NORSK DEL, GULLVEKTA  

Svenske eventyr og segner

 13 › 1 › 3

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Oskeladden som røva skattane til trollkjerringa

FLOWERS DET VAR ein gong ei fattig enkje. Ho hadde tre søner. Dei to eldste var i arbeid andre stader for å klare seg, men budde heime. Der var dei til lite gagn, sia dei sjeldan gjorde som mora bad om. Men den yngste guten heldt seg i huset og hjelpte den gamle. Slik blei han skatta av mor si, men dårlig likt av brørne, som kalla han Oskeladden.
      Ein dag sa den gamle enkja til dei tre sønene: "No lyt de ut i verda og prøve lykka som best de kan. Eg maktar ikkje lenger å fø dykk alle tre."
      Gutane gjorde seg i stand og gav seg i veg, Dei vandra omkring saman ei tid, men fekk ikkje teneste noen stad. Seint ein kveld kom dei til ein stor fjord. Langt ute i fjorden var det ei øy som det skein sterkt ifrå, som frå ein eld.
      Gutane stogga ved stranda og såg på det underlige skinet, og kom til at det måtte vere frå menneske. Sia det alt var mørkt og brørne ikkje visste kor dei skulle finne ly for natta, blei dei samde om å ta ei båt som stod på stranda og fare over til øya og låne hus. Som tenkt så gjort. Dei sette seg i båten og rodde over fjorden.
      Då dei nærma seg øya, såg dei ei lita stue ved stranda der. Gutane gjekk til den og merka at det fagre skinet som lyste over sjøen, kom frå ei gull-lykt som hang utafor stuedøra. I garden utafor gjekk ein stor bukk med gullhorn. Det var festa små bjeller på horna, og bjellene klang vent når dyret rørde seg. Brørne undra seg storlig over alt dette, og aller mest over kona som budde i huset i lag med dotter si. Kona var både gammal og lite pen, men ho var prektigt kledd i ei pelskåpe som var sydd med så mye gulltråd at det blenkte ifrå den.
      Gutane kunne forstå at dei ikkje hadde komme til vanlige menneske, men til eit overlag rikt fjordtroll. Dei rådslo med kvarandre, og så gjekk dei inn. Inne stod kona ved eldstaden og rørde med ei sleiv i ei stor gryta som koka over elden. Dei bad om husly for natta. Men kona svara nei, og peika gjennom glaset på ein gammal kongsgard på hi sida av fjorden. Mens ho no talte, såg ho skarpt på den yngste guten der han stod og såg nøye på alt i stua.
      Kona spurde: "Kva heiter du, gut?"
      Guten svara: "Brørne mine kallar meg Oskeladden."
      Kona sa: "Brørne dine får dra sin veg, men du må bli hos meg for di du ser kvassare ut, og for di hugen min fortel meg at eg ikkje kan vente noe godt frå deg om du kjem til kongsgarden og blir verande der lenge."
      Oskeladden bad no pent om å få dra bort med brørne sine, og så lenge og vel bad han at han fekk lov til det. Då skunda brørne seg til båten og over fjorden. Alle tre var glade over å ha komme heilskinna frå vitjinga.
      Brørne gjekk heile sommarnatta, og tidlig neste morgon kom dei til kongsgarden dei hadde sett. Den var større og herligare enn noe dei før hadde sett. Brørne gjekk inn og bad om å få tene der. Dei to eldste blei stalltenarar og den yngste fekk vere tenar for den unge kongssonen.
      Oskeladden var både kvikk, kjekk og kjapp, og blei snart likt av alle. Dag for dag kom kongen til å like han betre. Dei to brørne hans likte dette dårlig, dei misunte han at folk likte han betre enn dei sjølve blei likt. Til sist snakka dei med kvarandre om korleis dei skulle skade yngstebroren og bli betre likt av kongen sjølve. Ein dag gjekk dei til kongen og la ut om den fagre lykta som skein over sjø og land. Dei sa at det verka så vissent at ein konge sakna slik ein kostelig skatt. Kongen blei nyfiken og spurde: "Kor finst den lykta og kven kan skaffe den til meg?"
      Brørne svara: "Det kan vel berre broren vår, Oskeladden. Han veit best kor lykta er."
      No fekk kongen stor lyst til å eige gull-lykta, og kalla Oskeladden til seg. "Kan du skaffe meg den fagre gullykta som skin over sjø og land, skal du bli den fremste under meg," sa kongen.
      Guten lova å gjøre sitt beste. Brørne blei glade over å få vite om dette, for dei visste godt at det var eit stort vågestykke som stod føre han, og at det neppe ville gå godt for han.
