NORSK DEL, GULLVEKTA  

Svenske eventyr og segner

 13 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Guten som søkte teneste

PLANTE DET VAR ein gong ein gut som gav seg ut i verda og kom til eit stort berg. Der gjekk han gjennom ein smal mørk gang til han kom til ei kopardør og eit fint rom med ei sølvdør, og så eit enno stateligare rom med ei gulldør. Innafor den var alt av gull, og ein gubbe sat og rørde i ein kjele på omnen.
      "Kva vil du her?" sa gubben.
      "Eg søker teneste!"
      "Det kan du få hos meg," sa gubben. "Kom hit og rør i kjelen mens eg går ut på jakt. Og stell hesten min imens slik at du legger høy under svansen og eld under nasen."
      "Ja vel", sa guten, og gubben gjekk.
      Etter ei tidover kjelen blei guten søvnig. Då datt skinnhua hans ned i gryta og blei forgylt! Då forgylte han like godt alle dei andre tinga sine også. Etterpå, då han kom inn i stallen, sa hesten:
      "Eg er ein forheksa kongsson, og trollgubben plagar meg: byt om foret og berg oss begge herifrå. Ta sverdet, fløyta, flaska og børsta: Drikk av flaska, så kan du svinge sverdet godt."
      Det var tre salar: ein av kopar, ein av sølv og ein av gull. Guten tok alle tre og la på hesten. Så flydde han alle sin veg.
      Kort etter hørte dei ein dur. Hesten sa: "Kast børsta" og ønskte noe, og så blei børsta til ein tjukk skog. Trollet kom etter, men måtte heim etter sølvøksa si. Så kom det attende, hogg vekk skogen, og sprang etter dei igjen.
      Då trollgubben kom nær innpå, kasta guten frå seg flaska og ønskte at den blei til ein sjø, og straks blei det ein sjø bak dei. Trollgubben ville sleppe å ro over. I staden ville han drikke opp alt vatnet. Han drakk til han sprakk, og då var dei berga.
      No kom dei til eit kongeslott der kongen var sjuk. Guten sleppte hesten fri, og den lova at berre han blåste i fløyta, skulle den kome med det same og hjelpe han.
      Guten fekk teneste i slottet, men blei ikkje godt likt av sønene til kongen. Så blei krig, og begge kongssønene rei i krigen. Guten bad å få følgje med, men alt han fekk å ri med, var ei gammal, svart merr. Den sat guten og sa "Hypp, vil du gå" til då kongssønene rei forbi. "Eg skal også i krig i dag," ropte guten.
      Dei lo av han og spurde korleis han skulle kome dit; men han sa ikkje anna enn: "Eg skal også i krig."
      Så snart dei hadde ride forbi, bles guten i fløyta. Då var hesten der som ein vind, og hadde med koparsalen på seg. Guten tok på seg gullrustninga, rei utanom kongssønene og vann slaget før dei nådde fram.
      Men kongssønene sa vidt og breitt at det var dei som hadde vunne slaget. Faren deira tok såleis godt imot dei etterpå, og godt beverta blei dei også. Imens sat guten utafor og ropte på den svarte merra: "Hei, vil du gå!"
      Sia kongen var sjuk, skulle kongssønene ut på jakt og skaffe noe ferskt. Guten fekk også no den svarte merra og ropte: "Eg skal også på jakt i dag!"
      Kongssønene sette av garde i stor fart med følgjet sitt, og etter litt var dei borte for guten; han sat og sleit med ein dårlig hest. Men så bles han i fløyta, og då kom hesten farande til han med sølvsalen på seg denne gongen. Guten svinga seg opp i salen og rei forbi kongssønene i slik fart at dei ikkje kjende han att, og så skaut han alle dei fine og feite fuglane i egnen, og let det vere att berre kråker til kongssønene.
      Kongssønene var snart på den fremmende riddaren og ville bytte til seg dei fine fuglane han hadde skote for finger- og øyreringane sine. Det gjekk riddaren med på, og det enda med at kongssønene enda ein gong blei tatt imot med glede og velvilje av kongen på slottet.
      Etter ei tid skulle kongssønene ut og jakte på ny. Denne gongen rei guten forbi dei med gullsal på hesten, og det gjekk som før. Kongssønene hadde no ikkje anna å gi for feite, fine fuglar enn øyreflippane sine.
      No slo guten i gullrustninga lag med kongssønene og dei rei saman heimover til slottet. Då dei nærma seg slottet, kom dei tre vakraste frøknene ved hoffet imot dei og kasta gulleple til dei. Den som fekk eit eple, skulle få ho som åtte eplet til ektemake.
      No baud kongen alle tre til bordet sitt. Mens dei sat der saman, spurde kongen kor sønene hans hadde gjort av ringane sine. Dei kunne ikkje svare for seg. Då viste guten fram ringane deira saman med øyreflippane dei mangla. "Dette skulle vere alt," sa han.
      Då kongen spurde meir, sa han også korleis det hadde seg med dette. Han fortalde om det bra han hadde gjort for kongen sia han kom i teneste for han, og om korleis sønene hadde tatt heider for det. Kongssønene blei raude og kunne ikkje nekte stort. Kongen blei då så harm at han tok frå dei arveretten og gjorde den trufaste guten til kronprins. Og sia han hadde gripe fatt i det gulleplet som den snillaste jomfrua ved hoffet hadde kasta frå seg, fekk han henne også.
      Dagen før bryllaupet sa hesten til guten: "No lyt eg døy. Som takk for at du berga meg frå trollgubben, fekk du alt dette, farr."
      Så la den hovudet i fanget til guten og anda ut fredfullt. Og dagen etter gifte guten seg.

