sjøuhyre utanfor kysten av Noreg og Island. Kongsspegelen fortel det er "svært få som kan fortelje noko presist om det, ettersom det sjeldan blir sett av folk." Kraken kjem nesten aldri inn til kysten eller stadar der fiskarar kan sjå han. Skrivaren av Kongsspegelen held fram: Han kan ikkje seie noko bestemt om kor lang han er, for dei gongane folk har sett han, har han likna meir på ei øy enn ein fisk.

Kraken matar seg slik: Først gulpar han opp litt av mageinnhaldet så fisk kjem settande for å få seg ein bit. Då tar han dei ved å "svømme dei inn" med vidope gap, så breitt som eit sund eller ein fjord, og så lukke kjeften. (Kongsspegelen, kapittel 12)

Sjøormen

Sjøormar høyrer også med blant våte vesen som folk før i tida var sikre på fanst. Turistkontor i mange kommunar ser seg også tente med å reklamere med sjøorm på staden, men kanskje aldri med ◦knivskarpe, bra innzooma bilde eller videoar. Men likevel, som det står, "Turistnæringen i Øvre Telemark satser stort på at tradisjonen om sjøormen i Seljordsvannet vil bli en severdighet på høyde med skotske Nessie." [Mykje meir om sjøormen] [◦Digital bok om sjøormar] [◦Frå Seljord]

Draugen

Fantasifiguren draugen såg dei på som ein gammaldags fiskar i skinnstakk, skinnbukser, skinnhatt og sjøstøvlar, men hovudet var berre ein tangvase, armar og bein var unormalt lange i forhold til resten av kroppen, og han segla i ein halv båt, skriv Hodne. Aleine segla han, og heldt støtt same kurs som fiskarane. Ropte og skreik han over til dei, måtte dei ikkje svare, for då kantra båten.

Eit båtmannskap som møtte draugen i den halve båten, kom aldri velberga i hamn, sa dei. På land likna draugen til forveksling ein tangstein i fjøra, og måtte ikkje uroast. Tok ein i ein slik stein, eller banka sjøvottane på den, blei den straks levande, sette i eit fælt skrik og rulla på sjøen så vass-spruten stod etter den, akkurat som ein oppskremd kobbe.

Var utstyret i båten rota til om natta, var det draugen som hadde vore på ferde (eller sel). Det var særleg viktig å merke seg om årene var endevende og låg med blada framover, for det varsla at den som brukte å sitte og ro i dette rommet i båten, måtte døy.

Draugen var redd stål, eld, glør og ekskrement frå menneske, hadde folk som tru. La ein slikt på trosse og tofter, skremde ein han - venteleg sel også - frå å komme opp i båtane om natta. Allereie sagalitteraturen nemner dette som eit antidemonisk middel.

[Etter Hodne 1999:206-7]

Fisk som oppfyller ønske

Somme eventyrfiskar gir hell og lykke, særleg fisk som kan snakke og oppfylle ønske med folk som kan handtere ønska sine. Om ikkje fisken kunne tale og oppfylle ønske, fekk ein kanskje mat av han like fullt: Ein skulle berre innrette seg vel i forhold til vrimmelen av tabu for fiskarar, og bli kunnig i fiskargjerninga. Det aula av tabu.

Nasefiske kalla dei det når fisken beit med éin gong; det var eit dårleg teikn, og uttrykket "nasefiske er aldri godt" var ordtak langs heile kysten.

Det var fast regel blant mange kystfiskarar at båten aldri måtte vere heilt tom, aldri heilt lens for fisk. Som oftast fekk første fisken den tvilsame æra av å bli liggande i båten etter dagens fiske. Somme let han bli der vinteren gjennom, like til fisken var ròten utpå våren.

Det gav fiskelykke å kaste ut i namnet på ei elska kvinne, trudde mange.

Med det same fisken blei halt om bord, var det vanleg å spytte eller blåse den i kjeften, ete hjartet av den, drikke blodet, smørje hendene med den og skvette eller smøre fiskeblod på båtborda. Somme helste den "God morgon!" og velsigna den.

Men den som fekk urimeleg diger fangst eller ein sjeldan rugg på reiskapen, han kom til å døy ganske snart, eller nokon i huslyden hans. "Før eller seinare", kan ein legge til stilt. Når nokon døydde like etter ein diger fangst, sa folk noko sånt som: "Å, det var nok feigdarfisken hans vi fekk." Med det meinte dei "daudevarselfisken". Førestillinga om at fangst somtid varsla daude, var utbreidd. Nokre hummarfiskarar på Karmøy som hadde sett ut teiner på ein bededag, blei så forskrekka over kjempefangsten at dei aldri meir sette ut reiskapen på heilagdagar; dei var livredde for at dei hadde fått "feigdarhumrnar".

