Norsk del, Gullvekta
Persiske ordspråk ≍ Persian Proverbs
Seksjon › 36 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Han gir frå kalifens sekk (Persisk ordspråk).

"Endeleg!" kan ein tenke. "Endeleg ei samling utvalde persiske ordspråk på nynorsk og engelsk." Det er no så -

Persisk blir tala i noverande Iran og i andre land, som Afghanistan og India. Ordtak er gjerne samanfattingar i ettertid av hendingar eller gir glimt inn i kulturelle forhold. Gode ordtak kan nå opp til å gagne litt imot å gjere gamle feil om att. Utanom tenkt nytte gir ordtak kosteleg underhaldning.

Kloke ord med på vegen treng ikkje vere vanskelege.

Kloke ord i ettertid, etter fæle hendingar, gir kanskje god meining, men ikkje alltid tidsnok til å gagne fikst.

Behagelege åtvaringar, vakre vink og førebuingar styrt av vise innsikter i førekant av hendingar, kan derimot hjelpe vidt og vel. Det får ein då håpe.

Kva er det med setningane som har * (stjerne) etterhengt? Dei er for omforma til å gå for klare omsettingar, etter mi meining.

Korfor omforme ordtak? For at dei skal stemme betre i livet, helst langt betre. Det finst også andre grunnar, til dømes poetisk snert eller smak og behag. Inspirasjonane attom omformingane her på sidene er i alle høve tatt med på engelsk, så ein får tilfang å tygge på ut frå jamføringar og litegrann tenking. Ein står litt fritt, ja.

Her i samlinga går vi til forskjellige kalif-sekkar (samlingar med persiske ordtak) for om mogeleg å å finne kloke ord for heimen i dag, for vår eigen kultur.

Persisk eller farsi

er eit iransk språk med gamle røter. Det er offisielt riksmål i Iran, der over halve folket har det som morsmål, og i Afghanistan. Dessutan blir det snakka i Usbekistan og Qatar. Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. I Pakistan og India har det gjerne status som eit danna, litterært språk. Persisk blir skrive med ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, frå høgre til venstre. [◦Meir]

Innhald


Persiske ordspråk, Persian proverbs, litteratur  

Aram, Homayoon, coll. Wit and Wisdom of Three Worlds: A Bilingual Collection of Popular Persian Judaic and Western Proverbs and Expressions. Bethesda, MD: IBEX Publishers, 2008. ⍽▢⍽ Dr. Aram, iranar av jødisk avstamming og no med bustad i USA, har valt ut omkring 4 000 ordtak og talemåtar frå persisk, jødisk og vesleg litteratur og ordna dei i temagrupper. Kjekk bok.

Eghbal, Farshid. Famous Proverbs: Persian-English. Script. Teheran: Sabokbaran, 2004. ⍽▢⍽ 290 av sidene er fylt med ordtak og frasar (idiom) - eit laust overslag er 1800-2000 i sum. Forklaringar er ikkje med, så somt i boka kan verke gåtefullt, som at forordet står bak i boka og fortel at ordtak viser bitar av kulturen og samfunnet ein stad. Persiske ordtak er hyppig tatt ifrå verka til dei store diktarane eller filosofane. Og somme ordtak motseier kvarandre, fortel Eghbal dessutan.

Elwell-Sutton, Laurence Paul. Persian Proverbs. London: John Murray, 1954. ⍽▢⍽ Boka er band 35 i serien The Wisdom of the East.

Habibian, Simin K., coll. One Thousand and One Persian-English Proverbs: Learning Language and Culture Through Commonly Used Sayings. 3rd. ed. Bethesda, ML: Ibex Publishing, 2002. ⍽▢⍽ Bokstavelege omsettingar av 1001 av dei best kjente persiske ordtaka i lag med ganske like engelsk ordtak. Boka kan gi gløtt inn i persiske veremåtar og tenkemåtar, og ordtaka er ordna i temagrupper. Det er ei kjekk bok.

Hayyim, Suleiman. Persian-English Proverbs, together with Idioms, Phrases, Glossarial Notes, Mother Stories, Etc. Teheran: Beroukhim, 1956. ⍽▢⍽ Ei nyttig bok, men ute av handelen, ser det ut til. Det står ordtak på persisk og engelsk på 460 av dei 820 sidene, og forklaringar til somme. I sum kan det vere rundt 4000 ordspråk i boka, kanskje noko meir. I tillegg kjem talemåtar i ein eigen bolk, og så kjem ymse oversyn.

Wilson, Horace Hayman, red. A Collection of Proverbs, and Proverbial Phrases in the Persian and Hindoostanee Languages: Persian, Vol. 1. Calcutta: The Hindoostanii Press, 1824. ⍽▢⍽ 2222 persiske ordspråk på persisk og engelsk. Dei fleste blei samla og omsette av Thomas Roebuck.

Persiske ordspråk og munnhell, ordtak frå Persia, opp Seksjon Sett Neste

Persian proverbs, persiske ordspråk, ordtak frå Persisk BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]