![]() |
Svenske eventyr og segner | ||||||||||||||||||||||||
|
Gamle-Eirik og hardingen kappast
Da tida var nesten ute og det mangla berre ei natt, kom det ein kar frå Hardanger og banka på i skyminga. Han bad om å få overnatte der. "Nei, det kan du ikkje få, for eg ventar annan fremmend." Hardingen heldt på sitt, og til slutt gav bonden etter. Han fortalde også korleis han hadde stelt det til for seg. "Ja, har du har gitt deg utan atterhald, kan vel ingen hjelpe deg ut av knipa", sa hardingen. "Nei, det har eg ikkje: Kan eg svara rett på sju spørsmål, får eg leve ti år ekstra. Men det er ikkje sikkert eg greier å svare. For vel har eg lært meg eitkvart i livet, men neppe nok til å kappast med noen frå Stavanger. Så der står eg." Hardingen fatta interesse og lova å hjelpe han med svara. Då blei bonden sjeleglad. Han tenkte at om noen kunne lure Gamle-Eirik, så var det ein kar frå Hardanger. Då klokka nærma seg tolv om natta, kom det ein stor otte over bonden. Og då klokka på vegget hadde slått det tolvte slaget, buldra det på døra så huset rista. Det var Gamle-Eirik som kom på besøk for å hente bonden. "Vent litt," sa hardingen og opna døra på gløtt. Gamle-Eirik dura i veg utan å sjå så nøye kven som stod der med lyset bakfrå. "Kva er eit?" spurde Gamle-Eirik. "Eit hovud på kroppen," svara hardingen. "Kva er to?" "To auge i fjeset." "Kva er tre?" "Tre jomfruer i senga er det mye tidtrøyte i." "Kva er fire?" "Fire hjul under vogna hjelper jamt," svara hardingen. "Kva er fem?" "Fem naglar på handa er ikkje klør." "Kva er seks?" "Seks kantar held i honningkuba. Og noen hender har seks fingrar! Visste du det?" "No vel, kva er sju då?"spurde Gamle-Eirik ampert. "Sju stjerner på himmelen - sjå opp! Dra no tilbake i galopp." Gamle-Eirik laut reise heim att utan bonde. I staden tok han med seg spiskammerset hans for å ha eitkvart å bite i. Julekvelden hos trolla
Her såg folk i gamle dagar buskapen til trolla, både stutar, kyr, kalvar, sauer og geiter, og trollbarna gjekk der med leikene sine og plukka bær. Folk hørte til og med småbarn gråte i berget av og til. Så vart det ein gong at dei to sønene til ein rik mann i Matrem-bygda kom på juleferie frå skole i Bergen. Dei var venta på julekvelden, men kom ikkje før det var ganske seint. "Korfor kjem de så seint?" spurte foreldra, og sønene svarte: "Då vi reid forbi Matremberget, hadde heile berget blitt jekka opp og stod på forgylla stolpar. Overalt var berget pryda med skinande silke i mange gilde fargar, og mange lys fekk det til å skine der inne. Dess lenger vi sat på hestane våre, dess fleire lys blei tent; og innafrå berget hørte vi den fagraste musikken ein kan tenkje seg. Det var mange troll og småtroll å sjå, både små og store, og alle hoppa, dansa, var glade, sa og song: 'No er vi frelst, no har vi fått nåde! No er vi frelst og forløyst!' Dess lenger vi høyrde songen, dess finare blei den. Vi ville ikkje ri vidare før vi såg kva som skulle skje vidare, men det var ikkje anna enn dette: 'No har vi fått nåde! No er vi frelst! No har vi fått forløysing.' Og alle hoppa, dansa, var glade. Då ropte vi begge i kor imot dei: 'Slett ikkje! De har ikkje fått nåde, og ikkje får de det heller. De blir aldri frelst.' Då blei det heilt mørkt der inne med eitt, og vi hørte gråt og jamring i berget." Faren blei streng og sa: "Ri bort til berget med det same, før hestane er sala av. De får ikkje ein matbit her i huset om de ikkje skundar dykk og trøystar dei og lovar dei nåde og fred, glede og forløysing." Sønene måtte ut med det same, og to nyfikne gardsgutar følgde med. Då dei kom til berget, var det verken lys eller eld å sjå, men dei kunne høre sørging og jamring: "Å, vi stakkars små, vi får ingen nåde og forløysing!" "Jo da, far vår seier de har alle saman fått nåde og glede." Straks blei alle lys tent, og den vedunderlige musikken tona fram igjen. Ein fager gut kom ut til dei og gav dei kvar sine høgtidsklede til julegåver, og bad dei stige inn og sjå julebordet. Men det torde ikkje dei fire å våge seg til. Då dei hadde vore ved berget ei lang stund, for dei heim og viste fram dei vene kleda. Den dag i dag blir det sagt der i bygda: "Ein skal ikkje vere for streng mot dei hine. Hugsar ein det, kan det vanke høgtidsklede, jaja men!" Havtrollet som kjøpte salt