[Hodne 1999:210-11]

Gåver til gjeldgjeld for fisk

Når dei kom til dei vanlege fiskeplassane, var det skikk og bruk at høvedsmannen skjenkte sjøen og fisken ein dram for god fangst ved å slå brennevin bak seg og ut i vatnet. Uttrykket "ein drope i havet" seier noko om den praktiske verdien av slikt. Men den som var i akutt fare og hadde reiskapen ståande fast i bunnen eller mislykkast totalt med fisket, såg seg betre tent med sterkare middel. Eit av dei var å love å ofre noko av fangsten i mat eller kontantar til eit kristeleg formål for å få hjelp til å klare seg. Skikken fanst godt inn på 1900-talet.

Ein kunne også love noko på førehand for å bli velsigna med mykje fisk. Men det måtte komme frå hjartet, og måtte ikkje gløymast når faren var over.

For å dra nytte av velsigninga eller fiskelykka til eit anna menneske var det mange som kasta i namnet til ein dei var glad i eller som trong hjelp. Det gjaldt å finne eit namn fisken beit på. Folk nytta ofte formelprega bønn, "runekunster", for å få innlandsfisk til å bite betre og gi større fangst. Mange av desse bønnene er svært gamle. Kystfiskarane har gitt frå seg færre slike bønne til uvedkomande.

[Hodne 1999:212-14]

Hulder og huldrevatn

I den nedarva folketrua i Noreg fanst huldra. Hulder fanst både i saltvatn og ferskvatn i segnverda. Å sjå huldrefiskarar på sjøen, varsla derimot godt for fiskelykka. Somme styrmenn og skipperar segla ikkje til Lofoten utan at det var eit rom ledig til huldra om bord.

Det var mykje ved segner at folk blei bitre av trua og dessutan åtvara mot å "trasse maktene og ta seg til rette" på stadar som skulle vere verna med usynlege restriksjonar.

Blant innlandsfiskarar var det lenge viktig folketru at underjordsfolket rådde over fisken i vatna og hadde sine eigne huldrevann og -tjern med dobbelt botn. Dei som fiska slike stadar, fekk straks motgang. Fisken kunne bli tatt frå dei mens dei sov; eller det kom skremmande uvêr.

[Hodne 1999:215-16]

Havstrilar ved Bergen
"Havstrilar ved Bergen". Litografi frå 1852 etter akvarell av Johan Fredrik Eckersberg. 1851. Utsnitt

Anna frå fiskarlivet

Folketrua i fiskarmiljø heldt det meste av kystbefolkninga fanga i grepet sitt. Det syner eit samla norsk kjeldemateriale frå 1800- og 1900-talet. Slik folketru speglar seg i skrøner og andre forteljingar. Her er nokre korte glimt. Det meste av dei korte, avstutta og omsette utdraga her er frå boka Norsk folketro (1999) av Ørnulf Hodne.

Beste fisketida

Folk satsa på at fisken beit best ved veksande måne og stigande sjø. Å sette liner og garn i fallande sjø var derfor rekna som lite klokt. Likevel hadde kvart fiskelag "sin eigen måte", akkurat som ein forstod at ulike fiskeslag i ulikt slags vêr hadde. [Hodne 1999:199]

Fisket blei spådd

I fråvære av ekkolodd spådde folk om fisket blei godt eller dårleg ved hjelp av ei rekke merke og teikn i naturen. Dei tok varsel av himmellekamane, vind og vêrforhold, fuglar, insekt og dyrelivet i sjøen - og gjorde slikt med mange lokale variasjonar.

Mange fiskarar supplerte naturvarsla med spådomsmagi, mellom anna magien som var knytt til skikken med å "sette fiskefat" på julekvelden for om mogeleg å få fram framtidsutsiktene for neste års fiskefangst. Den mykje brukte metoden blei også kalla "ta sjøfat, ta julebod, sette fiskevatn". Metoden kvilte på at havet blei rekna som ei balje med sjøvatn, og fisk blei representerte ved luftblærer i vatnet om det fekk stå. Kor perlene stod i baljen blei tolka som kor uti sjøen fisken fanst.

