Lista gir berre eit utval av kva plager ulike middel har blitt og blir nytta for og
mot. Problemoversikt står på førre sida.
- Alfalfa Medicago sativa
Både blada og dei spirande frøa kan etast i salatar eller blandast i ein
helsedrikk. Næringsrik, vitaminrik og mineralrik klorofyllkjelde. Høver for
rekonvalesentar, hestar og kyr m.v. Frøa er klare etter 3-5 døgns spiring.
Alfalfa eller blålusern har blitt tradisjonelt nytta som "folkemiddel" mot
bl.a. høysnue. Det skal dessutan vere godt for appetitten. Ein reknar med at
alfalfaprodukt i handelen er utan sideverknader, men frøa er lett toksiske.
I tillegg til å vere det fjerde mest dyrka planteslaget i USA, og bli mykje
brukt som godt dyrefor, held dei på å ta alfalfa i bruk som biodrivstoff til
å lage elektrisitet, og dessutan er det eigna til å betre jordsmonn. Det blir
også nytta til å produsere ulike enzym industrielt.
- Alm
Hemoroidar. Sår hals.
- Aloe vera Aloe vera
Aloe blomstrar om vinteren eller tidleg om våren, og blir då opptil 90
cm høg. Ein gjer bruk av det klåre, geléaktige, midtre
bladfruktkjøtet og den gulgrøne safta frå den grøne delen av
blada. Geleen vernar huda mot luftborne infeksjonar og sopp, og kan redusere arrdanning. Den
fremmer cellefornying og kan såleis lækje betennelsar i huda og solbrentskadar
og kan prøvast mot topisk eksem.
Mens vitskapelege undersøkingar har stadfesta et at den friske geleen har
sårlækjande eigenskapar, har ein visstnok ikkje kunna slå fast at
også "stabiliserte" produkt har desse eigenskapane.
- Amerikansk dvergpalmefrukt
Serenoa repens
Palmen blei kalla Sabal serrulatum før, og har vore i bruk som bl.a.
homøopatisk middel - og bæra har blitt brukt som elskmiddel lokalt - i
søraust-USA - men den bruken synest ikkje å ha serøst belegg, etter det
vi kjenner til.
Det kan vere eit bra naturmiddel å prøve for å
kontrollere trøbbel frå prostata som veks og lett gir vasslatingsproblem for
femtiåringar og oppover.
Mindre effekt kan en venteleg vente seg om en prøver det mot anna bry i urinvegane, eller bruker det som vaginaoppkvikkar.
Ein har ikkje funne vesentlege sideverknader. I enkelte tilfelle har det gitt
magetrøbbel, og større mengder gir kan hende diaré.
- Andrographis paniculata i Kan Jang
Også kalla "King of Bitters" i utlandet. Den skal ikkje brukast under
graviditet. På nesten alle andre felt er planten svært lite giftig, den dempar
betennelsar (inflammasjon) og styrkar immunforsvaret. I Asia har den blitt nytta i hundrevis
av år mot halsvondt, feber og infeksjonar i luftvegane. I Skandinavia har den
fått medvind som middel mot forkjøling.
- Anis Pimpinélla anísum
Anis er populær i matlaginga, og hører dessutan til dei eldste
lækjeurtene. Anisfrø kan dempe kvalme og hjelpe fordøyinga, og kan brukast mot
hoste og mindre bronkittproblem ved å verke avslappande og slimløysande.
Anisplanten har lett østrogeneffekt og blir dermed nytta for (om mogeleg)
å få i gang produksjonen av morsmjølk og dessutan gjere
fødslar lettare - og stimulere seksualdrifta. Den kan auke fornying av levervev hos rotter,
viser forsøk.
Olje frå frøa har blitt tilsett legemiddel i mange hundreår
på grunn av den bra smaken - som av sukkertøyet Kongen av Danmark. Oljen verkar
på glatt muskulatur, som til dømes dei som styrer tarmrørslene, og blir
derfor brukt mot kolikksmerter og tarmluft.
Stjerneanis er ikkje i slekt med anis.
- Apebrødtre (Baobab) Adansonia
digitata
Det velkjente afrikanske apebrødtreet har svulmande stamme. Treet kan bli 2000
år gammalt, og veks seint. Barken blir brukt mot feber.
- Apotekarkattost Malva
sylvéstris
Denne planten blir nytta som salat i Asia, og og unge blad er rike på A-, B-
og C-vitamin. Når planten er laga (reia) til, verkar den noko meir "klisteraktig" enn
spinat. Slimstoffa er smørande og dempar irritasjonar i slimhinnene. Den blir
også nytta mot strupekatarr.
Blad, blomster og røter i tørka tilstand kan brukast.
Apotekarkattost har ord for å roe membranane, dempar betennelsar, og blir gitt ved
bronkitt og irritert mage/tarm. Den har blitt brukt mot små eksem, insektstikk, og til
gurgling av munnhola.
Ekstrakt av den finst i "hostesukkertøy". Frøa kan brukast som
krydder. Blad og røter blir tilsett hudkremar og hostesaft.
Planten blir rekna som ugiftig.
- Apotekarrose Rosa gallica
"officinalis"
Provinsrosa har halvdoble, djuprosa blomster som duftar meir når dei
døyr. Heilt sia Mellomalderen har dette vore den offisielle rosa til "medisinsk
rosevatn". Rosevatnet, som er mildt astringerande (samansnørande, samantrekkande, snerpande, m.m.), blir nytta mot såre auge.
No for tida blir apotekarrosa lite nytta som urt, men den essensielle oljen blir
brukt i aromaterapien i framstøytar for å redusere kolesterolnivået, og
har også ord for å vere mildt sedativt og motverke betennelsar)
- Appelsinblomst-olje Citrus
aurantium var. dulcis, Citrus sinensis
I Frankrike blir appelsin dyrka for blomane sin del. Men dei potteplantane som blir
seld som appelsin er vanlegvis rund kumquat, kalamondin eller ein vekst som blir kalla
Tahiti-appelsin.
I dag er appelsin den mest dyrka sitrusfrukta i verda. Appelsin blomstrar året
rundt med intenst angande kvite blomster.
Tyskarar har funne at appelsinblomstekstrakt hjelper til med å avspenne
innsnevra (constricted) bronkiar. Lindrar irriterte luftvegar. Verkar toniserande (har styrkande eller oppstrammande verknad) på
tarmmusklar.
I indisk Ayurveda frå ca. 1000 f. Kr. har appelsinblom blitt brukt
til å behandle angst og søvnløyse, og har dessutan i lengre tid vore
nytta i folkemedisinen som hjelp til fordøyelsen og mot diaré.
Dei velluktande kronblada gjer seg godt i parfymer og kosmetika, i mat og
drikke. Prøv ein drope i te.
- Artisjokk Cynaria scolymus
Den tistelaktige urta blir opptil 1,5 m høg og veks i det nordlege
Middelhavsområdet. Biene elskar dei lilla blomane. Den kjøtfulle blomsterbotnen
og dekkblada på blomsterknoppane og dei reinkokte stilkane blir ete som
grønsaker, men kan få brystmjølk til å oste seg. Artisjokk
stimulerer gallesekresjonen. Blad og rot har antibiotiske eigenskapar.
- Ask
Kan vel prøvast mot nyrelidingar og forstopping (treg mage).
- Augnetrøst Euphrasia
officinalis
Blomster, blad og/eller stilk har blitt nytta.
Ein infus av heile planten eller saft frå knuste, friske stilkar blir brukt
til å bade auga i. Det gir klåre auge.
Augnetrøst blir nytta for å gi lindring ved katarr, også kronisk
katarr. Den kan lindre kløe i auga og rennande nase når ein har betente
biholer, mellom anna.
- Avokadotre Persea americana
Avokadotreet blir inntil 20 m høgt, er eviggrønt, og får
pæreforma grøn frukt med delikat fruktkjøt som er rikare på
protein enn andre frukter vi kjenner. Det er også ei allright D-vitaminkjelde.
Fruktoljen blir nytta i hudkremar og massasjeolje til matt og "livlaus" hud.
- Basilikum Ocimum basilicum
Denne populære urtestauden har friske, tannete blad med nellikange. Blada
blir skydd av moskito, blir det sagt.
Blada høver godt i lag med kvitløk, tomat, eggplante (aubergine) og
mange italienske matrettar. Basilikum blir også brukt som smakstilsetjing i bl.a.
eddik og olje.
Ein skal unngå basilikum på ømtolig, følsam hud og
under svangerskap.
- Bitterappelsin Poncirus
trifoliata
Dette sitrustreet blir opptil 3 m høgt. Kvite blomar modnar til gul frukt.
Frukta er ruskala og veldig sur. Tørka skal og umoden frukt blir brukt som
smakstilsetjing og i tradisjonell kinesisk medisin mot så som strammingar omkring
hjerte og for å "lette" mindre spenningar i buken. Bitterappelsin blir også
tilrådd mot søvnløyse og enkelte nervøse strammingar/lidingar.
- Bjørk Bétula sp.
Blada er tilnærma hjerteforma. Te av bjørkeblad - helst berre unge skot
og spede blad, blir seld som urindrivande middel.
Avkok av blad og bark har blitt brukt mot gikt. Avkoket seiast å ha ein viss
bakteriehemmande verknad.
Bjørkesevje strevde folk med å lage sirup av i gamle dagar, utan at det
blei salsvare. Bjørkesaft har blitt nytta mot sjukdommar i urinvegane. Schoenenbergs
bjørkesaft blir marknadsført med ord for å kunne verke regenererande
på nyrevev, osv.
Olje utvunne frå bjørkebark har blitt brukt mot håravfall. Om det
hjelper er nok ikkje klarlagt, men middelet er populært i Tyskland.
- Bjørnebær Rubus
fruticosus
Søtbjørnebær eller vanleg bjørnebær er mindre
hardfør enn bringebær, og her i landet er bjørnebærartane mest
utbreidd i kyststroka frå Oslofjorden til Nord-Møre og i fjordbygdene på
Vestlandet - på tørre stader der det er varmt og lunt. Alle
bjørnebærartane har tornete skott og store, kvite eller lyseraude blomar.
Bjørnebærkratta kan bli fleire meter høge.
Bjørnebærdyrking har blitt meir utbreidd i den seinare tida.
Modne søtbjørnebær er ganske store, svarte, litt mindre enn
bringebær. Dei er glinsande og veks saman i klase. Bæra blir modne over lang
tid, frå august og utover til frosten kjem. De blir dermed hausta i fleire omgangar.
De smaker best når dei er litt overmodne. Det finst elles frosne
bjørnebær å få kjøpt, for den som gjerne vil kjenne korleis
dei smaker. Bæra kan stå i kjøleskap i opptil 4 døger, men taper
seg fort slik.
Hippokrates brukte bjørnebær mot byllar. Dei kan kanskje hjelpe til mot
munnsår og halsinfeksjonar, og dessutan til å lindre visse former for mageverk.
Utanlands blir bjørnebær også brukt mot diaré og kvitaktig utflod
frå skjeden.
Ein kan lage dekokt (te) av blada - unge blad er best - og gurgle munnhola med
det.
Det er også mogeleg å lage bjørnebærvin.
- Blåbær Vaccinium myrtillus
Denne dvergbusken eller lyngplanten gir oss eit av dei mest omtykte av dei ville
bæra. Visste du at lyngplanten vi finn blåbær på, har ein jordstamme
som kan bli opptil 100 år gamal, og at det meste av planten finst under jorda?
Planten er vanleg frå nord til sør her i landet, og vil trivast på sur og
næringsfattig jord. Blåbærris kan bli nesten 80 cm høge under gode
forhold hos oss. Mange dyr og fuglar er glade i bæret.
Vil ein bruke blåbær for minerala og vitamina, kan ein drikke
blåbærsaft eller ete friske bær. De friske bærene og safta har neppe
den same stoppande verknad som tørka bær - stoppande vil seie "hjelper til mot
diaré".
Blåbær gir oss betre blodomløp, penare hud, mindre kolesterol,
fleire anitoksidantar, styrkar blodkara og reparerer bindevev. Dei førebyggjer kreft,
hjertesvikt og hjernesjukdommar.
Blåbær har ord for å hjelpe mot trøtte auge. Sår
hals kan ein gurgle med konsentrert blåbærsaft. Det har ord for å lindre
litt slik. Blåbær kan gi betre nattsyn - Flavonoida i blåbær
styrkar blodsirkulasjonen og dermed oksygentilførselen til auga. Dessutan er
blåbær antioksidative, og det gjer at dei også kan verke godt inn
på augelidingar som til dømes grå stær og netthinneforkalkning.
