![]() |
Plantemedisin | |||||
| 15 2 9 | ||||||
|
Litt om og menMellom "farlig, farlig" og trygt og godtÅ prøve sjølv kan vere farlig. Men det kan også ende kjekt.
Mange kombinerer frå dei tre tilnærmingane ovafor. Plantemedisin kan altså invitere til fleire slags tilnærmingar, og slett ikkje alle er like forsvarlege. Tre av hovudstrategiane er rissa opp kort ovafor. Ein utprøvar skal vite det kan ta slektsledd (generasjonar) å vinne lærdom nok til å forholde seg klokt til plantar og urter og medisinar like eins. Det heng mellom anna slik saman:
Innsanka erfaringar over mange hundre år kan vere tiltrengt for å vite kva for mat, plantar og urter som er godt og trygt å innta, i kva for mengder, og korleis det må lagast i stand, og når på året. Dyrkingsforholda spelar også inn med plantevernmiddel og forringande måtar å dyrke jorda på. Eit døme: Blåskjel blir dyrka i norske fjordar sørpå og vestpå. Men blåskjel kan vere spesielt giftig mellom april og august i sær, og dessutan resten av året. Giftige blåskjel kan føre til minnetap, lammingar og død. Streng kontroll må til. [1] Anna må også med: Mykje kjem an på kor forgifta fjordvatnet eller jordsmonnet eller lufta kan vere. Heile 34 norske fjordar er forgifta; ein blir rådd ifrå å ete fisk, skaldyr eller fiskemat frå dei. Giftene som er mest framme er kvikksølv, PCB, kadmium og bly. Slikt sjøvatn finn ein frå Oslo i søraust til Hammerfest i nord. [◦NRK, 8 juli 2007] Alliert med oppsamla kunnskap
Kva for plantar kan hjelpe mot (og for) kva? Det finst mange bøker i handelen om desse tinga. Og nedafor står ei liste over litt av kvart. Lista er ikkje komplett, verken på den eine eller andre måten. Ved botnen av sida står det opplista plantebøker og urtebøker. Heller ikkje den er komplett og oppdatert no lenger. Ingen data på denne sida får fortrengje og erstatte medisinsk sjekking og behandling. Dei som treng medisinsk undersøking og oppfølging, treng å oppsøke kvalifiserte behandlarar. Somme finn seg tent med urter av ulike slag, brukt på ulike måtar, mot litt av kvart forskjellig. Mykje kjem nok an på kva for plager det er og kor langt dei vel har komme. Noko kjem også an på kva for urter ein går inn for, kvaliteten deira, og noko kjem an på lagringa, tillagingsmåtane, doseringane, og så vidare. Det er mykje å ta omsyn til. På neste side står plantebaserte middel. Der står somt som kan vere med og forklare utvalet på denne her sida. Det ligg ingen tilrådingar i lista, den skal ikkje oppfattast som meir enn ei pedagogisk syning; den har bakgrunn i plantetradisjon og mange nyare medisinske funn. Ein veit heller ikkje så mykje om korleis mange plantar verkar. Reservasjonar AKva figur 1 syner -