Presten og naturforskaren Hans Strøm omtaler skikken i "Sunnmørsskildringa" frå 1760-åra: Første julenatt sette fiskarane fram på bordet eit tinnfat fylt med sjøvatn, dekte det med eit klede eller eit flatbrød og sette det på eller under stuebordet nær eldstaden, og ville spå og vurdere korleis fisket eller torskefangsten blei frå juletider og vidare - ut frå rørslene og endringane ein merka i vatnet morgonen etter. Ut frå luftblærene som hadde danna seg i vatnet om natta, spådde dei så om kommande års fiske. Mengda av "luftperler" skulle syne om fisket blei rikt eller dårleg. Samla dei seg nær botnen og midt i fatet, kom fisken til å stå djupt. Men låg dei langs kanten, ville den komme nærare land og stå høgt i sjøen, trudde dei. Og var det meir luftbobler på ei side, peika den ut den sida i "den store baljen" der fisk var å finne. [Hodne 1999:144]

Folk hadde dessutan mange andre vis å ty til. I ein metode blei det til dømes tolka positivt om eit øyrebein frå ein fisk blei kasta i vêret og fall ned "på rette sida" eller med den hole delen opp.

[Hodne 1999:200]

Rundt båtturen

Mykje fare og uvisse avlar godt med overtru som siktar mot å få kontroll over forholda med mange slags tenkelege middel: somme av dei kan verke truverdige for mange som ikkje er heilt vaksne enno.

For båtturen til fiskefeltet var det ikkje gitt på førehand om ein ville komme att eller ikkje. Mange som var att heime, tenkte nok ofte med uro på at det kunne vere siste gong ein såg dei som fór, så ein søkte til ymse lykkemiddel i tillegg til å ta varsel av kvardagshenda. Sengene til dei som drog måtte stå ureidde, for noko anna spådde at dei ikkje kom levande attende. [Hodne 1999:200]

Det varsla ikkje godt om dei som drog ut, kjende ein sterk trong til å sjå seg tilbake mot heimen. Det kunne tyde på at dei såg heimen for siste gong.

Det blei rekna som ein uting å ønske god fangst til nokon eller lykke på reisa. I staden skulle ein seie eitkvart krenkande, som "Skit fiske!" Ein kunne også spytte og sparke eitkvart etter vedkomande: ein sopelime, ei skurefille, og så bortetter. Slike maskert velvillige opplegg følgde venteleg leisten "vondt skal drive bort vondt".

Tolkingane kunne vere så mange. Om ein gløymde noko heime, f.eks. ein vott, kunne det bli tolke som ei åtvaring slik at utreisa blei utsett. Og dersom fiskaren datt på vegen til sjøen, var spørsmålet korleis han datt. Fall han framlengs med hovudet mot sjøen, måtte ein berre skunde seg vidare, for då var det noko å reise etter der framme. Men ramla han baketter, spådde det dårleg fangst.

[Hodne 1999:200-2]

Ymse møte

Fiskaren såg seg jamt tent med å dra heimanfrå usedde og i stille. Det blei ikkje rekna som godt å treffe eldre, ugifte kvinner på vegen; det blei tolka som "ille for fangsten", ulykke, skade på reiskapen og at fisken blei skremt frå å bite på. Men var slikt eit møte-uhell likevel ute, fanst det motråder av naiv-magiske slag.

Å treffe ei jente på vegen til båten og bruket var vanlegvis eit godt teikn. Likevel gjaldt stort sett denne regelen: ingen kvinnfolk nær båt og reiskap - dette krenkande tabuet var ifrå tider og på stadar der den fremste oppgåva til kvinnene var å stelle heim, og husdyr som produserte mat. Arbeidsdeling frå gammalt blei altså følgt av solid skremming (tabuar og overtru) med religiøse lokk på toppen; det kunne vere haldningar; utvalde og ikkje direkte snille gudsord-forkynningar, krenking, og anna) .

På sjøvegen kunne fiskaren møte dyr. Hesten var eit lykketreff. Kråka var for mange fiskarar ein orakel- og visdomsfugl med mykje å fortelje om vêr, fangst og fiskelykke om ein kjende tradisjonen og forsto "kråkemålet". Når gamle Ulsteinfiskarar drog til sjøs og såg ei kråke, ropte dei til henne: "Kva spår du i dag, Kari?" Gol ho ein gong, fekk dei hundre fisk, to gongar, to hundre osv. Men vippa ho med stjerten og ropte "svart, svart!" drog fiskaren heim, for svart fiske betydde ingen fisk. (Herdla) [Hodne 1999:202-3]

Frå Haram blir det fortalt om eit mannskap på veg til båten: "Tusen torsk i dag, karar", kom det frå høvedsmannen.

"Kva ser du det på?" spurde ein av dei andre.

