| |
Grei norsk ved enkle hovudopplegg
 | |
For å formulere deg direkte og underhaldande, får du våge det.
|
Arbeidarrørsla hadde eit mål som var mye framme i førre hundreår:
å hjelpe fram utdanning. "Å gagne og fornøye" blei rekna som
nyttig middel til det. Gilde vendingar og bilete kan både instruere og underhalde -
kvar for seg og i lag - så ein får hjelp til å hamle opp. Det er ikkje
alltid eit anten-eller. Langt ifrå.
Mange heimlige ord er fullgode
SKRIV SÅ greielig du kan. Når ein skal vere informativ og genial - begge
deler høver - er det generelt bra å gjøre bodskapen klarast råd
ved enkle middel som korte setningar og få setningar, ikkje fremmendord der heimeord
er fullgode eller betre . . . nokså direkte tale, og takt til. To-tre enkle bilete kan
hjelpe; det finst bilete malt med ord og bilete i fargar, med meir.
Der kommunisering i tale og skrift både er meiningsfull og underhaldande, er
den også mest effektiv. ◊
Konkrete ord og fakta seier meir enn generelle vendingar.
Våg å gå rett på sak - Tida er ein kostbar ressurs, ikkje
heilt ulikt våtmarker.
Skriv
enkelt og så det kling godt, og ikkje eddiksurt
EIN GJØR normalt godt i å ha for auge at kort, søtt og enkelt fungerer
langt betre enn langt, komplisert og detaljert.
Grip tankane tilfanget godt nok? Det gjeld å fatte rett aller først, og
så skrive det ned. Slik sett er å skrive å tenkje, ikkje minst. Våg
å vere direkte overfor deg sjølv i den situasjonen, for det kan
hjelpe.
Er det viktig stoff, skal det gjøre godt å ha med korrekte referansar i
skriftlig materiale. Det finst enkle grunnprinsipp, enkle grunnformer for slikt. Korrekte
referansar er mest av alt slike som biblioteka har når dei leiter fram bøker,
unnatatt det katalognummeret (Dewey-nummeret) biblioteka skriv på
bøkene.
La vere å bruke fremmendord der noen enkle kvardagsuttrykk gjør same
nytta og vel så det. Det heiter at somme er i ferd med å drukne i
informasjonshavet likevel.
Smak på setningane, og ha med mottoet "Drikke-eddik gjør godt."
Både smak og verknad kan bli fin-fin om du setter til akkurat passe mengde sukker og
vatn. Eddik har vore i bruk mot tørsten ifrå oldtida. Det er først og
frems sure ting som du kan redigere til med enkle middel som "sukker og utvatning", om du
forstå.
Forklar elles vanskelige ord den første staden du skriv dei. Les gjerne
høgt det du skriv for å sjekke kor godt det kling og glir. Ein skal ikkje li
over det andre skriv heller. Tenk på kva den du skriv til og for må gjennom og
kan vere interessert i, og kva han eller ho vel får ut av det som kjem frå deg.
"Tenk som den vise, men kommuniser som den enkle", sa Aristoteles. Det som er lett å
sjå til kan gi fagna merksemd. ◊
Spør andre om gode språkråd og bruk eventuelt
språkkonsulent. Bruk oppdaterte ordbøker og andre rettleiingsbøker.
Skjemata
er grunnformer som hjelper oss å oppfatte. Mye skriving er basert på
det.
EIT SKJEMATA er eit fagord som femner over meir enn "grunnriss, mønster,
plan". Det er ein konstruksjon som letter overføring av god kunnskap, først og
fremst. Når du skriv, har du nok i deg skrive-skjemata som du nyttar for å
komponere innhaldet ut frå, til dømes. Skjemata til sides, hovudsaken skulle
vere at du oppnår det du vil. At det du skriv er lett å fatte, hjelper til med
slikt i det heile. Mottakaren skal helst ikkje trenge å lure på kva saka
gjeld.
Framhev elles nytteverdi for lesaren hyggelig i fall det er råd. Spør
gjerne deg sjølv: "Vil eg at mottakaren skal reagere godt?" For å få det
til - eller få til noe av det - skriv du det viktigaste først. Såleis kan
du gi heilskapen før detaljane, ein ting om gongen, og det kan vere høvelig
å meistre som grunnform å variere ut frå.
Du kan stykke opp teksten i porsjonar som det høver, og utdjupe og forklare
poenga ved det med enkle døme og gjeldande fakta. Frå to til åtte moment
(poeng) i eit e-brev kan mange klare.
Gjør gjerne ditt for om mogelig å løyse problem og til dialog,
og summer og konkluder enkelt heilt til slutt. Det skal gagne oversikta.
I fall du illustrerer, kan du kanskje teikne bilete av det du seier. Bilete skjerpar
mottakaren bra, og kan lettar forståinga. Også enkle tabellar hjelper. Det kjem
nok også an på kor godt biletet, bileta, og tabellen er laga.
Nå gjerne fram til å skrive og tale ganske som du snakkar, om det berre
er skjønelig for dei du vender det til. Nynorskskrivande kan nytte dialekt som basis
for kultivert stil med eller utan sideformer, til dømes. Og ledig, likefram norsk
kjem ofte nærare talemålet.
Bruk helst ikkje lange, fine setningar, men stykk dei opp i staden. Det går
ofte. Ei setning skal sjeldan trenge å vere lenger enn 25-30 ord. Det er ein
tommelregel ifrå ei bok over Plain English, som det heiter. Det er likefram
engelsk. [Cutts] ◊
Bruk gjerne norske ord i staden for engelske.
Kan ein tillate seg å utvikle og ha ein grei personlig stil utan å
sløse med orda, tid og krefter, kan det lønne seg. Det kjem også an
på kva andre vil eller finn seg i, blant anna på grunn av dette: "Kor lenge
menneske gir deg merksemda si er nesten alltid kortare enn du trur."
Positive grunnkjensler aukar kan auke den tida. Det kan også gjøre veg
i vellinga å gjøre ei grundig analyse av temaet ditt og kven du skriv til og
for. Resultata kjem også an på kor godt førebudd ein er elles og. Og om
andre blir fort trøytte og fell saman lett, treng ikkje skuldast noe frå deg.
Men same kva, det hjelper å vere føre var: "Finn løysingar, ikkje
problem", sa Henry Ford.
Vitsar kan lett mistydast. Av den grunn skulle ein tenkje gjennom om dei kanskje
skulle sløyfast overfor lite kjente.
Dess meir ein veit, dess lettare kan det gå å finne dei rette argumenta.
Dei er ikkje nødvendigvis underlagt merkantile kamprop (motto) som "La det selje".
"Det skal vere hyggelig" kan vere like bra og enda betre som overordna norm overfor noen. (8)

Litteratur
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
© 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST]
|