Blåbær kan også hjelpe til mot nedbryting av makula (i auget). Heile 48 av
50 pasientar som blei behandla med blåbærekstrakt og vitamin E i ein studie,
opplevde at utviklinga av grå stær stansa opp. Og italienske forskarar fann
på slutten av 1980-talet at ei blanding av blåbær og vitamin E stogga
utviklinga av grå stær i 9 av 10 tilfelle.
Blåbær kan høve til støttebehandling ved diabetes, fordi
bæra minskar blodsukkeret og fordi dei kan førebyggje augelidingar og blodkarlidingar
som kan komme med diabetes. Blåbær kan også nyttast ved skjøre
(veike) blodkarvegger, som ved åreknutar og hemoroidar; dei kan verke stabiliserande
og styrkande på blodåreveggene. Blåbær i fornuftige mengder og i
fornuftig lang tid før operasjonar, kan minske risikoen for sterke blødingar,
heiter det også. Eg gir att berre, ut frå "Det er lov å prøve". Sett
ikkje legesjekkar og -behandling til side.
Eit kjerringråd mot blærekatarr er å drikke 2-3 glas
blåbærsaft om dagen. Det blir hevda at italienske legar har dokumentert at dette
har førebyggjande verknad.
Forsking syner også at blåbær er godt mot hjerte- og
karsjukdommer. Dei inneheld store mengder av såkalla antioksidantar, som verkar
førebyggjande mot slike sjukdommar.
Ein har også komme fram til at blåbær hjelper i hjernen - Forsking
har vist at bæra kanskje betrar hukommelsen (minnet) hos rotter. Og ved University
of Illinosis oppdaga ein i labotorietestar at eit annan fytokjemikalium i blåbær
har krefthemmande verknad.
Blåbær hjelper til med å halde kroppen ung og frisk lenger, heiter
det. Eldre rotter som fekk blåbær (tilsvarande minst ein halv kopp
blåbær dagleg, fekk betra balanse, koordinasjon og korttidsminnet.
Blåbær kan også betre skavankar og lidingar som heng saman med aldring av
di antioksidanta i blåbær betrar cellemembranar.
Det er fullt mogeleg å lage blåbærvin.
Bæra kan endatil brukast til farging, og gir ull ein varig, fiolett eller
gråblå farge.
Blåbærblada blir også brukt som svakt blodsukkersenkande middel.
Men ein skal ikkje bruke te av blåbærblad i meir enn tre veker i gongen.
Bruk av blad og bær er mest vanleg. Men i utlandet blir
blåbærrøter enno brukt mot nyrestein.
- Blæretang Fúcus
vesiculósus
Blæretang finn ein i fjøra. Luftfylte blærer held planten oppe i
vatnet.
Før blei blæretang brukt til gjødsel.
Ein kan koke suppe på tangen i ny og ne. Kast tangen etter at den er kokt, og
tilbake er ei fyldig suppe med søtaktig, behageleg smak. Ein kan tilsetje fisk,
krydder og reker, om ein vil - etter smak og behag.
Tangen inneheld nesten ingen kaloriar, men (for) mykje jod. Derfor bør ein
unngå den i slankekurar for ikkje å tukle med det finregulerte
stoffskiftesystemet sitt, heiter det.
- Boysenbær
Boysenbær er ei krysning (ein hybrid) av bringebær,
bjørnebær og loganbær.
HISTORIKK: Hortikulturisten Rudolph Boysen (1895-1950) i Napa (Anaheim), California,
klarte å lage hybriden i 1923. I 1932 tok Walter og Cordelia Knott over seks av
hybridplantane og dyrka dei fram. Bæra liknar store bringebær og går over
i purpurraudt. Det finst fleire krysningar.
Loganbær: Dommar J.H. Logan i Santa Cruz, California, kryssa
"bjørnebær" og bringebær i bakhagen i 1881, og slik kom loganbær
(loganberry) til.
Ein Boysenbær-variant: [Loganbær (Rubus loganobaccus) + Pacific
dewberry (Rubus ursinus) + Svartbringebær, Blackcap, (Rubus occidentalis)]
- Brennesle: her: stornesle Urtíca
dioíca
Stornesle finst for det mest nær der folk bur eller har budd. Sjølv
små mengder av gifta som sit på undersida av blada, irriterer huda. Det er blada
som blir mest nytta. Dei er rike på protein, vitamin, og mineral.
Stornesle kan brukast som te etter ein rask tørk. Heile den unge planten blir
nytta, men ikkje røtene. Store og grove blad i juli og august er ikkje
høvelege.
Bladteen har blitt nytta mot væskeopphoping i føtene og liknande.
Stornesle blir brukt mot gikt lokalt ved å børste ledd med verk. Det
har ord for å gi lindrande varme.
I Tyskland blir dessutan tørka brenneslerot brukt på den godarta
forstørringa av blærehalskjertelen som finn stad hos mange middelaldrande og
eldre menn. Middelet skal hemme trongen til å late vatnet (urinere) i løpet av
natta.
Smånesle, Urtica urens, har same verknadene, men rota er lita og
ubrukeleg, heiter det.
- Bringebær Rúbus
idáeus
Busken blir opptil 1,5 m høg. Det modne bæret kan vere raudt - sjeldnare
gult. Det smaker godt. I Kina blir bringebær tilrådd mot sengevæting.
Avkok av blada kan nyttast som gurglevatn. Te av bringebærblad minskar
menstruasjonssmerter, og har blitt gitt til gravide mot slutten av svangerskapet for om mogeleg
å styrke musklane i livmor og bekken, som omtalt i bl.a. det britiske legetidsskriftet
The Lancet.
- Brun sennep, sareptasennep Brassica
juncea
Sennepsplantane er kålartar. Brunsennepsplanten veks seg opptil ein halv meter
høg. Ein kan finne den på sånt som avfallsplassar i Sør-Noreg og
enkelte stader i Vest-Noreg nord til Trondheim.
Romarane serverte sennep til alle slags rettar.
Frø frå brun sennep er ikkje så skarpe i smaken som frø
frå svart sennep (Brassica nigra).
Ein lagar sennep av brun sennep slik: Bland først malte eller knuste
frø med kaldt vatn. Dette aktiviserer dei enzyma som gir sennep skarp smak. La
denne pastaen stå i 10 minutt før bruk.
I Kina blir brun sennep brukt til behandling av mellom anna mindre
magetrøbbel og gikt.
- Carob (Ceratonia siliqua;
johannesbrødkjernemjøl)
Sjå Johannesbrødtre.
- CLA
CLA er forkorting for Conjugated Linoleic Acid (konjugert linolsyre). Det er
ei naturleg feittsyre som finst i ost, kjøt og mjølk og som har fått ord
for å redusere kroppsfeitt noko ved å auke forbrenninga. CLA blir derfor brukt
som slankemiddel, mellom anna. CLA i handelen er ofte utvunne av solsikkeolje, kanskje
også ifrå tistelolje, osb.
Kroppen vår produserer ikkje CLA sjølv, og vi får det naturleg
ifrå maten, der CLA finst i små mengder, i sær i meieriprodukt og
kjøt. Endra forhold for dyr og endra fôring av dei seiast å ha minska CLA i
kosten vår til kanskje ein tredel eller så. Så no heiter det at ved
normalt kosthald får ein i seg knapt 1 gram CLA pr. dag, og det optimale (passe) kan
vere dryge 3 g, ifølgje Ola Gudmundsen, doktor i fysiologi ved Scandinavian
Clinical Research. Det finst andre overslag, til dømes ifrå ein norsk studie
der seksti overvektige rogalendingar deltok i ei såkalla dobbeltblind,
randomisert undersøking (ein test som er godt nok forma):
Kor mykje kroppsfeitt dei einskilde hadde, blei målt med røntgen ved
start, midtveges, og etter tre månader. I forsøket fanst ei kontrollgruppe som
kvar dag drakk 9 gram olivenolje i 3 månader, og fire grupper som fekk ulike dosar av
CLA dagleg i 3 månader. Etter 3 månader fann ein at i olivenoljegruppa hadde dei
gått opp i vekt. Av CLA-gruppene fann ein at dei gruppene som hadde fått 3,4
gram CLA dagleg, eller meir, hadde gått ned i vekt med gjennomsnitt 1,7 kilo
kroppsfeitt i forhold til utgangspunktet.
Det heiter, ganske enkelt sagt, at CLA hjelper slanking, og i tillegg vernar
muskelmassen ved å hindre at muskulaturen blir "ribba" gjennom slankinga. Mosjon ved
sia av CLA seiast å hjelpe (auke og tilmed mangedoble) utbyttet. Kanskje det hjelper
-
Det ser førebels ut som om CLA har mest verknad i små mengder over lang
tid. Saman med CLA kan det hjelpe å få i seg frukt, grønsakar, og kanskje vitamin
E, fordi desse antioksidantane hjelper organismen til å klare av belastingar
frå umetta feitt.
Det finst mindre dokumentasjon når det gjeld CLA og helsa til
menneske, men det kan vere greitt å ta 0,5-1,0 gram dag for å førebyggje
karsjukdommar, av di feittsyrer - også CLA - tynnar blodet ein del. CLA har elles vist
seg å vere antikarsinogen (motverkar kreft) hos dyr.
CLA har ingen rapporterte biverknader, heller ikkje ved større dosar.
- Daddelpalme Phoenix dactylifera
Daddelpalmen blir opptil 30 m høg og veks i tropiske og subtropiske strok.
Den har vore dyrka i over 5000 år. Prydpalmen gir mykje god føde; dadlar blir
halde for å vere delikatesser. Unge blad som blir kokt, kan etast.
- Dill Anethum graveolens
Dill veks seg opptil 60 cm høg. Frø, blad og friske, umodne
frøhovud blir brukt i matlaginga, og kan setje smak på sånt som eddik og
potetsalat.
Te av frø kan ein prøve mot mageknip.
- Eik Quercus
Eika tilhører bøkefamilien. Her i landet finst to arter viltveksande
eik - sommareik og vintereik. Dei er vanskelege å skilje frå kvarandre, og
krysningar finst også.
Tynn bark frå smågreiner inneheld garvesyre, og blir bl.a. nytta til
lunken te mot sår hals.
Før i tida la folk merke til at garvarar ikkje fekk tuberkulose, og slik kom
eikebarkavkok mot slikt, og det kan ha hatt middels eller svak bakteriedrepande verknad. I
våre dagar er det mistanke om at avkoket kan gi leverskader. Merk det.
- Einebær Juníperus
commúnis
Einer finst over heile landet, og er i tillegg ein vel omtykt hageplante. Den er
vintergrøn. Dei nåleforma blada sit tre og tre i ein "krans" rundt kvisten.
Konglene er mjuke og kjøtfulle, dei liknar bær og blir kalla bær. Somme
brukar dei modne bæra (med varsemd) som smakstilsetjing i posteiar.
Einebær har blitt brukt mot revmatisme (ulike former for gikt, vel i sær
muskelgikt), som krydder, og urindrivande middel. Ved langvarig bruk og store dosar kan
bæra gi nyreskadar. Så ein skal ikkje bruke bæra ved nyresjukdom eller
graviditet.
Av einebær og dei lysegrøne skota i greinspissane kan det destillerast
ein olje mot gikt og blærekatarr. Oljen har ein viss bakteriehemmande verknad. Den
bør berre brukast utvortes og med stor varsemd (forsiktig), for den kan føre
til betennelsar i huda ved langvarig bruk.
- Fennikel Foenículum
vulgáre
Fennikel - også kalla finkel - veks på veldrenert leirjord, og kan bli
opptil 2 m høg. Den finst forvilla hos oss. Den er ein 1-1,5 m høg staude i
skjermplantefamilien og kan forvekslast med dill, som er eit anna krydder. Fennikel er
aromatisk og søtaktig.
Fennikelfrø som blir kokt eit par-tre minutt i vatn som så får
svale seg, kan brukast til å bade hovne augelokk med. Elles blir fennikelfrø
brukt som smaksstoff i brød med meir. Frøa inneheld ymse oljar som betrar
fordøyinga og motverkar oppblåst buk (luft i magen, tarmgass). Fennikel har blitt mykje nytta
mot mageplager. Tynn fenikkelte kan kanskje dempe småbarnskolikk. Fenikkel kan
kanskje stimulere mjølkedanning his ammande. Ammete som inneheld bl.a. fennikel,
finst i handelen.
- Galangal Alpinia officinarum
På engelsk heiter den galangal og "kolikkrot" mellom anna. Planten veks i
India, Thailand og sørlege Kina, og har vore nytta som krydder i over tusen år.
Planten blir nytta mot forstopping, inflammasjon (betennelse) og mykje anna.
Det finst galangalpulver. Ein lagar galangalte slik: Hell kokande vatn over 0,5
til 1 gram (ca. 1/8 teskei galangal. La det trekkje i 10 minutt, sil det og drikk ein kopp
ein halvtime før måltid. Maksimum 2 til 4 gram av urta dagleg.
