NORSK DEL, GULLVEKTA  

Svenske eventyr og segner

 13 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Gulleple med sølvblad

folkeeventyr DET VAR ein gong ein konge som hadde ei einaste dotter, fager og ven. Men så blei ho vanskelig sjuk, og kongen sørgja bittert over at ho skulle dø. Han kalla saman alle synske og lærde menn i heile landet for å finne boteråd, men ingenting av det dei kunne og visste gjorde kongsdottera betre.
      Til slutt kom ei gammal kone til kongsgarden. Ho kunne kunsten å spå. "Kva står på her?" sa den gamle kona. "Alle er så sturne som om det var stor naud her."
      Ho fekk straks vite korleis det stod til med kongsdottera.
      "Er det ikkje anna," sa spåkona, "så far av garde og skaff kongsdottera eit gulleple med sølvblad. Då blir ho sikkert bra."
      Kongen sende ut folka sine til alle hald og kantar for å hente gullepla med sølvblad, men alle kom attende utan. I sorg let kongen kunngjøre over heile landet at den som kunne skaffe eit gulleple med sølvblad skulle få kongsdottera i løn.
      No var det også slik at på eit høgt berg langt aust i skogen stod det eit forheksa epletre som aldri bar frukt. Tett innved berget stod ei gammal stue. Der budde det ei gammal kone med tre søner som alle var kvikke gutar og til støtte for mora.
      Ein kveld då sønene kom heim, fortalde dei mora kva dei hadde hørt om kongsdottera og løna som var utlova.
      Om morgonen då dei vakna, glima det i det gamle, forheksa epletreet. "Kva kan det bety?" sa den eldste av brørne. "Ser eg ikkje gulleple med sølvblad?"
      Då vakna lysta til å få kongsdottera hos alle tre brørne, men "Berre ein av dykk kan få henne," sa mora. "Prøv lykka i tur og orden og gjør dykk verdige til løna som er utlova."
      Den eldste sonen sprang då ut til det gamle epletreet med ei korg på armen og plukka gullepla med sølvblad, og gav seg av garde til kongeslottet. Med kjappe steg og bankande hjerte skunda han seg i veg mens han tenkte på kongsdottera. Vegen gjekk gjennom ein stor skog, og då han kom inn i den, møtte han ei gammal kone som var stygg å sjå til.
      "God dag!" sa kona. "Kva har du i korga?"
      "Grisebust og tagl," sa guten.
      "Slik lyt det vel vere," svara kona.
      Guten gjekk vidare og kom til kongeslottet.
      "Kva vil du, gut?" sa vakta ved slottsporten.
      "Eg har gulleple med sølvblad i korga, og vil til kongsdottera og gjøre henne frisk."
      "Nå, det var ikkje ille," sa vakta. Men først ville dei sjå etter kva som var i korga. Guten rekte den fram, og vakta løfta på lokket. Ut av korga velta grisebust og tagl i store mengder.
      Skamflat vende guten heim, og den andre broren gav seg av garde med ei ny korg gulleple med sølvblad. På vegen møtte han ei kone som såg verre ut.
      "Skal tru kva du har i korga di?" spurde ho guten.
      "Nøtter som ingen kan knekke," svara han og skunda seg vidare.
      "Slik lyt det vel vere!" ropte kona etter han.
      Han kom til vakta ved slottsporten og ville opp til kongsdottera med epla sine. Men då vakta for sikkerheits skuld løfta av lokket for å sjå etter, inneheldt korga berre harde nøtter som ingen kunne knekke, og guten fekk vende heim med skamma.
      No skulle den yngste broren av garde og prøve lykka si. Han plukka korga full av frukter frå det gamle epletreet og gav seg av garde til kongsslottet. Då han hadde komme eit stykke inn i skogen, møtte han den same gamle kona som brørne hadde møtt før han.
      "Kva har du i korga der, skal tru?" spurde kona.
      "Gulleple med sølvblad," svara guten.
      "Slik lyt det vel vere," svara kona.
      "Kan du syne meg vegen til kongsborga, gamlemor?" spurde guten.
      Kona sa, "Du sa sant til meg om kva som er i korga, så eg skal gi deg eit godt råd attpå. Møter du noen på vegen som du kan hjelpe, så gjør det. Kanskje dei hjelper deg att seinare. Ta denne pipa. Alle som du vil kalle på, lystrar når du blæs i den."
      Guten takka og gjekk vidare, og det tok ikkje lang tid før han såg to maurtuver stri med kvarandre. Han skilde dei stridande maurane, og heldt fram på ferda si.
