Norsk del, Gullvekta
Rundt ordtak
Seksjon › 24 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Rundt ordtak

Ordspråk, ordtak
Her får du sjå korleis ein vel gode ordtak ved lette takseringsreglar og tolleg skjønn.

Dalai Lama fortel i forordet i Tibetan Proverbs at ordspråksamlingar bevarer ein kulturs tradisjonar (Pemba 1996:vii). Og sjølv om det er skil på ordspråk, og ikkje alle tradisjonar er gode eller verdt å halde fast på - som kannibalisme på Borneo eller kor som helst - er det mykje som han skriv. Vi skal sjå inn i emnet "lagleg bruk av ordtak: mogeleg?" Det er eit komplisert emne med mange sider, om og men.

Ordspråk er ei forunderleg og til dels fornøyeleg gruppe ytringar innan ordkunst. Som mykje annan kunst treng ein innleving, gjerne kommentarar frå gåvmilde kjennarar, og eigne erfaringar for å kunne tyde, fatte og verdsette dei.

Mini-grensegang.

Ordspråk har noko til felles med andre stutte ytringsformer, som motto, bonmots (vittige merknadar), ymse kjente sitat, sitatvennlege ytringar haiku, epigram, gåter, (enkle) stev, idiom (faste vendingar) og læresetningar, trusbrokkar ("tru" i figuren), som "Et støtt ein skikkeleg frukost før du gjestar einkvan (Håvamål, v. 33). Det finst enda fleire liknande ytringar, men her tar eg med nokre av dei berre. Dei overlappar kvarandre i ein viss grad, og grensene er stundom uklare og lause, som mellom sitat og ordspråk. Det syner seg at sitat av mange kjente personar har funne vegen til ordspråka mellom folk også. Dei er enten levert direkte som sitat eller omforma. Boka American Proverbs gir mange fine døme på "sitat i går, ordspråk i dag" slik forstått. (Mieder ofl. 1996)

Ordspråk og andre ytringsformer
Venndiagram: Ordspråk og liknande.

Venn-diagrammet gir ymt om samgangar og samanblandingar - i form av ellipser som overlappar kvarandre meir eller mindre. Stor grad av overlapping mellom to eller fleire ellipser, viser til at dei dekkjer mykje det same. Litt overlapping viser til dei har litt i lag. Det er akkurat det same med synonym - ord som skal tyde om lag det same. Somme tyder heilt det same, andre til dels det same, og så vidare. Den som gjerne vil få godt tak på ordspråk, kan godt starte med heimlege. Nokre av dei kan vere kjente allereie, og så har ein ei viss peiling på kva "folk" legg i dei, og kva ein sjølv tyder dei til.

Det finst kort sagt ordspråk; fornøyelege ordspråk om ordspråk; lause og meir innfløkte definisjonar av ordspråk; og samlingar med ordspråk. Samlingar kan vere ordna etter land og språk, enten alfabetisk eller ut frå temaord som "gris", "katt" og vidare.

Kunsten å kommunisere gagnleg

Kunsten er å (1) velje ut dei bra i ordspråkjungelen, og (2) lære dei godt nok til å komme i hug treffande ord når høvet er det; (3) bruke dei til gagn for seg og sine.

1. Kva er "bra" for den enkelte? Det kan vere så mangt, for verdien av ordspråk heng saman med bruken: I sosialt samvær kan dei bli brukt som skjemt, til å understreke poeng, vere vittige, overraske med behageleg ordkunst, og dessverre ironisere - då kan ein seie noko motsett av det ein meiner, og det er jo ikkje god og bein kommunisering.

Humoristiske ordspråk og bonmot og bruk av dei så dei blir innslag å humre over i samtale og skrift, kan kallast muntrasjonar, men særleg kunnskapsverdi treng dei ikkje ha. Dei er likande likevel, og bruken og rammene kan "løfte eit slikt ordspråk opp til fagnad", på sett og vis.

2. Korleis lære seg ordspråk for framtidig bruk? Ein kan lære dei godt så ein hugsar dei. Det hjelper med litt overlæring. Det kan hjelpe enda meir med å få dei innspela og avspela under behagelege forhold når ein er avslappa, med to-tre sekund imellom, for eksempel. Å gi ut lydverk av dette slaget er ei heller dårleg løyst oppgåve for norske lydbokforlag, dessverre. Men mange klarer å lage seg mange innspelte ordspråk sjølv. Jamfør: [Lojong]

3. Gagnleg bruk av ordspråk. Når ein har lært eit batteri ordspråk og har dei "innom bringa", kan høvelege komme fram derifrå om høvet byr seg. Så enkelt.

Bra tviling kjem til - det skulle berre mangle

"Vi lyt lære å tvile kunnig på ganske mykje før vi kan bli gode borgarar  -"

Det ordet kan ein vel klare å tvile på, men det heilt gode er å kunne tvile gagnleg, til eigen fordel og helst til andre sin fordel også etter kvart. Ein får tvile til eigen fordel i den grad ein tør seg til. Sunn, skapeleg tvil kan leie til enkle undersøkingar, og undersøkingar kan gjerast greie, og funna kan gjere godt for fleire.