      Oskeladden skaffa seg no ein liten båt og rodde i løynd over fjorden til øya der trollkona var. Då han kom fram, var kvelden kommen, og kona heldt på å koke kveldsgraut som ho pla gjøre på den tida av døgeret. Guten smaug seg varsamt opp på taket og kasta av og til ein handfull salt gjennom skorsteinen slik at saltet fall ned i gryta som stod og koka over eldstaden kloss under.
      Då grauten var ferdig og trollkona skulle ete, kunne ho ikkje skjøne at den var blitt så salt og fæl å ete. Trollkona trudde det var dottera som hadde salta maten for mye. Det var ikkje mogelig å spe grauten så den blei god på smak heller, så dottera laut til slutt ut til brønnen og hente vatn til ny graut.
      "Korleis skal eg kunne gå ned til brønnen?" sa dottera. "Det er så mørkt der ute."
      "Ta gulllykta mi!" sa mor hennar. Jenta tok den fagre gullykta som no stod i forstua, og sprang fort ut for å hente vatn. Men då ho luta seg over kanten av brønnen for å løfte opp vassbøtta, var Oskeladden der. Han tok jenta i føtene og løfta henne over kanten i ein fei. Jenta fall på hovudet ned i vatnet mens guten greip lukta og skunda seg til båten.
      Men no tok kona til å undre seg over at det tok så lang tid å hente vatn. Ho kika ut gjennom glaset og såg noe som skein langt uti fjorden. Då sprang ho til stranda og ropte vilt, "Er det du, Oskeladd?"
      Guten svara at det var det.
      Kona sa: "Har du tatt lykta mi?"
      Oskeladden svara: "Ja, det har eg."
      Kona tok opp at: "Er du ikkje ein stor skøyar?"
      Guten svara: "Jo, det er eg vel."
      No klaga og jamra kona og sa: "Å, kor dum eg var som let deg få dra herifrå første gongen. Eg kunne vel tenkje meg du skulle spele meg eit puss som dette sia. Men kjem du hit enda ein gong, slepp du neppe herifrå."
      Guten vende attende til kongsgarden med lykta og blei den fremste under kongen slik det var lovt.
      Brørne blei dermed enno meir forbitra over kor godt det gjekk han, og bestemte seg for å prøve å skaffe han av vegen enda ein gong. Så gjekk dei til kongen og la ut om den fagre bukken som hadde horn av gull og små gullklokker festa til horna slik at det klang himmelsk når dyret rørde seg. Brørne kunne tenkje seg at kongen ville ha noe så kostelig når han berre visste om det.
      Kongen spurde: "Kor finst bukken, og kven kan skaffa meg den?"
      Brørne svara: "Bror vår veit best kor bukken står."
      Kongen blei så vill etter bukken med gullhorna at han kalla Oskeladden til seg og sa strengt, "Brørne dine har fortalt meg om ein fager bukk med horn av det klaraste gull og små klokker festa til horna slik at det kling himmelsk når dyret rører seg. Dra og skaff meg den bukken. Lykkast du, skal du få tredelen av riket."
      Guten lova som sist å gjøre det han var kar om, og brørne feira den lovnaden hos seg sjølve, for dei meinte han kunne ikkje sleppe unna trolla ein gong til - det ville vere heilt uvanlig.
      Oskeladden laga seg til og drog i båten sin over fjorden til øya der trollkvinna heldt til. Då han kom fram, var det kveld og mørkt alt, og denne gongen lyste inga gullykt for han i mørket. Guten grunna lenge på korleis korleis han skulle kome til og få med den gylne bukken. Det var ikkje lett, for bukken var så gild og skatta at den fekk liggje i stua om natta. Til sist kom guten på noe som kunne verke, trudde han.
      Seinare om kvelden, då kona og dottera skulle til sengs, gjekk jenta for å stengje fjøset og låse døra for natta. Men Oskeladden låg på lur utafor og sette ein spile bakom døra utan at noen merka det, slik at døra ikkje kunne latast att. Jenta stod no lenge og prøvde å få den i lås, men det gjekk ikkje. Då kona merka det, tenkte ho at noe var komme i ulag, og ropte at døra kunne stå ulåst over natta til det blei lyst. Då kunne dei sjå kva som var i vegen. Jenta let så døra stå på gløtt og la seg til å sove.
      Men då det leid fram på natta og alle i huset sov djupt, smaug guten seg inn i stua og kraup fram til bukken der den låg og strekte seg framfor eldstaden. Oskeladden tok no ull og stappa inn i alle gullklokkene så dei ikkje kunne klinge og røpe han. Så greip han gullbukken og bar den til båten. Ute på fjorden tok han vekk ulla, og då tona det høgt kvar gong bukken rørte på seg.