MIDDEL (URTER): Verknaden av middel (her: urter) er synt som ei gulfarga ellipse. Eg gir den høgredreiing (pila) for å syne at dei hjelper i retning av tilfrisking, altså betring. PLAGER: Det som er farga grønt kan vere plager ein går til komplementær (alternativ) behandlar med. Vi kan her tenkje oss ei annleis slags dreiing i skjol eit plagekompleks har altså fått venstredreiing. Somme plager har stemningar knytt til seg depresjonar kan komme av andre ting, til dømes. I så fall og i den grad dette er tilfelle, er depresjonane kanskje ikkje hovudårsaken, men meir som symptom å rekne. Det er godt kjent. Det er naturlegvis verdt å sondere mellom ganske overflatiske plager (delane av symptombiletet ein kan merke og fatte) og djupare feilverksemder involvert i ånd og organisme og som vel kan vere involvert, dei også, i lag med dei symptoma som er lettare å nå i: Når legar kryss-sjekkar symptom for å danne seg eit symptombilete og finne nærare ut av kva for sjukdommar som vel kan vere involverte, set dei saman puslespelbitar og kjem fram til namn på sjukdommar. Slik er det ofte. Moderne legebøker har plansjar med løyper som hjelper vanleg folk å gjennomføre liknande sjekkingar. [jf Fam] BAKGRUNN: (1) På figur 1 er det feltet der ein kan vere bevisst, farga blått. Det står øvst. Der ein er ubevisst, er feltet brunaktig. Merksemdhorisonten til den enkelte ligg imellom som ein vassrett strek. (2) Ein kan også vere uklart medviten om somme av plagene det er ikkje synt i detalj på figuren, men symptom som ein kan merke uklart, ullent, ikkje tilrekkeleg klart, er det mogeleg å fatte når ein blir fortalt om dei. Du kan tenkje deg dei står kloss under medvetthorisonten (det er grenselinja mellom bevisst og ubevisst) litt nedi det brune feltet. PÅVERKNADER, INTERAKSJONAR: Dersom middelet eller midla når fram (inn) til plagene og "skubbar dei vekk" meir eller mindre, heilt eller delvis, for kortare eller lenger tid eller varig, er det gagn i det middelet, seier ein truleg. Her kjem faktisk mange reservasjonar til: RESERVASJONANE: Ikkje gamble: få lege til å diagnostisere deg o.a. - sjølv om du driv med sjølvhjelp og eigenomsorg det er jamt tryggast. Ikkje kast vrak på legeordinert, nødvendig medisin fordi du har lindring og/eller tilfrisking (desse tinga kan bli kortvarige og ta slutt kva då?) av midla. Pass på at du ikkje forkludrar verknader av legeordinerte middel med anna; ein må kunne mykje for å drive sjølvhjelp forsvarleg. Figur 2: Om utilstrekkeleg betring
Det neste eg kjem til, er dei tilfella der midla faktisk hjelper, og fjernar mange symptom ein vel kan vere merksam på. Kva då? I tillegg til det observerte faktumet at mange alternative middel ikkje gir varig betring eller varig tilfrisking, er det også slik at hjelpa mange gonger ikkje er fullgod og fullt dekkjande hjelp heller. Sett at dei plagene som er del av eit større eller mindre plagekompleks (sjukdom), blir fjerna ved gamle og nye alternative middel. Då risikerer ein iallfall teoretisk at dei djupare delane av ein sjukdom ikkje blir behandla, men "grev seg fast" utafor merksemda (utafor det ein er merksam på), fordi "ganske supre middel" fjerna dei plagene ein fatta. I slike tilfelle kan djupe problem gå ubehandla, gå seg til, og bli farlege, også til å døy av med stunder det kan tenkjast. Dermed forstår nok mang ein rådet om å karre seg til lege og få kyndig diagnose og hjelp snarast råd først av alt. Reservasjonar B Mykje får ein finne ut av sjølv i detteMed ting som dette i bakhovudet kan ein mang ein gong freiste å hjelpe seg sjølv med alternative remedium. Det finst mange av dei. Lista under er gjennomsett