InnleiingVi ser til Skottland etter alle ideane våre om sivilisasjon. (We look to Scotland for all our ideas of civilisation.) - Voltaire Oppstillinga. Dei skotske ordspråka som er med her, står både på norsk og skotsk-engelsk - slik: Først kjem ei norsk attgiving eller omsetting med eller utan kommentarar til ordspråket. Dernest står ordspråket på skotsk-engelsk: Det er eit blandingsmål som ligg til dels snublande nær engelsk. Det er om lag slik dei snakkar i Skottland ovanpå dialektene, som det er mange av. Ordspråk syner haldningar og anna. Eit ordspråk er ei kort fråsegn som seier eitkvart meir eller mindre sant, eller gir råd. Somme er humoristiske. Ordspråk i fleng fortel om sorger, galne handteringar og anna som den driftige får ha i mente gjennom livet. Eigenskapar som blir verdsette mellom skottar er mellom anna å vere sannferdig, ærleg, trufast, tapper, varsam i ord og handling, gåvmild, gjestfri, høfleg, fredsam, glad i slekta, tolmodig, prompt (punktleg), flittig og driftig. Sjølvstyring, sjølvakting, ærekjensle, og forsørging høyrer også med. Så veit ein ganske godt kva dei vil fram til i svært mange ordspråk allereie. [Nicolson 1882, forordet] Mange skotske ordspråksamlingar. Det finst mange eldre og nye samlingar av skotske ordspråk. Somme samlingar er frå ymse distrikt i Skottland, og andre er breie og bidrar til felles skotsk identitet. Språket i ordspråkbøker er mest skotsk-engelsk og engelsk, men gælisk språk og ulike dialekter finst også. Så bøker med skotske ordspråk i kan vere nokså ueinsarta. Ordspråka som stå her i samlinga, er på engelsk eller skotsk-engelsk med og utan særlege dialektord i. Skotsk-engelsk, Scottish English, har opphav i standardengelsk, blei tatt i bruk som skriftspråk frå rundt 1600, og noko seinare som talespråk i høgare lag. Skotsk-engelsk er påverka av lågskotsk, Lowland Scots, i ordforråd og i uttale. Det er folkemålsdialektane i låglanda sør og aust i Skottland som blir kalla lågskotsk med eit samnamn. – Skotsk-engelsk breidde seg over større område og til sosiale lag der det blei tala lågskotske dialektar. Det finst i dag ei rekke regionale og sosiale variantar av skotsk-engelsk, med sterke dialektinnslag. (Store norske leksikon, s.v. "Skottland") Oppvarming: Nokre sitatEg trekte te i pysjen. Eg må hugse å kjøpe ei tekanne. I was makin' tea in my pyjamas. I must remember to buy a teapot. [Chic Murray] I Skottland finst ikkje noko slikt som dårleg vêr, berre feil klede. In Scotland there is no such thing as bad weather – only the wrong clothes. Livet er ikkje [berre] å ha gode kort på handa, men [også] å spele ei dårleg hand vel. Life is not a matter of holding good cards, but of playing a poor hand well. [Robert Louis Stevenson] Opera er der einkvan blir dolka i ryggen og gir seg til å synge i staden for å døy. Opera is where a guy gets stabbed in the back, and instead of dying, he sings. [Robert Burns]
Pasienten: Om eg sluttar å drikke, røyke og ha sex, kjem eg til å leve lenger? Patient: If I give up drink, tobacco and sex will I live longer? Skottane har ein ufeilbarleg kur mot sjøsjuke. Dei bøyer seg over skipsrekka med eit kronestykke mellom tennene. The Scots have an infallible cure for sea-sickness. They lean over the side of the ship with a ten-pence coin in their teeth. Stakkarsleg er sigeren over redde harepus! Poor is the triumph o'er the timid hare! [James Thomson] Veit de kva slags lys dei hadde i Noas ark? Flomlys. Do you know what type of lighting they used on Noah's ark? Flood lighting. [Chic Murray] Å kultivere engelsk aksent er alt der å vike av frå det du er. To cultivate an English accent is already a departure away from what you are. [Sean Connery] |
Anderson, Mark Louden, red. The James Carmichaell Collection of Proverbs in Scots: From the Original Manuscript in the Edinburgh University Library. Edinburgh: The Edinburgh University Press, 1957. ⍽▢⍽ Eksemplarisk arbeid på høgt nivå. Cheviot, Andrew, saml. Proverbs, Proverbial Expressions, and Popular Rhymes of Scotland. London: Alexander Gardner, 1896. Dawson, Lewis. Och Wheesht and Get oan wae It. Edinburgh: Jumped Up/Bookspeed, 2011. ⍽▢⍽ Munter lita samling med ordspråk og sitat av kjente skottar - 164 muntrasjonar i alt. Editors, the. Scottish Proverbs Compiled by the Editors at Hippocrene Books. New York: Hippocrene Books, 1998. ⍽▢⍽ Nær 135 ordspråk med 30 teikna illustrasjonar og ei ordliste til. Firth, John. Reminiscences of an Orkney Parish together with Old Orkney Words, Riddles and Proverbs. 