OPP


Møllardottera og skytsengelen

Eventyrikon DET VAR ein gong ein møllar som var blitt nokså tunghørt av larmen i mølla. Han hadde vore rik, men no var han fattig med kone og barn, og huset var tomt. Ein vinterdag måtte han i skogen og hogge ved til sine. Vel oppi skogen fall han på kne ved sia og kjelken og håpte Gud ville gi han eit betre liv igjen.
      Utan at møllaren merka at noen kom, stod med eitt ein kar ved sia av han og spurde kva som var i vegen. Møllaren fortalde kor ille det stod til.
      "Vel, sa den fremmende, som kalla seg Kuesus, "du skal få det tu treng og vil ha, om du lovar meg det som står bak kverna når du kjem heim att."
      Møllaren meinte han sa "Kristus", men var ikkje heilt sikker. Han tenkte over det, og kunne ikkje sjå at det var anna enn eit epletre bak kverna, og no stod det utan lauv og frukt, så ja sa ja og takk.
      Då han kom heim med vedkjelken, kom kona imot han i grinda og ropte og hoia at etter at han hadde gått, hadde det komme brød på hylla og mat i gryta, og dessutan var det buldring og bråk på loftet av tønner, kister og skap som blei fylt, øl og anna drikke som blei helt i tomme kar. Det var så mye at det knaka i berebjelkane til sist.
      "Sånn skal det vere," tenkte møllaren. "Bønene mine har blitt hørt av Gud." Men då han fortalde kona om avtalen med "Kristus" i skogen, ropte ho forferda,
      "Kva er det du har gjort? Gud har ikkje hørt oss, men Gamle-Eirik sjølv! Du har nok lova dottera vår til han, for ho gjekk nettopp og sopa ute bak kverna," skreik ho.
      No, det kunne ikkje hjelpast; og snart kom dagen då Gamleirik skulle hente dottera. Men dagen før hadde ho føtt ei openberring frå skytsengelen sin om at ho skulle streke ein runding og og skrive "Gut, gut, gut" rundt om den i spiralar. Når ho sette seg nybade i sirkelen inni spiralen, kunne ikkje Gamleirik ha makt over henne.
      Gamleirik kom som avtala og freiste jenta utan nåde og utan skam, men han vann ingenting for di ho hadde skrive det heila "Gut, gut, gut" i spiralar utanom seg i sirkelen. Til sist sa Gamleirik at han berre ville nøye seg med ein finger eller noen dråpar blod frå henne. Men han fekk ingenting den dagen, og ikkje neste heller.
      Tredje dagen kom han att og sa då til jenta at anten fekk han begge hendene hennar, eller så tok han livet av faren for avtalebrot. For å berge faren frå Gamleirik rekte jenta hendene utafor spiralen med "Gut, gut, gut", og Gamleirik hogg dei av med det same.
      No var ho løyst frå den vonde. Ho ville ikkje lenger vere heime etter at faren hadde seld henne slik. Ho bad mora om å binde armstumpane på ryggen, så slapp folk ho møtte, å vemjast over dei. Så gjekk ho ut i verda for å tigge til livet kvar dag, som best ho kunne.
      Langt om lenge kom ho til eit slott. Det lyste ut av dei høga vindauga og det rauk ut av dei mange skorsteinane, men ho kunne ikkje kome inn, for ei djup vollgrav rundt slottet, og brua over var dradd opp. Då kom skytsengelen hennar til syne og slo ned brua så ho kunne gå over og like inn i hagen.
      Andre morgonen merka den unge kongen at det mangla sju store eple på det treet han likte best. Gartnarmeisteren våga berre så vidt fortelje kongen at han om natta hadde sett to vesen i hagen; den eine hadde vore heilt kvit og den andre utan hender. Han hadde trudd dei var gjenferd, men sia det no mangla sju eple, så måtte han fortelje om det.
      No ville kongen leite i hagen for å finne ut av dette, og snart fann han den ulykkeliga jenta i ei lauvhytte. Han blei straks slått av kor ven og dydig ho var. Ho fortalde han om ulykka si, at faren hadde selt ho til Gamleirik, og korleis ho hadde komme seg fri han. Ho var kanskje oppgitt av menneska, men ikkje av Gud, sa ho. For han hadde berga henne ut av klørne til Gamleirik og sendt henne ein engel til å verne seg. Då ropte kongen:
