Norsk del, Gullvekta
Forsking og Transcendental Meditasjon
Seksjon › 3   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ord

Reservasjonar    Innhald     

Transcendental Meditasjon: Om forsikringar, tru, tvil og god forsking

Når ein gjer TM, Transcendental meditasjon, vender hugen seg innetter på eit vis, ein får slappe av litt, blir rolegare, og kvepper til av brå støy - det kan vel hende. No vel, ein får prøve og erfare TM sjølv. Men ein får hugse vel at ei enkeltoppleving duger ikkje, statistisk sett. Det vil seie ein kan ikkje lage statistikk på enkeltopplevingar; det må fleire til - gjerne over femti, og alltid over 23, grovt sagt - og gjerne tilpassa ein vellykka design der ein sjekkar endringane opp mot endringar i tilsvarandre grupper der folk ikkje har nytta TM, eller gjer klok bruk av korleis somt var før og etter ein fekk lære og bruke TM ei viss tid.

Så for mange formål er det ganske som ordtaket seier: "Ei svale gjer ingen vår": Erfaringane til éin eller ei handfull hjelper neppe om dei ikkje er bra typiske, altså delt av ganske mange. Det såkalla typiske kan likande gruppe-inndelingar med og utan gjennomsnittsmål hjelpe opp i dagen. Og for kvar enkelt er det ikkje sikkert at gjennomsnittsfunderte data passar heilt heller. Det får eller bør ein leve med.

Opplevingar i djup meditasjon tel naturlegvis, også om dei ikkje er gjennomsnittlege -

Professor Kjell Aas seier at om du koker ein nordmann i eine enden og frys han ned i andre, kan gjennomsnittstemperaturen bli lagom. [Privat kommunikasjon]

Statistikk av ulike slag

Det har seg slik: Statistikk er avla ifrå kvantitative opplegg av ulike slag gir tips ut frå gjennomsnitt og ulike slags opplegg. Og enkeltpersonar sine opplevingar kjem i ei skuffe for seg. Har ein mange av dei, kan dei brukast til kvalitative sonderingar. Det er ein annan tilnærmingsmåte, der subjektive kvalitetar kjem meir til. Det kan vere nyttig. Det finst altså to hovudtilnærmingar - og også metodiske samgangar og blandingsopplegg mellom dei, som når ein først køyrer et såkalla pilotopplegg - det er ei sonderande og kvalitativ undersøking der ein freistar å leite fram høvelege ting å sjå nærare inn i.

Ulike blandingsopplegg for utforskingar er tidvis nyttige.

Skildringar kan ha sterke og svake sider innebygde

Det finst allereie mange bøker der det står om enkeltpersonar sine opplevingar, som til dømes i Denniston McWilliams si bok (1975) - ei bok blant fleire med skildringar. Det finst greie skildringar og andre, akkurat som det i musikken finst glade fanfarar og sørgemarsjar. I den første tida med TM kom mange "glade fanfarar" - historier om kor fantastisk TM endra liva deira. Slike skildringar kjem enno, jamvel om dei kan bli sett i skuggen av mykje statistikk. Mange forfattara har såleis ausa av enkeltskildringar av kva enkeltpersonar har delt med andre etter kortare eller lenger tid med TM, men mykje dekkande jamføringar av lang-langtidsverknadar over meir enn tjue-tretti år kan det skorte på enno: Det kan komme etter kvart.

At journalistar og andre skriv bøker om eigne og andre sine erfaringar og leverer ulike slags enkelthistorier med eller utan raude trådar og gruppeinndelingar og relevante statistikkfunn attåt, er altså ei utbreidd tilnærming til TM-verknadar - og kan godt bli gjort til emne for bra, kvalitative undersøkingar. Det kjem mellom anna an på kor fagleg skikkeleg og systematisk intervjua er gjort.

Til sjuande og sist fører innlevingar og subjektive historier til samlande poeng og tilmed innkik i noko av det som kan vere på ferde for mange, berre utvalet av historier ikkje går for langt i ei eller anna retning. Kvantitative og kvalitative undersøkingar "på kvar sin måte vene er". Dei har ulike bruksområde.

Forteljingar og enkeltskildringar kan gi innlevingsfundert forståing. Om forteljingane er skikkeleg, avklarande eller fælt farga, subjektive, kjem forståinga ut frå dei til å vere påverka av det.