Ein kjenner ikkje til skadeverknader og har ikkje informasjon om overdosar
heller.
- Ginkgo Ginkgo bilóba
Ginkgo (kinesisk tempeltre) blir opptil 40 m høgt. Det kan føre anane
sine attende til perm- eller karbontida, og då voks denne plantegruppa over det meste
av jorda.
Ginkgo kan ein dyrke sjølv. Planten er hardfør, toler forureining
godt, er lite utsett for sjukdommar, og vel eigna som potteplante dersom ein held seg til
hanntre (som er utan illeluktande frukter). I potte avgrensar planten veksten sin
sjølv, tilmed.
Ginkgo har blitt kalla eit nåletre som feller lauv, men "nålene" ser ut
som vifteforma blad. Treet inneheld ikkje harpiks (kvae), kan bli opptil 40 m høgt,
og inntil 1000 år gammalt. Fruktkjøtet luktar leit, men steinen inneheld ein
liten kjerne som blir rekna som ein delikatesse når den er rista.
Ginkgo har vore nytta som legeplante i Austen i nokre tusen år, og
ginkgoprodukt blir seld for millionar i Tyskland mellom anna, og rekna som verdifullt.
Øyresus, visse sirkulasjonsforstyrringar, hovudverk, smerter i føtene - slike
plager kan henge saman med dårleg blodforsyning, og ginkgo kan hjelpe til med det, ved
å utvide dei små blodårene, kapillæra. Ginkgo kan såleis
tenkast å hjelpe hjerneverksemda og generelle hjernefunksjonar som hugs (minne,
hukommelse) eit stykke ved å auke blodtilføringa til hjernen.
Ginkgo kan vere gildt for mange eldre. Men ein får vare seg og klarere bruken
med legen sin om ein har høgt blodtrykk og verre. "Det er ikkje særleg
sannsynleg at Ginkgo biloba samverkar med blodfortynnande medisin, men det er vanleg sunn
fornuft at ein ikkje tek tilskot som utvidar blodårane saman med antiokoagulerande
medisin, eller i samband med ein operasjon, seier professor Ralph Edwards ved WHO Monitoring
Center i Uppsala." [Jf.]
- Ginseng Panax ginseng C.A. Meyer
Marco Polo bringa planten til Europa på 1200-tallet. Før det var planten
kjent og skatta i Fjerne Austen i nokre tusenår.
Ginseng (Panax ginseng C.A. Meyer) er eit kjent allment styrkemiddel som gir auka
effektivitet i systema i organismen. Det er så populært at det blir seld kanskje
åtte gonger meir Ginseng enn det blir dyrka, så ein skal passe seg så ein
ikkje blir svindla og kjøper koffein i staden for ginseng. Det er det somme som
gjer, lèt det til.
Somme kjenner ikkje verknad av Ginseng før etter fleire veker. Og somme fortel
dei merka ginseng hadde hjelpt først då dei slutta og den milde verknaden blei
vekk.
No kjem den delen som tek opp det som det er mogeleg at ginseng hjelper til med og
mot - til dels mykje omdiskutert:
Til vanleg blir ginseng brukt som eit mildt stimulerande middel ved allmenn
trøttleik og slappheit og kan dermed høve bra under rekonvalesens, for å
komme seg etter sjukdom. Blir også brukt mot lågt blodtrykk. Det kan sjå
ut som om ginseng gagnar eldre og svake personar mest. Den samla verknaden av dei aktive
emna (kalla ginsenosid) i ginseng er eit mål på kor bra det enkelte
ginsengpreparatet kan vere. Ginseng inneheld mange ulike ginsenosid med verknader som
liknar kvarandre.
Påstand: Inntak av ginseng seiast å styrke
hypotalamus-hypofysebinyre-aksen og ved det føre til skjerpa "vakenheit" (bm: våkenhet) og betre
energiomsetting i kroppen. Betre arbeidskapasitet og betra generell vitalitet kan bli
følgja (sjå Wiklund et al.: Wiklund I, Karlberg J, Lund B. "Förbettrad
livskvalitet av ginsengpreparat? Positiva effektar på friska
förvarvsarbetatande." Läkartidningen, 92, 3196-3200, 1995).
Påstandar: Betra blodtilførsel til hovudet. Mange trur også at
ginseng hjelper minnet (hugsen). Betra immunforsvar (truleg rett). Betra lungekapasitet.
Raude blodceller blir hjelpte med oksygenopptaket.
Også: Ginseng blir også nytta som supplement i enkelte kreftterapiar.
INNTAK: Ein tek helst ginseng saman med mat om formiddagen eller morgonen.
Ginseng blir rekna for å vere eit uskadeleg kosttilskott ved normalt og
tilrådd bruk, men ved langvarig overdosering kan ein få høgt blodtrykk,
bli nervøs og søvnlaus (eit syndrom). Biverknader som irritabilitet og oppkast
blir rekna som sjeldne.
KONTRAINDIKASJONAR (ABER): Personar med søvnvanskar, nervøsitet,
rastløyse, høgt blodtrykk eller diaré bør ikkje nytte ginsengprodukt.
Heller ikkje kvinner som har hatt brystkreft - ikkje utan å rådføre seg
med legen sin.
Ginsengprodukt kan innehalde stoff som påverkar blodsukkeret, og av den grunn
bør personar med diabetes vere varsame med ginseng.
Enkelte kan reagere allergisk på ginseng. Derfor bør ein konsultere
lege på førehand om ein har astma eller allergi.
BRUKSMÅTE: Til vanleg kan ginsengekstrakt kanskje greie seg. Det finst
også kapslar og anna. Brukar ein det i 7-8 veker, kan tida vere inne til ein (ny)
ginsengfri periode på eit par (1-3) veker eller så. Pausane gjer ein vel
i å hugse og leggje inn.
- Guajava Psidium guajava
Dette buskaktige, eviggrøne treet veks naturleg i tropisk Amerika. Det blir
opptil 10 m høgt, og har ei frukt med gjennomtrengjande moskusaroma. Guajava er rik
på C-vitamin og jern, og verkar lett avførande.
I Ghana blir blada kokt i lag med sitrongras som del av ein hostemedisin.
- Gullris Solidago virgaurea
Gullris blir opptil 1 m høg. Luftdelane (over bakken) kan løyse opp
slim og det blir også sagt dei kan senke kolesterolnivået.
- Gurkemeie Curcuma longa
Gurkemeie blir opptil 1 m høg, og har ein aromatisk, kraftig oransje
jordstengel. Tørka rot blir av og til seld som safran. I India brukar folk gurkemeie
i nesten alle matrettar.
Gurkemeie kan prøvast mot dårleg fordøying.
Den medisin-beiske slektningen "Kvit gurkemeie", Curcuma zedoaria, som
på engelsk heiter "Zedoary" og "White turmeric", har motverka kreft i hjernen under
forsøk, og auka effektiviteten av radioterapi, skriv Lesley Bremness.
- Gåsemure
Mot hemoroidar.
- Hagtorn, parkhagtorn Crataegus
oxyacantha
Den lauvfellande busken parkhagtorn blir opptil 10 m høg. Bl.a. blada blir
nytta for om mogeleg å styrke hjerte og blodomløp, ved "hjerte- og
kartrøbbel". Ein av indikasjonane: hjertesvekking der svake nyrer eller nyresjukdom
er med i biletet.
Hagtorn aukar også hjertets kontraksjonskraft og verkar rytmeregularande. Dr.
Karl-Otto Aly skriv at hagtorn kan auke "hjärtmuskulaturens syre- och
näringsförsörjning", og hjelpe mot "galopperande hjärtrytm", og at
professor R.F. Weiss omtalar hagtorn som "det åldrade hjärtats främsta
skötselmedel (smörjmedel)". Hagtorn mot "begynnande och måttleg"
hjertesvikt, for å stimulere blodsirkulasjonen til hjertet og ved nedsett
blodsirkulasjon til beina. Den aukar blodgjennomstrømminga i hjertemuskelen, og roar
hjertet ved hurtig puls og hjertebank. Hagtorn betrar også blodsirkulasjonen til
hjernen og aukar oksygentilførselen til hjernen. Ved det kan hugsen (hukommelsen)
betrast i somme. [Sjekk]
Hagtorn blir tilrådd saman med bl.a. ginkgo (sjå det).
Teuttrekk av hagtornblomster lagar ein ved å ta 2 ts blomster til 1-2 dl kokande
vatn. La det trekkje i 12-13 minutt før det silast - en kopp drikkast 3 gonger om
dagen over lengre tid.
Hagtorn brukast i tillegg ved høgt blodtrykk og krinsløplidingar hos
gamle. Dei som brukar hjertemedisinar bør følgjast opp av lege når dei
startar med hagtorn, fordi behovet for andre medisinar kan gå ned og dermed
bør regulerast.
Hagtornprodukt blir ofte nytta i Mellom-Europa som førstehjelpsmiddel ved
ulike slags hjerteugreie, medrekna angina pectoris, og der er dei allment godtekne av bl.a.
forsikringsselskap til enkelte formål (Kjelde: Karl-Otto Aly). I Noreg er alle
preparat som er laga av hagtorn definert som legemiddel og blir selt berre på apotek,
men dei er ikkje reseptpliktige.
- Hamamelis, trollhassel Hamamélis
virginiána
Trollhassel er ein 2-6 m høg busk som ikkje veks vilt hos oss, men blir nytta
som prydvekst i hagar og parkar. Den kjem frå Amerika, der indianarar brukte den. Takk
vere dei fekk europeiske innvandrande kjennskap til planten.
Trollhassel har blitt nytta til legeplanteformål her i Europa i om lag 300
år, og no blir det seld mange preparat med trollhassel. Barken og blada er spesielt
rike på garvesyre og gallussyre. Begge syrene har samandragande verknader og skal
kunne stogge ulike slags blødingar. Det blir dessutan hevda at trollhassel kan verke
godt på hemoroidar og åreknutar, og lindre smerter - og også gjere
godt mot sviande auge.
Blada kan bryggjast til varmande te.
Ein kjenner ikkje til biverknader.
- Hasselurt Asárium
eropaéum
Hasselurta er ei 10 cm høg fleirårig urt med krypande jordstengel. Opp
frå stengelen skyt nyreforma, blanke blad. Hasselurt er ein svært gammal
legeplante. Den veks ikkje vill her i landet, men kan dyrkast i hagar - og toler djup
skugge.
Det var munkar som i si tid innførte planten nordetter. Den blei brukt som
avføringsmiddel og brekkmiddel, og drive ut døde foster.
Planten er farleg, og i fleire land er det forbod mot å bruke hasselurt
medisinsk.
- Havre Avena sativa
"Jeg er havren, jeg har bjeller på -" heiter det i songen. Havre inneheld
E-vitamin, og kan hjelpe mot å vere ganske nedstemt. Havrekli kan senke kolesterolinnhaldet. Det
går også an å drikke juice av (helst yngre) havreblad.
Brukast også mot søvnplagar, nervesmerter, diaré og eksem.
- Hestekastanje Áesculus
hippocástanum
Dette store og vene treet gir pent brune og blanke nøtter. Ein får ikkje
forveksle hestekastanje med ekte kastanje, for det kan vere skadeleg eller livsfarleg
å ete dei bitre nøttene til hestekastanjen.
Nøttene blir likevel samla inn om hausten i somme land, og blir hakka, rista
og brukt som planteavkok. Nøttene har blitt brukt mot krinslaupforstyrringar
(kretsløpsforstyrringa), og det ser ut til at dei styrkar blodkarveggene lite
grann. Dei kan også ha verknad mot blodpropp. Hestekastanjar har også blitt
nytta mot hemoroidar.
I somme land blir hestekastanje nytta mot mindre forstyrringar i krinslaupet. Ein
får vere varsam med bruken.
- Humle Húmulus lúpulus
Denne slyngplanten kan bli opptil 6 m lang, og slynger seg alltid til høgre.
Den blir brukt som tilsetning til øl. Hoblomane, som liknar små kongler,
utviklar dei bitterstoffa ein er ute etter, og som gjer humle til ein velsett
ingrediens i øl.
Friske humleskot er ein delikatesse. Dei kan ein prøve som grønsak med
bearnéssaus.
I plantemedisinen blir humle rekna som eit roande middel, også
søvndyssande.
- Hyll, svarthyll Sambúcus nigra
Svarthyll er ein busk eller eit lite tre med mjuk marg. Den får gulaktig kvite
blomster, og små svarte bær.
Blomster og bær blir nytta i folkemedisinen. Avkok av blada blir brukt som
insektmiddel. Bæra kan brukast som fargestoff i matvarer, men gir flekker som er
vanskelege å få vekk. Ein kan også lage vin av både blomster og
bær. Det finst måtar.