av naturlege, men ein får makte å gå til litteraturen for å finne ut kva for plantedelar som kan nyttast, og i kva mengder, kor lenge, og kva for eventuelle farar det er med somme av urtene; nokre er giftige i større konsentrasjonar, og nokre blir giftige om ein tek dei over (for) lang tid. Slikt må ein finne ut av sjølv. Blant litteraturen under kan eg vel tilrå Familielegen 1 og 2 (Familieläkaren i norsk utgåve), Nutrition Almanac, David Hoffman si urtebok, Bruset og Tveiten si enkle, greie Helse på grønn resept og William Thomson si Medisinske urter: Naturens legende planter. Det finst også andre bøker med interessante opplysningar. Merk og hugs dette er "eine grausame Salbe"!(1) Ved alvorlege sjukdomstilfelle er det ikkje noko som får erstatte profesjonell medisinsk hjelp. Bøker med alternative kurar gir mange plantereseptar og forklaringar som kan gi hjelp og supplement til legebehandlinga. Eksperimenter aldri på eiga hand, slett ikkje med giftige plantar. Ein gjer vel i å sjekke føreåt. (2) Oversikta her er verken uttømmande eller forpliktande. Ein viktig grunn: Den enkelte brukar kan reagere individuelt og også individuelt allergisk på nesten kva som helst for tida. Og så er det også det at somme plantar kan verke forgiftande dersom dei blir inntekne eller brukast i store mengder eller over lengre tid. Uvel? Bortsett frå når ein kjenner seg uvel berre i mindre grad, bør ein alltid oppsøkje lege eller anna fagpersonell. Om ein kjenner seg mykje uvel etter inntak av plantar, skal ein til lege. Og ein skal støtt koordinere bruken av urter med legen i fall ein allereie blir behandla for ein sjukdom, i og med at somme urter kan vere farlege om dei blir nytta som legemiddel [sjå McHoy og Westland, s. 4]. (3) Ved urtebasert sjølvbehandling mot sjukdom og lette lidingar (som vondt i halsen, hoste, hovudverk) som mange plantepreparat er funne lindrande mot eller kan førebyggje eller vere styrkjande middel mot og rundt må ein vere varsam. I fall symptoma held seg trass i sjølvhjelpa eller om tilstanden blir akutt med t.d. høg feber eller alvorlege smerter, skal ein straks søkje legehjelp [Sjå Thomson, s 17]. (4) Ukjent for mange kan det tenkjast at naturmedisinsk sjølvhjelp blir til sakte plage dersom symptom blir kunnig lindra eller mildare ved naturlege middel si hjelp, slik at dette kjem i vegen for eller "kolliderer med" (interferer med) korrekt medisinsk diagnose ved at ein ikkje verkar så dårleg som ein vel kan tenkjast å vere under overflatelindringar. Bruk av alternative middel må ikkje føre til svekka medisinsk diagnose og dårlegare medisinsk handsaming. Bruker ein alternative middel og går til lege for sjekking og behandling, får ein opplyse om kva ein nyttar - som trygging. Det er best.
(5) Synergieffektar (samvirkeverknader): Somme plantar går godt saman, mens andre kanskje
ikkje går fullgodt i spann med kvarandre eller medisin. Når dette er sagt,
hører det vel også med å nemne at utvalet her hører med blant dei
jamt tryggaste, generelt sett. Det vil seie at dei fleste er ikkje farlege. Men ein skal
altså kunne nok sjølv, nok til å ha det trygt med det ein held på
med. Det er eigenansvaret.