Mange ordspråk er omtrentlege, runde i kantane, finurleg forma, og gir trening i tviling ved å utbasunere nokså mykje, både strengt og kategorisk, endatil tull, og folk veit normalt om at det er slik - for den gruppa ytringar som blir kalla ordspråk, er ei samling av litt av kvart forskjellig.

Somme ordspråk har ved seg at dei spelar på normer, verdiar, utsyn og reglar ved hjelp av ord og frasar, direkte og meir indirekte (figurativt). Ord kan ha fleire tydingar, og figurative uttrykk enda fleire. Det gir mykje rom for tolkingar og rom for tvil. Tviling har elles det ved seg at det banar veg for utforskingar. Slik er det i vitskapsverda. Der "tviler ein seg fram" ryddig og systematisk, på fastsette måtar. Sunn tviling er også godt verdsett av Buddha [Kalama Sutta, utdrag].

Og det kan bli langt betre å kunne tenke "tja" til litt av kvart og ha det koseleg enn å bli oppslukt av gal tru eller ende opp som enda ein kua, desperat eller fanatisk borgar og ikkje ha det koseleg. Så det kan vere verdifullt at det finst ordspråk som "slår kvarandre i hel", som motseier kvarandre "på ytan". Døme frå svensk: "Pengarna gör mannen (etter gresk)." "Pengarna gör inte mannen." (Holm 1975:255)

I grunnen kjem nytta og underhaldingsverdien av dei to ordspråka an på kva for samanhengar dei går inn i, blir brukt i, kaster lys på - skrått lys eller anna lys. Mykje kjem an på korleis dei er meint, kva ein siktar til nærare bestemt og utpensla. Så ordspråk kan gi trening i å tenke godt over ting og ikkje bli dupert - også når dei motseier kvarandre. I verda i vår tid - etter at pengane kom til og fekk dominere som dei gjer - hjelper pengane mannen opp og fram, men meir må til likevel. Kva dei hjelper mannen med, kor mykje og under kva for vilkår, lar vi ligge her og no.

Det finst mange ordspråk frå mange nasjonar som fremmer verdien av tviling og sunn skepsis, og andre som fremmer tru på mangt forskjellig. Men tviling treng ikkje vere dumt - heller tvert imot - og det kan føre til avklaringar det er nytte i for den enkelte og folk flest. Men ein gjer nok vel mot seg sjølv iallfall om ein fer varleg med tvilinga si, for naive tyr til tru på flosklar og liker ikkje å bli motsagde.

Fakta og normer

Ordtak spelar opp med ordkunst det mang ein gong ligg verdi i på ulike måtar og plan. Somme er som kunstnarlege konklusjonar frå generasjonar. Kan dei gjelde i dag? Sett deg ned og sonder sjølv når du er motivert til det i kva grad du føler eit ordspråk er "bra".

Så ser vi nærare etter og kommenterer både form og innhald som det kan passe. Det er rom for å snake om ordtaktypar, i kva grad ein liker det, i kva grad ein er samd i moraliseringane, i kva grad ordtaket stemmer med faktiske forhold og av den grunn kan vere til betre nytte jamt over enn motsatsen sin, og så bortetter.

Ei lita hugse- eller sjekkeliste:

  1. Rundt åtvarande eller mildt moraliserande. Det finst ordspråk ein finn direkte nytte i ved at dei kastar lys over og illustrerer hendingar som ofte innfinn seg, og med det åtvarar mot gale haldningar og feil utfaldingar - og klart gal moral som er til skade for den enkelte, kjekke andre, og kostelege ting og eigedelar. Slike føler ein er "bra" som åtvaringar og moraliseringar, om ein ikkje blandar saman eksponerande fråsegner og normgivande. Det er fort gjort, slik for eksempel britiske ordspråk er laga.

  2. Relevant: "Liker det utan å vite korfor". Ein kan synest at eit ordspråk er "bra" om ein liker det - men her er det duka for tøys, blant anna fordi ein ikkje fattar om ordspråket er ironisk meint, og det er det somme som er. Ordspråk frå fjerne kulturar kan føre ein i slike feller. Og ein kan tru ein fattar dei, mens den lokale eller nasjonale bruken viser dei har tyder noko heilt anna.

  3. "Einig". Eit ordspråk kan vere "bra" om det er forståeleg og ein er jamt einig i det som blir dosert indirekte eller ope i ordspråket - og det er ikkje alle gamle ordspråk som er skjønlege i dag når språket er nokså annleis, forholda det spelar opp til, er farne og ikkje kjente lenger. Frå Noreg har vi ordspråk på dialektar. Frå svensk hald finst ei samling med gamle ordspråk frå øya Gotland i Austersjøen ein kan bla i og sanne nett dette.