      Noe lenger fram kom han til ein sølvskinande sjø mellom høge furutre som spegla seg i vatnet. Han gjekk ned til stranda, og la merke til ein fisk som hadde blitt kasta opp på land og ikkje klarte å komme ned i vatnet. Guten tok fisken forsiktig i hendene og sleppte den ut i sjøen att.
      I det same kom ei due som blei jaga av ein hauk. Dua landa ved sida av han. Han skremde vekk hauken og mata dua med halve brødet han hadde med i nistesekken.
      Lenger framme på vegen såg han to ramnar som sloss for livet mot kvarandre. Han skilde dei frå kvarandre og gjekk vidare.
      Så kom han omsider til kongeslottet. Korga gav han til portvakta, og sannelig inneheldt den gullepla med sølvblad. Guten fekk gå opp til kongsdottera, og mens kongen og heile hoffet var til stades, åt ho opp eit av epla. Straks blei ho frisk og sunn som aldri før.
      Alle på slottet gledde seg storlig. Men kongen rynka panna og spurde seg sjølv, "Skal dottera min ha ein husmannsgut? Han lyt klare enda verre prøver før han får henne og halve riket."
      Kongen gav så husmannsguten i oppgåve å reinse ei tønne blanda såkorn, så kveiten kom for seg og rugen for seg. Då kvelden kom, helte guten ut såkornet på slottsplassen, tenkte på dei to maurtuvene, og bles i pipa si. Straks kom maurane i tusental og skilde rugen frå kveiten.
      Tidlig om morgonen steig kongen ut på trappa for å sjå korleis guten hadde greidd oppgåva. Han granska dei to kornhaugane nøye, og fann ikkje eit einaste korn i feil haug. Det kjendest ikkje godt for kongen, som surna.
      Kongen gav no guten i oppgåve å skaffe han ein dyrebar ring som han ein gong hadde mista i sjøen då han for over den i den kongelige sluppen. Då det blei kveld kom, gjekk guten ned til stranda og tenkte på fisken som han dagen før hadde redda frå å dø på stranda. Og då han bles i pipa si, plaska det nedi vatnet, og i det same såg han fisken stikke hovudet opp over vassflata.
      "Å, var det du, min venn," sa fisken. "Kva kan eg hjelpe deg med?"
      "Kan du få fatt i den ringen som kongen miste her i sjøen?" spurde guten.
      Med eit slag av sporden dukka fisken ned i djupet; og kort etter stakk den hovudet oppatt, no med ein ring i kjeften. Dei kostelige steinane i ringen glinsa i måneskinet.
      Då kongen neste morgon fekk ringen attende, grunna han lenge og vel på kva han no skulle gi husmannsguten i oppdrag: Dess verre dess betre, tenkte han. Til slutt bad han guten hente ein olivenkvist frå paradis.
      Guten tenkte no på dua som han hadde berga frå hauken, og bles i pipa si. I same no var dua hos han. Ho ville gjerne hjelpe han å hente ein olivenkvist frå paradis, og flaug straks beinvegen dit. Det varte ikkje lenge før ho kom att med kvisten i nebbet.
      No blei kongen frå seg av raseri, og bad om ei glo frå helvete.
      Enda ein gong bles guten i pipa, like til sterke vingar suste i lufta, og ein av dei to ramnane landa ved sida av han. Guten bad fuglen hente ei glo frå helvete.
      "Gjerne det," sa ramnen, og gav seg straks på veg til avgrunnen. Kort etter sleppte ramnen gloa frå helvete ned på kongsgarden. Då blei det bulder og brak så slottet rista. Alle blei fælne, og kongen blei bleik.
      "No har du halde ap med meg lenge nok," sa husmannsguten til kongen. "Gi meg no dottera di som du lova, elles vender eg heim og lar gloa brenne på garden din i lange tider."
      Kongen tenkte seg ikkje om lenge. "Her har du handa mi," sa han. "Kongsdottera er di, og halve riket om du berre kan få vekk gloa som larmar så fælt."
      Guten bles i pipa. Den andre ramnen kom med det same og flaug med gloa tilbake dit den kom ifrå.
      Guten blei kledd i purpur og gull, bryllaupet blei stelt i stand, og sølvblada frå det fortrolla epletreet blei fletta inn i brurekrona.
      Snart døde gamlekongen og så fekk guten frå husmannsstua heile riket. Han og dronninga styrte så vel at ingen glade blei urett innestengt og utestengt.

OPP


Villkatten

Bilete
DET VAR ein gong ein konge som var så glad i jakt at han jakta kvar dag i skog og snar. Etter ei lang og mislykka jakt fekk han ein gong sjå ein brannete, svær katt springe mellom trea. Full av jaktlyst spora kongen hesten sin og greidde å fange den rappfota villkatten levande. Alle undra seg, for katten var så stor som ein hund og med skremmande, kvasst blikk. Håret voks over heile kroppen som skjegglav på grantre, og den hadde eit par duskar i enden av øyra.