OversiktKan prøvast -1. For:
Blodstillande Kjerringrokk, ryllik 2. Mot (Eit bra utval plager og middel)
Abortar (antiabortiv:) Krossved Wikipedia inneheld mange fine opplysningar om plantar og urter frå lista ovafor, iallfall engelsk del. Den kan eg tilrå. For å sjå kva ein viss plante er lista opp for og mot her på sida, trykk på kontrolltasten og f samtidig og fyll inn i søkeboksa som kjem fram t.d. 'sitronmelisse', som har 11 oppføringar. Dessutan: Liste over norske, latinske og engelske plantenamn kan somtid vere til hjelp òg. Prøv "løk" der og finn namna på raudløk, ramsløk, grasløk, kvitløk og strandløk på engelsk og latin, til dømes. |
Tilrådde bøker***Bruset, Stig og Dag Tveiten: Helse på grønn resept. Ny, revidert utg. Gyldendal. Oslo, 1999. ***Hoffmann, David: The Complete Illustrated Herbal: A Safe and Practial Guide to Making and Using Herbal Remedies. Mustard/Parragon. Bath, 1999. ***Kirschmann, John D. og Nutrition Search. Nutrition Almanac. 6th ed. New York: McGraw Hill, 2007. ***Thomson, William, hovudred: Medisinske urter: Naturens legende planter. Teknologisk Forlag. Oslo, 1982. **Smith, Tony, hovudred.: Familielegen, bd 1 og 2 Hjemmets bokforlag. Oslo, 1983. (Svensk utgåve, Familieläkarboken (1990) finst også) *Bremness, Lesley: Urter. Damm Teknologisk forlag. Oslo, 1995. *Nielsen, Harald: Planter i folkemedisinen. Cappelen, Oslo, 1977. Annan litteraturBremness, Lesley: Den store urteboken: Dyrking. Mat. Skjønnhet. Helse. Dekorasjoner. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo, 1990Briffa, John: Kosttilskudd spis deg frisk med naturkost. Egmont Bøker Fredhøy. Oslo, 2000. Bruun, Erik og Budde Christensen: Klassiske legeplanter. Aschehoug. Oslo, 1998. Fosstvedt, Gry: Naturens duftende apotek: En innføring i aromaterapi. Grøndahl Dreyer. Oslo, 1998. Garland, Sarah: Hjemmets store bok om Helseplanter, urter og krydder. Hjemmets bokforlag. Oslo, 1980. Høydahl, Harald S, hovudredaktør: Nyttevekstboka: Ville planter til mat og drikke. Dreyers forlag. Oslo, 1979. Hoppe, Elisabeth: Den store urteboken. Gyldendal. Oslo, 1982 Juneby, Hans B.: Medicinsk örthandbok. Reformförlaget. Stockholm, 1977. Kjelvik, Sigurd and Borthen, Gerd: Nyttehagen. Gyldendal. Oslo, 1980. Lavery, Sheila: Aromaterapi. Könemann. Köln, 2000 Marcussen, Marcus: Helbredende urter: deres virkning, sammensætning og anvendelse. Ny tid og vi. Allerød (DK), 1989. McHoy, Peter og Pamela Westland: Alt om krydderurter. Könemann. Köln, 2000 Parmann, Georg og Diesen, Tove: Naturens spiskammer: Plukkeguide fra vår til høst. Schibsted. Oslo, 1979. Shaw, Non: Bachs blomstermedisin. Könemann. Köln, 2000 Starý, Fr.: Helbredende planter fra hele Europa: særpreg virkning tilberedning. Schibsted. Oslo, 1975. Ulltveit, Gudrun: Ville bær. 4. opplag. Damm. Oslo, 2001. Vasshaug, Jørgen: Nyttevekster i farger. Aschehoug. Oslo, 1957. LenkjeDavid L. Hoffmann: Herbal Materia Medica. Online [◦Lenkje]
Grunn til å passe seg for forelda urtelitteratur: Urtekunnskapen er ei "mangfaldig organisme" i stadig utvikling. Nye data kjem til og mange eldre råd fell frå av ulike grunnar og andre blir ståande. Somt av det eldre som blir sett fram, saknar prov, og somt kan vere farlig, til dømes i bøker av Nicholas Culpeper (1616-54). Dei bøkene har mest historisk interesse. Men det er ikkje berre Culpeper: År om anna dukkar det opp nye opplysningar om planter og urter, så som vanleg
hestehov, (Tussilago farfara). Hestehov blei særleg brukt i hostemidddel før, no veit ein han er giftig i større mengder og har mogelege skadeverknader på til dømes folk med leversjukdommar, barn, gravide og ammande. Planten inneheld kreftframkallande stoff og blir ikkje lenger brukt som medisinplante.
|
|
© 19992011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |