![]() |
Svenske eventyr og segner: Innføring | ||||||||||||||||||||||
|
InnføringHistorier
For å skjøne forteljingar, deler vi dei inn i grupper, i sjangrar. Tolkingar kjem til i fleire høve. Somme historier er mykje deskriptive (skildrande), andre er klart normative. Skildrande og normsetjande element kan gå saman. Ikkje alle skildringar er like høvelege, og ikkje alle normer like tenlige heller. Soger uttrykkjer både mål og ønske hos folk, og gir dessutan vink om kva som kan vere hardt, hardt å nå opp til, for eksempel. Eventyr handlar ofte om vanskar og forsøk på å takle dei. Dette ligg under mangt. Og det er ikkje sikkert at "fasitane" somme eventyr byr er noko verdt i eige liv heller. Likar du ikkje historiene du høyrer, får du no finne deg andre. Overleverte forteljingar både skildrar tilværet og formar oppfatningar om livet og verdiane og korleis ein skal te seg - dei tek såleis med overleverte normer for mangt så som rettvise. Kva som blir kalla rett og galt, kjem an på moralen og kulturen til folk. Sjå berre: I rettssalane i Vesten i dag blir det normalt ikkje kalla guddommeleg rettferd å utnemne ein uskuldig stakkar til syndebukk: Rettskjensla til folk nektar å gå med å at kjeltringar får sleppe fri på det viset, så dei kan ture fram vidare. Men det såkalla store i jødedommen og kristendommen - deler av lova og så vidare - er eigentleg syndebukkbasert, det vil seie fundert på hoverande offerdrap (blot). Den som ikkje ser slikt er ikkje bra, vel.Mange unge blir dessverre grovt narra av spel som er i gjenge mellom folk. Ein gjer vel i å passe seg for demagogi-beinet når det er ute så ingen set krokfot på røynd-forståinga. Mang underlege og dårlege idear blir dytta på unge og eldre i dag av spekulantar. Pådytta idear og oppfatningar har jamt det ved seg at dei støttar mektige, ikkje nødvendigvis ein sjølv. Skrikande urett (bloting av uskuldige) blir ikkje rettferd for di om folk med høg status seier det er slik, gjerne vil ha det til at det er slik, og kjempar for overføre sære og gale oppfatningar på dei stakkars ofra sine. I same leia kan det verke som pådytta galskap eller manglande refleksjon å tru at somme står opp i lekamen etter til dømes tusen års vekkrotning under torva: Den norske kyrkja forkynner slik tru som del av gravferdritualet. Det er mangt underfundig bak moralen til folk flest, med andre ord. Gamle eventyr inneheld mykje forskjellig moral. I folkeeventyr skin somtid god moral fram, somtid elendig moral, men den sida ved dei let vi berre liggje her og no iallfall. [Coe 40] Her har eg vist korleis oppfatningar av verkelegheita mang ein gong blir konstruert for å tene herrar som skor seg på andre, i sær dei som dei narrar og dummar ut til å slave for seg. [Coe 130] Eventyr inneheld ganske typisk standardtypar som "gjer standardting" etter kvart som historia blir utfalda gjennom ein serie nøkkelhendingar som formar komediar, tragediar og meir. [Coe 134, 136] Forteljingar forstår ein ved hjelpe av hermeneutikk, det vil seie god forståing i å tyde signal. Tydekunne kjem faktisk godt med overfor fantasifulle soger, og det er det eventyret er jamt over. [Coe 137] EVENTYRA og segnene som ligg til grunn for denne omarbeidde samlinga, er nokså internasjonale når den gjelda innhald, men dei blei skrivne ned i Sverige på 1800-talet og speglar folk og stil derifrå. Mykje samlararbeid frå den tida ligg attom dei fleste eventyra. Mange av dei blei nedskrivne om lag då Asbjørnsen og Moe farta omkring i Noreg og skreiv ned eventyr. At det blei skrive ned eventyr i Sverige ei tid rundt 1840, kom av initiativet til Gunnar Olof Hyltén-Cavallius. På den tida var han amanuens ved det Kungliga Biblioteket. Det første heftet han gav ut, i lag med George Stephens, er Svenska folksagor och äfventyr (1844). Det heiter om det at "De tryckta sagorna äro berättade på ett språk, som gjorts så ålderdomligt som möjligt . . . späckat med ålderdomliga ord ur medeltidsspråket . . . Hur annorlunda är icke då tonen i bröderna Grimms sagor!" [Sv2 202]Hyltén-Cavallius