Erfaringar, historier og innlevingar blandar seg.

Det subjektive sit langt inne, men har lita bevistyngde

Enkeltpersonar kan fortelje om resultata av å lære og bruke TM, med glede og fornøying. Slikt har gild overtydingsmakt. Men statistisk tala har dei ikkje verdi før det er lagt fram mange av dei, til dømes tretti. Då tar nasebora til statistikaren til å vibrerere lett, og ho blir interessert etter å sjå kva som er feil, kva som er på ferde, og kor sannsynleg det er at desse funna stemmer. Ho bruker tekniske grep, formlar og oversyn for å få sine overblikk. Ut fra dei kan ho analysere og tolke funna sjølv, så langt den båten ber.

Etter ein lang periode med gilde skildringar av meditasjonsopplevingar, kom også skildringar frå anna hald og av eit anna slag opp i dagen: Forteljingar om fæle opplevingar - av TM, av livet sitt mens ein gjorde TM, av andre i TM-samanheng. Fæle historier som kunne gi kaldt vatn i blodet ut frå "subjektiv kvakking".

Om historier: Det kan vere gehalt i dei, og kanskje ikkje. Enkelt sagt: "Dei skuldar på TM, enda det er dei sjølve som er problemet, eller andre dei har møtt." Og "Ei historie er ikkje sann fordi ho blir fortald." Slike feilkjelder er det fleire av. Det er sikkert og visst. Noko kjem an på ein sjølv, korleis ein sjølv er, korleis miljøet er og tar imot ein, og så bortetter.

Skildringar kan vere likande og ikkje likande, akkurat som forskjellige miljø.

Jakta på gjennomsnittstal kan verke lite fruktbar

God forsking tar sikte på å luke vekk slikt, for å få "reinare data", det er gjennomsnittsdata å handtere. Ved det fell stundom det subjektive heilt vekk. Så er det også slik at ingen er gjennomsnittleg. Det kan vere klokt å sanne at i det subjektivt fortalde kan ligge mangt som er svært nyttig, og at i gjennomsnittstala er ingen heilt og fullt heime, fordi gjennomsnittet kanskje er teoretisk berre.

Det har blitt gjort mykje forsking om TM-verknadar med tida. Over seks hundre studier tilmed. Noko kan vere god forsking og anna ikkje. Noko er "medforsking" og anna er motforsking. Og noko av forskinga er heller "midt imellom" med og mot på eit vis, i eit tenkt felt imellom medforsking og motforsking. Å sondere ved tredeling hjelper i somt, å sondere meir nøye ved feminndelingar og vidare, kan gagne enda betre ved at ein då får meir nyansert materiale å bruke statistikk på, om ein unngår å skyte sporv med kanonar - det vil seie unngår å bruke statistikk som krev godt behandla data der ein ikkje har slike talfestingar, og dermed få fiktivt nøyaktige resultat. Og det er i så fall enda ei fallgruve, som statistikarar veit.

Å skyte sporv med kanonar - ein bruker for harde middel.

Stalltips for å sjekke ut funn

Dei som kjenner til fallgruvene og feila som det er svært lett å gjere ut frå medbringa haldingar, innstillingar og interesser knytte til TM, kjenner for å gå til og vise til uavhengig forsking som er gjort av folk med høge titlar og som har publisert forskinga og funderingane sine i framifrå tidsskrift med høg status, tidsskrift av gjennomgåande bra kvalitet. Er det bøker det er tale om, hjelper det at utgivaren er kjent for kvalitetsutgivingar og har ei høg stjerne, i tillegg til at forfattarane har akademiske gradar, og helst meir enn litegrann.

Dette vil ikkje seie at medforsking er utan verdi, eller dårleg på noko vis. Det same gjeld motforsking. Ulempa er at statistikk lett kan gi ulike svar av typen, "Som du ropar i skogen får du svar." Måten ein stiller spørsmåla på, kva for vriar ein har, kva ein utelèt og kva for statistikk som blir brukt, og korleis - slikt går saman om å farge funna meir eller mindre. Stalltipsa her er ganske som dei sonderingane fagfolk gjer innleiingsvis ogmellom linjene kan hende, men likevel. Om ikkje kan straumen av forskingsrapportar og gransking med argusauge bli vel krevjande og slitsam.