"Der stend ei kråka på mastri vår", sa høvedsmannen. [Hodne 1999:203]

Det "positive" sinnelaget

Fiskarar flest trong å tenke positivt og handle kunnig, til dels i tråd med positiv psykologi sine normer. Dei som levde av fangst på sjøen tukla også til sine eigne særlege "prinsipp", til dømes at når dei var klare til avreise og la frå land, var det skikk å vende båten med sola og ikkje mot sola, enda om det var tungvint. "En tør ikke sno baaden anderledes ende efter sola, omendskiønt saadan Snoen er ofte besverlig og umagelig." [Hodne 1999:203]

Fiskebåten

Å ha ein trygg og sjødyktig båt var det knytt ekstra mykje folketru til, så som trua på båtdåp med brennevin. Skikken med å knuse ei flaske brennevin og liknande mot skipssida eller baugen og gi båten eit namn samstundes, lever enno. Ein av måtane i eldre tid var å lense ei flaske "i nasen" på båten. Dei måtte ikkje spare på brennevinet om dei skulle ha lykka med seg, sa overtrua.

Og kom dei velberga i land etter ein hard segltur, slo dei ein dram i framskuten; den skulle båten ha i "faralag" til takk for hjelpa, for "det budde usynlege vette i han", blei det sagt. Somme gjekk i naustet jule- eller nyttårskvelden og skjenkte båten. Dei slo brennevin i fremre skottet og sa noko som dei syntest passa til han. I slutten av "Skarvane frå Utrøst" finn ein spor etter trua på usynlege hjelparar i båten, og skikkar omkring det.

Trass i slike tiltak fanst det ulykkesbåtar der folk fekk lite eller ingen fisk, og som det var lett å falle ut av og drukne ifrå. Var båten fortrolla og forbanna av ein fiende, kunne ein freiste å brenne av trolldommen med gloande merke som hadde makt til å drive vekk alt vondt.

Fann dei ei rognegrein i båten, eller noko anna av rogn i han, blei det straks kasta ut, for rogneved var "trollved", tykte dei. Men einer var lykkebringande.

Tangsteinar frå fjøra måtte aldri brukast til søkkjer og ballast, fordi det fekk fram frykta for daude og forlis i folk. Det same gjorde auskaret om det låg kvelva.

[Hodne 1999:205]

Utskjemt reiskap

Folk frykta at fiskereiskapane ikkje skulle verke som tiltenkt fordi einkvan hadde skjemt dei ut med svartekunstar. Dei fann teikn på slik fortrolling i kvinne- og kattehår, ulltrådar og grisebust i fiskereiskapen. Ei av åtgjerdene mot slikt var å breie not og garn ut på bakken og jage ein sau over. Rusla den berre roleg over, var alt i orden. Menneskelort blei også mykje brukt for å kurere utskjemt reiskap. "Fekk dei ikkje fisk på snøret, kveila dei det fint opp på tilja og "løyste buksa" over", forklarar Hodne, og vidare: "Same rådet hadde dei for sildenota. Stadige bomkast, vase på lina, floka snøre, alt kunne skuldast hat og avund frå synlege og usynlege fiendar. Men gjorde ein frå seg på ei fjøl og kasta den på sjøen, ville den på eiga hand reke opp i båtstøa til syndaren og bringe fram gjengjeld. Slik trudde mange. Dei trudde vel som fortalt, stakkars krokane. [Hodne 1999:205]

Fiskarane spytta på kroken før dei sette på agnet, for "Spyttet fordriver den Trolddomsmagt, som kanskje hænger med Fiskekrogen, naar den er forhexet." [Hodne 1999:205-06]

Når kroken gjekk i vatnet, spytta dei også på agnet og svor på god fiskelykke med kraftfulle ord som "Tvi, vore!"

Gav eller fekk ein agn av ein annan, kom daglig-ritualistisk takkevegring fram i dagen, og dessutan givarvarsemd: Agnet han gav, måtte ikkje bli misbrukt til skademagi mot han. Derfor la han først agnmakkane i kross for ikkje å miste fiskelykka. (Sunnmøre)

Ved og på fiskefeltet tok dei varsel frå dyr omkring seg i sjøen og lufta, særleg kobbe, ørn, måse og skarv. Med fuglar og sel var det slik at kom dei imot, blei den utur, men drog dei same veg som fiskarane segla og rodde, tydde det godt fiske, særleg utanfor skjergarden. Flaug skarven med båten, gav dei han eit fiskestykke. "Hurra, vi har skarven med oss!" ropte dei då.