      Villkatten svara ikkje på noen spørsmål frå kongen, same korleis dei truga han. Til sist blei kongen vreid. Då sa han til tenarane sine at dei skulle ta hand om katten og ta godt vare på han. Så drog kongen heim til kongsgarden.
      På den tida hadde dei for skikk at kongen og mennene hans heldt drikkelag til langt utpå nettene. Då blei det samtala og drukke nokså mye. Då dei no sat ved drikkebordet om kvelden og prata og gurpa og rapa i lag, greip kongen drikkehornet sitt og sa:
      "Kva synst de om jakta i dag? Har vi noen gong komme heim utan bytte?"
      Mennene smiska han:
      "Ein så stor jeger som deg kan ein nok ikkje finne her i verda. Og i dag fanga du attpåtil ein villkatt."
      Kongen likte smiskinga, og spurde:
      "Kva tykkjer de då eg skal gjere med den?"
      "Jo, hald den fangen på garden her," svara hoffmennene, "så blir det snart spurd over heile landet kva for veldig jeger du er! Men ta godt vare på den så den ikkje rømmer, for slik ein fin katt må vere lurare enn ein rev, så vanskelig some den er å veide."
      Kongen tagde ei lang stund, løfta så drikkehornet og sa,
      "Ja, eg skal ta vare på den. Og om noen slepper han ut, skal han bøte med livet."
      Så tømde kongen drikkehornet og drakk enda meir vin.
      Då kongen vakna morgonen etter, kom han i hug løftet han har gitt kvelden før. Han sende etter tømmer og anna bygnadsvirke og let byggje eit lite hus tett inntil kongsgarden. Huset blei tømra av store stokkar, og framfor inngangen blei det sett grove bommar og sterke lås så ingen kunne bryte seg verken ut eller inn. Midt på den eine veggen var det ein liten glugge. Gjennom den kunne dei skuve inn maten.
      Då alt var klart, blei villkatten sett inn i buret, og kongen tok hand om nøklane. Der fekk dyret no sitje frå morgon til kveld og frå kveld til morgon, og mye folk kom for å sjå på det. Men ingen høyrde at det noen gong sa så mye som eitt einaste ord.
      Tida gjekk og landet hamna i krig. Kongen laut fare i striden. Før han for av, sa han til dronninga:
      "No får du styre landet. Lov dessutan å ta vare på villkatten så den ikkje slepp ut mens eg er borte."
      Dronninga lova å gjere sitt beste i alt. Og så gav kongen henne nøklane, gjekk om bord i båten sin og for av garde med fulle segl. Dronninga stod på stranda og såg etter han til segla sakk under synsranda. Då gjekk ho attende til kongsgarden med tenestejentene sine og byrja å styre vel.
      Ho og kongen hadde eit einaste barn, ein kongsson som var berre barnet. Ein dag rusla pjokken omkring i kongsgarden og kom til buret der villkatten sat. Han sette han seg ned og leika med eit gulleple utafor døra. Men best som han no leika, for eplet inn gjennom gluggen til buret.
      Villkatten kom og ville ta ein bit, men då gullet ikkje smaka, føysa han ut att eplet. Dette syntest kongssonen var så kjekk leik som noen. Han kasta attende eplet gjennom gluggen, og villkatten freste og smeiste det ut att. Slik heldt dei fram eit tid, like til villkatten ikkje ville få ut gulleplet meir. Då tok kongssonen til tårene, heilt til villkatten sa:
      "Far din handla ille mot meg då han tok meg til fange og sette meg i bur. No får du ikkje att eplet før du har fått meg fri."
      Kongssonen svara:
      "Korleis skal eg kunne sleppe ut deg? Eg vil ha att gulleplet mitt straks!"
      "Gjer då som eg seier," sa villkatten, "elles ser du det aldri igjen. Gå til mor di og sei at det klør bak øyret på deg og bed henne hjelpe deg! Pass så på og ta nøklane frå beltet hennar, og kom hit og opne døra! Sia kan du setje nøklane tilbake på same viset, så ingen merkar noe."
      Kongssonen gjorde til slutt som villkatten ville. Han gjekk til mor si og sa:
      "Kjære mor, det stikk og klør så fælt bak øyret. Vil du hjelpe meg og sjå kva det er?"
      Då dronninga bøygde seg ned og såg etter i hårfestet bak øyret, passa kongssonen på og tok nøklane frå beltet hennar. Så sprang han ned til buret og opna døra så villkatten kom ut.
      Så tok gaupa farvel:
      "Her har du gulleplet som eg lova! Og takk for at du sleppte meg laus. Eg kjem til å hjelpe deg ein gong du treng det, i gjengjeld."