Forsking utan interesser med, blir kanskje nøktern og keisam.

Den stride kampen om forskingsdata

Eit siste trekk i dette gamet er bruken av forskingsrapportar og studiar. Somme trekker andre konklusjonar enn andre ut av dei same funna eller tala. Det er eit stort problem. Der nokre meiner tala ikkje gir godt grunnlag for verken den eine eller andre konklusjonen, meiner tilhengarar at dei gjer det, og motstandarar at dei ikkje gjer det, overforenkla sagt. Ein ser trendar likevel. Slikt burde ein vere budd på: at forsking blir brukt rett, utnytta eller avvist, med og utan rimeleg grunn. Men korleis? Ved å setje seg inn i hovuddrag ved forsking og sjå etter i funna sjølv. Ottar Hellevik forma ei slik lita bok for blant andre stortingspolitikarar. Ho heiter ◦Sosiologisk metode for brukere av samfunnsforskning (Universitetsforlaget, 1982 og seinare opptrykk). Det finst andre "lommestatistikk-skriv" også. Sjølv skreiv eg eitt for lang tid tilbake.

Forskingsdata kan bli tolka, omtolka omkoda og mot-tolka i lang tid.

Same talet gir ikkje samme meining, eller "Same talet har ikkje same verdi"

. . . i ulike statistiske utrekningar. Til statistikk trengst tal. Ein får tal frå fleire kjelder: Ein setter tal på kjenser, på erfaringar, på endringar mellom to grupper, på endringar over tid. Fordi grunnlaget eller konverteringa) for ulike slags tal heng saman med ganske forskjellige kjelder, blir somme data meir unøyaktige enn dei matematiske tala kanskje kan tydast som.

Døme: "Kor godt kjende du deg etter å ha meditert i dag tidleg? Gi svaret ut frå ein skala frå 1 til 5, der 1 er fælt, 5 er topp (og 3 er midt imellom fælt og topp)."

I tvil kan ein ofte bli. Skal ein velje 4 (fornøgd) eller 5 (godt fornøgd), til dømes? Det kjem an på kva erfaringar ein har å måle opplevinga opp mot. Ein stund med litegrann lykke kan opplevast som mykje (heilt topp) for den som ikkje har opplevd Gud! (og toppen av lykke, heiter det.) Så talfestingane rommar ein god porsjon uvisse. Somme veljer 4 og andre 5, enda om dei kan ha hatt ganske det same utbyttet. Somme som seier 5, skulle heller meldt 4, og bortetter. I eit nøtteskal: Tal ut frå synsingar, kjensler og eigenrapporteringar er ikkje så stringente (følgestrenge) som tal som er følge av at noko teljast.

Det er meir slingringsmonn i talmateriet når mjukare "ting" blir omdanna til tal utan ein god og klar omgjeringsformel. Somme talsettingar er ganske enkelt meir slump-prega enn det som dei nøyaktige tala i ferdige statistikkar gir inntrykk av. I slike høve skulle ein heilt unngå å bruke statistiske utrekningar som kviler på heilt nøyaktige talfestingar eller talkonverteringar, og i staden bruke statistiske utrekningar som høver for lausare talverdiar. I statistikken får ein lære å vurdere kor omtrentlege tala er i ulike talmateriale, og lage statistikken deretter, så ein ikkje får fiktiv eller misvisande statistikk ut av det. Å feile mot at statistikken som blir nytta, skal høve til kor omtrentlege dei framskaffa tala er, er ikkje uvanleg.

Tvil er ikkje uvanleg. Sant å seie kviler forsking på god tviling (omkring nullhypotesen og alternative hypotesar), sett i eit klart system med rutiner for å skaffe fram og handsame ulike data.

Tal lyt tolkast, og nøye

Når ein så får fram data ved å bruke ymse statistiske utrekningsformlar og forskingsdesign på tal ein har fått fram frå folk som mediterer, kjem det fram ulike tal som skal stemme med ein viss grad av sannsyn. Det vil seie data ein får fram, slett ikkje alltid er signifikante, eller at alt er klart om ein får slike tal. Tala lyt tolkast. Ein lyt sjå tala i samanhengar - blant anna ganske tilsvarande grupper av folk som dei mediterande, eller sjå kva endringar ein har målt før, under eller etter, stort sett. Det finst vidare raffinement i dette i tillegg, så som samla analysar (meta-analysar) av mange ulike undersøkingar som skal ha noko til felles.