  4. "Slik er verda-typen". Ordspråket stemmer godt med det ein veit: Ein kallar ordspråket "bra" om det klart og greitt fangar inn viktige ting for folk flest - enten ved å syne fram eitkvart; moralisere gagnleg; eller verke sant og konstruktivt for folk flest.

  5. Tillegg 1: Fruktbart, kanskje? Eit ordspråk frå "der og då" (annanstads, annatids) kan kanskje bli fruktbart "her og no" (under vilkåra for folk flest) om det blir høveleg omplanta, er livskraftig nok til hardt klima, og blir maktfullt implementert (sett i verk, sett til å verke, "tatt i bruk") - I kva grad det kan vere behageleg fruktbart å kjenne det og fruktbart i bruk i vår kultur tel då også med. Når det først viser seg at det er til gagn, lyt ein vare seg så ikkje nokon kjem og utnytttar det til langsiktig utarming eller skade. Det er mange slike "kortsynte, griske tullar" som vil sage av greina folk sit på.

  6. Tillegg 2: Kor fornuftig og forsvarleg? Ikkje alt ein meiner, høver på trykk. Ikkje alle ordspråk svarer seg å ty til, mellom andre dei som omtaler minoritetar og svake i samfunnet nedverdigande. Ein treng vel ikkje bere ved til slike bål, legge steinar til tunge bører.

  7. Tillegg 3: Glitter og gehalt: Somme ordtak "glitrar" ved retorikk og ordkunst, tru og bombastisk snert, og kan ha underhaldningsverdi slik. Men nokså mange av "glitter-sorten" manglar gehalt nok, manglar substans, blir altfor lite vesentlege for mange, blir for lette med omsyn til innhald, verdi og kvalitet under eitt - når ein vurderer eitt etter eitt og bruker skjønn. Då får ein sjå gjennom ordkunst og søke etter ordtak som kan ha lødig, bra (gagnleg, konstruktivt, gjennomgåande positivt) innhald (om enn maskert og kamuflert) - For den lauslege gruppa taler om ting og syner haldingar som kan muntre og bli til gagn lenger framme i tida og på vegen. Det er ikkje noko enten-eller-sondering i det, men snarare å at ein er vaken for at "det er ikkje gull alt som glitrar", og ikkje la seg besnære av jatt. Nett det som er nemnt i store drag no, ligg i hovudsonderingane bakom mange av ordtaka her.

  8. Tillegg 4: Kor legitimt? Somme ordspråk vitnar om haldningar til svake i samfunnet, og kan kallast krenkande, nedverdigande, rasistiske og rammast ved lov. Det går enno visse grenser for kva som er lovleg blant folk.

Det er mangt å vise omsyn til. Det finst nok andre slags ordspråk også, men inntil vidare får desse nyanseringane av "bra" stå i ro for meg. I grunnlagsforsking spør ein etter kor relevant og gyldig ei fråsegn kan vere, og prøver å få mål på det ved hjelp av statistikk - som er basert på utrekningar av ymse gjennomsnitt. I vanleg bruk er ordspråk ganske enkelt ikkje så godt presiserte at ein kan grunngi dei med statistikk-basert forsking. Men somme har det i seg at dei stadfestar statistisk forsking. Dessutan kan ein sette krona på forskingsfunn i form av ein snerten konklusjon. Han kan faktisk fungere som ordtak. Observasjonar frå enkeltpersonar opp gjennom historia har gitt opphav til ordspråk like eins. Fleire slike godord kan ha noko for seg, meir eller mindre, under gitte vilkår - men som regel er dette ikkje presisert.

Bruken av ordspråk i folka tar vi til inntekt for det synet at dei tener ein eller fleire funksjonar som folk held for vitale. Det synet har Jerome Bruner, og "folkepsykologi" og "folkepedagogikk" er omgrep som mellom anna femner over samanhengar som ordspråk tener som ytringar og sosiale ledd i. (Bruner 1990, 1996)

1. Du kan gjerne rangere dei uformelt for deg sjølv

Ordspråk, ordtak
NEI (1), nei (2), tja (3), ja (4) og JA! (5)

Ein får spørje om alle ordspråk har verdi. Nei. Men det kan nytte eit stykke på veg å gradere den tenkte nytta: "Spør ikkje om ordspråk har verdi, men kva for verdi dei har." Då kan ein få dreis på ting ein elles kunne stått i stampe med, ved å ta i bruk ein liten femdelt skala. Då utvider ein "ja og nei" til "fingrane", som kan hjelpe fram nyttige nyanseringar og grovsorteringar. Kanskje. Tips: Ein kan ta fingrane til hjelp med det som ved "tommel opp", men ver varsam og diskret med "langfingeren opp", for det er i dag ei usømmeleg geberde (amerikansk, obskøn gestus-vulgarisme), som har breidd seg.

