Norsk del, Gullvekta
Bergen og slekt derifrå
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Coat of arms for the municipality of Bergen (kommune), Norway, Bergens kommunevåpen. Frå Wikipedia Commons.
Bergens kommunevåpen

Bergen og omland er ein storbyregion i Hordaland fylke, og som omfattar Bergen by og Strilelandet kring byen (Midthordland og Nordhordland).

Bror min og eg slektar ifrå Bergen og Strilelandet omkring på både fars- og morssida. Sør i fylket finst også anar frå mellomalderen.

Bergen er nest største kommunen i landet etter folketalet. Grensene i dag er frå 1972, då Bergen og kommunar omkring blei slått saman - Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane kommunar. I det høvet blei Bergen også innlemma i Hordaland fylkeskommune.

Namnet Bergen kjem av norrønt Bergvin, og Bjørgvin, av berg eller bjørg, 'berg', og vin, 'eng'. Bergen fekk status som by på kong Olav Kyrres tid, rundt år 1070. Det heiter i kongssoga at Olav Kyrre fekk bygt ei trekyrkje på Holmen (seinare kalla Bergenhus) og starta bygginga av ei steinkyrkje også. Han peika ut Bergen som bispesete for Vestlandet. og kong Øystein (1103–28), fekk reist ein kongsgard av tre like ved dei to kyrkjene. Under kong Øystein flytta kongemakta ned til sjølve byen. Frå midten av 1200-talet blei trebygningane i kongsgarden erstatta med steinhallar, blant dei Håkonshallen. Anlegget ble omgitt av murar med tårn. I eitt av tårna innretta kongen eit kanselli.

Kongemakta knytta seg til Bergen fordi det blei drive mykje handel i byen. Fiskevarer kom nordfrå, og korn, klede, vin m.m. frå utanlandske handelsbyar. Byen voks fort, og var den største byen i Norden fram til 1600-talet, og den største her i landet til 1830-åra. Størst treng ikkje vere best. Eg berre minner på det.

Oslo tok over som hovudstad i 1299, og etter Svartedauden 1349–50 fekk Bergen bysamfunn ei veik tid. Skipsfarten blei kraftig minska til nokre få skip i fart langs kysten til Nord-Noreg. På 1500-talet tok bysamfunnet seg opp att, og hanseatane som hadde røva og tatt over så mykje av handelen tidlegare, blei trengt tilbake. Folk innvandra til byen frå mange kantar, Danmark, Tyskland, Nederland og Skottland. Herifrå kom ein av anane mine. Han var av gammal adel på Orknøyene, blei bergensborgar og sidan borgarmeister då byen var størst i Norden.

Byvåpenet i bruk i dag har ei sølvfarga borg på gull-fjellgrunn mot raud bakgrunn. Våpenet har røter tilbake til 1200-talet. Det var opphavleg baksida på eit dobbeltsegl og synte ei borg med mur rundt på eit tredelt fjell. På 1400-talet blei fjellet under borga til sju kuler for sju fjell. I 1924 blei den gamle borgtypen innført att, men den sjudelte fjellgrunnen fekk bli. Fargane blei også offisielt stadfesta då.

Bergen har eit mildt og fuktig kystklima, med 213 døgn med nedbør i året i snitt. Den 21. januar 2007 var det gått 84 samanhengande døgn med nedbør. Det var rekord. Det blir like fullt rundt 150 dagar utan nedbør kvart år i snitt. Ulempen er at i klart vêr og med stille luft kan bergensarar bli forpesta av seg sjølve – det vil seie lufta blir fort helseskadeleg i finevêr [1].

Ein person frå Bergen blir altså kalla bergensar, og bergensdialekten ber preg av påverknad frå tyske hanseatar. Prostitusjon i Bergen har lange tradisjonar attende til mellomalderen og er til dels også ein slags arv frå hanseatar: også på det feltet farga hanseatane og forholda deira leie tradisjonar i byen. [Wikipedia, s.v. "Prostitusjon i Bergen"]

Universitetet i Bergen har i dag rundt 17 000 studentar og 3 000 tilsette. Der gjekk eg opp til engelsk mellomfag ein gong i tida.

Bryggen i Bergen står på Unesco-lista over kulturarven i verda, verdsarvlista. Opp gjennom tidene har det vore mange bybrannar i Bergen. Det kjem til dels av at dei ikkje har bygt klokt og godt nok. Det same problemet har andre norske byar hatt.