      "Eg vil heller ikkje oppgi deg!"
      Han tok henne med opp til slottet, fekk laga sølvhender til henne, og tok henne til dronning. Eitt år etter, då den unge dronninga var med barn, reiste kongen i krig. Mor til kongen, som alltid hadde vore god mot den ulykkelige sonekona, skulle sende meldingar til han om korleis det stod til heime, og framfor alt med den unge dronninga, som kongen elska heilt og fullt.
      Då ho omsider fødde ein velskapt ung son, sende gamledronninga straks brev med gledesbodskapen til kongen. Men kureren som sprang land og strand om med brevet for å få det fram, tok inn på eit vertshus for å kvile og forfriske seg. Då passa Gamleirik på å ta brevet mens han sov, og forfalska det. Han skreiv at dronninga hadde født ein hundekvalp.
      Då kongen fekk brevet, blei han fælt trist, men skreiv like fullt noen behagelige ord til mora om å ta seg vel av og pleie kona hans. Også dette brevet fekk Gamleirik tak i på same måten som sist. Han endre det til eit påbod om at dronninga skulle halshoggast og hjertet hennar sendast til kongen som prov.
      Gamledronninga fekk befalinga, men hadde ikkje hjerte til å gjøre det som stod der. Ho ville i staden berge den unge dronninga. Derfor tok ho eit lammehjerte og sende det til kongen, batt barnet på ryggen til den unge dronningas og let henne så i veg ut i skogen like ved. Der fann ho langt om lenge eit hus der det stod "Her bur kvar og ein fritt!" over døra, og der fekk ho bu med sonen, Gutn.
      Første natta ho sov der i huset, låg sølvhendene hennar lause på nattbordet ved sia av henne. Då voks dei naturlige hendene hennar ut att.
      Kongen kom endelig heim og var lei av krigen og tynga av sorg over å ha mista den vakre kona si. No ville han sjå kvalpen han var far til. Men ingen i slottet forstod kva han tala om. I staden fortalde gamledronninga i tårer at ho hadde brote befalinga til kongen og ikkje døda kona hans likevel, enda det stod i brevet han hadde sendt henne. I staden hadde ho sendt kona hans ut i skogen med barnet deira.
      Kongen blei no gladare enn på lenge. Han kunne kanskje finne att kona han hadde så kjør, og han var ikkje far til ein kvalp heller. Han skunda seg derfor for å leite etter henne. Og Gud styrde stega hans til huset i skogen der det stod over døra:
      "Her bur kvar og ein fritt."
      Då han hadde fått kome inn dit, la kongen seg ned for å kvile ei stund. Han breidde då lommetørkleet over andletet. Samstundes førde skytsengelen dronninga og sonen inn i same rommet som kongen låg i. Då lommetørklet fall av andletet til kongen, kjende dronninga att mannen sin og sa til sonen:
      "Kjære du, gå og ta opp lommetørklet og legg det over andletet til far din."
      Barnet såg stumt på mora til ho tok opp att beskjeden. Då gjorde barnet det. I mellomtida hadde kongen vakna, og såg mellom fingrane eit barn og ei kvinne som var så lik kona hans, men denne her hadde jo rettelige hender -
      No kom den kvitkledde skytsengelen inn og sa til kongen: "Stå opp og ta kona i famn som ein mann!"
      Då svara kongen: "Denne kona liknar ein heil del på kona eg hadde og som eg sørgjer over, men ho hadde jo sølvhender!"
      Skytsengelen tok då fram dei lause sølvhendene, viste dei til kongen og sa korleis Gud og han sjølv hadde bevart kona hans og gitt henne heile lemmar i skogen - og forsvann.
      Kongen blei reint frå seg seg av glede, tok den vakre og hardt prøvde kona i famn saman med den unge sonen sin og kyssa dei. Dei drog attende til slottet med største glede og levde lykkelig sia.