Friske svarthyllblomster kan brukast til ein sommardrikk som smaker godt. Te over
svarthyllblomster kan verke sveittedrivande. Uttrekk av svarthyllblomster blir nytta som
kompress og liknande mot "trøtte auge", og kan kanskje prøvast til
hudpleie.
Bæra inneheld mykje C-vitamin, og kan prøvast mot forkjøling og
influensa. Men fjern kjernane i bæra først, for kjernane inneheld uheldige
stoff.
- Ingefærrot Zingiber
officinale
Ingefær blir opptil 1,5 m høg og veks i låglandet i tropisk Asia.
Den aromatiske rota lindrar kvalme, til dømes frå reisesjuke. Verknaden er
på nivå med den vi får av vanlege reisesjuketablettar. Også
kandisert ingefær kan dempe kvalme.
Ingefær kan gagne appetitten, og har også synt seg å kunne dempe
smerter for folk med gikt i ledda (slitasjegikt), men ikkje å betre sjølve
sjukdommen. Mot leddgikt har dessutan 2 ss frisk, riven ingefær to gonger dagleg
blitt brukt i forsking ved Odense Universitet med god verknad.
Ingefær i lag med honning kan vere verdt å prøve i te for om
mogeleg å førebyggje forkjøling.
- Islandslav Cetraria islandica
Islandslav blir også kalla brødmose; det blei samla året rundt
før i tida. Lavet kokast i 40 minutt til ei grautliknande masse som er rik på karbohydrat.
Når vatnet som lavet har kokt i er avkjølt, kan det brukast som stivelse i
supper og stuingar. Kokt islandslav smaker som utkokt kvitkål, heiter det; den kan
brukast som jamning i suppe med f.eks. sopp og bær. Ein kan blande litt inn
i vanleg mjøl i bakverk, så får ein sjå kven som liker slik
overlevingsmat.
Urtete: Lavet til urtete bør samlast mellom mai og september. Fjern smuss
frå den, og tørk den heller i skuggen enn i direkte sol. 1 ts reinsa og raspa
islandslav til ein kopp vatn. La det koke i 3 minutt og la det stå i 10 minutt. Drikk
ein kopp om morgonen og kvelden.
Blir brukt mot irritasjonshoste, bronkitt, sår, og visse
fordøyingsproblem, særleg hos eldre.
- Isop Hyssópus officinális
Eit sparsamt dryss til rettar med bønner eller kjøt, om isop blir brukt
som krydder.
Oljen som blir utvunnen av blada, inneheld ei nervegift som kan framkalle
epileptiske anfall, derfor er bruk av planteoljen forbode i somme land.
Litt isopte ved godarta lidingar i bronkiane, kanskje.
Det heiter at isop kan drive vekk kålmøll, møll og fluger. Den
som vil kan prøve ut det rådet.
- Johannesbrødtre Ceratonia
siliqua
Dette buskaktige treet blir opptil 10 m høgt der det er godt og varmt, og det
veks bl.a. ved Middelhavet. Lange grøne belgar ifrå treet blir sjokoladebrune
når dei modnar, og har eit sukkerhaldig fruktkjøt med protein, vitamin og
små harde bønner. Fruktkjøtet blir ete som sukkertøy, og brukt
som alternativ til sjokolade (kalla carob, dvs. johannesbrødkjernemjøl) i mange matvarer. Carobpulver er i handelen, det
finst i helsekostforretningar.
- Kaffebusk Coffea arabica
Slank, eviggrøn busk. Blada inneheld to frø. Frø frå
gjæra bær blir tørka, brent og brygga til kaffi.
Kaffi er stimulerande, eksiterer (opphissar, kveiker) sentralnervesystemet, og er
lett vanedannande. Om ein får i seg mykje koffein frå kaffi eller cola, og anna
over lang tid, for liksom å kvikke seg opp, kan det godt vere at ein utarmar
organismen ved at den ikkje får ta seg inn igjen eller kvile ut. Då verkar kaffi
uttærande i langdrag. Det skal ein vakte seg for!
Kaffi kan elles gi søvnløyse og skjelving, hovudverk, og den
gjer enkelte trøtte. Den har eit "lite synderegister" Ein gjer
truleg lurt i å slutte å ha i seg mykje kaffi og koffeinhaldige varer med jamne, tette mellomrom. I
sær om ein er utkjørt og treng søvn og kvile. Når ein har halde
opp å ta mykje stimulanser - kaffe er - kan ein kjenne seg uvel i ein kortare periode
(det kan vere abstinens). Men deretter skal auka velvære innfinne seg, seier somme.
- Kakaotre Theobroma cacao
"Chocolatl" er eit aztekisk ord. Det var aztekindianane i Mellom-Amerika som utvikle
kakao til ein sjokoladedrykk.
Kakaotreet har frukt som veks rett frå stammen. Kakaobønnene blir
gjæra og rista for å utvikle sjokoladesmaken og fargen. Kakao inneheld koffein
og teobromin. Den er lett vassdrivande og har blitt gitt mot anginasmerter. Kakao inneheld
også enkelte stoff som lindrar å kjenne seg litt nedtrykt. Det heiter til dømes om Freia
Mjølkesjokolade at den "bevarer sinnets munterhet". Det er ein kjemisk årsak
til det, i den grad det høver.
- Kamilleblom Chamomílla
recutíta
Kamilleblom er kanskje den mest kjente legeplanten og har vore i bruk sia oldtida i
Europa. Blomsterkorgene er kvite med gult i midten. Blomane bør samlast inn
før Jonsok og tørkast på ein luftig og skyggefull stad.
Kamillete er ein vanleg drikk, også mot sår hals, og den kan dempe
verknader av stress og anna ubehag, og lindre ubehag i magen i visse tilfelle. Den kan
minske betennelse og lette krampar, især kolikk, seiest det.
- Kan Jang*
Dette er eit produkt som inneheld bl.a. solhatt. Det har dokumentert verknad, og kan
korte ned rekonvalesensen ved forkjøling og influensa til det halve. Verdt på
prøve. Det finst mikstur og tablettar.
- Kanel
KANELTREET "kjem frå" Sri Lanka (øya Ceylon), sørlege deler av
India-kysten, og Burma. No, dette er ikkje heilt rett, for i tertiærtida voks det kanel i
heile Europa nord til Småland. Treet er eviggrønt, hører til
laurbærsfamilien, og det kan bli over 10 meter høgt.
Treet, som krev moderat nedbør og jamn varme, blir kultivert som låge
buskar for å lette innhaustinga. Kaneltreet krev moderat nedbør og jamn varme.
Barken blir skrella av i regntida, to gonger om året, og dei indre delane av barken
blir lausna, tørka, og rulla saman til kanelstenger - rulla inn frå begge
sider. Dette er eit kjenneteikn for den som vil sjå forskjell på kanel og
cassiakanel, som liknar, men som er noko anna. Kanelstenger blir også finmalne til kanel.
FRÅ HISTORIA: Den gammalegyptiske Eberspapyrusen (1550 f Kr) viser at kanel
blei brukt utvortes. Det blei også brukt til balsamering. Ein veit også at
kaneltreet var kjent og brukt i gamle Kina ca. 1500 f. Kr. Kanel blir også omtala
fleire stader i Det gamle testamente som eit skatta krydder og som medisin.
Det er ikkje sikkert att dei antikke forfattarane sitt kinnamomon (gresk) og
cinnamomum (Latin) var kanel. For over tre hundre år før vår tidsrekning
kom Herodot til at kanel kom frå Arabia, men seinare trudde mange at kanel kom
frå Afrika - frå Etiopia, meinte historieskrivaren Plinius den eldre.
Dioskorides, som levde i første hundreåret i likskap med Plinius, heldt seg til
Herodot. Seinare i antikken og frametter fortalde handelsmenn mange skrøner om kanel,
mellom anna ei soge som liknar på det Sinbad Sjøfarar fortel frå den
andre reisa si i Tusen og Ei Natt. Kanel var kostbar handelsvare, og det heiter at Islam si
oppblomstring har mykje å takke kaneltreet for, fordi arabarane hadde monopol på
handelen.
Før år 1000 var kanel svært dyrt både som droge og krydder
i Europa. Då var det for kongar. Men på 1000-talet kom det i vanleg bruk i
England, og på 1500-talet fanst det i Gustav Vasas krydderkammer.
Det var først på 1200-talet at europearar oppdaga kor kaneltreet voks -
då fann dei det på Ceylon. Arabarane beheldt likevel handelsmonopolet sitt til
portugisarane kom dit i 1505. Nederland annekterte Ceylon på 1700-talet og vann
monopol derifrå. Sia kom Storbritannia, og då overtok det Aust-Indiske Kompaniet
monopolet.
LITT OM BRUKEN: Det ligg ikkje føre kliniske studiar som seier kor godt kanel
verker, eller kor store dosar som skal til. Men ei rekkje laboratorieforsøk syner at
kanel har brei antibakteriell og virushemmande verknad. Så ein seier kanel hemmar
vekst av bakteriar, sopp og virus, og kan kanel gagne ved bl.a. sommardiaré, der
virus bringer bakteriefloraen ut av ubalanse, av di stoffet eugenol - det finst i kanel -
hemmar virus- og bakteriar kraftig. Kanel reduserer elles gjærsoppen som gir opphav
til mykje luft i magen, og kan nyttast mot uønska tarmbakteriar.
Frå gamle indiske kjelder gjeld det at kanel har varmande och samandragande
(snerpande) verknad. Også frå dagens kinesisk folkemedisin gjeld det at
kanelstong verkar varmande i kroppen. I tillegg til å dempe, lindre eller stogge
infeksjonar i fordøyingssystemet, kan kanel kanskje mildne kvalme også.
Kanel - som i lag med safran blir rekna til dei mest forfalska kryddera - inneheld
også to stoff som drep insekt.
Det at kanel hemmar virus innvortes, gjer det greitt å prøve det
mot forkjøling og influensa, men kanel bør likevel ikkje brukast i store
mengder av gravide.
Knust eller finmalen kanelbark blir jo også jamt brukt i mange ulike rettar, i
bakverk som eplekaker, og dessutan i frukt og grønsaksrettar, konditorvarer, og til
sjokolade. Det er ikkje berre til graut.
BRUK OG ANNA: Oppbevar kanel mørkt og tørt og lufttett. Det er bra.
Kanelte får ein slik: Hell to dl kokande vatn over eit gram eller ei teskei
(ts) kanel. La det trekkje i ti minutt, og drikk det varmt eller avkjølt. Det heiter
at ein varm kaneldrikk kan førebyggje influensa og at ein kald kaneldrikk kan den hjelpe til
og stogge sveitting.
Ein kan prøve kanel i passe dosar for å hjelpe fordøyinga, og
mot visse former for appetittløyse, ved forkjøling og tarmgass, og fordi det
er bakteriedrepande. Kan også prøvast ved giktverk (leddsmerter), sinusitt
(biholebetennelse), bronkitt, o.a.
Kanel har ingen kjente biverknader med unntak av allergi. Ein blir også
rådd ifrå å gå inn for kanel om ein skrantar veldig.
- Karve Carum carvi
Karve blir først og fremst brukt som krydder. Det er frøa ein nyttar.
Karve har lange tradisjonar hos oss. Frøa hører med i surkål og visse
ostar.
Som legeplante har karve vore nytta mot fordøyingsplager som kolikk og
tarmgass, kanskje i sær for barn. Karvefrø kan prøvast mot bl.a. (litt)
dårleg appetitt og bronkial astma, og for å auke mjølkesekresjonen hos
ammande.
Karve er heilt ugiftig.
- Kastanje, edelkastanje Castanea
sativa
Kastanje blir brukt mot kikhoste.
Elles kan kastanjane ristast til næringsrikt mjøl. Dei blir brukt som
smaksstoff i søtsaker. Sjampo lagd av blad og kastanjeskinn, gjer håret
gyllent.
- Kelp
Sjå Blæretang.
- Kirsebær Prunus
cérasus
Det finst søtkirsebær - morelltre - og surkirsebær som blir brukt
til saft. Kjernen i bæret og barken inneheld amygdalin, som er eit forstadium til
blåsyre, og er farleg giftig, så steinane (kjernane) må ein halde seg unna
og ikkje tyggje.
- Kongslys Verbáscum sp.
Kongslys luktar godt.
I England har dei meint at kongslysblomar kan ha verknad mot tuberkulose. Dei
inneheld slimstoff som kan lindre ved hoste og sår hals, og bronkitt.
Kongslys er med i enkelte brystpastillar.
