Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sicilia  ❀ 2
Seksjon › 47 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Guten som vann ei kongsdotter

Det var ein gong ein konge som kunngjorde at han ville gi dottera si til den som bygde eit skip som gjekk på land og på vatn. Tre brør fekk høyre det, og dei to eldste la i veg etter tur. Begge møtte dei ein skogsarbeidar langs vegen, og kom til kort då han testa dei litegrann. Då gjekk dei heim att etter tur. No la den yngste av brørne i veg, og møtte den same skogsarbeidaren langs vegen. Det gjekk godt for guten, og han fekk god hjelp til å bygge fartøyet. Skogsarbeidaren blei med på reisa på ett vilkår, og det var at han skulle få halvparten av alt godt som guten fekk.

På reisa tok dei om bord ein mann som kunne fylle ein sekk med skodde, ein som kunne rive opp ein halv skog og bere svære tre på ryggen, ein mann som kunne drikke opp ei halv elv om det skulle vere, ein som kunne trefte det han skaut etter, og ein som gjekk med så lange skritt at han skreva over vide sund.

Då guten kom fram til kongsgarden ville ikkje kongen gi han dottera si, jamvel om skipet gjekk både på land og vatn. Kongen gav han i staden ei rekke oppgåver han trudde ingen kunne klare, men ved hjelp av reisefellene sine og skogsarbeidaren blei alle oppgåvene løyste etter tur. Då fekk guten kongsdottera til sist.

Då guten var kommen vel heim att med bruda si og fleire andre skattar, sa skogsarbeidaren til han. "No er tida kommen til å halde det du lovde meg."

Guten gav han halvparten av skattane, og tilmed halve krona som kongen hadde gitt han då han gifta bort dottera si til han.

Skogsarbeidaren sa: "Det beste står enno att å dele." Det var bruda han sikta til.

Guten gjorde seg straks klar til å halde løftet sitt til mannen. Forknytt trekte han sverdet sitt og skulle til å kløyve bruda då skogsarbeidaren sette i: "Nok! Eg trur eg har så det rekk allereie!" Så blei han borte.

[Attgiving]

Innhald


Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Sisilianske eventyr, historier frå Sisilia, Sicilianske forteljingar, opp Seksjon Sett Neste

Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]