Til sist kjem ulike forskarar fram til ulike samanfattingar ut frå mykje det same materialet. Det er då ein stakkar kan bli fortvila. Kven har rett, eller rettast, eller rettare enn dei hine? Det er ikkje godt å avgjere for den som kviler på "ekspertar" og det dei heller til, om ikkje topp-fagfolka er samde. Det fører til om lag same delikate stode som i rettssakar. Den eine eksperten seier noko, den andre noko anna, og så avgjer nokon som ikkje er fagfolk i emnet - dommar med og utan jury - kva dom det skal bli. Det er ironisk. Og når det gjeld meditasjonsforsking, har vi til dels det same.

Fagspråk er ikkje lett å komme utanom for den som vil skrive kort. Her er ei svensk statistisk ordbok ».

Over tid har bildet av forskinga rundt TM endra seg, og ikkje til det verre

Over tid har bildet endra seg for meditasjonsforskinga. Først gjekk deler av ho som forskrudd. Sidan har deler av forskinga - ulike forskingsfunn - blitt godtatt, og sidan verdsett i storsamfunnet, iallfall i USA. Det kan henge saman med litt av kvart: Kvaliteten på forskingsopplegga har kanskje blitt betre, breiare, meir stringente og meir dekkande. Over 600 studiar rundt TM fortel også noko. David Orme-Johnson har skrive over hundre artiklar om verknadar av TM-metoden. Andre har framheva at studiar frå over 250 uavhengige universitet og forskingsinstitusjonar i tretti land har synt eit breitt spekter føremonnar for sinn, kropp, åtferd og samfunn, og at studiar har også funne vegen til fagtidsskrift. [◦Lenke] (Maharishi University of Management, 2011)

Så mykje forsking frå forskingsplassar burde ein la vere å undertrykke, heller ikkje underkaste seg rart og dyrisk, men heller vurdere så nøye det går an eller som ein får til.

Det har følgd føremonner med verdsett forsking på TM, som monnaleg pengestøtte.

Kva gjer ein mot blanke fornektingar av god forsking som kjem fram?

I ei tid der menneska tar over store deler av kloden og styrer han mot stupet i egoistisk svir, blanda med bekymra forsking og teknikk som tener utbytting og utplyndring, skulle kvar og ein sjå betre enn til dei gilde fasadane, reklamen som gjer tåpar av unge, og hugse at god heim og godt liv kviler på kvalitet. Det er ikkje lett, men alternativa går feil veg for det meste. Werner Heisenberg kommenterte korleis teoretikarar i fysikk tok nye innsikter i fysikken:

"Når nye grupper av fenomen driv fram endra tankemønster . . . finn sjølv dei mest framståande fysikarane seg i vanskar . . . [Dei] kan kjenne det som bakken blir dratt vekk under føtene deira. Eg trur at vanskane på dette punktet vanskeleg kan bli overvurderte . . . desperasjonen . . ." [i Zukav 1979:211, utdrag]

Tristare enn mykje anna er det når eigeninteresser kjem inn så hardt at dei veltar og avviser god forsking, slik som funn omkring forureining og globalt klima. Vi ser enno kor sørgeleg lite som er gjort for å rette opp CO2-utsleppa trass i vakre ord og blanke fornektingar av ditt og datt i korttenkte utnyttingars regi, og kor farleg det tar til å bli for mange balansar for naturforhold som har komme på vippen til folne forandringar, og merk det nøye, sidan det ikkje er så mykje tid til å avverje fæle endringar og hendingar på.

Nye innsikter er som småbarn - dei kan trenge både omsorg, pass og pleie i lang tid før dei klarer å hevde seg i storsamfunnet.

Sakleg dersom det nyttar

Etter alt det statistikk-funderte pratet: Kunsten å handtere statistikk omfattar å skilje vekk vas og kamuflert vas frå framforska, tilfredsstillande tolka og koda trendar og sondere mellom funna. Det gagnar å vite korleis andre kan fordreie funn (jf. f.eks. Huff 1972). Og det gagnar å kunne kva som er kjenneteikn på saklege framsettingar, iallfall nokre av dei.