OPP


Muggenast

Om nokon ikkje går i takt med kompisane, er det kanskje for di han hører ein annan trommeslagar. - Thoreau
FLOS EI KONE hadde ein ulydig son som ho ikkje fekk skikk på, same korleis ho bar seg åt. Ho skikka han først til ein skomakar for å lære det handverket. Då han hadde vore der i fjorten dagar meinte meisteren det var uråd å få skikk på han og sende han heim til mora att, og var glad for å sleppe den leie sveinen.
      Sia sende ho han til ein skreddar. Skreddaren blei så forarga over han at han dreiv han vekk. Så fekk mora han tilbake enda ein gong.
      Etter kvart fekk guten prøve seg i mange slags handverk og fekk bank attpåtil. Men ingenting hjelpte, og etter kvart var han nesten vaksen og for stor til å vere gjetar. Men ingen anna råd var å finne, for alt han hadde lyst til var musikk og spel.
      Så hende det seg at mor hans ein dag gjekk opp til storgarden for å tigge mat. Herremannen som åtte garde, spurde henne om ho hadde sonen sin heime enno.
      "Jamen har eg det! Eg rår ikkje med han, og veit ikkje korleis eg skal føde både han og meg," sa ho.
      "Så då," sa gardeigaren, "gråt ikkje, gamlemor. La han kome hit til meg i morgon, så skal han få gjete kyrne mine."
      Dette blei kona glad over.
      Dagen etter kom guten til mannen og skulle tene hos han. Guten var usselt kledd, han hadde den gamle, svarte trøya til mora på seg.
      Herremannen helsa han velkommen og spurde kva han heitte.
      "Mons," svara han.
      'Jaså," sa gardeigaren, "då skal du kallast Muggenast. La meg no sjå du ikkje er redd for eller forbløffa over noe i skogen!"
      Til det svara Mons Muggenast, "Eg har då ikkje vore redd av meg før."
      Første dagen han var i skogen kom han til eit stort berg, der det før i tida hadde budd ein stor flokk troll. Han dreiv kyrne opp på berget og omkring det. Då hørte han det spela og song så vel i berget. Han ønskte at også han kunne ein så vakker melodi, for han var alltid huga på song, spel og musikk. Og om kvelden, då han om kom heim frå skogen med dyra, fortalde han folk at han hadde hørt song og spel i berget. Men dei andre heldt berre ap med man for det.
      Til sist fekk gardeigaren vite om saka. Han tok Muggenast med seg opp på rommet sitt og hørte nøye etter kva han fortalte, og sa til sist at han gjerne kunne følgje med til skogen ein dag. Men fleire andre gjøremål kom i vegen, så det blei det ikkje noe av det.
      Jamvel om ingen trudde det Muggenast fortalde og somme gjorde narr, hørte Muggenast ofte dei same songane ifrå berget. Så ein dag kom det to unge, friske karar til han i skogen. Dei helsa vennlig på han. Han fortalde om songen og musikken ved berget, og bad dei følgje med dit. Dei svara at dei ikkje hadde tid.
      "Men her har du ei pipe! Når du blæs i henne, kjem dei finaste lydar og melodiar ut av det. Men la aldri noen lokke den frå deg, for den er verken til låns eller til sals. Du skal få sjå at du enno kan bli hjelpt her i verda, enda om det har vore tungt og vanskelig for deg før."