"Ein fugl har brått floge opp -"

Vi kan leite fram eit ordspråk og talfeste - kvar for oss eller som gruppe - kva vi meiner om det i farten, utan å tenke oss om så mykje. Døme: Ordtaket "Ein fugl har brått floge opp like ved føtene til jegeren", er ei tilnærming til eit gammalt ordtak frå den japanske bondebygda, fortel Otoo Huzii. Kva skal ein meine om eit slikt ordtak? Først får ein prøve å finne ut kva japanarar har meint og meiner med det.

Vi har her ein type ordspråk som det ikkje gir god meining å vere samd eller usamd i, for det er ikkje den typen ordspråk i det heile. Det viser seg å vere eit kommentarordspråk. Ein jeger har blitt forstøkka av ein overraska fugl og greier ikkje å skyte han av den grunn, legg Otoo Huzii i ordspråket. Det kjem nært "Ein jeger kan bli for forfjamsa til å treffe fuglen som høgst uventa flaksar i vêret for nært innpå."

Er det bra? Vi har ein liten skala (likert-skala) som hjelper oss å kunngjere kor bra eller dårleg det er, i lag med "tja" - og "veit ikkje", "har inga aning". Vi testar det ut i hovudet eller på papiret som det kan passe oss, og har rom for eitkvart humoristisk i tillegg. Her er dei fire typane ovanfor. Vi nyanserer dei for å få betre grep slik: Vi rangerer ordspråket på ein tentativ skala frå 1 til 5, med 1 som sterkt imot, 3 som "tja", 5 som "sterkt for" og 0 som "veit ikkje":

  1. Åtvarande, moraliserande. - I så fall, kor gyldige moraliseringar og åtvaringar som vedkjem oss står fram i ordspråket?
  2. Liker det. 1. Misliker sterkt, med og utan god nok grunn. 2. Liker ikkje. 3. Kjenner ikkje noko særleg for eller mot det. 4. Liker dette. 5. Diggar det! Ja! - Utelat ikkje å føle etter kor relevant liking kan vere eller bli - det er to forskjellige ting.
  3. Einig. - Grad av einigskap. 1. Sterkt ueinig; 2. Ueinig; 3. Verken ueinig eller einig; 4. Samd, einig; 5. Sterkt ueinig. - Einig-skalaen høver liksom ikkje.
  4. I kva grad stemmer hovudbodskapen i det? Det er ikkje alltid godt å vite utan forsking, og sidan forsking jamt over kviler på gjennomsnittsfunn, gjeld ikkje forskingsfunna særleg nøyaktig for enkeltmenneske, fordi gjennomsnittsmennesket ikkje finst, men er ein statistisk utrekna abstraksjon. Røkt gjerne etter og sjå om du finn ei einaste ei som er heilt gjennomsnittleg - og ei til som ikkje er tvillingsøstera. Så "gjennomsnittet råkar ikkje den enkelte så godt, men summen av mange enkelte." Det vil seie at "ein kan ikkje skjere alle over same kam (ordspråk)".
  5. Kan dette ordtaket bli fruktbart om det blir kjent og flittig brukt her? I kva grad kan det tenkast å vere gagn i og gode frå å kjenne det likevel? I så fall kan ein "føle seg fram, og sette føle-for-karakter" på det, Nokså mykje vil her komme an på kva ein legg i det. Om rypa som flyg opp er ei ungjente og den unge jentejegeren blir forfjamsa av å finne ho kloss innpå livet, kan det kanskje høve som ordspråk av kommentar-typen på ein og annan.

  6. Blir bruken jamt forsvarleg og legitim?. Det skulle han jamt vere.

Sonderingar ved nyanserte skalaar frå 0 og opp til 10 kan brukast for å nyansere kjensleresponsar, og kan vere til hjelp for ein sjølv, om ikkje anna. Presisering "innanbords og innomhus" kan vere bra, enda om det ikkje kjem så mykje ut av det for dei hine. I så fall gir det kanskje forsprang og fordelar.

Dessutan. Om ein ikkje er sikker eller ikkje har noka oppfatning og meining om ordtaket og kor gildt det kan vere jamt over, får ein la vere å vurdere det. Det er ikkje noko å fortvile over, i så fall. [Swetnam and Swetnam 2000:58-64]

Det går bra å bruke fingrane til meir enn å pille egg

Det er nok så at med ulike tolkingar kan mange ulne ordspråk stemme bra - men kor ofte har vi neppe gode, dekkande talfestingar på. Det er i slike tilfelle at likertskalaar har ein viss sonderande verdi, slik Swetnam og Swetnam (2000:58-64) syner. Det vil seie ein kan taksere det japanske ordspråket innfølande, ettertenksamt, slik som eksamenssensorar kan gjere med stilen din om dei ikkje har det travelt. Dei bruker skjønn!