Tabureglar

Ein gjer så mangt for å halde ut eller hindre ulykka. Fiskarane på sjøen var bundne av ei rekke tabu som var mynta på å hindre ulykker og gi betre fiskelykke. Ordet tabu syner til forbod mot visse handlingar eller mot å nemne eller røre visse menneske, dyr eller ting. Det kan også vere eitkvart som blir omfatta av tabu, noko som det ikkje skal snakkast om, og forbod mot visse handlingar - bråk, plystring og høgt, unødvendig snakk. Det som blei sagt, skulle vere i alvor, utan krangel og uvennskap. Sinnelaget skulle vere lyst, optimistisk og fredeleg, og det var bra å synge litt.

Men visse namn måtte ikkje nemnast om bord. Ein var nøydt til å gå krokvegar og bruke toskete erstatningsord i staden. For "geit" kunne ein seie "hornskore" eller halde munn. I staden for "kobbe" sa dei mellom anna feitenakke. For "sau" sa dei snauskalle. "Gud" blei "Storefar" og liknande. Kråka kalla dei Kari, og skarven Jakob. Så kjende dei seg tryggare.

Når fangsten var i land, kunne dei ikkje seie så sikkert kor mykje dei hadde fått, men noko unnvikande, som "Det blei no til kokefisk" med variantar.

Folk heldt stilt om fiskeplassane sine, og brukte gåtefullt språk for å løyne siktemerka (meda) dei brukte for å finne og halde seg på fiskeplassane sine.

Vêrmagi

I eventyret "Skipperen og Gamle-Eirik" driv ein med vêrmagi. God bør var noko ein kunne skaffe seg dersom ein kjende dei rette kunstane. Det vanlegaste omfatta så som å klø masta skikkeleg med fingrar og så kanskje plystre i tillegg. Kom ikkje medvinden likevel, var det fordi dei ikkje klådde skikkeleg. Like mykje brukt var å "kjøpe seg vind" med eit pengestykke som dei slo inn i ein sprekk i masta, eller ofra til sjøen. Var dei svært opprådde, måtte det noko meir verdifullt til, så som eit par sjøstøvlar. [Hodne 1999:213-14]

Åtvaring mot luftslott

Det er eit hardt hjarte som gir med tom hand.

Det skal gode ord til å fange folk med (Ordspråk).

Det er snarare gjort å falle enn å reise seg (Ordspråk).

Når ein dett er det inga betre råd enn å reise seg (Ordspråk).

Tolking i høvet: Å gi segner og overtru vidare utan å få fram at tekstane ofter er fri fantasi, altså "tomhendte" på mange måtar, syner fråvær av hjartelag. Men å gå så langt som å avvise alt i folketrua og -tradisjonen som fjollete, kan også gå gale av stad. Dikt er ikkje alltid røyndom, enda om det kan ligge noko i dikt for ein som ser rimeleg godt etter, og kanskje eitkvart fornuftig bakom somme tradisjonar, så som å vere stille i robåten. Det finst eit amerikansk ordtak: "Tvillingtoskar: den eine trur blindt, den andre avviser blindt." Vi skulle leite og sjå etter, sjekke, sa Ivar Aasen. Forskarar gjer i store drag slikt.

Unge kan bli fanga av soger som bind dei i gale oppfatningar for livet. Folketru og bibeltru går saman i ei rotete blanding, og mangt i Bibelen har synt seg å ikkje stemme. For eksempel, berre få av dei 31 stadane som Bibelen fortel at Josva hærtok, syner teikn på krig frå den tida, og det er opptil tusen år imellom då somme av dei blei ruinar.

Når ein har blitt utsett for slik vanlykke som å tru på mangt som ikkje stemmer, kan ein iallfall prøve å reise seg med litt støtte i blant anna Kalama Sutta sin visdom, relevante arkeologiske funn og så vidare. Ein gjer normalt klokt i å ikkje låne øyre berre til fantastane som strevar for narreverk.

Innhald


Fiskartru, norsk folketru, litteratur  

Hellevik, Alf, oms. Kongsspegelen. 8. utg. Oslo: Samlaget, 1976.

Hodne, Ørnulf. Norsk folketro. Oslo: Cappelen, 1999.

Larson, Laurence Marcellus, tr. The King's Mirror (Speculum regale Konungs skuggsjá). New York: American-Scandinavian Foundation, 1917.

Vigfússon, Guðbrandur and Frederick York Powell, trs. Origines Islandicae; a Collection of the More Important Sagas and Other Native Writings Relating to the Settlement and Early History of Iceland.. Oxford: Clarendon Press, 1905.

Wikipedia, sv. "Kongsspegelen".

Aasen, Ivar: Norske ordsprog. 3. utg. Vestanbok. Voss, 1982.

Fiskartru, norsk folketru, opp Seksjon Sett Neste

Fiskartru, norsk folketru BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]