      Dermed sprang den vekk i flotte byks.
      Kongssonen gjekk til mor si og sa:
      "Det klør enno bak øyret. Ver god og sjå etter ein gong til."
      Og vips kom nøklane på plass.
      Då det blei kjent att villkatten ikkje lenger fanst i buret sitt, blei det mye oppstyr i kongsgarden. Dronninga sende ut folk på alle vegar og stigar for å spana etter gaupa, men den var og blei borte.
      Som tida gjekk, uroa dronninga seg meir og meir. Kvar dag som helst venta ho mannen att, og ein dag kom flåten hans siglande og hadde vunne. Folket samla seg i store skarar på stranda for å helse han. Og så skulle dei feire sigeren med gjestebod.
      Då gjestane hadde slått seg ned ved festbordet, ville kongen syne dei sjeldne villkatten. Då laut dronninga vedgå korleis det stod til - den var ikkje lenger i buret. Kongen var streng og ville straffe den som hadde gjort det. Alle i kongsgarden laut fram og vitne, men ingen visste noe.
      Til slutt kom også den vesle kongssonen fram. Han sa,
      "Eg vil ikkje lyge. Det var eg som sleppte ut katten."
      Dronninga blei kvit i andletet og kald nedover ryggen, og det blei dei andre også, for alle likte den kjekke vesle kongssonen og skjøna kva som var i emning. Kongen var lenge still. Så sa han,
      "Eg vil ikkje gå frå ordet mitt. No må du bøte med livet for di eg hadde lova at den som sleppte ut dyret, måtte dø."
      Alle bad om nåde for kongssonen, men til inga nytte. Han baud så tenarane sine om å ta kongssonen med ut i skogen og ta livet av han der. Hjertet til guten skulle dei ta med seg til kongen for å syne at dei hadde gjort som han baud dei.
      Tenarane måtte berre lyde. Dei tok kongssonen med seg og gav seg i veg. Langt inni skogen fekk dei sjå ein gjetar som gjekk og gjette svin. Då sa den eine tenaren til den andre:
      "Vi kan ikkje gjere kongssonen noe vondt. Lat oss i staden kjøpe ein liten galte og ta galtehjertet med heim. Ingen vil kunne sjå forskjell, håper eg."
      Det syntest den andre tenaren var ein god ide. Dei kjøpte ein galte av svinegjetaren og tok dyret med eit godt stykke vekk før dei slakta det og tok ut hjertet. Så tok dei far vel av kongssonen og bad han aldri meir komme attende. Det lova kongssonen, og så vende dei med galtehjertet tilbake til kongsgarden. Då dei fortalde at guten var avliva, sørgde folket enda meir.
      Kongssonen på sin kant gjekk vidare det fortaste han kunne. Den einaste maten han kunne få tak i, var nøtter og bær som voks i skogen. Då guten hadde vandra både vel og lenge, kom han til eit høgt berg, og øvst på berget stod eit digert furutre. Han klatra oppover berget og opp i treet for å sjå om det ikkje fanst noen veg ut av skogen. Høgt oppi furutoppen fekk han sjå ein stor kongsgard. Den skein i sola langt, langt borte. Då blei han inderlig glad og gjekk ditover.
      På vegen trefte han ein gut som gjekk på åkeren og pløgde. Han bad om å få byte klede med han, og det fekk han gjerne. I drengeklede kom han så fram til kongsgarden. Han gjekk inn og bad om arbeid og blei sett til å gjete oksane til kongen. Som gjetargut vandra han omkring i skogen med flokken sin. Med tida glømde han sorgene sine og voks opp til ein kar som var så gild som noen.
      Kongen der i kongsgarden var enkemann og hadde ei einaste dotter. Ho var ven som klare dagen og så gild at alle elska henne.
      Då kongsdottera fylte femten år, fekk ho ei mengd friarar, og enda om ho sa nei til alle, kom det stadig fleire til.
      Kongen blei til slutt rådlaus. Han visste ikkje korleis han skulle bli av med dei. Han gjekk derfor inn i kammeret til dottera der ho sat og sauma, og bad henne velje noen. Men ho ville ikkje. Då blei kongen harm og sa:
      "Då får eg gjere det for deg. Det er ikkje sikkert du blir heilt nøgd med det valet."
      Så tenkte kongen gå ifrå henne. Men kongsdottera heldt han tilbake og sa:
      "Eg forstår at det må bli som du vil. Men eg tek ikkje den første og beste. Den som vil ha meg, må kunne ri oppetter glasberget med rustning."
      Det syntest kongen var eit godt forslag. Straks let han kunngjøre i alle kyrkjer i landet at den som kunne ri opp glasberget, skulle få kongsdottera.