Når det gjeld skjønnsvurdering av ordspråk, kan ein godt ta fingrane til hjelp og anslå: "Kor stor allmenn nytte vurderer eg dette ordspråket har, rangert på ein skala frå ein (lillefingeren) til fem (tommel opp)?". På førehand gir ein enkle reglar for fingerbruken, det vil seie rangeringa.

  1. LILLEFINGER, verdi 1, er eit kraftig NEI og "fysj". Du meiner at ordspråket ikkje har mykje verdi eller ingen som helst verdi i det heile. Du kan ha rett, du kan ta feil, men slik kjenner du for det og rangerer det i samsvar med det. Døme: "Det høver høgt mål til dauve øyro (Aasen 150)."

    Du meiner ordspråket har nær null verdi i det heile, og forkastar det. Då gir du det 1 poeng (lillefingeren) på skalaen. Men så tenker du nøye etter og sannar: "Her avheng takseringa truleg av kva ein meiner med døv, dauv - som i dag har tydingar som "manglar høyrselssansen"; "som ikkje tek omsyn til oppmodingar" "sløv"; "tung (i kroppen)". Oppfattar ein "døv" bokstaveleg, konkret, blir ordspråket tull. Meiner ein "tunghøyrt", kanskje. Oppfattar ein "døv" figurativt, i overført tyding, og "høgt mål" like eins, kan ein få det til å gi meining på eit vis." No vil du kanskje justere "karakteren" du har gitt ordtaket, og seie det kan gjelde i visse høve - men sjeldan. Kanskje det skulle ha 2 som karakter - og så vidare. Karaktersetting ved skjønn er også noko individuelt farga. Når ein seier i kva grad ein tykkjer eit ordtak seier noko monnaleg, kjem mykje an på korleis ein oppfattar heile ordspråket - konkret eller figurativt - og korleis ein oppfattar delar av det - for eksempel figurativt. I ein kultur har folk gjerne ein viss måte å forstå det på, festa seg, og gir støtte for ei bestemt oppfatning av det.

  2. RINGFINGER, verdi 2, betyr "neppe" og "nei" eller "dumt". Du avviser ikkje fullt så sterkt den informative nytteverdien av ordspråket. Døme: "Den som kjøper alt han ser, han får gråte når andre ler." Det stemmer neppe, fordi den som kjøper alt han ser, kan vere styrtrik, og rike har det ofte godt. Det kan så vere.

  3. LANGFINGER, verdi 3, betyr "tja" og liknande, og "veit ikkje". Når ein meiner det er hipp som happ om eit fenomen blir godt dekt av eit ordspråk eller ein motsats til det, eit motsett ordspråk, er vel 3 verdien å sette. Døme:

  4. PEIKEFINGER, verdi 4, tyder: "Ja, dette ordspråket er hjelpande. Kanskje ikkje svært hjelpande, men verdt å ha med i bagasjen like fullt, kanskje fordi det varmar, gjer muntrare, og tel godt. Døme:

  5. TOMMEL opp, verdi 5, vil seie ein liker ordspråket og nøkkelbodskapen ein meiner å finne i det, og meiner det nyttar her i livet å kjenne til fenomena slik det blir konkludert i ordspråks form. Eller ein finn at ordspråket er sant - stemmer med røynda, hjelper ein å ordne seg, gir verdig livsgang ved normer - - i dei fleste tilfelle. Døme: "

Det er som å gi karakterar ut frå skjønn, der "5" er "topp". Eit visst subjektivt element er ikkje til å unngå i mange tilfelle.

2. Ordspråk rommer figurative deviser

Men meir kjem til. For eksempel endrar det verdien av eit ordspråk som kan sjå tullete ut, om ein oppfattar det i overført tyding, altså overført, metaforisk, i vidare forstand, for eksempel ved å forstå noko anna med orda enn det faktiske, heilt konkrete. Det er klokt å handtere dunkle og gåtefulle eller farlege ord til eigen fordel i alle fall. Det er ein hyppig brukt metode, det, også blant nifse liksomkristne som ikkje har "selt alt dei eig og gitt det til dei fattige". Dette er ikkje forsvar for gal bruk av "å gå figurativt" - snarare eit hjelpande vink, og det ligg i botnen av "When in doubt, win the trick (Edmund Hoyle)" - ved ikkje å sjå heilt vekk frå "til eigen fordel".

"Hungry bellies have no ears (svoltne bukar har ingen øyre), og det verkar greitt nok, ja, sjølvsagt. Men om ein tolkar dette persiske ordspråket (Aram 2009:95) til at "svoltne vil ikkje høyre", kan ein fort sanne at tolkinga av det som verka sjølvsagt i konkret-diktarisk form, ikkje stemmer til alle tider likevel. Verdien av eit "sjølvsagt-ordspråk" (platitude) endrar seg med kva ein legg i det. Når ein avgjer verdien av eit ordspråk som liksom seier seg sjølv, kan ein vanskeleg sjå vekk frå tradisjonelle tolkingar av det, eller dei underforståtte meiningane attom den konkret-aktige "sjølvsagt-fasaden" for det ein vil ha fram og som kanskje ikkje er liketil.