2. utg. Stromness: John Rae, 1922. ⍽▢⍽ Sist i den rikhaldige boka er 69 ordspråk for seg og ei nyttig ordliste. Mykje og kortfatta bakgrunnstoff dominerer boka. Henderson, Andrew, saml. Scottish Proverbs. Ny utg. London: William Tegg's Co. 1876. ⍽▢⍽ Hovudkjelde. Hislop, Alexander. The Proverbs of Scotland with Explanatory and Illustrative Notes and a Glossary. Ny utg. Edinburgh: Alexander Hislop og Co., 1868. ⍽▢⍽ Hovudkjelde. Kelly, James. A Complete Collection of Scottish Proverbs Explained and Made Intelligible to the English Reader. London, Rodwell and Martin, 1818. ⍽▢⍽ Hovudkjelde. Kynoch, Douglas, red. Doric Proverbs and Sayings. Rev. utg. Dalkeith: Scottish Cultural Press, 2004. ⍽▢⍽ Boka inneheld 1266 ordspråk, talemåtar og rimvers frå nordaust-Skottland, der folk snakkar det som blir kalla doriske dialekter. Samlinga er ei av dei største frå nordaust-Skottland. Lang Syne Publishers. Old Scots Proverbs. Newtongrange: Lang Syne Publishers, 1980. ⍽▢⍽ Eit liketil utval frå Andrew Hendersons samla verk, som blei gitt ut i Glasgow i 1881 av Thomas D. Morison. Ordspråka i Lang Synes utval er ordna alfabetisk, tema etter tema. Det er rundt 1500 ordspråk i boka. MacDonald, Thomas Donald. Gaelic Proverbs and Proverbial Sayings with English Translations. Stirling: Eneas MacKay, 1926. MacGillivray, Angus. Our Gaelic Proverbs: A Mirror of the Past. Glasgow: Reprint from the Caledonian Medical Journal, 1928. ⍽▢⍽ Døme på gæliske ordspråk frå ei lita samling. Macintosh, Donald. Mackintosh's Collection of Gaelic Proverbs, and Familar Phrases: Englished A-New: To which Is Added, 'The Way to Wealth,' by Benjamin Franklin. Edinburgh: William Stewart, 1819. Mackay, Charles. A Dictionary of Lowland Scotch, with an Introductory Chapter on the Poetry, Humour, and Literary History of the Scottish Language and an Appendix of Scottish Proverbs. London: Whittaker and Co., 1888. ⍽▢⍽ Lausleg rekna 1600 ordspråk står opplista mot slutten av boka. Murison, David. Scots Saws: From the folk-wisdom of Scotland. Edinburgh: James Thin/The Mercat Press, 1981. ⍽▢⍽ Boka har ei grei innleiing til skotske ordspråk. Hovuddelen av boka er skotske ordspråk på skotsk. Dei er ordna etter engelske tema-ord, og med nyttige engelske forklaringar til. God bok. Nicolson, Alexander, red. A Collection of Gaelic Proverbs and Familiar Phrases: Based on Macintosh's Collection. 2. rev. utg. Edinburgh: Maclachlan and Stewart, 1882 (1785). Palmer, F. and C., utgivarar. National Proverbs: Scotland. London: Frank and Cecil Palmer, 1913. ⍽▢⍽ Kanskje 400 ordspråk på skotsk. Enkel og grei, med ei ordlista til sist i boka. Stampoy, Pappity (psevd.), saml. A Collection of Scotch Proverbs Plagarized from David Fergusson.. London: Trykt av R. D., 1663. ⍽▢⍽ Nokså nøyaktig 835 skotske ordspråk ordna alfabetisk ut frå første bokstaven i ordspråka. Walker, Colin S. K., red, saml. Scottish Proverbs. Ny utg. Edinburgh: Birlinn, 2000. ⍽▢⍽ Her er det samla godt over 4000 ordtak og talemåtar bakom ei historisk orientert, lita innleiing. Dei skotske ordspråka er ordna alfabetisk, og dei som britar elles kan trenge forklaringar på, på engelsk, har fått det. Det er mange forklaringar. Til sist står ei nett ordliste. Ei av dei beste og mest omfattande samlingane. Wood, Nicola. Scottish Proverbs. Edinburgh: Chambers, 1989. ⍽▢⍽ Eit utval av over 450 mykje kjente skotske ordspråk og nokre til står alfabetisk ordna etter første bokstaven i kvart ordtak, med omsettingar og forklaringar attåt. Bak i boka står ei ordliste over skotske ord. Nyttig og grei bok.
To greie britiske ordspråksamlingarSkotske ordspråk dukkar som venteleg kan vere også opp i "all-britiske" samlingar, som: Fergusson, Rosalind. The Penguin Dictionary of Proverbs. Harmondsworth: Penguin, 1983.
Speake, Jennifer, red. The Oxford Dictionary of Proverbs. 5. utg. Oxford: Oxford University Press, 2008. ⍽▢⍽ I litteraturoversynet bak i boka (s. 357-58) har ho med bøkene til Henderson, Hisop and Kelly (ovanfor) blant hovudsamlingane ho siterer frå. Skulle ein velge ei engelsk ordspråkbok med oppdaterte kommentarar og konsentrert historie for dei 1100 best kjente britiske ordspråka, peikar denne seg ut. Ho er god og ganske billeg.
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link] © 2013–2017, Tormod Kinnes, MPhil. [Email] ᴥ Disclaimer: [Lenke] |