- Krossved Viburnum opulus
Busken har vene blad som blir burgunder om hausten. Dei raude bæra er giftige
når dei er friske, men etande som kokt. Stilkbarken kan motverke spasmar, heiter
det.
Amerikansk krossved mot astma.
- Kryddernellik Syzygium
aromaticum
Kryddernelliktreet er eviggrønt. Nellikspiker er dei soltørka,
ikkje-utsprungne blomsterknoppane. Dei har sterk kryddersmak, og blir brukt i mat, og mot
sånt som kvalme. Ifrå Ayurveda blir dei også brukt spesifikt mot visse
former for utmatting. Ein kan tygge litt på kryddernellik mot verketann som
midlertidig lindring før ein kjem seg til tannlege.
- Kvede, vanleg kvede Cydonia oblonga
Kvede er ein gammal kulturplante; det er eit lite, lauvfellande tre som blir opptil 6
m. Den rå frukta blir rosa når den blir kokt. Frøa er giftige, men
slimet dei produserer når dei blir lagt i blaut i vatn, blir brukt som
hårleggevatn og i maskara.
- Kveke Elytrígia repens
Dette plagsame hageugraset har jordstenglar som greiner seg i eit tett nettverk. Det
er først og fremst røtene ein brukar. Røtene blei før brukt som
kraftfôr til storfe og hestar.
Ein samlar kvekerøter om hausten og tørkar dei heile, for eksempel i
ein lunken steikeomn. Etter tørkinga skjer ein røtene i bitar, og lager te
over dei. Det er ein mild drikk som dei fleste toler.
Kvekete har blitt og blir brukt mot dårleg fordøying og lidingar i
urinvegane. Ein kan godt prøve den mot gikt i lys av det: Inntak tre gonger dagleg
hører med til doseringa i så fall.
- Kvitløk Állium sátivum
KVITLØK er verksam mot mange sjukdommar. Prøv det bl.a. for å
førebyggje og bli kvitt forkjøling - kvitløk er slimløysande
også.
Kvitløk verkar blodfortynnande og hindrar blodpropp og hjerteinfarkt, og skal
motverke celleendringar som fører til kreft.
Kvitløken er antibakteriell, og særleg effektiv mot bakteriar
som stafylokokkar og salmonella. Kort sagt: kvitløk hjelper mot ulike former for
fordøyingsugreie og vinn over skadelege bakteriar i fordøyingskanalen,
og den stimulerer i tillegg galleproduksjonen og med det også fordøyinga.
Kvitløk reinsar blodet og verkar blodfortynnande; og ein får betra
sirkulasjon med kvitløk.
Kvitløk vernar kroppen mot tidleg aldring ved å hindre at
såkalla frie radikalar går til åtak mot cellene.
Skal vi tru dei nye resultata i kvitløksforskinga, kjem kanskje folk flest
etter kvart til å ha i seg kvitløk i store mengder for å nyte godt av dei
framifrå eigenskapane kvitløken har - då er det kanskje ingen rundt ein
som luktar kvitløken likevel -
Kvitløk styrkar immunforsvaret, vernar mot infeksjonar ved at den er
antibiotisk, og senkar innhaldet av kolesterol i blodet i moderat grad. ¤
Kvitløk kan også etast som behandling mot forkjøling og hjelper
mot følgjer av forkjøling (hoste).
Kvitløk kan vere effektivt mot kolikk, diaré, og katarrar.
KVITLØK styrkar krinsløpet. Prøv det mot influensa, katarr i svelg og
strupe, tynn- og tjukktarmskatarr, og/eller kroniske tarminfeksjonar.
Kvitløk - som gir vern mot ei rekkje sjukdommar og plager - kan også
senke blodtrykket og motverke åreforkalking ved jamn og rett bruk i lengre
tid.
Ein rekke forsøk har vist at kvitløk har krefthemmande eigenskapar.
Jamt og rikeleg inntak kan minske faren for visse krefttypar. Enkelte studiar tyder faktisk
på at kvitløk kan gripe inn i kreftutviklinga og øydeleggje kreftceller
slik som visse medikament kan. Det heiter også frå forskingshald at
kvitløk vernar mageslimhinna og kan hindre ulike kreftframkallende stoff i å
trengje inn i den. ¤
SIA KVITLØK har antibiotiske eigenskapar, blir det nytta mot bakterieinfeksjonar,
hoste og forkjøling - og brukast også mot luft i magen. Men hos eldre kan
rå kvitløk kanskje vere med å gi tarmgass med dei ca. sytti ulike
svovelforbindelsane sine. Det kan vere eit problem, det der.
Rå (og ferskpressa) kvitløk kan motverke åreforkalking og
er sterkt betennelseshemmande.
Det at kvitløk har antibiotiske eigenskapar, kan legitimere bruken mot
bakterieinfeksjonar, hoste og forkjøling, eller luft i magen.
Kvitløk verkar krampeløysande og vassdrivande. Ved høg og
stadig bruk verkar innhaldsstoffa førebyggjande mot arteriosklerose. ¤
Kvitløk styrkar immunforsvaret, og har no også fått ord for
å bremse veksten av kreftceller i prostata. (7)
HISTORIKK: Kvitløk har vore brukt som legeplante og smakstilsetjing i nær fem
tusen år etter det vi veit, og er elles i slekt med tulipan og liljekonvall.
For dei gamle egyptarane var kvitløk overlag viktig. Det heiter at ein gong
arbeidarar ikkje fekk dagsrasjonen sin, streika dei. Kvitløk fekk seinare ord for
å skremme vekk vampyrane - i folketrua ifrå Balkan og vidare.
Vikingane åt kvitløk for å unngå skjørbuk (som kjem
av for lite C-vitamin). Før i tida gjekk an å kjøpe slavar, ja,
tilmed koner for eit skikkeleg knippe kvitløk. Det heiter elles at å "lukte
kvitløk er jo bare eit teikn på at ein har ete godt dagen før og er eit
kultivert menneske." Jamfør vikingtida . . .
Mange meiner kvitløk kan gi auka velvære og betre humør. Og
kvitløk har i mange hundre år vore sett på som eit godt
førebyggjande middel. Og dessutan: befolkningsgrupper som et mykje kvitløk,
har færre tilfelle av kreft og krinsløpslidingar.
DYRKING, OPPBEVARING OG MEIR OM BRUK: Kvitløk skal ei lagre tørt og kaldt.
Slik kan ein dyrke det: Kvitløkfedd som har teke til å spire, kan ein
plante med spissen opp i 2 liters krukke og liknande. Brukt 15-20 kløfter (fedd)
per krukke og sett kløftene ca. 5 cm djupt. Mykje sol og regelmessig vatning skal
til.
Utandørs bør kvitløk dyrkast på eit solrik plass. Dei
treng godt fuktig jord. Løken kan haustast rundt 6 månader etter at den
er planta. Fedda plantast enkeltvis frå midten av august til midten av september og
haustast sommaren etter.
I dag er det eit stadig veksande problem at mange bakteriar er resistente
(motstandsdyktige) mot antibiotika. Vel, kvitløk er bakteriehemmande, men ikkje
så mykje som penicillin. Det heiter at verknaden av 1 mg allicin tilsvarar 0,01 mg
penicillin. Kvitløklukta kjem av stoffet allicin Den gode friske
kvitløken på kjøkkenet misser dette verkestoffet (allicin) under
varmebehandling ( koking/steiking eller oppvarming i mikrobølgjeomn.) Hugs derfor
å tilsetje kvitløk i maten først etter den er kokt eller steikt,
eller prøv handelsvarer som Bio-Hvitløk eller Kyolic (Aged
Garlic) og liknande.
Kvitløken er samansett av mange småløkar (også kalla
båtar, kløfter, fedd) med ei tørr hinne (eit tørt, tynt skal)
rundt. Det trengst fleire og betre studiar for å kartlegge kvitløkens 400
ulike kjemiske stoff og verknadene deira.
GANSKE VANLEG BRUK: Ved bruk et ein 1-2 rå båtar kvitløk om
dagen, gjerne tilsett maten på ulike måtar. Ein nok også presse 3 middels
båtar (fedd, kløfter) i kvitløkpressa si, eller ein hakkar
båtane om ein vil.
Så lite som eit halvt fedd fersk kvitløk om dagen minskar sjansane for
å få hjerteproblem, men eg ville hatt i meg over det doble - om lag 3 kvar dag.
Kvitløkkløfter kan ein oppbevare i frysaren. Når du skal bruke
dei: skrell og hakk dei før dei tinar. Kvitløkkløfter tørkar
ikkje ut om du tek vare på dei i eit glas med matolje. Når løken er
oppbrukt, kan du bruke oljen til dressing.
Kvitløk høver godt til spagettisaus, svinesteik, friske salatar,
fyll, dressingar, stuingar, supper og marinadar, og gir også velvære, heiter
det.
Frisk kvitløk kan vere betre enn langt dei fleste kvitløkpreparata i
handelen. "Aged Garlic" (Merke: Kyolic) blir kalla brukbart. Kanskje det held å ta
berre ein kapsel dagleg i lag med noko kaldt å drikke.
Av og til kan det høve å dempe ned odøren. Då er persille
bra å ha: Å tyggje ein kvast persille skal hjelpe mot osande
kvitløksande. Eit eple etter inntaket av kvitløk kan fjerne noko av lukta,
heiter det.
KVITLØKSEDDIK: Hakk opp og mos nokre kvitløkfedd. Kok opp halvparten av
eddiken og hell den over kvitløken. Avkjøl og tilsett resten av eddiken.
Hell det heile over på ei flaske. La den stå nokre veker og rist den dagleg.
Til slutt silast blandinga.
KVITLØKSOLJE: Til salat: Press kvitløk med ei kvitløkpresse og
tilsett den i ein god olivenolje. La stå ein halvtime før bruk.
TIL DRESSING OG STEIKING: Bruk ein mild olivenolje og tilsett knust kvitløk.
Blandinga skal kvile nokre dagar og ristast litt før den er klar til bruk.
- Kål Brassica oleracae
HOVUDKÅL stammar frå ein bladkål med kraftig stengel og godt
utvikla merg. Den veks vill ved Middelhavet og i kyststrøk i Vest-Europa.
Sjølve namnet kål kjem truleg frå latinske 'caulus', som tyder
hovudstilk. I Noreg har kål blitt dyrka sia vikingtida. Hovudkål finst som
kvitkål og raudkål.
KVITKÅL er vanlegast i Noreg og Sverige, og seljast som sommarkål,
haustkål og vinterkål. Sommarkålen er mildast i smak, vinterkålen er
best til lagring.
Oppbevar helst kålen i kjøleskap.
Som mat er kål godt kjent i rettar som kålpudding og
fårikål, tilmed i vegetarisk kålpudding. Velkjent her heime er også
surkål, kålstuing og kålrulettar. Kokt kål høver også
til fisk.
Kokt kål er godt for magen. Kålsaft kan "mekke" mindre alvorleg
mageverk. Kål inneheld vitamin A, B1, B2 og C og K, og kan såleis vere med
å regulere blodtrykket og kan verke førebyggjande på visse krefttypar ved
å fremje avgifting ved å stimulere danning av såkalla fase-2-enzym i
levera, i lag med bl.a. brokkoli, rosenkål, grønkål og blomkål [Link].
Kål seiast å vere bra for lungene, og er dessutan antibakteriell.
KNUTEKÅL: kvitt og saftig kjøt og ein mild smak som kan minne om nepe.
Kan både steikast og smørdampast. Fin til grateng. Kan også holast ut og
fyllast om ein vil det.
SPISSKÅL er ein sommarkål. Lagring og bruk som annan sommarkål.
Noko meir sjeldan å få tak i.
KÅLPUDDING skulle ein prøve å få til.
- Lakrisplante Glycyrrhiza glabra
Lakrisplanten er ein staude som veks seg opptil 1 m høg på sandjord ved
Middelhavet. Lakris får ein frå jordstenglar. Lakris setter smak til
drikkevarer, medisin, og godteri.
Lakris hindrar magesår, syner ny forsking. Men ein skal unngå lakris
når ein har høgt blodtrykk.
- Lavendel Lavándula
angustifólia
Lavendel er ein vintergrøn, aromatisk halvbusk. Den hører heime i
vestlege del av Middelhavsområdet. I tillegg til dei gjengse lavendelblå
blomane finst også sortar med rosa eller kvite blomster. I Provence og andre stader
dyrkar dei lavendel for å utvinne lavendelolje, som blir nytta til parfyme, i
aromaterapien. Det heiter at mange insekt skyr lavendel, i tillegg. Det er ikkje så
dumt å hugse før ein skal på ferie. Tørka lavendel blir dessutan
nytta som insektjagar i skuffer og skap.
Mot søvnløyse tek ein 1-2 teskeier tørka lavendelblomar til ein
kopp te. Det kan prøvast. Eller ein dryp 1-3 dropar lavendelolje på ein
sukkerbit.