Litt meir - tre utbroderingar for å sondere:

  1. "Ingen øyre" vil seie om lag "vil ikkje høyre". Svoltne bukar er "pars pro toto" - ein retorisk figur der ein del av ein heilskap blir brukt til å syne heilskapen, som er heile mennesket - for eksempel. Det kan høve når ein svolten ulv går laus på ein saueflokk og tar lam etter lam mens gjetaren hoiar og roper for å jage vekk ulven, utan at "den svoltne buken med skarpe tenner" vil høyre.

  2. Når folk er svoltne og treffast, vil dei kanskje ikkje høyre mykje latin heller. I gamle dagar var dette eit problem for kyrkjefolk når presten preika i time etter time på latin, og folk sat og svalt og hutra.

  3. Når gardsfolk blir svoltne, høyrer dei nok godt kona som ropar "No er det mat å få!" og hiv frå seg reiskapane og renn til bords. I dette høvet taler kanskje ordspråket vårt noko motsett av det som stemmer.

Som enden på visa (les: drøftinga) anar vi vel ved litt tenking omkring eit ordspråk at verdien av eit og anna ordspråk ikkje er heilt generell, og enda kan det vere gagn i det under visse forhold - kanskje - men i det store og heile kan det sjå ut som det er på hipp-som-happ-nivå (verdi 3). Som sagt, verdien er ikkje gitt i og for seg, men heng an på samanhengen det blir brukt i, viser til, og om det tener ei god sak.

Tolkinga av ordspråket og samhengen det blir talt i, avgjer nytteverdien ganske mykje, om det ikkje er berre tull og fant.

Brørne Buzan sitt viktige funn

Langs vegen for om mogeleg å vinne eit slags generelt overblikk høyrer det med å vite at folk legg legg ulike ting (tankeassosiasjonar) i det som er lette ord å sjå til, som "lykke" (Buzan og Buzen 2010:37-40). Enkle ord står saman i ordspråk. Kva legg då kvar enkelt mottakar i gåtefulle ordspråk? Det seier neimen ikkje seg sjølv, men eit stykke på veg kan ein komme, for elles fanst ingen nedarva tydingar av fleire slags ordspråk, slik som blant andre Pelle Holm setter opp i ei svensk samling (1975).

Gjennomsnittsmeiningar og nyanseringar og utlegningar til enkeltord, faste vendingar og frasar er noko som ordbøker vartar opp med. Men i større ordbøker kjem det godt fram at mange ord har dusinvis av meiningsnyansar, og at meininga med orda i ulike setningar kjem an på samanhengane dei viser til. Synonymordbøker gir opplistingar av mangt slikt - kanskje ikkje utfyllande, men bra omfattande på det meste.

Når ein så kjem til ordspråk, som er fleire ord fletta saman til ein påstand, observasjon, ei norm, noko gåtefullt eller klart skjemt, blir det opptil vanskeleg å tolke seg fram - vanskeleg, men ikkje ulovleg! - For å forstå kulturars ordspråk noko betre og breiare, finst kommentararbeid, bakgrunnsopplysningar; og skjøn kjem i tillegg. Kva ein legg i eit ordspråk er i grunnen opp til den enkelte som vil seie noko "i overført tyding", men det hemnar seg kanskje der forståinga avvik frå det vanlege. Det får ein sjå og oppleve, i så fall.

Litterære deviser

Devise: the special use of words in literature, or of words, lights etc. in a play, to achieve an effect . . . Metaphor is a common literary device. - [Longman Dictionary]

Å bruke figurativ omtale er ei forfattardevise, seier sitatet. Ein brukar orda "spesielt" for å seie noko "fiffig, lurt, smart, snedig, hendig, ledig, mjukt, utkrope" om eitkvart, som i mykje annan ordkunst. [xxxx MEIR OM DET og retorikk]

Det ein seier, kan vere eit påhitt, som å samanlikne ei høne med ei kone og formulere den haltande samanlikninga ved fasttømra formlar og mønster ein finn i ordtakjungelen eller har med "i bagasjen". Ein bruker gjerne figurativ tale for å oppnå ein verknad.

Meininga med somme ordspråk følger ikkje orda direkte. I somme ordspråk gjer dei det; i andre neppe, i andre igjen ikkje, og det er om den underbygde meininga er klart figurativt formulert - og ein tommelregel å sjekke er her:

"I ordspråk og fablar nyttar ein hyppig "indirekte og maskert" omtale av mennesketypar og menneskeleg parforhold ved å snakke om dyr og ting og meine menneske.

Det skjer somtid, men ikkje alltid.

Ordspråk om høner og hanar

No får eg vel vise litt av slik bruk. Pelle Holm (1975:159-61) forklarer nokre ordspråk om høner til at det er kvinner som blir omtala figurativt ved slikt snakk, og at andre ordspråk om høner er ikkje mynta på kvinner. Hanefar er somtid bilde på mannen, husbonden, ifølge Holm (loc.sit).