PÅ MIDTEN av 1700-talet segla kaptein Svartdal frå Matfjordnes til
Spania for å hente salt. Han førde ein stor brigg som tilhørte noen
kjøpmenn i Bergen. Kapteinen tok full last med salt og vende heim med god vind og
godt håp om å kunne hente ny last med det første.Då dei hadde segla eit godt stykke, stansa briggen med eitt. Det var som ei usynlig makt heldt den fast. Dei fann fort ut at dei ikkje hadde gått på grunn. Likevel stod briggen heilt still. Skipperen og dei andre om bord undra seg over dette og kunne ikkje forstå kva dette skulle bety. Mens dei undra seg, stod med eitt ein gammal gubbe framfor dei, og han sa til skipperen: "Ver ikkje redd, kaptein! Det vil ikkje skje dykk noe vond om de gjør som eg vil. Eg veit de fraktar salt på skuta, og vil kjøpe alt saman, eller i det minste det meste. De skal få god betaling for det." Skipperen mukka og nemnde at verken salt eller brigg var hans, men at noen kjøpmenn frå Bergen var eigarane. Han kunne ikkje selje det som ikkje var hans. Gubben såg sint på han og sa: "Det betyr vel ikkje noe om du sel saltet til meg eller noen annan, sia du får godt betalt for det. Det du vil ha per tønne skal du få. Du skal også vite at de kjem ikkje av flekken herifrå før du seier ja til det eg ber om." No våga ikkje skipperen nekte lenge, og sa, "Vel, då, kor skal eg gjere av saltet?" Han såg seg omkring der dei låg utpå storhavet.. "Kast det ned dit!" sa gubben, og peika med høgra handa tett ved skutesida. "Kor mange tønner ønskjer de?" så skipperen. "Eg skal seie ifrå når det blir nok," svara gubben. Dei tok til med det same å gjøre som gubben bad dei. Alle arbeidde stilt og fort. Då dei hadde laste av noen og femti tønner, sa gubben dei skulle stogge. "No er det nok. Eg skal vere fornøgd med dette, enda om eg hadde trengt alt salt om bord," sa han. "Men kven av dykk vil bli med meg for å ta imot betalinga? Det skal ikkje hende han noe vondt." Alle tagde og såg på kvarandre. Skipperen ville heller ha segla utan betaling, for han tok til å tvile på om det heile ville gå bra. Til slutt tok ein av matrosane mot til seg, gjekk fram og sa at han var villig til å følgje med. "Kor skal eg ta vegen?" spurde matrosen. "Hopp etter meg, og ver ikkje redd!" sa gubben. Og straks forsvann både han og matrosen ned i det rolige havet. "No er det omme med dei begge," sa kapteinen urolig. "Eg trur ikkje vi får sjå dei meir." "Vi får vere rolige, skipper, og sjå korleis det går," sa ein av matrosane.
Med det same matrosen kasta seg i havet, hamna
han på salthaugen saman med gubben. Haugen låg på eit stort grønt
felt, der fleire hundre kyr gjekk og beita.
Matrosen takka og tok imot pengane, og stappa dei godt ned i lomma og kneppa igjen klaffen. I det same kom det ei ven kvinne inn i rommet. "Gå etter eit glas vin til denne mannen!" sa gubben til den unge kvinna. Utan å seie noe gjekk ho ut med det same og kom att etter noen augeblikk med eit stort glas i handa. Ho rekkte det åt matrosen. "Drikk," sa gubben, "du treng ikkje vere redd!" Men matrosen nekta å ta imot glaset av otte for kva det kunne føre til. Men gubben forsikra han at han ikkje skulle li noen skada av det. No torde ikkje matrosen nekte lenger. Han imot glaset mens handa dirra, gav seg i Guds hender og drakk til siste dråpe. Vinen var kjempegod. No ville han tilbake til briggen. "Følg meg tilbake til salthaugen," sa gubben, "så skal du snart komme opp!" Og i same augeblikk som dei kom opp på salthaugen, stod matrosen på dekket. Alle om bord blei overlag letta over å sjå han, og han fortalde no kor han hadde vore og kva han hadde vore ute for. Han gav skipperen betalinga for saltet, og med det same tok briggen til å sigle framover, og enda fortare enn før, heilt til dei nådde Bergen. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||||