Kamuflert prat: Statistikk. Norsk og statistisk matematikk er to slags språk. Matematikk er eit språk, konstruert av symbol. (Zukav 1979:276)

Poeng

Ein tenker på ein lydklang i 15–20 minutt to gongar dagleg, slik ein får lære det av godkjente (NB) TM-lærarar i eit standardisert kurs, som ein betaler for. Prisen varierer frå land til land. Enkeltpersonar kjenner seg blant anna meir oppkvikka, gladare og rolegare av dagleg TM, der ein slappar av og avstressar. I langdraget kjem også andre endringar fram, til dels at ein utviklar seg. Ein kan godt skilje mellom korttidsverknadar, som daglege opplevingar - og langtidsverknadar, som fortel om endringar over lang tid, med større eller mindre grad av statistisk visse (signifikans).

For TM-forsking som anna sannsynforsking: Når målemidla ikkje er djupe, får ein ikkje djupe sanningar tilbake. Når målegrunnlager laust, blir svara vanskelege å tyde. I slike tilfelle kan risikoen for skeivsynte samandrag vere der.

Det er i alle fall ikkje sjeldsynt at ulike bias (haldingar), både for og mot og andre vegar, kjem til syne i tolkingane av TM-funn. Til gagn mot tendensiøse tydingar og vridingar av forskingsdata hjelper normalt kvalitetsforsking utført av uavhengige fagfolk, og gjerne store mengder data, som alle skulle minske risken for feilslutningar. Skulle slike funn få spalteplass i betydelege fagjournalar og bøker, kan ein få lit til dei, eller oppmuntring. Og det er nett slikt som skjer i dag. David Lynch Foundation har stelt i stand eit nyttig samandrag. [◦ David Lynch Foundations oppstilling med kjeldetilvisingar]

Daglege opplevingar i og etter meditasjon gir grunnlag for individuelle samandrag - også kalla erfaringar. Ikkje alle samandrag kviler på sorger.

Til sist her

Kan det vere skadeleg å meditere? Kva seier forskinga? To prosent av 600 forskingsstudiar fortel om negative verknadar av TM, summerer Dr. David Orme-Johnsen etter ein overtydande gjennomgang av gagnlege verknadar: [◦TM-verknadar]

Statistikken han gir, syner gode odds: 2 av 100 fortel om negative verknadar av TM-en sin, så då skulle ein ha 98 prosent sjanse for ikkje å oppleve negative følger, ut frå dei tala aleine.

Men det er meir, og også ei aldri så lita mogeleg feilkjelde å handtere, og det er (1) at mange blandar ofte saman årsakar og verknadar. At noko følger etter TM i tid, vil ikkje alltid seie TM er årsak til det. Det er lett å stokka korta gale slik. For det er mogeleg at det er andre grunnar enn TM til endringar under og etter TM, og at fleire årsakar blir samanvevde, til dømes. Ein kan vere alvorleg sjuk utan å vite det, til dømes.

Og så er det (2) "det terapeutiske fæle og leie". Det er spekulert mykje om det i psykoanalytiske samanhengar og i andre terapiformer. Det hender at somme fortel at meditasjon vekker mykje vondt, vonde minne om fæle hendingar, og så vidare. Slikt kan skje, men (2b) det kan vere ledd i ei tiltaksvis harmonisering innvendig - eller normalt i ein tilfriskingsprosess. Forklaringsriss følger:

Ein tenker seg at fordjuping i eigen hug kan få fart på vekkskubba og tilmed fortrengte minner om såre opplevingar. Ved fordjupinga melder minner seg om lag som ekstra harde og vonde draumar for å bli arbeidd med. Slikt arbeid kan vere tiltrengt - men kan bli for vondt og vanskeleg i ein periode også. Det er mogeleg.

  1. Er så meditasjonen skuld i at ein ikkje lar det vonde ligge med "lokk" over og gjer mindre livat, eller kan meditasjonen vere velsigna hjelp til å avdekke også leie og ekle opplevingar, om ein så lyt gjennom for eksempel sorgfasar (jf. James og Friedmann 2009)? Det er neppe godt å seie for ein låk psykoanalytikar eingong.