etterlét seg ei stor samling folkeeventyr og segner frå midten av 1800-talet: Svenska Folk-Sagor, Legender och Äfventyr. Hovudtilfanget kjem frå tida mellom 1837 og 1850, enda om Hyltén-Cavallius stakk inn i den ymse materiale seinare også, og dette tittelbladet: "Primär-uppteckningar av Svenska folkets Natur-Myther og Sägner, samlade under åren 18371882 af Gunnar Olof Hyltén-Cavallius". I samlinga finn ein oppteikningar gjort av menn og kvinner, prestar, adelsfolk, bønder og tenestefolk, osv. [Sv2 10 o.a.] På 1900-talet gav Kungliga Gustav Adolfs Akademien ut ei mengd svenske eventyr og segner av ulik kvalitet, og mange av tekstane er fragment. Bøkene blei gitte ut år om anna i samlingar på ulike forlag slik oversynet nedst på sida viser. Universitetsbiblioteket i Trondheim har band 1-11 - bortsett frå at band 7 ikkje finst. Bøkene har eg gått ut frå i omsetjingane. Dei er omplanta; det vil seie at handlingar er lagt til andre stader enn svenske. Somme av dei svenske segnene har vi elles her i landet likevel. Dei er fellesgods, kan vi nok seie. Språket i nokre av dei svenske eventyrsamlingane er altså gammaldags og stundom kunstig. Eg fortel om fleire årsaker til det nedafor. Eg har elles streva for å gjere språk og innhald enklare, greiare. Kunstnarar i dårlege kår og andre
Sven Liljeblad skriv om ei "egendomslös lantbefolkning . . . berättarkonstens bästa utövare" [Sv2 10-11]. Ein av dei var Michael Jonasson Wallander (1778 -). I litteraturen er han mest kjend som Mickel i Långhult. Prosten Carl Fredrik Cavallius (1781-1857), far til Hyltén-Cavallius, fekk mykje materiale frå Mickel. Sven Liljeblad skriv at "hans namn har intill helt nyligen varit okänt. Han är den svenska folksagans store mästare." [Sv2 11] Liljeblad skriv også at "Mickels omåttliga beundran för en konstlad kanslistil förledde honom ibland till de mest skruvade tirader. Ofta trasslade han in sig i krystad mångordighet, och hans flitiga användning av den omvända ordföljden blev ibland alltfor knagglig", [Sv2 19]og viser til "Mickels delvis mycket ålderdomliga landsmål" [Ibid.]. Han var den beste - nok sagt. (Liljeblad, Uppsala den 18 april 1939 - Svi 11-22]. Skreddaren Johan Magnus Pettersson bidrog med sytten eventyr under det råkande psevdonymet "Johan Saks' eller "Johan Sachs" [1; 7]. Humoristen og friherren Nils Gabriel Djurklou (1829-1904) samla og arbeidde med eventyr, segner, ordspråk og gåter frå Närke (Nerike) i åra 1854-65. Somme har blitt gitt ut på norsk før, så som eventyret om å koke spikarsuppe. [Sv3 202-8; Foe, innleiinga] På øya Gotland blei det samla inn mange fine eventyr. Per Arvid Säve (1811-97) vende attende til fedreøya etter akademiske studium i Uppsala, og gav ut ei mengd skrifter, og "Hans arbeten inom svensk folklivsforsking äro av ingen överträffade" [Sv4 12]. Nokre av eventyra kjem frå andre samlingar enn "Gustav Adolfs". Til dømes stammar eventyret "Gulleple med sølvblad" her frå ei mindre samling frå nordre Skåne, der ein lege, D. W. Billengren, skreiv ned eventyr for Hyltén-Cavallius i 1845 [Sv1 210]. Små, enkle hefte som blei kalla skillingstrykk for di dei kosta lite, inneheldt mange eventyr. Ved sia av bibel, salmebok og postill var dei "det svenska folkets käraste läsning". Nokre av eventyra ifrå skillingstrykka er ikkje opphavlig svenske, men dei var omtykte i grannelandet likevel. Så godt som alle står i P. O. Bäckströms verk Svenska Folkböcker frå 1845-48 [Sv4 231-32]. Mange av dei svenske eventyra er omsette til engelsk. Jamfør sida her.
Tormod Kinnes, sommaren 2007.
Eg har drege nytte av bakgrunnsinformasjon i dei tre første av banda ovafor - band 7 blei visst ikkje utgitt; frå frå Gidlunds firebandsverk, Svenska folksagor, bd 1-4; og Gabriel Djurklous Folke-eventyr:
Djurklou, Gabriel. Folke-eventyr. Ny utg. Oslo: Fabritius, 1971. No finst altså omsetjingar av mange svenske eventyr til engelsk også. Eg har mellom anna
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20062007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||