Kjente bergensarar etter fødselsår

Ludvig Holberg (1684–1754), dramatiker

Leif Larsen ("Shetlands-Larsen") (1906–1990), offiser

(- frå ei liste med 380 personar)

Div.

Bergensarar i slekta

Johan Kruckow

Den første bergensaren i dette korte oversynet er Johan Kruckow (ca. 1470 - ca. 1539) født i Bergen, seinare busett på Sørheim i Sogn. Han var riksråd frå 1524 til 1536, adelsmann og lensherre i Sogn. Han høyrde til den rike Kruckow-ætta, ein norsk adelsfamilie som hadde to riksrådar på 1400- og 1500-talet. I fleirtalsform blei Kruckowane i Noreg omtalte som "de Kruker". Slektsnavnet skreiv nesten alle som Kruko, utan w til slutt, men eitt godt kjent unntak er Johan Kruckow. Han underteikna med w-en. [Wikipedia, s.v. "Johan Kruckow"; Adelsprosjektet: Persons- og slektsnavn]

Namnet 'Kruckow' står oppført i den tyske adelskalenderen frå Pommern [jf. Vigdal. Kruckow-slekten]

Ætta kan også stamme frå Pommern opphavleg, frå kommunen Kruckow i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland. Men det kom til både Lolland-dansk og norsk grein i ætta. Den norske ættegreina kom mellom anna til å rå over store jordeigedommar på Vestlandet og på Island. Johan Kruckow er i slektstreet på både fars- og morssida vår. [Wikipedia, s.v. "Kruckow-ætten"]

Nagel-slekt

Far til Anders Berntson Nagel som kjøpte Nagløyri i Sogndal, var Berent Berentson Nagel (1610-79). Berent var son av Berent Nagel (1564-1635) og Anne Dominicusdatter Friis (1570-1616).

Friis-slekt

Anne Dominicusdotter Friis (ovanfor) var dotter av Dominicus Friis og NN Schelthusdotter, som var dotter av Schelthus Clausen. Friis-namnet syner tilknyting til Frisland.

Jon Randall

Jon Randall (født ca. 1470, daud før 1561), kom til Bergen frå Orknøyene. Han var av adelsslekt. I Bergen blei han først borgar, og sidan borgarmeister fram til 1561. Han blei gift med ei norsk kvinne av adelsslekt. [Meir Orknøybakgrunn]

Fleire detaljar: Litle-Jon (Tomasson) fra Orknøyene (av ei Randall-ætt), blei kjøpmann i Bergen og éin av byen sine to første borgarmeistrar. Han blei kalla Litle-Jon fordi byen hadde ein eldre Jon Tomasson (Klerk). Då borgarmeisterembetet blei innført i det som då var største byen i Norden, var Litle-Jon sjølskriven i stillinga (Bergen hadde alltid to borgarmeistrar). Som borgarmeister hadde nok Litle-Jon rang på linje minst med lågadelen, men truleg var han også født adeleg på Orknøyene, som hadde vore norske i mange hundreår før. Jon blei født i dei tidene Orknøyene blei annekterte av den skotske krona i og etter 1472.

Jon busette seg i Bergen som kjøpmann i konflikt med hansa-kontoret der. Han var ein av rådmennene i byen i 1531, og frå 1543 ein av to borgarmeistrar. Magister Absalon Pedersson Beyer skriv i verket sitt Om Norgis Rige at "hand var gudfryctig from oc retuis, hand var oc en nyttig mand j. denne byen (Han var gudfryktig from og rettvis, han var også ein nyttig mann i denne byen)". [Det skriv Wikipedia, s.v. "Jon Tomasson"]

Jon var gift med hustru Magdalene Tørrisdotter. Dei hadde minst tre barn. 'Hustru' var i si tid lågadelstittel for norske kvinner, og 'frue' høgadelstittel. Jon må ha vore ein velstandsmann, men døydde truleg mens barna var unge. Kona til Jon, Magdalena, var født kring 1515, og var av lågadel både på fars- og morssida. Far hennar var Torgils (Tørris) Amundson, og mor hennar var Angerd Torsteinsdotter.

