NORSK DEL, GULLVEKTA  

Polske ordspråk

 13 › 2 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Polske ordspråk

Her er eit dusin polske ordspråk på kvasipolsk (polsk med bortfall av diakritiske teikn, dessverre), og med norske omsetjingar og nokre ekvivalenter. - Tormod Kinnes

Twig

Bez pracy nie ma kolaczy.
 Ikkje arbeid, heller ikkje oljekaker.

Dobry zart tynfa wart.
 Ein god spøk er verdt ein gammal polsk mynt.

Gdzie drwa rabia, tam wióry leca.
 Der det blir hogd ved, flyg det spon.

Kropla do kropli i bedzie morze.
 Drope for drope blir det eit hav.

Lepiej pózno niz wcale.
 Heller seint enn aldri (ekvivalent)

Myszy harcuja, gdy kota nie czuja.
 Musene leikar seg når dei ikkje tek tev av katten.

Na pochyle drzewo wszystkie kozy skacza.
 Alle geiter hoppar opp på lutande tre. (Folk utnyttar deg om du lèt dei).

Nie od razu Kraków zbudowano.
 Krakov blei ikkje bygt på ein blunk.

Nieznajomosc prawa szkodzi.
 Det er [venteleg] til skade å ikkje kunne lova.

Szlachcic na zagrodzie równy wojewodzie.
 Ein adelsmann på garden sin er som ein voivod (kommandør)

Wchodzac miedzy wrony, krakaj jak i one.
 Når du er mellom kråker, gal som dei. Heilt fritt: Mellom kyr, raut som kyr.

Zobaczysz (cos), jak swinia niebo.
 Du vil sjå det så visst som ein gris ser til vêrs. (Det heiter at grisar ikkje kan sjå oppetter fordi augene deira ikkje utan vidare kan sjå oppetter og fordi dei ikkje kan bøye nakken bak-opp. Men dei ser venteleg inntil 70 grader oppetter trass i mennesketru i dette (perifert synsfelt tel også). Spør ein grisebonde.) Ordtaket tilsvarer "Når grisar flyg".

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]