Det heiter dessutan at lavendel har ein viss bakteriedrepande verknad.
- Legestokkrose Altháea
officinális
Legestokkrosas sitt latinske namn kjem frå greske altho, å
lækje. Den har vore mykje nytta like frå oldtida i Hellas og andre stader.
Slimstoff frå legestokkrose blir brukt mot støle musklar, tørr
hoste, og hudsprekkar, og mot "solbarka, garva hud" like eins.
Røtene inneheld naturleg sukker og blei før ete som
søtsaker.
Urtespesialistar kan tenkjast å tilrå legestokkrose for og mot
følgjande: bronkitt, hoste, sår hals, diaré, dårleg
ford&slash;ying, kolikk, mindre magesårubehag, magesår.
Te: Legg knuste røter (mindre rotbitar kan gå også) i tekanne
eller liknande, hell over kokande vatn, og la det trekkje i sju minutt eller så. Bruk
ei ts tørka urter per kopp. Sil og server.
 
Legestokkrose har ingen kjente biverknader.
- Lin Linum usitatíssimum
Frøa har gjort lin interessant som lækjeplante. Frøa blir brukt
som mildt avføringsmiddel, takk vere slimstoffa. Drikk rikeleg med væske
samtidig med frøa, og hugs dei svellar opp til dobbel storleik.
Brukast mot sår hals.
Linfrø inneheld 1% av stoffet linamarin, som kan omdannast til blåsyre,
men sia berre ein svært liten del av gifta kjem over i blodet når ein har ete
linfrø, kan linfrø reknast som ganske uskuldige likevel.
- Lind, storblada Tilia
Det finst mange kryssingar av lind.
Te av lind blir kalla varm, søt og mild, og har blitt mykje brukt som roande,
lett søvndyssande middel. Blir også brukt ved influensa.
- Lungeurt Pulmonaria officinalis
Lungeurt blir opptil 30 cm høg. Unge blad kan nyttast i suppe. Blada skal vere
vassdrivande.
- Løk (kepaløk) Állium
cepa
Om lækjeplanten løk skriv Plinius den eldre i første
hundreåret at den er bra for fordøyinga, og dessutan for helsa jamt over. Og i
våre dagar heiter det at "Ein løk kvar dag held ortopeden vekke." - Sveitsiske
forskarar har komme til - ut frå dyreforsøk - at løk i sær kan
hindre osteoporose. Elles gagnar kepaløk "godt kolesterol" og senkar det generelle
kolesterolnivået i blodet. Dei som et mykje løk (både kepaløk og
kvitløk) blir ikkje så utsett for magekreft som hine, syner ein studie
frå NCI (National Cancer Institute) i USA.
Nye undersøkingar tyder på at vanleg løk gjer same nytte
som kvitløk med å førebyggje aldersbestemte endringar i blodkara, men
kunnskapen her er i høgaste grad mangelfull inntil vidare.
Prøv det også mot forkjøling, helst for å
førebyggje.
Det er med andre ord gagn i vanleg løk, den som luktar sterkt av svovelstoffa
den har i seg, og som kan få oss til å grine når vi skjer i den.
- Løpstikke Levísticum
officinále
Løpstikke blir opptil 2 m høg. Blada gir smak til supper og stuingar.
Planten er ikkje lenger så populær som lækjeurt som den var før. I
våre dagar blir den først og fremst nytta som krydderurt. Løpstikke som
skal brukast til krydder, kan ein gjerne djupfryse; ein kan prøve seg fram
varsamt.
Urtete av løpstikkefrø og -blad motverkar opphoping av væske i
kroppen.
Avkok av løpstikkerot kan ein prøve som lindrande middel ved
bronkitt.
Løpstikke er ikkje giftig på noko sett og vis, men ein skal ikkje ha i
seg store mengder ved nyresjukdom og graviditet likevel.
- Løvetann Tekáxacum
officinále
Løvetann har vene, lysande gule blomar, og dessutan kvit mjølkesaft i
dei hole stenglane. Dei rosettstelte blada har store tenner (er stortanna), og det har gitt
planten namnet sitt her hos oss.
Lenger sør i Europa dyrkar dei løvetann for blada. Unge blad har ein
frisk, bitter smak og blir nytta i salat.
Som lækjeplante har den først og fremst blitt brukt til vassdrivande
te, og for å stimulere appetitten. Brukast ved fordøyingsplager og ved
revmatisme.
Blomane kan ein lage vin av eller bruke som smakstilsetjing i øl. Rista
løvetannrot har blitt brukt som kaffierstatning.
- Malurt, ekte malurt Artemísia
absínthium
Ekte malurt er ein gammal lækjeplante. Det er dei tynnaste stilkane og blada
som blir nytta til framstelling av bl.a. vermut (vin).
Giftstoffet thujon finst i malurt, så ein må åtvare mot å
bruke planten.
- Mangotre Mangifera indica
Mangotreet blir opptil 30 m høgt. Ein får inntil to avlingar mango i
året. Mangofrukta kan ein ete rå. Bladoska blir brukt mot brannsår.
- Marinøkleblom
Ved hoste.
- Meisterrot Imperatória
ostrúthium
Meisterrot hører heime i Alpeskogane. Den kan likne skvallerkål ein god
del, men er kraftigare.
Før i tida var planten lova opp i skyene, no om dagen blir den ikkje brukt,
og blir rekna som tilnærma ubrukeleg.
- Merian Origanum majorana
Urta veks på skråningar ved Middelhavet og i Tyrkia, og blir opptil 60
cm høg. Blada smaker søtare enn oregano.
Den eteriske oljen som blir destillert frå blad og blomstertoppar seinkar
aldringsprosessen.
- Mjølbær (mjølbær)
Arctostáphylos uva-ursi
Mjølbær er ein vintergrøn, lêraktig lyngplante med kvite
blomar, og den er vanleg i heile landet. Dei raude bæra som kjem om hausten, kan minne
om tyttebær, men smaker annleis, ved at mjølbær smaker nesten ingenting.
Langvarig storforbruk kan gi giftverknader.
- Misteltein Viscum album
Dei små, grøne blomane til denne snyltebusken gjer lite av seg.
Misteltein snyltar gjerne på lind og lønn, og ofte på frukttre som
epletre.
Mistelteinbæra inneheld ei svært klistrete saft (viscin), som
gjer at dei kan klistre seg fast til fuglenebb. Ofte blir bæra sett av på
greiner og stammar når fuglane prøver å stryke nebbet reint.
Ein skal ikkje eksperimentere med mistelteinavkok mot kreft på eiga hand,
mellom anna fordi misteltein godt kan drepe friske celler også, og ikkje berre
kreftceller.
Bæra smaker vondt. Planten er elles totalfreda her på berget.
- Muskatsalvie Salvia sclarea
Den toårige planten veks på tørr berggrunn der det er sol og
varmt. Den eteriske oljen luktar godt (nøtteaktig), og blir brukt til parfyme og
kosmetikk. I aromaterapien blir den blinka ut mot bl.a. stress.
- Mynte Mentha sp.
Mynte har vore brukt i mange tusen år. Ein finn den i egyptiske mumiar. i det
gamle Kina og Japan - mange stader.
Dei farmakologiske verknadene er merkeleg lite undersøkt. Det er lett å
dyrke mynte i hagen.
Ingen mynteart er giftig.
- Nype, steinnype Rosa canína
Nyper er vent raude og inneheld opptil 15 mg C-vitamin pr. gram.
Nypete har vore brukt bl.a. som vassdrivande middel.
- Nådesurt
Ved podagra.
- Oliventre Olea europaea var.
europaea
Oliventreet er knortete og blir opptil 7 m høgt. Det veks i
Middelhavsområdet, og har vore dyrka i over fire tusen år på grunn av dei
oljehaldige fruktene sine.
Grøne oliven blir plukka umodne, svarte oliven modne, og begge blir
konservert for å etast. Grøne oliven har ein syrlegare smak enn svarte oliven.
Ved at dei blir konservert i saltlake blir bittersmaken til svarte oliven fjerna.
Modne oliven blir det presse olje ut av i fleire omgangar. Kaldpressa jomfruolje er
jamt best, og brukast som salatolje rundt Middelhavet, og til konservering av mat.
Kan godt prøvast ved dårleg fordøying.
Olivengreiner er symbol på fred.
- Oregano, bergmynte Oríganum
vulgáre
Bergmynte er lett å dyrke i urtehagen og kan formeirast frå frø.
Som krydderurt blir den brukt på pizza, ikkje minst.
Det heiter at bergmynte stimulerer fordøyinga og gir lyst sinn. Alt det kan
nok ein sabla pizza-etar sikkert trengje.
- Peparmynte, Peparmynteolje
Ved kvalme. Det får hår og neglar til å gro betre, iallfall hos
somme.
- Peparrot Armorácia
rusticána
Planten, som blir opptil 1 m høg, hører heime i sørlege Russland
og austlege Ukraina, er lett å dyrke og vanskeleg å bli av med - og har vore
kjent som lækje- og kryddarplante sia oldtida. Den har ein tjukk rotstokk; det er den
eigenlege peparrota. Den kan ein rive og varme, men ikkje koke, for då fordampar dei
flyktige og velsmakande oljane.
Det heiter peparrot hjelper mot nyrelidingar.
Peparrot inneheld mykje C-vitamin, og er uskadeleg som krydderurt, bortsett frå
at sennepsoljen i den kan irritere hud og slimhinner. For beitande dyr kan den derimot vere
giftig.
- Perikum, prikkperikum Hypéricum
perforátum
Planten, som blir opptil 110 cm høg, har ovale blad som sit parvis mot
kvarandre og er utstyrt med små, gjennomsiktige kjertlar.
Det har vist seg at perikum har antidepressiv, ganske mild verknad. Prøv den
mot giktverk eller irritasjon i ryggen, o.a., lette sår, sjokk, tannverk, og mindre
åreknutar.
Til farging av stoff blir heile planten brukt. Den gir gulaktige og brunaktige
fargar.
Perikum er ugiftig.
- Persille Petroselínum
crispum
Det finst både kruspersille og mindre vanleg bladpersille. Begge sortane blir
rekna som bra.
Persille er rik på A- og C-vitaminer, mineralar og flyktige oljar som i
prinsippet er giftige, men med dei små mengdene som normalt blir brukt, har ikkje
giftigheita noko å seie. Om ei steikjer persille i smør eller på andre
måtar, fordampar dei flyktige oljane, og ein får eit sprøtt og aromatisk
tilbehør til kjøtrettar, bl.a.
Kan prøvast ved heller enkle fordøyingsvanskar.
Og har ein vond smak i munnen kan ein tyggje persille. Det er også eit
råd å tyggje ein persillekvast etter inntak av kvitløk, for å bli
av med mykje av kvitløklukta. Prøv.
Persille skal nok ikkje brukast av gravide eller ammande kvinner.
- Pinje Pinus pinea
Pinja blir opptil 25 m høg, og veks naturleg i sandjord i
Middelhavs-området. Trekrona har paraplyform, og treet har tunge, eggforma kongler som
krev tre år på å modnast. Kjernane (pinjenøtter) har
nøttesmak, er etande, og finst i pestosaus som også har nådd oss
nordbuar.
- Pølsetre Kigelia africana
Dette afrikanske treet blir dyrka som prydtre, og har bønneforma, hengande
brune frukter som blir inntil 50 cm og heng på ein meter lange stilkar. Frukta er
dessverre giftig, men blir bore som amulett for å bringe rikdom.
- Ramsløk Allium ursinim
Ramsløk, ein kvitblomstra løkart, er ein utprega kystplante her i
landet. Den kan dekke botnen i skuggefulle, fuktige lauvskogslier, og finst til langt
nord i Trøndelag. Den er i nær slekt med kvitløk og vanleg løk,
og blir brukt mykje som kvitløk. Den smakar som kvitløk, og har mange
naturmedisinske verknader til felles med kvitløk, om enn mildare.
Ramsløk er ein glimrande grønsak, og heile planten kan etast. Den
inneheld til overmål tjue gonger meir C-vitamin enn sitronar. Av dei grøne
blada kan ein godt lage ramsløkolje, ramsløkmajones, osb. Prøv finhakka
ramsløkblad i majones. Prøv den også i olje eller smelteost, til
dømes olivenolje.
Merk elles at blada misser smak og kraft når dei har blitt kokt. Løken
kan tørkast, men ikkje resten av planten. Det seiast også at klorofyllet i
blada gjer at det ikkje luktar av den som har ete ramsløk.
Ramsløk har altså mange verknader som kvitløk. Brukast mot luft
i magen (gassdanningar og uønska gjæring i tarmen), og mot tarmkatarr.