  2. Dessutan ligg det hos kvar enkelt å meditere så ein har gagn av kvar meditasjon, og ta ein kvil, ein pause, eller eit opphald i dagar og lenger, eller arbeide i hagen, fiske, bygge båt eller anna ein avkoplar med, til ein kjenner seg fin att og kan meditere godt igjen.

    Ein parallell: Når ein trener i ein idrett gjeld det å kjenne etter og vere var for faresignala så ein ikkje går for langt, men held seg innanfor sona ein har det godt nok i, og ikkje kjem inn i smertesona. Å avpasse meditasjonane til seg, det er hovudsaka. Og det kan godt vere at ein liten kvil og ikkje meditere fullt så mykje er det som skal til. Det kan gå bra, og korfor skulle det ikkje det?

Soldatar, mordtankar og meir til. Soldatar som kjem heim frå krig, er ofte utsette for "seinstress" og følger av det. Dei kan ha fleirfaldige vonne minne å arbeide med. Kanskje dei ikkje gjer som dei skal med minna, skur dei unna for å fungere "normalt", til depresjonar og sjølvmordstankar kjem over dei. Det blir kalla PTSS, for post-traumatisk stress-syndrom. Og TM hjelper faktisk mange med PTSS - gjer ikkje vondt verre. Det er hovudsaka å få fram. ["Vetaranar syner 50 prosent minsking av PTSD symptom etter 8 veker med TM"]

Som om ikkje det var nok . . . Her er fleire undersøkingar. Ein offisiell, svensk studie syner at TM gagnar folk med forskjellig slags mental helse. Blant 35 000 svenskar som gjorde TM, var det 100-200 gongar færre som hadde problem med den mentale helsa enn svenskar flest. Det synest eg er overtydande tal imot trua på at TM skadar utøvarane i det store og heile. Det finst også andre studiar i andre land som syner at folk med mentalt trøbbel klarer seg betre etter å ha gjort TM ei tid. Ein får sjekke kjeldene. [◦Meir forsking på sinn og TM]

TM kan komme bakom glatte overflater. Dersom ein overheld kloke tryggingsreglar, kjem ein venteleg ifrå meditasjonane utan skavankar. Om alle som gjorde TM lærer å vurdere slikt sjølv eit stykke på veg, skulle ein få kanskje mykje betre odds for trivsel og framgang med meditasjonane sine.

Verknaden av TM og annan meditasjon kjem alt i alt an på korleis ein har det - også under muskelpanseret - kva slags meditasjonsform ein bruker, og kor kunnig og sikkert. Omgivnadane spelar også inn, kva ein har vore ute for, kulturen og folk omkring ein. Og ein skulle lytte til dei gode råda til TM-rettleiaren sin under oppfølgingane.

Ein kniv til å skjere varme rundstykke med, kan få jobben gjort om ein kan kunsten og held måten. Mangt som i og for seg er bra trygt, kan likevel brukast forkjært. Det skulle kvar og ein unngå heilt ved passe aktsemd og så vidare.

  Innhald  


Forsking og Transcendental Meditasjon, Litteratur  

Babbie, Earl R. The Practice of Social Rearch. 13. utg. London: Wadsworth Cengage Learning, 2012.

Deans, Ashley. A Record of Excellence: The Remarkable Success of Maharishi School of the Age of Enlightenment. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2005.

Foosnæs, Hans, Kjetil Halvorsen, Rolf Volden og Tore Wentzel-Larsen. Statistikk - en innføring. Bergen: Fagbokforlaget, 1998.

Forem, Jack. Transcendental Meditation: The Essential Teachings of Maharishi Yogi, Maharishi Mahesh. Rev. ed. London: Hay House, 2012.

Harung, Harald et al. Invincible Leadership: Building Peak Performance Organizations by Harnessing the Unlimited Power of Consciousness. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 1999.

Hellevik, Ottar Jakten på den norske lykken: Norsk Monitor 1985-2007. Oslo: Universitetsforlaget, 2008.

Hellevik, Ottar. Forskningsmetode i sosiologi og statsvitenskap. 7. utg., 4. oppl. Oslo: Universitetsforlaget, 2009.