      Muggenast tok til å spele på fløyta kvar dag han gjekk og gjette i skogen. Folka på garden hørte det, og då gardseigaren var ute på jakt i lag med fornemme herrar, fekk dei høre den makelause musikken som arbeidsfolka hadde fortalt om.
      Noen dagar etter kom kongen reisande og fekk høre. Så forundra blei han at han meinte han aldri hadde hørt betre musikk, og kalla Muggenast til seg ved hoffet, utan at storbonden fekk vite det. Ved hoffet kunne Muggenast spele kva dei enn la fram for han. Han stod fram som den beste i spel og musik der, og kongen sette han til å leie musikklivet over heile kongeriket.
      Men bonden og folka hans gjekk manngard i skogen og leita etter Muggenast. Dei fann han ikkje, så bonden tok til å tru at Muggenast hadde blitt bergtatt. Han let seg overtale til å vitje ein vismann dei kalla kloke Nisse. Vismannen kunne ikkje seie kor Muggenast var, men han sa, "Han lever og har det vel."
      Imens let kongen Muggenast kome i skole for å bli betre å lese, rekne og skrive. Etter ni år med skolegang og musisering for Nils, blei kongsdottera glad i han. Då fall Nils i unåde hos kongen og blei kasta i fengsel. Kongsdottera kunne ikkje hjelpe han, enda så mye ho ville.
      Men ein kveld då kongen var borte på ei lang reise, forkledde kongsdottera seg som mann og gjekk ned til fengselet. Ho passa på då vakta hadde låst att døra til fengselet: då helste ho vennlig og bad vakta inn på eit vertshus til ein liten sup, sia det var så kaldt og uhyggelig ver.
      Vakta takka for tilbodet, og så gjekk dei inn dit. Først tok dei eitt glas, og sia eitt til, og så blei dei så søvnige at dei laut heller overnatte der, og fekk rom og seng for seg sjølve. Men kongsdottera var ikkje rett full, ho hadde helt ut så mye som mogelig av drikkane sine utan at vakta såg det. No tok ho nøklane frå lomma til vakta og så ned til fengselet. Der låste ho opp dørene og Muggenast kom ut med det same og gledde seg å vere fri og å møte henne han var glad i. Og så laut han i veg med tungt hjerte.
      Han traska pengelens i filler, svolt, nattemørke og kulde til dagen grydde. Han hadde fløyta si enno, men torde ikkje bruke den, av frykt for å bli avslørt. Han nærma seg ein stor by - var det Bergen? - og stod og tenkte etter om han skulle våge å gå dit. Då med eitt stod dei to mennene som hadde gitt han fløyta, framfor han og sa, "Ver ikkje redd. Har du ikkje fløyta du fekk?"
      "Jo, den har eg enno, og den skiljer eg meg aldri frå så lenge eg lever."
      "Vi veit du og kongsdottera har blitt kjær," sa den eine av dei, "men no treng du først og fremst suppe å styrke deg på og andre klede i kulda. Sia skal du få reise kor du vil der ingen kjenner deg utan kjærasten din når de treffast att."
      Så forvandla dei Muggenast så han såg annleis ut, og gjekk inn i Bergen med han. Der var dei i fjorten dagar så han fekk kvile og byggje seg opp etter utsveltinga i fengselet og flukta derifrå.