Men til besinning: Kva ein skal tolke eit ordtak om høns til å meine, kjem mykje an på den enkelte som bruker det, kva for situasjon og forhold det er. Det som den talande (sendaren) meiner med ordtaket (ei figurativ devise) kan vere ganske annleis enn det mottakarane oppfattar ut frå det, og trur han meiner. Slik er det ganske enkelt å få skinnsemje, iallfall. Pelle Holm forklarer mange svenske ordtak i tråd med heller vanlege oppfatningar, men er ikkje fulldekkande - og så får ein meine kva ein sjølv vil!

To døme:

1. "Ont vakta den hönan som i byn vill värpa." Holms lille kommentar: "Svårt att vaka över otrogna tjänare och giftaslystna döttrar." (op cit.:160)

2. "När tuppen tror på räven, så gäller det hans hals, kommenterer Holm slik: När man litar på en illslug människa, går det galet. (op.cit 276).

Men ein kan godt hugse at kva Per meiner med eit ordspråk, ikkje alltid er det som Pål trur han meiner, og at eit ordspråk kan tolkast ulikt av ulike menneske. Bruken avgjer kanskje meininga i tillegg. Ved å jamføre rollene til kvinner med forholda og skikkane då ordspråka blomstra, kan ein også godt forstå at det ikkje var så mykje kvinna som oppfatningar av kvinner i dei tildelte, samfunnsbestemte rollene deira som det blir sagt noko om. Pelle Holm er innom nedarva haldingar til kvinner når han kommenterer det gamle Kvinnan har sitt ljus av mannen liksom månen av solen. Han seier "Men sådant aktar man sej för att citera numera. Det går inte i folk. Och man vill inte göra sej löjlig. . . ." (1975:13)

"Man måste akta sej" - er det summen av svensk i-lag-nad? Neppe, men sjå om det ikkje stemmer for mangt!

Konklusjon:

  1. Pålitelege. Somme ordspråk har ein generell, bra verdi nokså uavhengig av mange slags kontekstar - fordi det kan tyde om lag det same i mange samanhengar. I samlingane her har eg gått inn for mange slike.

  2. Bla-bla. Andre ordspråk har sine mot-ordspråk, og det kan vere hipp som happ kva for eit av dei ein vel av dei, men bruk av slike kan gi god meining i fall dei treff godt ved eit eller anna høve. Her avgjer bruksmåten verdien - men mykje kontekst-avhengige ordspråk har eg i regelen sila vekk fordi dei kan hjelpe, men også villeie mykje.

  3. Feil. Og nokre ordspråk er så lite dekkande for kva som skjer og bør skje i ein livsgang, at dei lett villeier, om ikkje situasjon, humor og anna kjem til og syner meininga. Dei har eg gått inn for å utelate.

  4. Humor. Somme ordspråk er klart skjemtsame, og som skjemt elles kan dei løyse opp noko. Kva som er overført tale og kva som ikkje er det, kan ein lure på. Ein nordmann merkar også at mange skjemtande ordspråk peikar ut noko udanna og harsellerer med det i somme, og ved det i andre. Eg har fjerna mest alle udanna, sidan vi har blitt mindre grove og vulgære med tida; det er ein jamn tendens til det (Bremmer og Roodenburg 1997; Johnsen 1997).

3. Ordspråk samanlikna

Ein spør kan hende om det er dei same ordspråka som går att i land etter land. Ja og nei: Nokre ordspråk er heilt like, andre svært like, og andre nokså like i forma, og blir tatt for å meine om lag det same. Men det er ofte meiningsnyansar i dette. Og nokre er heilt ulike. Sidan ordtak ofte spelar på skikkane, naturforholda, klimaet, vekstene og dyra i eit heimleg miljø, kjem mange slike referansar og rammer til å endre seg med forholda, stadar og tider. Då kan ganske like meiningar bli uttrykt mykje annleis land og land imellom. I slike tilfelle finn ein ofte tilpassingar av ordtaka langt vekke frå - ikkje bokstavrette omsettingar, men tilmåtingar til ordspråk som finst i engelsk målbunad alt - innlånt eller heimleg.

I somme verk får ein kanskje ei blanding av bokstavelege omsettingar og engelske ordspråk med omtrentleg same tydinga - i fall tolkinga verkar likande.

Ordtak er med og gir kulturell forankring og ei slags felles referanseramme mellom folk som deler dei. Ordtak kan vitne om kultur, vise til både religion, historiske hendingar, og oppdikta soger, som fablar.