      Då dagen for tevlinga kom, blei kongsdottera tatt med ut til glasberget i all sin stas og sett på toppen av det med gullkrone på hovudet og gulleple i handa. Og ven var ho også.
      Nedafor berget samla alle friarane seg med herlige hestar og våpen som blenkte i sola. Frå alle sider stima folket til for å sjå på tevlinga.
      Då alt var klart, blei det gitt signal med trommer og horn, og friarane spora hestane for å springe oppetter berget. Men berget var høgt og bratt og glatt som is. Ingen kom lenger enn eit lite stykke opp før han glei ned att. Det larma fælt mens folket ropa så det kunne hørast vidt omkring.
      Mens dette stod på, gjekk kongssonen omkring med oksane sine langt borte i djupe skogen. Då han fekk høre spetakkelet, sette han seg på ein stein og tenkte at han skulle også gjerne ha prøvd å vinne kongsdottera.
      I det same hørte han lette steg, og med eitt stod villkatten framfor han.
      "Takk for sist!" brumma den fram. "Korfor sit du her så einsam og trist?"
      "Eg må vel vere trist og ikkje glad," svara kongssonen. "For di skuld laut eg røme frå far og mor og eige land, og no har eg verken hest eller rustning, og kan ikkje vere med og tevle om den vene kongsdottera."
      "Er det ikkje anna," sa villkatten, "så kan det vel bli ei råd. Du hjelpte meg ein gong, no skal eg hjelpe deg i staden."
      Han tok kongssonen i handa, førde han inn i berghola si og viste fram ein rustning av hardaste stål. Den var så blank at det skein blått omkring den. Ved sida av rustinga stod ein staselig hest i sal og rustning og stampa i berget så det gneistra.
      Villkatten sa:
      "Skund deg no og kle på deg! Ri så til glasberget og prøv lykka! Imens skal eg gjete oksane dine."
      Kongssonen let seg ikkje be to gonger. Han tok på seg hjelm og panser, spente på seg sporane, batt sverdet ved sida og kjende seg så lett som fuglen. Han spratt opp i salen så det klang i stålrustinga, og rei strake vegen fram til glasberget.
      Friarane ved glasberget hadde akkurat gitt opp å komme opp på det etter å ha streva svært. Då fekk dei sjå einkvan komme frå skogbrynet og ri rakt mot berget. Han var kledd i blåaste stål frå topp til tå og med sverd ved sida.
      Han hadde ikkje før komme fram frå skogsbrynet, før han sette sporane i hesten og sette av stad som ei pil oppover glasberget. Men han rei ikkje heile vegen opp, for då han kom halvveges, vende han med eitt om og rei ned att så gneistane freste omkring hestehovane. Han blei borte i skogen like fort som han hadde komme ifrå den.
      Det blei stort oppstyr blant folk. Alle undra seg på kven den fremmende kunne vere. Ein så kvikk hest og ryttar hadde ingen av dei sett noen gong. Og kongsdottera drømde deretter om riddaren kvar natt.
      Dagane gjekk, og snart skulle friarane prøva lykka for andre gong. Kongsdottera blei leidd i full skrud til toppen av glasberget igjen, og friarane samla seg nedafor. Folket strøymde til frå alle hald og håpte å få sjå den fremmende riddaren enda ein gong.
      No let trommer og horn igjen, og tevlinga tok til. Det gjekk som gongen før. Ingen kom opp meir enn eit lite stykke, og i djupe skogen gjekk kongssonen og gjette oksane sine. Då han høyrde ståket frå glasberget, sette han seg på ein stein og tenkte på den fagre kongsdottera igjen. Og rett som det var hørte han steg i graset. Og der stod den brannete villkatten igjen.
      "God dag!" sa den. "Korfor så einsam og sturen og ikkje glad?"
      "Eg skulle så gjerne ri opp berget og vinne kongsdottera," sa guten.
      "Ikkje anna?" sa den brannete katten. "Du hjelpte meg. No er det nok ein gong min tur å hjelpe deg."
      Han tok kongssonen i handa att og i berghola hengde han på kongssonen ei sølvrustning. Det stod ein kvitaktig glans av den munduren. Og vips - utafor hola stod ein drivkvit hest i full rustning og skrapa med hovane i berget.
      Villkatten sa:
      "Ta på deg rustinga, og ri til glasberget. Imens skal eg ta hand om oksane."
      Kongssonen let seg ikkje be to gonger no heller. På eit blunk var han i rustinga og på hesten og sette av garde til glasberget.
      Friarane der hadde nettopp gitt opp. Ingen hadde komme opp. Mens dei no stod der og tenkte og tala saman, fekk dei sjå ein ryttar komme fram frå skogbrynet. Han var kledd i sølv - det var ei lyst å sjå.