Då Litle-Jon døydde, dreiv Magdalena handelen i Bergen vidare til 1568. Då gifta ho seg med Hans Laurensson (daud 1570), ein sunnmørsfut av lågadel, og flytta til Sunnmøre. Hans budde i Søvik - det var kanskje gammalt Synnes-gods - og dreiv og kjøpte gardar av Synnes­godset. Magdalena fekk storgarden Søvik som bustad og heldt fram å drive handel. Den nye mannen hennar døydde etter eit par års tid. Store delar av året budde ho no i Bergen og hadde omgang med den bergenske sosieteten av storkjøpmenn, embetsmenn og byen sin høg- og lågadel. I 1571 var ho ein av dei største skipsreiarane i Bergen.

Med Litle-Jon hadde Magdalena sønene Tomas og Carsten (Karsten). Dei slo seg ned på Sunnmøre: Tomas i Spjelkavik og Carsten på Førde i Volda (Garden heitte Fyrde før). Carsten Jonsson Randell blei født på 1500-talet i Bergen og døydde på Vernikgarden (gards- og bruksnummer 47/1), Fyrde, Volda. Han og kona, Maren Jørgensdotter Staur, var begge av adelsætt. Maren var dotter til Jørgen Pedersson Staur som var lagmann i Trondheim amt, og Gudrun Jonsdotter Teiste. Dei har stor etterslekt.

[Hovudkjelde: Dale (sjå under)]

Niels, Malene, Maren, Johannes, og Mons soldat

Dei to neste i oversynet er Niels Eriksen og Malene Andersdotter. Dei budde Bergen, men eg kan ikkje seie for visst kor dei og slekta deira kom ifrå.

Dottera deira, Maren Cath(a)rine Nilsdotter, blei født den 16. juni 1790 i Bergen. Ho gifta seg med Mons Johannesson Jamne (født i 1784 på Jamne i Vaksdal, Hordaland). Dei gifta seg den 26. august 1810 i Bergen. Han står oppført i Vaksdal Bygdebok, Band 1, Bruvik Sokn, side 711. Der står: "Mons, soldat 1814 i stridane ved svenskegrensa, kom ikkje att." Men han er med i folketellinga frå 1815 i Bergen, og oppført som militær der. Maren døydde den 27. januar 1850 i Bergen.

Mons og Maren fekk sonen Johannes Monsson Jamne i Bergen den 17. juli 1811. Han drog sidan til Ålesund der han arbeidde som tresmed. Han gifta seg med ei frå Veblungsnes, som i våre dagar ligg i Rauma kommune. Dei budde i Ålesund, fekk ein son som rydda eit gardsbruk og gifta seg med ei frå Hjørundfjord, og etter enda to ledd kom bror min og gjorde bergensar av seg.

Forfedrar og formødrar frå Songstad, Takvam, Kvamme, Indre Arna og Ytre Arna er ikkje tatt med i Bergensoversynet her, enda om desse stadane ligg i Arna bydel i Bergen no. Då Arna-anane våre levde, var ikkje Arna ein del av Bergen. Arna kommune var heller ikkje blitt skipa. Sjå eiga Arnasida.

Innhald


Bergen i slekta, Nagel, Friis, Johan Kruckow, Jon Randall, Niels, Malene, Maren, Johannes, Mons, litteratur  

Adelsprosjektet: Persons- og slektsnavn: En materialsamling om adelig navnebruk, redigert av Tore Hermundsson Vigerust. kane.benkestokk.teiste forlag, 1988-2002.
www.vigerust.net/adel/adel_slektsnavn.html

Dale, Bjørn Jonson. Halvt lilje, halvt ørn.
www.soga.no/bjodale/kronologien/hustmagd.htm

Store norske leksikon, s.v. "Bergen".

Veka, Rolf Erik. Bygdebøker for Vaksdal. Dalekvam: Vaksdal Historielag. Nett-utgåve, 6 oktober 2011.
www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Vaksdal_Historielag

Vigdal, Per Anton. "Kruckow-slekten" i Slektbok Sogn. Nettbok. 2005.
vigdal.org/VigdalBok/11_KRUCKOW.htm

Wikipedia, s.v. "Bergen", "Kruckow-ætten", "Johan Kruckow".

Notar

1. Elliott, Stig Erik. "Været har reddet bergensluften". NRK Hordaland. 15.1.2010.
www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.6948336

Bergen i slekta, Nagel, Friis, Johan Kruckow, Jon Randall, Niels, Malene, Maren, Johannes, Mons, gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Bergen i slekta, Nagel, Friis, Johan Kruckow, Jon Randall, Niels, Malene, Maren, Johannes, Mons, gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]