Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sicilia  ❀ 3
Seksjon › 47 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Salt og vatn

Ein gong i tida var det ein konge som hadde tre døtrer. Ein dag dei sat ved bordet og åt, sa far deira: "La oss høyre kven av dykk tre som er gladast i meg."

Den eldste sa: "Far, eg er så glad i deg som auga mine."

Den andre svarte: "Eg er så glad i deg som hjartet mitt."

Den yngste sa: "Eg er så glad i deg som salt og vatn."

Kongen høyrde forundra på ho. "Ikkje meir enn salt og vatn? Fort, hent bødlane, for ho skal døy! Og det skal vere no!"

Dei andre søstrene gav bødlane ein liten hund i løyndom, og bad dei drepe hunden og rive av nokre av kleda til søstera, og la ho vere att i ei hole langt uti ville skogen, over grensa til eit anna land. Bødlane gjorde som søstrene bad om. Dei tok yngstesøstra med til hola, fekk nokre av kleda hennar, og bringa dei kleda og hundetunga tilbake til kongen : "Konge, her er tunge, og klede som ho gjekk i."

Kongen lønna dei ekstra for det arbeidet.

Ein trollmann fann den yngste kongsdottera i skogen, og tok ho med til huset sitt like overfor kongeslottet der i landet. Kongssonen fekk auge på ho og blei forelska. Snart var alt avtalt og ordna dei to imellom så dei kunne gifte seg.

No kom trollmannen til kongssonen og jenta og sa: "De lyt drepe meg dagen før bryllaupet, og innby tre kongar." Til jenta sa han: "Far din er den eine av dei." Han heldt fram: "Alle gjestane utan far din skal ha tenarar ved sida av seg når middagen blir servert. Tenarane skal syte for vatn og salt til dei innbydde, alle utan far din."

No, la oss vende tilbake til far til den unge jenta. Han trudde han hadde fått ho drepen ein gong han var i dårleg humør, og no sakna han ho sårt; han var reint sjuk av sorg. Då han fekk innbydinga frå grannekongen, sa han: "Korleis kan eg dra dit når eg sørger så fælt over dottera eg fekk drepen?"

Han ville først ikkje dra, men så tenkte han: "Men grannekongen vil bli fornærma om eg ikkje drar, og kan finne på å gå til krig mot meg for det ein gong. Det er best eg drar."

Han takka ja til innbydinga og drog i veg for å rekke bryllaupet hos grannekongen.

Dagen før bryllaupet, sa trollmannen til kongssonen og den kommande bruda: "No har eg vore her i byen lenge nok, og vi dra og sjå meg rundt i andre deler av verda. Men de skal få ei gåve av meg. Det er ein stor, grå stein. Den skal de kløyve i morgon før gjestane kjem, og legge ein firedel i romma til dei tre kongane og far til kongssonen. Så får de sjå kva som skjer!"

Dermed la han i veg.

Dagen etter kløyvde dei steinen i fire, og kvar del var full av gull og edelsteinar. Då dei tre kongane kom til romma sine og såg denne makelause rikdommen dei fekk i bryllaupsgåver, sa kongssonen: "Det er betre enn ingenting!"

Om kvelden blei paret gift. Dagen etter var det middag for gjestane, og kongssonen gav ordre: "Ikkje noko salt og vatn til den kongen der!" Så peika han ut kva for ein konge det var.

Gjestane sette seg til bords. Bruda sat ganske nær far sin. Han hadde så tårevåte auge i sorga si at han ikkje såg kven ho var, og han hadde ikkje lyst på mat heller.

Bruda sa: "Korfor et De ikkje, konge? Fell ikkje maten i smak?"

"Nei, maten ser fin ut."

Men korfor et De då ikkje av han?"

"Eg kjenner meg utilpass."

Bruda og brudgommen hjelpte han til nokre kjøtbitar, enda om han ikkje ville ha noko. Der sat han og togg og togg på kjøtet, men klarte ikkje å svelje ned.

Då gjestane var ferdige med middagen, tok dei til å fortelje historier, og kongen fortalde om dottera si. Bruda spurte han om han enno kunne kjenne ho att, gjekk ut av festsalen og tok på seg den same kjolen som ho hadde hatt på då han sende ho bort med bødlar for at ho skulle drepast.

Han kunne det.

Bruda sa: "Du ville ha meg drepen fordi eg sa eg var like glad i deg som i salt og vatn. No har du fått oppleve korleis det er å ete utan salt og vatn."

Faren fekk ikkje fram eit einaste ord ei lita stund. Men så omfamna han ho og bad om tilgiving. Så levde dei lykkelege i lang tid, og her sit vi med så godt som ingenting.

Innhald


Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, opp Seksjon Sett Neste

Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]