      Dei stira på han og fann ut at det var den same som sist.
      Ryttaren sette av stad oppetter glasberget. Men han rei ikkje heile vegen fram, for då han kom opp på sjølve bergkammen, helsa han kongsdottera, snudde hesten sin og rei attende nedetter berget så det gneistra rundt hestehovane nok ein gong. Deretter forsvann han i skogen.
      Det blei enda større oppstyr enn gongen før, og det blei sagt at kinna til kongsdottera glødde som bleike roser då han helste henne oppå berget.
      Noe etter fastsette kongen dagen for den tredje og siste tevlinga. Kongsdottera blei leidd ut til glasberget og sett på toppen av det med gullkrona og gulleple som for, og friarane samla seg nedafor. Folket strøymde til for å sjå på.
      Det blei gitt teikn, og tevlinga tok til. Men det gjekk ikkje betre no enn før. Ingen kom lenger enn eit lite stykke oppetter berget - alt mens kongssonen gjekk og gjette oksane. Då han høyrde ståket, kom villkatten til han igjen.
      "God dag!" sa den. "Korfor einsam og trist?"
      "Eg ville gjerne til å ri opp berget og vinne kongsdottera."
      "Ikkje anna," sa villkatten. "No skal eg hjelpe deg."
      Han tok kongssonen i handa og førde han til hola si. Der skein ei gullrustning som sola. Ved sida av stod ein hest som passa til, og var på hugget.
      "Rid i veg og prøv lykka i dag også," sa den brannete katten.
      Friarane ved glasberget hadde nettopp gitt opp då dei fekk sjå ein som kom ridande like mot glasberget og var kledd i gull frå topp til tå. Alle tenkte det var den same som dei to førre gongane.
      Kongssonen dreiv på hesten sin og sette i veg oppetter berget som ein vind. Vel oppe på toppen, hoppa han av hesten, helsa fint på kongsdottera og tok gulleplet ut av handa hennar. Så hoppa han i salen og rei ned glasberget så gneistane stod omkring hestehovane. Og snart var han borte mellom trea i skogen.
      No blei det eit svare ståk blant folk. Kongen kunngjorde att ryttaren i gulldrakta hadde vunne kongsdottera, som hadde blitt kvit og raud då ho gav han eplet.
      Kongen måtte finne fram til kven karen var. Han kalla saman alle unge menn i riket til kongsgarden. Då alle var samla, gjekk kongsdottera omkring mellom dei og såg vel på kvar og ein av dei. Men same kor mye ho søkte og såg, så fann ho ikkje den ho leita etter.
      Då ho kom aller ytst i folkehopen, fekk ho sjå ein kar i ein vid, grå kappe, ei slik som gjetarar har. Hua hadde han dradd ned over andletet så ho ikkje kunne sjå stort av det. Likevel kjente ho han. Ho sprang fram, drog av han hua, tok han i famn og ropte:
      "Her er han. Her er han."
      Då lo heile folket, for dei kjende godt igjen gjetaren til kongen.. Det brast ut av kongen,
      "Å trøste meg!"
      Mannen i gjetarkappe sa berre,
      "Sørg ikkje for dette, du. Eg er då kongsson."
      Så kasta han av seg kappa, og då lo ingen meir, for han var kledd i gull og hadde kongsdottera sitt gulleplet i handa. Han tok kongsdottera i armane sine, og kongen stelte i stand bryllaup.
      Og då faren til kongsdottera døde, blei han konge over heile riket. Her levde han og kona hans lenge og glade. Men om katten var det ingen som hørte noe meir, anna enn at det var nok ei gaupe.

OPP


Sølvdrakta, gulldrakta og diamantdrakta

folkeeventyr DET VAR ein gong ein konge som hadde ei dronning som var mye eldre enn han sjølv. Dronninga hadde frå før ei dotter som var så fager at ein aldri hadde sett maken. Venare og venare blei ho for kvar dag. Då dronninga døde, ville kongen gifte seg igjen med denne dottera, men det ville ho ikkje. Kongen blei meir og meir forgapt i henne og tigga og bad om at ho skulle bli dronninga hans, så til slutt visste ikkje jenta anna råd enn å rømme.
        Ei natt gav ho seg i veg, kledd i simple og grove klede og med berre ein liten klesbylt under armen. Alt gjekk godt, og noen dagar etter var ho over landegrensa.
        Ein dag ho gjekk gjennom ein stor skog, møtte ho ein gammal man med stort og frodig skjegg. Han stansa og spurde:
        "Kven er du, barn?"
        Kongsdottera svara ikkje.
        "Du treng ikkje vere redd meg," sa gubben. "Kan eg ikkje hjelpe deg, skal eg iallfall ikkje gjere deg noe vondt."