Også til gagn for bronkiane, mot bronkitt o.a. Ramsløk motverkar
åreforkalking (arteriosklerose) og for høgt blodtrykk - og kan fremme
appetitten.
- Raud solhatt (echinacea purpurea)
Sjå echinacea.
- Reinfann Tanacetum vulgare
Det heiter at før kjøleskapet blei kjøt pakka i reinfann for
å gi det smak og halde fluger vekke. I kattekorga held den lopper vekke. I
døropninga verkar den fråstøytande på mus. Så står det
(Bremness).
Elles må ein vite at reinfann kan vere giftig.
- Ringblom Caléndula
officinális
Ringblom setter mange frø, har kvikkande, gulraude blomar. Dei lyser opp
også på matbordet; somme brukar dei til dryss over maten, som pynt i ein
grøn salat. Dei smaker om lag som mild pepar.
I dag blir ringblomplanten mest brukt i ulike hudmiddel som kremar og lotionar.
Ringblom verkar reinsande, og kan lindre hudirritasjon og kløe etter så som
insektstikk.
- Rosenrot Rhodiola rosea (også:
Sedum rosea)
Denne urta veks på den nordlege halvkula, blir opptil 30 cm høg, og er
alpin (veks i fjell). Dei kjøtfulle, små blada er ein viktig matressurs langt
mot nord og høgt oppetter i fjellheimen. Inuittar (eskimoar) et dei i olje, og samar
et dei som salat. Den friske rota er utan smak, men når den er tørka, luktar
den som rose.
I Sibir blir rosenrot-te brukt mot hoste og for å lindre smerte.
Nye funn: Rosenrot betrar T-celle-immunitet, og kan dessutan bryte ned lagra feitt i
organismen, og ved det fremme vekttap, slik funn frå bl.a. Georgia og Bulgaria
dokumenterer. Krefter kan komme att fortare, og så bortetter.
Det blir også fortalt at rosenrot gagnar hugsen (minnet), gjer meir
uthaldande. Det kan vere at også auka feittforbrenning som eventuelt fremmer vekttap
hjelper til.
Rosenrot veks vilt hos oss. Den er adaptogen i likskap med Koreansk ginseng og
Russisk rot, og hjelper mot slik (forsert) aldring som heng saman med høgt
stressnivå generelt, trur folk i dag.
Ifrå eit forskingsprosjekt leser vi at rosenrot skal kunne brukast som
allment styrkande, mot brannsår, mot betennelsar, mot hovudverk og annan verk, og mot
depresjon og [kanskje også] stress i lag. Det heiter også at rosenrot
normaliserer blodsukkernivået, for å gjere eit utplukk.
- Rosmarin Rosmarínus
officinális
Denne busken veks vill i Marokko og det vestlege middelhavsområdet. Det finst
ei mengd variantar av rosmarin i handelen. Rosmarin blir brukt som krydderurt i mange
søreuropeiske rettar.
Det blir også sagt at rosmarinte løyser opp nervøse spenningar
og dempar angst og uro. Det blir også hevda at rosmarin stimulerer
fordøyinga.
Rosmarin får badevatnet til å lukte godt, og har avslappande
verknad.
Dei nåleforma, harpikshaldige blada inneheld oljar med ein viss giftverknad
på sentralnervesystemet, så ein må åtvare mot konsentrert olje brukt
innvortes.
- Russisk rot, sibir-ginseng
Eleuterococcus senticosus
Russisk rot er ein hardfør, bladfellande busk som kan bli rundt 3 m
høg. Røter og blad har ganske dei same medisinske eigenskapane som ekte
ginseng, er billigare, og stimulerer mindre. Russisk forsking syner at russisk rot aukar
uthaldet (trotten), styrkar motstandskrafta, og minskar stress - og ved konsentrasjonsarbeid
gjer ein færre feil takk vere den.
Betrar den mentale og fysiske yteevna, deriblant intellektuelle prestasjonar, og
skjerpar sansane (også synsevna), heiter det.
Adaptogen, dvs, fremmer rettare tilpassing i organismen. Har vore til hjelp for
mange som har vore nokså utslitne. Akkurat som ginseng aukar den prestasjonsevna,
fremmer konsentrasjonen, og stimulerer hjerteverksemda noko. Styrkar også
immunsystemet tydeleg.
Motverkar forstyrringar i kroppscellene sine funksjonar: Kan såleis minske
biverknader av kjemoterapi. Antioksidativ verknad mot frie radikalar.
Kan kanskje motverke allergiar fordi den stabiliserer.
Brukast mot influensa, ved at det hemmar virusutvikling, og såleis kan
motverke virus.
Etter seks vekers inntak for "mildare saker og ting", treng ein kanskje ikkje ta
russisk rot-tilskott kvar dag; kanskje kvar tredje dag passar betre derifrå, eller
annankvar dag. Ein får sjølv "prøve og sjå" kva ein kjenner seg
mest vel ved, eller la legen hjelpe seg.
Rotpulvertablettar kunne ein før kjøpe i helsekostforretningar og i vanlege
forretningar. Russisk rot hører med blant dei tryggare midla i helsekostbutikken.
Gravide bør unngå inntak i større mengder.
- Ryllik Achilléa
millefólium
Ryllik veks i vegkantar og enger over så godt som heile landet her hos oss, og
blir opptil 1 m høg. Blomane har raudaktig skjær eller er kvite.
Den er gammal som lækjeplante med inntil førti ulike stoff - forholdet
mellom desse stoffa kan variere sterkt, og det kan vere balansen og samvirket mellom ulike
stoff som tel. Verknaden av planten er faktisk ikkje blitt noko vidare grundig
undersøkt, heiter det, enda så lenge den har vore nytta.
Blomstertoppane fremmer fordøyinga og senkar høgt blodtrykk. Den som
vil kan prøve den mot godarta magesmerter og mot forhøgd blodtrykk. Ryllik
har også ord for å vere vassdrivande og å kunne tonisere blodkara.
Unngå store dosar, og unngå den under svangerskap.
- Røsslyng Calluna vulgaris
Røsslyng blir opptil 60 cm høg. Blomstertoppane kan verke roande.
Uttrekk frå heile planten blir brukt i kvisemiddel. Det finst eit
blomsteressens-middel kalla Heather. Sjå det.
- Salvie, tesalvie Sálvia
officinális
Salvie er ein eviggrøn busk som blir opptil 80 cm høg på
tørr og veldrenert jord. Den er både prydvekst, medisinplante og høgt
verdsett krydderplante som er omtykt til fyll i fjørfe. Den går godt til krydra
mat.
Som lækjeurt blir salvie i våre dagar brukt mot
fordøyingsbry. Den er også antioksidant. Ein bør forvisse seg
om at det er arten tesalvie (salvia officinalis) ein har med å gjere.
Planten er giftig; den inneheld bl.a. thujon. Men som legeplante vil giftverknaden
berre gjere seg gjeldande om den blir brukt til overmål gjennom lang tid. Salviekrydder med måte vil neppe føre til noko ubehag i praksis.
Ein får unngå store dosar under svangerskap.
- Sikori Chichórijm intybus
Sikori har kraftig pålerot og blå blomar. Den tørka rota inneheld opptil
50-60% inulin; det er eit sukkerstoff som diabetikarar toler. Det blir utskilt uendra
gjennom nyrene. Jordskokk og artisjokk inneheld også inulin.
Sikorirota inneheld også ein del bitterstoff. Den blir brukt i
kaffierstatningar, til dømes produktet "Barley cup", som er ei god blanding av rista
sikorirot, rug og bygg.
Sikori kan hjelpe og regulere nyrene, og er heilt ugiftig.
- Sitronmelisse, hjertensfryd
Melíssa officinális
Den buskete urta blir opptil 5 m høg og veks i buskas i solrik jord i
Sør-Europa. Gulaktige, kvite blomar har ei lukt som minner om sitron.
Plinius den eldre i oldtida roser planten. Den kan brukast til krydder, også i
salatar. Friske blad av sitronmelisse som pynt på dessert kan også gå vel og
bra.
Oljen kallast oppkvikkande, og om ein stryk den på tomme bikubar, kan den
trekkje til seg nye bier der.
Urtete av sitronmelisse har ord for å verke roande, gagne irritert hjerne, og
brukast også mot leddgiktverk i utlandet.
- Slåpetorn Prunus
spínosa
Ein tornete busk som utviklar svartfiolette, mindre "plommer" med ein tanke
blåsyre og mykje garvesyre, men ved normal bruk skulle ikkje det gi nokon problem, heiter
det.
Barken kan gi vene raudbrune fargar på ullgarn.
- Smalkjempe Plantago minor
Sjå Kjempe
- Solblom Árnica montána
Solblom blir opptil 40 cm høg og har sterkt guloransje korgblomster som
blomstrar i juni-august. Det er ein gammal lækjeplante som har blitt brukt både
innvortes og utvortes.
Arnicatinktur (fortynna med varmt vatn) og arnicasalve blir brukt utvortes
ved forstuingar og revmatiske smerter. Ved hyppig langvarig utvortes bruk kan ein få
allergiske utslag, først og fremst hudbetennelse og at det blir danna blærer.
Tinkturen bør ein altså vere VARSAM med å bruke.
Fordi solblom har svært sterke biverknader når den blir teken innvortes,
i enkelte tilfelle også dødelege, må ein la vere å eksperimentere med
den.
- Solbær Ribes nigrum
Solbærbusken blir opptil 2 m høg. Dei etande bæra blir modne
utpå sommaren. Blada kan ein bruke til te mot sår hals, til dømes.
Solbærte kan senke blodtrykket, blir det skrive.
- Solhatt (echinacea angustifolia)
Sjå Raud solhatt.
- Sommarhyll
Sjå Hyll
- Stemorsblom Vióla
trícolor
Stemorsblom er vanleg over heile landet. Dyrka stemorsblom finst i mange form- og
fargevariantar.
Som medisinplante blir stemorsblom i dag brukt i hostemedisinar. Og den
kan senke blodtrykket, hevdar David Hoffmann.
Stemorsblom er ikkje giftig.
- Stornesle
Sjå Brennesle
- Sukkerrør Saccharum
officinarum
Sukkerrøret kjem frå Indusdalen, og blir opptil 6 m høgt. Safta i
stilken blir pressa ut med valsar, og gir brunt og kvitt sukker og mineralrik melasse. Mykje
sukker i saft og syltetøy hindrar mikroorganismar i å utviklast.
Mykje sukkerinntak gir også tannrote. Det er det leie. Til forbrenninga av
kvitt sukker i kroppen krevst også mineralar og vitaminar. Får ikkje organismen
det tilført, må den ta frå eigne ressursar. Då blir ein tappa for
slikt som enkelte B-vitaminar, og det kan bli uheldig i langdrag. Sjå elles historisk
oversyn over sukker her: [LINK]
- Svarthyll
Sjå Hyll ovafor.
- Svartor Alnus glutinosa
Or gir fleire plantefargar. Ull blir raud av barken, skota gir tekstilar
gulgrå, frisk ved gir rosa.
Urtete (infus) av nokre oreblad (ein handfull) kan ein prøve å
tilsetje fotbadet. Det heiter dette kvikkar opp.
- Syrin Syringa vulgaris
Syrin er eit greinrikt lite tre eller busk eller halvbusk med voksaktige blomar i
lilla, rosa, blått og kvitt. Det finst talrike kulturformer, ofte med fylte blomar.
Blomane skil ut ein søt parfyme og har binde små kjertlar på stilkane.
Parfymen blir nytta kommersielt.
Det heiter at syrinen symboliserer kjærleikens første kjensler
(på blomsterspråket).
- Tebusk Camellia sinensis
Tebusken er eviggrøn og blir opptil 6 m høg. Tørka blad blir
brukt til drikken te. Det finst mange ulike slags te. Forsking på grøn te syner
den stimulerer immunforsvaret.
For høgt inntak av te kan gjere avhengig.
- Tempeltre (ginkgo biloba)
Sjå Ginkgo ovafor.
- Tepperot Potentílla
erécta
Tepperot er vanleg i Noreg. Den lite kravfulle planten har gule blomar med fire
begerblad og fire kronblad. Rota er raud inni, og har mellom anna blitt nytta til gurgling
ved betennelse i munn og svelg.
Tepperot innvortes kan få ein til å kjenne seg utilpass og kaste opp.
- Tetre: dvs. svart te-tre Melaleuca
bracteata
Tetreet blir opptil 2 m høgt, og veks i Australia og Malaysia, ved kysten.
Oljen frå treet blir granska av forskarar, og skydd av insekt - den har frisk,
søt lukt.
- Timian, hagetimian Thymus vulgaris
Timian er eit høgt skatta krydder som har vore kjent som lækjeplante
like frå gamle Egypt. Forsking har synt at den styrkar immunforsvaret. Dei aktive
stoffa i timian omfattar thymol. Det er ein flyktig olje.