      Kona vakna av sømnen av den fagre lyden, og sprang ned til stranda og ropte arg: "Er det du, Oskeladd?"
      Guten svara: "Ja, det er det, veslemor!"
      Kona sa: "Har du stole gullbukken min?"
      Guten sa: "Ja, veslemor!"
      Kona sa som sist: "Er du ikkje ein stor skøyar?"
      Oskeladden svara: "Det er eg nok."
      No tok kona til å skrike og bere seg. Ho sa: "Åå, eg skulle aldri ha sleppt deg ifrå meg! Men kjem du attende hit ein gong til, skal du aldri sleppe herifrå, står det til meg."
      Oskeladden vende no attende til kongsgarden og fekk tredjedelen av riket, slik kongen hadde lova.
      Men då brørne fekk vite korleis alt hadde gått til og såg den fagre lykta og bukken med dei gylne horna, blei dei enno meir misunnelige og forbitra, og det var ikkje lite. Dei stakk hovuda saman for å tenkje ut korleis dei skulle gå fram for å skade broren sin verst råd. Så ein dag gjekk dei til kongen og fortalde vidt og breitt om skinnpelsen til kona; den skein som det raudaste gull og var sydd med gulltråd. Den passa heller på ei dronning enn eit slikt gammalt troll som budde for seg sjølv, sa dei.
      Då no kongen fekk nyss om alt dette, spurde han: "Kor er den pelsen, og kven kan skaffa meg den?"
      Brørne svara: "Berre broren vår, Oskeladden, kan hente den. Han veit best kor gullpelsen er å finne."
      Kongen fekk stor lyst på den fine pelsen, og kalla Oskeladden til seg. Då kan kom, sa kongen: "No ha brørne dine fortalt meg om ein fager skinnpels sydd med raudt gull overalt. Skaffar du meg den, gir eg deg dottera mi til make, og du får arve riket etter meg."
      Då guten hørte dette, blei han glad og sa han ville vinne kongsdottera eller misse livet. Han sette seg i båten sin og sigla over vika til øya der kona budde. Undervegs grunna han over korleis han skulle kunne få tak i gullpelsen; for kona gjekk med den på seg støtt. Til slutt kom han fram til kva han ville gjøre. Han batt ein pose under kleda, og gjekk inn i stua med nølande steg. og audmjuke åtbørder inn i kjerringas stue.
      Straks kona såg han slik, sa ho, "Når du kjem hit, slepper du ikkje herifrå. Er du kommen for di du angrar på alle rampestrekane du har gjort og alt du har tatt ifrå meg?"
      Ho tok no fram ein stor kniv og ville drepe Oskeladden. Då guten såg dette, sa han forferda: "Sia eg likevel skal dø, vil eg helst velje måten sjølv. Eg vil heller dø av å ete meg i hel på tynn graut."
      Kona meinte han hadde valt ein fæl måte å dø på, og sa ja til ønsket. Ho stelde no ei stor gryta over elden og laga i stand mye graut. Då den var ferdig, sette ho den framfor guten og sa han skulle ete. Men for kvar gong han stakk ei grautskei i munnen, hellte han to skeier i posen under kleda. Til slutt tok kona til å undre seg over at Oskeladden kunne ete så mye. Men rett som det var, let guten som han blei fælt sjuk, seig ned på golvet frå stolen og såg ut som han var døden nær. Samstundes stakk han hol på posen utan at kona såg det, så grauten flaut utover golvet.
      Kona tenkte at Oskeladden hadde sprukke av all grauten. Ho blei så glad at ho klaska hendene saman og ville springe ut til dottera som var ved brønnen i eit ærend. Men sia det regna, tok kona av seg den fine pelsen og la den ifrå seg i stua.
      Kona hadde ikkje komme langt før guten skunda seg å ta gullpelsen og springe til båten og legge utpå fjorden. Litt etter såg kona han i den vesle båten av di gullpelsen lyste over fjorden. Fortørna sprang ho ut i vatnet og ropte: "Er det du, Oskeladd?"
      Guten svara: "Ja, det er det, veslemor."
      "Har du tatt pelsen min?"
      "Ja, veslemor."
      "Det var slemt!"
      "Ja, det er så, veslemor."
      Oskeladden kom velberga fram til slottet. No blei han utropt til tronarvingen, gifte seg med kongsdottera han var blitt lova, og seinare blei han den nye kongen. Men brørne laut streve som stallgutar som før, og det gjorde dei så lenge dei levde.

OPP


Friaren og dei tre gifteklare jentene

FLOWERS EIN BONDE hadde tre døtrer, men ingen av dei kunne tale reint. Alle tre var rett galne etter å gifte seg, men ingen ville ha dei. Til sist kom det ein som var langt heimefrå. Mora deira hadde nekta dei så mye som å opne munnen mens det var friar i garden, så mannen fekk ikkje eitt ord ut av dei.
      Ei sat og arbeidde med ein vev. Mens ho sat og streva med vevinga, sleppte ho i vanvare ut av seg, "basta [brast av]". Den andre sa straks, "såknutpå [slå knute på]".
      No meinte den tredje det var best å minne om forbodet frå mor, og sa, "saikjmor viskutei mefriarinne? [sa ikkje mor vi skulle teie med friar inne?]"
      Straks tok dei til å diskutere kva dei så skulle gjøre. Mens dei heldt på, forsvann friaren ut døra.
  • Uinnbydd gjest blir kanskje ikkje beverta.
OPP


Pannekakehuset

DET VAR ein gong noen fattigfolk som hadde mange barn, og dei orka ikkje å fø dei alle. Derfor tok dei ein dag ein gut og ei jente og stappa dei i ein sekk og sette dei ut i skogen. No var jenta eit einfaldig barn, men guten var ikkje det. Så då dei hadde lege ei stund i sekken, tok han fram ein kniv han hadde og skar opp sekken, og så kraup dei ut begge to og såg dei var langt inni ein skog.
      pancake house Dei gjekk eit godt stykke og til sist blei dei svoltne. Snart såg dei eit hus. Då blei dei glade. Dei oppdaga at taket på huset var laga av pannekaker. Guten kraup opp og sette seg til å ete eit godt måltid på taket, men med eitt spurde ei barsk kjerringrøyst inne i pannekakehuset:
      "Kven er det som gneg på taket mitt?" og guten svara straks: "Det er ein liten blå fugl. Pip-pip."
      Slik fekk begge barna ete seg mett, og vandra vidare i skogen. Men ikkje lenge eter blei dei svoltne att, og lurte seg tilbake til det vedunderlige pannekakehuset. No var det jenta sin tur til å klatre opp på taket og få seg pannekake, men ikkje før hadde sett seg ned der for å ete, så spurde kona i huset: "Kven er det som gneg på taket mitt?"
      Då svara jenta forskrekka: "Det er eg."
      Dermed kom kona rusande ut av huset og var så opphissa at det var fælt. Ho sa at barna var tjuvar, greip fatt i dei og slepte dei med seg inn i huset. Der inne sa ho først dommen deira: Dei skulle gjødast og steikast. Dernest spurde ho jenta: "Kva forar mor di svin med?"
      Og jenta svara, einfaldig som ho var: "Med potetskal og makk!"
      Sia spurde ho guten det same; men han svara: "Med rosiner og mandlar".