        Kongsdottera blei rolig då ho høyrde at gubben var vennlig i røysta, og forstod at han ikkje ville henne noe vondt. Ho sa kven ho var og korfor ho hadde rømt heimafrå. Gubben sa ho hadde vore både modig og rådsnar.
        "Gjer no som eg seier," heldt han fram, "så kjem alt til å gå vel for deg. Ei mil herifrå ligg det eit slott. Der bur kongen og familien hans om sommaren. Gå dit og be om å få plass som kjøkkenhjelp. Eg er viss på at du får jobben. Og om du noen gong trenger hjelp, så ta staven min som eg gir deg no, og gå bort til berget som ligg ved sida av her. Om du slår staven i berget og ropar: 'Småtroll, gi meg det eg vil ha, eller gjer det eg ber er om!' skal du straks få det."
        Kongsdottera takka audmjukt for den dyrebare gåva og vandra glad i veg. Mot kvelden kom ho fram til slottet, gjekk inn i kjøkkenet og bad å få teneste som kjøkkenhjelp.
        "Du ser noe svakelig ut," sa kokken, "men du kan vel duge til tenar. Du får bli, og der borte i kroken kan du få sove."
        Dagen etter byrja ho å jobbe, og blei snart godt likt for di ho var vennlig og hjelpsam støtt. Ein dag ringde kongssonen.
        "Det er nok vaskevatn han vil ha. Ta handfatet her og spring opp med det!" sa kokken til kongsdottera.
        Ho tok det og sprang oppetter trappa til rommet. Men då ho opna døra og fekk sjå den vakre kongssonen, blei ho så forbausa og hugtatt att ho mista det dyrebare handfatet i golvet.
        "Kløne-jente, det der," tenkte kongssonen.
        Neste dag ringde han att.
        "Han vil ha handduken sin," sa kokken. "Ta den her og spring opp med den."
        Kongsdottera tok handduken og sprang. Men liksom førre gongen blei ho så hugtatt i kongssonen at ho berre stod på dørstokken og stira på han.
        "No, kva står du der og gaper for?" sa kongssonen. "Gi meg handduken!"
        Men i staden for å rekke den fram, kasta ho den midt i andletet på han. Så forfjamsa var ho.
        "Det var ei ekkel ei," tenkte kongssonen og forbaud dei andre tenarane å sende henne opp med noe meir.
        Om natta kunne ikkje kongsdottera få blund på auga for di ho låg og gremde seg over det ho hadde gjort. Ho hadde forarga kongssonen som ho hadde blitt kjær i. No ville han ikkje sjå henne meir. Men då hugsa ho staven ho hadde fått, og tenkte att den nok skulle hjelpe.
        Ein søndags morgon høyrde ho kokkane prata om korleis dei skulle ordne det så dei fekk gå i kyrkja noen gong. Dag etter dag måtte dei vere ved komfyren og fekk aldri høre eit Guds ord.
        "Gå de i kyrkja, alle saman," sa kongsdottera, "eg skal lage maten, eg."
        "Det ser du neppe ut til å kunne," sa meisterkokken. "Men du kan vel få prøve. I verste fall får vi ta kald mat til middags."
        Så gjekk dei. Straks kongsdattera ikkje kunne sjå dei, tok ho staven sin og sprang i veg til berget.
        "Småtroll, skaff meg ei sølvdrakt med skor og hette til!" ropte ho.
        I same augeblikk var ho kledd i ei drakt av skinande sølv, og den var så ven at inga dronning hadde hatt maken. Deretter ønskte ho seg ei sølvvogn med seks svarte hestar i sølvselar og kusk i sølvfrakk. Ho bad kusken kjøre til kyrkja og vente på henne der, og baud småtrolla lage god mat.
        Då ho kom fram til kyrkja, blei alle så hugtatt av stasen at dei nesten glømde å gå inn i kyrkja og setje seg. Kongsdottera trippa fram gjennom midtgangen og sette seg blant dei kongelige damene. Kongen, dronninga og heile forsamlinga sat stumme av forundring og stira på den fremmende dama. Ei så ven, ung kvinne og så praktfulle klede hadde dei ikkje sett før. Presten heldt på å stotre og snakke gale, og den unge kongssonen kunne ikkje ta auga frå henne. Han var alt forelska i henne til opp over øyra.
        Då kyrkjelyden song utgangssalmen, skynda kongsdottera seg ut, hoppa opp i vogna og ropte:
"Lys framom og mørker bakom!
La ingen sjå kor eg dreg!"
Og så for ho sin veg. Då ho kom fram til berget, bytte ho klede, og då folket kom heim frå kyrkja, sat ho på den vanlige plassen sin ved komfyren og var kledd i dei gamle fillene sine.