Timian har antiseptisk verknad, den hemmar og drep sopp og bakterievekst.
Timiante til gurgling og skyljing av munnen, mot godarta hoste og sår hals, og
mindre skrammer. Også mot appetittløyse og somme former for revmatisk verk.
Slik lagar ein te: Kok opp vatn, slå det over 1 ss timianblad, og dekk til
så ikkje dei flyktige stoffa blir borte. Trekk i om lag ti minutt, og søt
gjerne med honning.
Elles blir timian brukt til mat og drikke, og i hushaldet elles.
- Tomat Lycopersicon esculentum Mill.
To tomatar gjekk langs vegen. Så blei den eine overkjørt. Den andre sa,
"Kom an, ketchup!" - Mange barn liker den vitsen. Jamfør elles korleis catch
up blir uttalt.
Tomat kjem frå 'tomate' på spansk, som kom frå eit indiansk ord,
'tomatl'. I USA i dag et folk meir tomat enn nokon annan enkelt frukt eller grønsak.
Tomat hører til same familie som potet, eggplante (aubergine) og paprika, og kjem
frå Sør-Amerika. Spanjolane innførte den som prydvekst på
1500-talet. Den blei fort vanleg i Italia og England, men bl.a. i Nord-Europa blei tomat
rekna for giftig. Først omkring 1900 blei tomat godt likt også her. No blir den
dyrka verda over.
Det finst ulike tomatsortar. Den vanlegaste er mellomstor. Frukta er eit bær:
Ja, tomaten, er eit stort, rundaktig, lenge grønt, men til slutt raudt bær. Det
rår mykje forvirring om kva som er bær og grønsaker; ikkje alt som blir
seld som grønsak er det, og ikkje alt som blir seld som bær er bær, viser
det seg. Det finst underhaldande oversikt over det.
Oppbevarer ein tomatar i romtemperatur, smaker dei best.
Tomatar kan ein bruke til mangt. Ferske i salatar, gratinerte med ost, i gryter og
kjøttfarserettar. Lista kan gjerast lengre
Tomatpuré og ketchup, soltørka - mykje er raudt. Pigmentet som gir
raudfarge heiter lycopen, og kan kanskje hjelpe deg: I ei
undersøking med tusen testpersonar kom det fram at menn som et ti gonger meir tomatar
får 45% mindre sjanse til å få prostatakreft.
Tidlegare studiar syner også at fargestoffet i tomat kan minske det lite
helsesame kolesterolet og hjelpe hjertet. Men å ete lycopen direkte gir ikkje same
verknad som å få det i seg i tomat. Ein veit ikkje korfor det er slik.
Men ifølgje NCI, National Cancer Institute, ligg det føre nok data til
å hevde at dei som konsumerer mykje tomat, får mindre risiko for prostatakreft,
lungekreft og magekreft, vel kanskje også enkelte andre kreftformer,
blir det sagt.
Forskarar veit ikkje nøyaktig korfor og korleis tomatar gagnar mot kreft. Men
som sagt ovafor, det lèt til å vere semje om at det er tomat-lycopena
- dei er bioflavinoid i slekt med betacaroten - som får det til.
Koking kan hjelpe - det kan meir enn doble tilgjengelege lycopen frå
tomatcellene. Og litt olje attåt, slik som i pizza eller tomatsaus, intensiverer den
vernande verknaden.
Det finst mange andre stoff i tomat som kan tenkjast å gagne, og det er
mogeleg at det er samansette samverknader mellom somme av dei som hjelper.
Tomat hjelper til med å oppløyse animalsk feitt i egg, ost og mange
frysevarer. Ved det hindrar tomat herding i arteriar.
Lycopen er ein kraftig antioksidant og til hjelp mot høgt blodtrykk, betre enn betakaroten
på sitt vis.
Tomat inneheld kalium, og kalium senkar høgt blodtrykk.
Vitamin C og flavonoidar i tomatar styrker blodkara i auga, heiter det.
HUDKURAR: Tomat "foryngar" og reinsar huda. Ein kan gni tomatskiver inn i huda.
C-vitaminet i tomat har lækjande kraft, heiter det, og ei tomatsyre som fjernar
døde hudceller og fjernar porepluggar (hudormar), er med å utrette
"mirakla".
Tomatmaske blir til slik: Lag så tynne tomatskiver som råd. La dei
liggje på huda i fjeset i 10-15 minutt. La juicen sive inn i huda (det går av
seg sjølv gjennom osmose). Når dei 10-15 minutta har gått, tek du ei
tomatskive og gnir saftene lenger inn i huda. Tomaten fjerner død og tørr hud,
og får andletet til å sjå glatt og bra ut, heiter det (Det kan vel finnast
individuelle forskjellar). Tørk vekk overskottssafta frå huda.
Ein kan hjelpe seg sjølv slik 3-4 gonger i veka. Og merk også at den
milde, naturlege syrlegheita i tomat gjenopprettar hudas ph-balanse.
Sensitiv hud lyt ein likevel fare meir varsamt med.
Tomat kan godt hjelpe mot mindre utmattingstilstandar. Tomat stimulerer blant anna
leverstoffskiftet. Tomatfrø er flotte proteinkjelder, mykje lik dei i
solsikkefrø og soyabønner, kan vitskapsfolk fortelje.
Tomat hjelper og vernar levera og stimulerer leverutreinsing.
NCI tilrår at ein får i seg rikeleg med tomatar. Det er
næringsrikt, smaker godt, og er bra for kroppen. Andre frukter og grønsaker med
høgt lycopeninnhald omfattar papaya og guava.
Tryggleiken din: Tomat inneheld solanin; det er eit stoff som kan gi hovudverk.
Tomat kan også gi fordøyingsubehag og halsbrann (heartburn). Dei som ofte har
slike symptom, kan prøve å halde seg vekke frå tomat i 2-3 veker for
å sjekke (teste) i kva grad tomat kan vere årsak. Enkelte kan reagere allergisk
på tomat.
- Tranebær Vaccinium oxycoccus
Denne krypande dvergbusken blir opptil 30 cm høg. Bæra inneheld
C-vitamin og smaker godt når dei har fått frost, og det får dei i
frysaren. Syltetøy av tranebær får ein litt bitter, frisk smak og er godt
til vilt. Tranebærgele får ein fin djupraud farge. Tranebærsaft inneheld
stoff som kan nyttast for å førebyggje og behandle blærekatarr. Tranebær
kan også verke mot urinvegsinfeksjonar som kjem av E.coli-bakteriar. Stoff i
tranebær gjer at kolibakteriar ikkje festar seg til blæreveggen, og
dermed blir skylt ut gjennom urinen - og ni av ti urinvegsinfeksjonar kjem av
kolibakteriar.
Tranebær hjelper også mot åreproblem ved bl.a. å styrke
hårrørsårene - og kan verke gunstig mot "slitte nervar".
Tranebærsaft har også blitt nytta mot forkjøling og feber.
Eit bra råd er å kjøre bæra i hurtigmiksar saman med
søte frukter som pærer for å unngå større mengder
sukker.
Tranebær har ingen kjente biverknader, og det er ingen spesielle avgrensingar
i bruken av dei.
- Trollhegg Frangula alnus
Trollhegg trivst i åkerkantar og skogbryn i låglandet i Sør-Noreg.
Det er ein giftig busk som sjeldan blir over to meter høg. Og trekol av trollheggved
blir brukt til å framstelle fint krut! Barken blir brukt til farging og gir raudbrune
fargenyansar.
Som lækjeplante blir trollhegg brukt som avføringsmiddel, altså
mot forstopping. Eit stoff i den som framkallar oppkast, forsvinn etter rundt eitt års
lagring. I dag er trollhegg i bruk mildt avføringsmiddel rundt om i Europa.
Trollheggbusken er altså giftig. Store nok dosar kan drepe dyr, viser det seg.
Dessutan kjenner ein til at to småbarn døydde etter å ete
trollheggbær.
- Tusengyllen Centaúrium
littorále
Den spinkle tusengyllenen nokså sjeldan hos oss, og finst for det mest i
tørre, sørlege deler av landet - langs kysten.
Te av delane over jorda har bitter smak, og har blitt brukt som allment stimulerande
middel. Den er ikkje i vanleg bruk lenger.
- Valnøtt, ekte valnøtt
Juglans regia
Valnøttreet blir opptil 30 m høgt, er lauvfellande, og får
nøtter ein kan nyte i salatar og søtsaker og anna.
Bark og skal gir brunt fargestoff.
I India blir elles valnøttre brukt som symbol på langt liv.
- Valurt Sýmphytum
officinále
Valurta blei i si tid innført som medisinplante hos oss. Det aktive stoffet i
den heiter allantoin; det framskundar at celler blir danna. Dermed har valurt også
blitt skulda for å framkalle bl.a. leversvulstar, og med rette.
Bruken av valurt har i lange, lange tider vore heilt i utakt med at planten snarare
framkallar enn lækjar kreft. Blodpropp som følgje av inntak av valurt er også
skildra.
 
Valurt blir no sett på som giftig eller skadeleg.
- Vanilje Vanilla planifolia
Aztekarane i Mellom-Amerika kalla vanilje tlilxochitl, av 'tlilli', svart, og
'xochitl', belg. Ekte vanilje har vedunderleg aroma, og kom til Europa frå Mexico i
1510, og er det nest dyraste krydderet i verda etter safran. Ekte vanilje kjem frå
kapslane til den høge, grøne klatreplanten Vanilla planifolia frå
tropiske strok; det er den einaste av dei ca. 20 000 ulike orkideane på jorda ein
får noko etande frå: det er ekte vanilje.
Fruktene frå 20-25 plantar gir om lag 1 kg ferdige vaniljestenger. Det vi kallar
vaniljestong er frukta til den bestøva blomen. Dei umodne kapslane, som lukta
ingenting som ferske, blir mellom anna tørka og lagra varmt i opptil seks
månader. Då er dei mørkebrune og smaker flott, ved at smaksstoffet
vanillin har krystallisert seg på overflata, takk vere ein gjæringsprosess som
får ymse glukosid (mellom dei glukovanillin) til å spalte seg i glukose og
vanillin.
Favorittoppskrifter til meisterkokkar og bakarar inneheld den ekte
vaniljebønna, som er aromatisk sterk. Europearar flest føretrekkjer å
bruke bønna, mens nordamerikanarar føretrekkjer vaniljeekstrakt der alkohol
og vatn er med; 35 volumprosent skal vere vanilje i slike Rein Vanilje-ekstrakt.
Heilt først på 1600-tallet fann apotekaren til dronning Elizabeth I i
Storbritannia ut å bruke vanilje som sjølvstendig smakstilsetjing. I dag blir
ekte vanilje produsert i Mexico, på Madagaskar, i Indonesia, Costa Rica og på
Tahiti. Dei største produsentane er Mexico og Madagaskar. Elles blir vanillin
(vanilje) lagd industrielt av vedstoff (lignin) frå så som norsk gran; det fell
mykje billigare, men har ord for å vere mindre verdifullt enn ekte vanilje, som inneheld
noko meir enn vanillin.
I maten kan vanilje brukast til så mangt. Berre prøv den i majones og
rekesaus - Det er mange smaksopplevingar som ikkje er utforska.
Vanilje har ord for å stimulere fordøyinga og kveike energi, men kan
irritere i overmål.
LAGRING: Ekte vaniljestenger kan ein gøyme i sukker i ei lufttett boks i
romtemperatur. Det gjer somme kjennarar; dei dekkjer vaniljen heilt til med sukker,
så lys ikkje kjem til den. Etter nokre veker smaker sukkeret vanilje i tillegg, og
stengene kan ein elles bruke fleire gonger, når ein berre vaskar dei etter bruk.
- Vendelrot, legevendelrot Valeriana
officinalis
Valerianarota har roande verknad, og blir mykje brukt mot søvnløyse. Men
ein gjer vel i å unngå store dosar og langvarig bruk.
- Verbena, jernurt Verbena officinalis
Når tarmen streikar kan ein prøve den. Dessutan finst eit Bach-middel:
[Link]
- Vinrute Ruta gravéolens
Vinrute er ein opptil ein meter høg halvbusk. Den er delvis vintergrøn
og luktar fælt (graveolens vil seie "illeluktande". Smaker er svært bitter.
Menge menneske reagerer elles allergisk på å røre ved vinrute.
Uttrekk av urta har vore brukt til litt av kvart, men stort sett feil, lèt det
til.
 
Ein har no slutta å bruke vinrute som legeplante - den er giftig.
- Virginiatrollhassel eller trollhassel
Hamamélis virginiána
Sjå hamamelis.