      No blei barna sett i kvar sine rom for å gjødast. Då det hadde gått ei tid, ville kona sjå om barna var feite nok, og bad guten stikke fingeren ut gjennom eit hol i veggen. Guten stakk då ut ein tørr trepinne. Ho skar i den og tykte at guten ikkje var feit nok til å bli steikt enno. Så gjekk ho for å sjå etter om jenta var fullgjødd, og den einfaldige jente rekte ut fingeren. Kona skar i den og fann ut at den var feit nok.
      No skulle kona snart ha gjestebod, og då skulle ho steike jenta. Men før dagen kom, såg guten sett sitt snitt til å kviskre til systera eit og anna godt råd til den som er uvan med å bli steikt, og så kom dagen. Kona hadde duka bordet med alle rettane unntatt steika. Omnen var gjort gloande heit, og der skulle ho steike jenta. Kona sette jenta på bakstefjøla for å ha henne inn i omnen; men jenta gjorde seg så dum og skjøna liksom ikkje korleis ho skulle sitje på fjøla. Til sist bad ho kona om å syne henne korleis det skulle gjørast.
      Kona sette seg utolmodig på bakstefjøla og sa: "Slik skal du sitje, barn."
      Straks passa jenta på og skyssa kona inn i den gloande omnen. Så sleppte ho ut broren sin frå rommet der han sat og åt rosiner og mandlar. Dei la høy i senga til kona med dyna over og natthua til kona toppa deit heile. Så gøymde dei seg i skogen nær ved og følgde med, sia dei ikkje var sikre på kva dei skulle gjøre vidare.
      Om litt kom mannen til kona heim med dei innbydde gjestane. Dei sette seg straks til bords utan å vente på kona, for ho hadde vel gjort seg eit ærend eller tatt seg ein liten lur mens steika stod og gjorde seg ferdig. Mannen kika elles etter i senga hennar, der barna lagt høyfang og natthua hennar, og trudde kona låg og kvilte etter å ha stelt i stand til gjestebodet.
      Gjestane og verten brydde seg ikkje om å vente på ho i senga, men tok for seg av både steika frå omnen og den andre maten, og åt og drakk. Men då verten merka at dei trong meir brød, og elles var temmelig sur for at steika var seig, gjekk han frå bordet og bort til senga for å vekkje kona. Ho brukte ikkje sove så tungt midt på lyse dagen. Men han fann berre høy og ei natthue under dynene. Barna var ikkje å sjå heller, og med eitt kunne han skjøne alt: Han og gjestane hadde ete kona. Kvit om nasen fall han forferda saman framfor senga og døde, og gjestane smaug seg fort ut og vekk. Dette gjestebodet ville dei ikkje vere med på.
      Mens alt dette hende, låg dei to syskena og gjømde seg i skogen berre eit lite stykke derifrå. Då gjestane hadde stukke sin veg mens dei skreik at mannan var død og kona oppeten, smaug barna seg stilt attende til pannekakehuset, tok alle skattane der og gjekk heim til dei fattige foreldra sine. Der levde dei glade og lykkelige på den store velstanden dei hadde fått tak i.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]