        "No, er maten laga?" spurde meisterkokken.
        "Eg håper det," svara ho. "Gå og sjå etter!"
        "Du har laga glimrande mat," sa meisterkokken då han kom tilbake. "Den er nesten like bra som om eg hadde laga den sjølv. Takk for hjelpa! Du har gleda oss stort, for i kyrkja i dag fekk vi sjå noe som vi ikkje hadde drømt om."
        Og så fortalde han kva som hadde hendt.
        Ved den kongelege matbordet tala dei berre om den fremmende dama og undra på kor ho kom ifrå og kven ho var. Kongssonen verken åt eller drakk. Han tenkte berre på den vene kvinna han hadde sett. Heile veka lengta han seg sjuk, og då søndagen nærma seg, baud han tenarane sine om å halde vakt ved kyrkjedøra og gripe fatt i henne om ho prøvde å komme seg unna.
        Søndags morgon sa meisterkokken til kjøkkenhjelpa:
        "Vil du ikkje vere heime og laga maten i dag også, så vi andre kan gå til kyrkja og sjå om den vene dama kjem i dag også?"
        "Gjerne det," svara ho.
        Då dei var ute av syne, tok kongsdottera staven og sprang til berget. Der baud ho småtrolla lage maten og ønskte seg ei gulldrakt med gullskor og gullkrone, og ei vogn av gull, dregen av seks gullgule hestar.
        Alt gjekk som søndagen før, og kongssonen blei stadig meir vekk i den fremmende dama. Då kongsdottera sprang ut gjennom kyrkjedøra, prøvde tenarane til kongssonen å gripe henne. Men dei kjende liksom harde kjeppeslag. Armane blei lamme, og dei måtte sleppe henne. Kongssonen blei rasande då han fekk høre at dei ikkje hadde fått det til, men då han fekk sjå dei gule og blå armane deira, gjekk sinnet av, og han baud dei om å stryke tjøre på kyrkjedørstokken neste søndag, så den ukjende dama skulle setje seg fast. Dei lova å gjere sitt beste, same kva det var.
        Maten denne dagen var enda betre enn søndagen før, og meisterkokken fekk mange lovord. Men kongssonen blei sjukare og sjukare av lengt og kunne knapt nok halde ut til neste søndag kom. Då kom kongsdottera i ei drakt som var overstrødd med diamantar og hadde ei diamantkrone på hovudet. Ho kjørte i ei krystallvogn som var dratt av seks skinande kvite hestar. Det var som om ein fe kom og vitja menneska. Kongssonen blei heilt forblinda av all glansen som omgav henne, og leid hardt under kjærleiken sin.
        Då utgangssalmen blei spela, reiste kongsdottera seg og skynda seg mot døra. Men då ho steig over dørstokken, festa den eine skoen seg i tjøra, og då ho rykte opp foten, fekk ho ikkje skoen med seg. Dermed kom ho så seint til berget at ho ikkje vann å byte drakt, så ho kasta kjøkkenkleda over diamantdrakta.
        I slottet tala folk berre om den vene, ukjente kvinna, og den vesle skoen gjekk frå hand til hand. Alle beundra det vene arbeidet og dei dyrebare steinane som den var overstrødd med. Men korleis skulle dei få tak i henne som åtte skoen? Til slutt bestemte kongen og dronninga å innby alle jentene i landet til eit stort gjestebod. Då dei hadde komme, fekk alle prøve den vesle skoen, men ingen kunne få den på foten. Og heile tida ropte ein papegøye som sat i bur i eit vindauge:
"Hælen blir klemt og tåa krøkt.
I kjøkkenet går ho som skoen går på."
Fuglen gnåla så lenge at folk til sist ensa det den sa. "I kjøkkenet går den som skoen går på," sa kongssonen. "Kva er det for tøys? Der er jo berre den jenta som slår vaskefat i golvet og kastar handdukar i fleisen på ein. Henne kan eg ikkje tole."
        "Lat henne komme i alle fall!" sa kongen. "Vi kan jo i det minste få le av henne."
        Kongsdottera blei kalla til dei, og då ho prøvde skoen, gjekk den straks på.
        "Kva, du har små føter?" sa dronninga og løfta litt på kjolen hennar. Då blinka det i diamantdrakta, og kongssonen styrta opp av stolen og rykte fillene av henne. Der stod ho i all sin glans og stråla om kapp med sola. Kongssonen kjende henne att og greip tak i henne.
        "Endelig har eg funne deg!" sa han. "Men kven er du?"
        Kongsdottera sa kven ho var og fortalde om det som hadde hendt henne. Sia stelte dei til bryllaup og levde lenge og lykkelige saman.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]