Hellevik, Ottar. Mål og mening: Om feiltolking av meningsmålinger. Oslo: Universitetsforlaget, 2011.

Hellevik, Ottar. Sosiologisk metode: For brukere av samfunnsforskning. Opptrykk. Oslo: Pensumtjenesten, 1994.

Huff, Darrell. Hvordan man lyver med statistikk. Oslo: Cappelen, 1972.

James, John W., and Russell Friedman. The Grief Recovery Handbook. 20th Anniversary Expanded ed. New York: HarperCollins, 2009.

Katz, Vernon. Conversations with Maharishi: Maharishi Mahesh Yogi Speaks about the Full Development of Human Consciousness. Vol 1. Fairfield, IA: Maharishi University of Management, 2011.

Kerlinger, Fred, and Howard B. Lee. Foundations of Behavioral Research. 4. utg. London: Thomson Learning, 2000.

Lynch, David. Catching the Big Fish: Meditasjon, bevissthet og kreativitet. Oslo: Lille Måne, 2007.

Maharishi University of Management. Scientific Research on TM program: Highlights of 600 scientific studies validating benefits in all areas of life. Rev. ed. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2011.

Maharishi Vedic University. Celebrating Perfection in Education: Dawn of Total Knowledge. Fairfield IA: Maharishi Vedic University / Maharishi University of Management Press, 1997.

Marcus, Jay B. Success from Within: Discovering the Inner State that Creates Personal Fulfillment and Business Success. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 1990.

Mason, Paul. Guru Dev as Presented by Maharishi Mahesh Yogi: The Life and Teachings of Swami Brahmananda Saraswati, Shankaracharya of Jyotirmath (1941-53). Vol 3. Penzance, Cornwall: Premanand, 2009.

Nidich, Sanford I., og Randi Jeanne Nidich. Growing up Enlightened: How Maharishi Schools of the Age of Enlightenment is Awakening the Creative Genius of Students and Creating Heaven on Earth. Fairfield, IA: Maharishi International University Press, 1990.

Sands, William F. Maharishi Mahesh Yogi and His Gift to the World. Fairfield, IA: Maharishi University of Management Press, 2012.

Sands, William F. Maharishi's Yoga: The Royal Path to Enlightenment. Fairfield IA: Maharishi University of Management Press, 2013.

Sirnes, Tollak. - at vi skal elske hverandre. Oslo: Gyldendal, 1968.

The Institute of Vedic City Planning of Maharishi University of Management. Maharishi Vastu. Architecture and Planning: Vastu City Planning: Sustainable Cities in Harmony with Natural Law. 4th ed. Roerdalen, NL: Maharishi University of Management, Institute of Vedic City Planning, 2013.

Vejde, Olle, og Eva Leander. Ordbok i statistik 2. opplag, Borlänge: Olle Vejde Förlag, 2005. Utval derifrå på nett ».

Webster, Nell. Eating and Living the TM Way. New York: Pocket Books, 1976.

Yogi, Maharishi Mahesh. The Science of Being and Art of Living. Rev ed. London: Penguin/Plume, 2001.

Yogi, Maharishi Mahesh. Transcendental Meditation with Questions and Answers. 3rd ed (a reprint of the 1st ed. of 1967, with new appendices). India: Spiritual Regeneration Movement, Maharishi Foundation International, Maharishi Vedic University, 2011.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi University of Management: Wholeness on the Move. 2nd ed. Softcover. New Delhi: Maharishi Prakashan, 1995.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi's Programme to Create World Peace: Global Inauguration: Demonstrating the Mechanics to Create Coherence in World Consciousness, the Basics of World Peace. Fairfield, IA: Maharishi Age of Enlightenment Press, 1987.

Yogi, Maharishi Mahesh. Maharishi Speaks to Students: Mastery over Natural Law. Band 1-4. Napier Town, Jabalpur: Maharishi Mahesh Yogi Vedic Viswavidyalaya, 1997.

Zukav, Gary. The Dancing Wu Li Masters: An Overview of the New Physics. London: Rider, 1979.

Forsking og Transcendental Meditasjon, opp    Seksjon     Sett    Neste

Forsking og Transcendental Meditasjon. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2014–2018, Tormod Kinnes, cand.philol. [E‑post]