Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sicilia  ❀ 4
Seksjon › 47 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Juffa kom til pengar

Ein dag sa mor til Juffa til han: "Vi har ikkje noko å ete i dag. Kva skal vi gjere?"

"Overlat det til meg", sa Juffa og gjekk til ei slaktarkone.

"Gi meg ein halv knoke kjøt", sa han til ho. "Eg vil betale om litt."

Ho gav han knoken, og så gjekk han til bakaren og bad om brød, til kjøpmannen, oljeseljaren, vinhandlaren og ostehandlaren. Alle gav han det han bad om, sidan han ville betale "i morgon".

Juffa tok med kjøtet, makaroni, brød, olje, vin og ost som han hadde kjøpt på kreditt. Alt gav han til mor si. Ho stelte i stand maten, og etter ei stund kunne dei ete eit godt måltid saman

Dagen etter lét Juffa som han var daud, og mor hans gret og jamra. "Son min er daud, son min er daud!" Juffa blei lagt i ei open kiste og frakta til kyrkja, og prestane der song messe om at englane måtte føre den daude inn i paradis.

Då alt folket i byen fekk høyre at Juffa var daud, sa slaktaren, bakaren, oljekjøpmannen og vinhandlaren: "Det vi gav han i går er så godt som tapt. Kven skal betale oss no?"

Men osteseljaren tenkte: "Rett nok skuldar Juffa meg berre for ost til seksti øre, men eg gir han dei ikkje! Eg går til kista og tar hua hans som betaling."

Så kraup han inn i kyrkja, men der var det framleis ein prest som bad ved kista til Juffa.

"Så lenge presten er der, passar det seg dårleg for meg å ta hua av han", tenkte ostehandlaren, og gøymde seg bak altaret.

Då kvelden kom, gjekk den siste presten derifrå. Ostehandlaren skulle til å komme fram frå gøymestaden sin då ein tjuvebande storma inn i kyrkja. Dei hadde stole ein stor pengesekk og skulle dele byttet mellom seg i den mørke kyrkja. Dei krangla om korleis dei skulle dele pengane, og tok til å rope og støye. Då sette Juffa seg opp i kista og utbraut: "Ut med dykk!"

Tjuvane blei forstøkte, for det verka som eit lik hadde reist seg i kista og snakka til dei. Dei trudde han ville tilkalle andre daude, og dermed rende dei vettskremde tjuvane ut av kyrkja det fortaste dei kunne, og gløymde pengesekken i kyrkja.

I det same Juffa tok opp sekken, sprang ostehandlaren fram frå gøymestaden sin og kravde sin del av pengane. Juffa ropte attende fleire gongar: "Du skal ha berre seksti øre! Berre seksti øre er dine!"

Tjuvane utanfor trudde han var i ferd med å dele pengane mellom daudingane, og sa til kvarandre: "Kor mange andre har liket å dele dei mellom dersom dei ikkje får meir enn seksti øre kvar!"

Så sprang dei sin veg så fort dei kunne. Juffa tok med seg pengesekken heim til mor etter at han hadde gitt ostehandlaren litt pengar for å halde tett med kva som hadde hendt. No hadde Juffa og mor hans pengar så dei kunne gjere opp for seg hos kjøpmannen, oljeseljaren og vinhandlaren også.

Innhald


Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, opp Seksjon Sett Neste

Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]