Vakta og vertshushaldaren heldt fram å rangle neste dagen også, til vakta greip i lommene etter nøklane til fengselet, og ikkje fann dei. Han sprang til fengselet der nøklane stod i dørene. Men fangen var vekk. For han sat i Bergen og fekk tre vene antrekk som ikkje kunne slitast ut og heldt forma framifrå.
      Då Muggenast kom til at han fekk dra til sjøs, fekk han lovnad på eit fartøy med full besetning og styrmann, og proviant som ikkje minka. Han skulle også skjøne og tale språka i landa rundt om, om han ikkje kunne dei. Så fekk han handpengar av dei, men først av alt skulle han fare til storbonden han hadde gjett for.
      "Han er ikkje sint på deg, og kjenner deg ikkje att før du blæs i fløyta for han."
      Alt dei to mennene fortalde, skreiv Muggenast ned i dagboka si, og så tok dei farvel. Muggenast takka det beste han visste for hjelpa og alt det andre, og så skildest dei tre.
      Muggenast drog så til gardeigaren og spela på fløyta for han. Då kjende gardeigaren att melodiane og han. Mons Muggenast takka han for godleiken mannen hadde vist han for så lenge sia, og tok kjærlig farvel med han og folka hans: det var jenter og gardsgutar, bønder og husmann.
      Muggenast gjekk dernest ned til havstranda og fann eit fartøy slik det var lova. Han helste på styrmannen og spurde kor båten skulle hen, og kven som åtte den.
      Styrmannen svara, "Eg er sendt hit for å møte herr Muggenast i denne sjøvika."
      "Eg er den du ventar på."
      No sigla Muggenast ut i verda og vann mye rikdom. Deretter ville han til henne han hadde kjær. Då han kom til brygga der i byen, xx han anker og sette ut godt med vakt på skipet. Han tok på seg dei beste kleda sine, gjekk til slottet og bad om å få tale med kongen. Det fekk han, og kongen sa han ville ta seg av skipet og mannskapet også.
      I dei dagane Muggenast fekk vere gjest på slottet, tala han mye med kongsdottera og spurde om ho ikkje var trulova enno, ho som var så vakker.
      Ho svara, "Då eg var ung, hadde eg ein kjæraste. Men han var fattig, far stod hardt imot at det skulle bli oss, sperra han inn, og hadde visst tenkt å la han dø i fengsel. Men eg fekk han ut ein kveld, så han kom unna med livet. Det var fire år sia. Sia då har eg ikkje hatt hug for andre, så eg har bestemt meg for ikkje å gifte meg om det ikkje blir han og eg, og no er han vekke."
      Neste morgon då Muggenast vakna, var han ikkje sein om å gå ned til brygga for å sjå til båten og mannskapet. Han tok fram fløyta si spela noen vene morgonsonger for å glede mannskapet med. Og då han gjekk attende til slottet, tok han fram fløyta att og spela dei finaste tonene han var kar om. Kongen og hoffet kom ut og helsa vennlig på han, og kongsdottera kjende att kjærasten sin og blei glad.
      No baud Muggenast kongen og folk i byen på frukost ombord. Bybuarane strøymde til, og alle fekk ete og drikke. Då måltidet var over, talte Muggenast til kongen og kongsdottera og fridde til kongsdottera. Han fekk ja, og alle som var der ønska dei dei signa lykke så lenge dei levde.
      No fortalde kongen at dei ikkje fekk ført inn mat og anna dei trengte, for grannelanda hadde gått saman om å blokkerte dei så ingen skip fekk gå inn og ut. Muggenast lova å få slutt på det, og gjøre farvatnet reint så dei kunne sigle dit dei ville."
      Løftet gleda i det fattige kongeriket, og no tok dei til å stelle til bryllaup. Dei fire grannekongane som hadde øydelagt for landet og kongen med blokkaden sin, kom også. Men dei hadde i sinne å slå ned heile bryllaupskalaset då dei kom siglande i full fart på sjøen. Folka i landet blei alle overraska og forskrekte, for det var ikkje tid til å mobilisere så dei kunne gjøre noe særlig motstand.
      Men Muggenast bad dei vere ved godt mot, og sa, "Eg skal gå til brygga og gi dei velkomst. Så gjekk han dit aleine og spela noen velkomsttonar som likefram smelta dei. Så baud Muggenast dei på middag ombord hos seg, og alle blei nøgde og vel til mote av den kostelige maten og bevertninga.
      Då dei fire kongane hadde ete og drukke det dei ville, ville dei gi Muggenast store gåver, og lova å sende fleire sia. Og så slutta dei fred med den gamle kongen, som kom straks han blei bodsendt til det. Etterpå tok dei fire kongane og Muggenast farvel, og Muggenast følgde dei til skipa med meir fløytemusikk. Så for dei fire heim att.
      Muggenast og kongen gjekk no attende til brura og bryllaupet og feira både vel og lenge med alt folket der. Snipp snapp snute, så er eventyret ute.

Ein kan stange hovudet i sur og fæl motgang så vel at berre underfullt gåvmilde får ein på fote.

BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]