Somme viser til natur - heimlege dyr, plantar og naturforhold - som skil seg mellom jungel, arabisk ørken, forblåste øyer. Ulike livsforhold gir grobotn for ulike ordspråk, og dessutan ordspråk som seier om lag det same, men med ulike dyr i hovudrollene. Sjakalar og revar får ofte skifte på å ha hovudrolla slik. I land der reven ikkje finn druer, kjem rognebæra som stand-in, eller lokalt tilsnitt. "Høgt heng dei og sure er dei, sa reven om rognebæra (han ikkje fekk tak i)." I originalen var det druer han ville ha. Utskiftingar finst, med andre ord.

Ulike land, ulike skikkar, og konformitets-hjelpande ordspråk blir såleis forskjellige mellom kulturar med forskjellige skikkar. Men noko i menneskenaturen er likt likevel - "steinaldermennesket", "bavianen under huda på folk", lyster og litt til. Så vi finn noko likt og noko ulikt, land og land imellom.

Nokre ordspråk er forankra i tru, oppfatningar, sosiale tilhøve og klima og naturgrunnlaget, men mange er til nytte i samkvem mellom kulturane, som hjelp til å finne ut av mentalitetane til folk i andre land, og så er det ofte moro med dei.

4. Ordspråkarven i folkepsykologien

Uttrykket "folkepsykologi" er vidt, rikhaldig og mangslungent

Jerome Bruner bruker uttrykk som folkepsykologi og folkepedagogikk i to av bøkene sine (1990, 1996). Kva meiner vi med "folkepsykologi", og kva har det med ordtak å gjere?

Ein stor del av ordtaka i Noreg kjem frå tider då dei fleste ikkje kunne lese og skrive. Analfabetar og andre finn meiningar i og med livet og organiserer seg og versemdene sine for at det skal gå godt, helst kaste godt av seg, og med eit minimum av ulykker. Vi justerer oss meir eller mindre etter kva som gjeld som lovleg, rådande tru, vanlige ønske og lyster, ambisjonar og å vere skikka innan handsaming og tilverking av mangt. I folkepsykologien blir desse sidene ved livet summert og kommentert ved gamle og platte sentensar om kvarandre - kanskje banalitetar - og så ordtak av ulik gehalt, med og utan bildebruk; somme bruker figurative uttrykk, andre ikkje.

Folkepsykologiens bitar og brokkar av nedarva livsvisdom blir uttrykt på mange måtar i livsgangen, som kommentarar, konstateringar, råd og levereglar og forklaringar på korleis somt lèt til å fungere. Nokre deler går inn for å fortelje korleis "fasadeklatrarar" kan vere under dei gilde fasadene sine og bakom maskene og rollene som blir nytta. Folkepsykologiens bitar av utsyn om mangt inneheld også tankar om korleis ein kan nå høgt skatta mål i livet, kva for evner, levemåtar, innretningar og dugleikar som kan bli tiltrengt for å bli akta medlemmar av samfunnet og rollemønstera i det.

Folkepsykologien går ikkje utanom mange primitive gjettingar, idear og praksisar blant folk heller. Mange av dei kan fungere, enda om dei er primitive, grove og fæle; dei kan likevel tene ulike miljø, som krigsteneste.

Ein kan også finne fram til at den vide termen "folkepsykologi" rommar ide-utsyn som har gehalt nok til at det kan kultiverast fullverdig faglege teoriar og hjelpande skikkar ifrå dei. I boka Qualitative Methods in Human Geography (1988) kjem Eyles og Smith til at rett danning går ut frå lokale grunnlag, og kultiverer somt ein finn nyttig og potensielt verdifullt der. Slik kan vi "la dei tusen blomar bløme", som formann Mao Tsedung ein gong tenkte - eit ord imot einsretting.

"Hjelpe folk" ved gagnlege utsyn fram til å vinne gode grep på sider ved livet er sameleis som "There is nothing more practical than a good theory (Det finst ikkje noko meir praktisk enn ein god teori). (Kurt Lewin, i Smith og Mackie 2000:11) Teoriar som viser seg å hjelpe ved å bli testa og godtatt "where the real action is" kan hjelpe mang ein og mang ei til betre grep på livet enn ved å tru forskrudde som hissar seg opp, og elles anta både laust og fast.

Mangslungen "folkepsykologi" gjenspeglar korleis lekfolk handterer somme tema, forstår andre og "verda", takk vere regler og brokkar i ein kulturtradisjon. I kulturen går mykje i arv mens anna fell ifrå med endra forhold og "andre tider". Ein overtar både nyttige og unyttige hevdingar om hendingar, og bruker somme av dei til å forme forholda og forholde seg framover - som med å hogge ved til vinteren før ein er for utsvolten og utmatta, og samle høy til dyra så dei ikkje døyr før våren. Livet har mange sider. Nedarva ord nyttar når framtidige forhold ein kjem i møte, liknar gamle.

Vanlege skikkar og sosial framferd er sterkt påverka av etikette, tru og tolkingar av korleis verda og eit samfunn kan fungere, stort sett. Og folkepsykologi femner over - mest ved antakingar - mangt som blir fortalt, forklart og føresagt av slikt ein kan støyte på i kvardagen. Vanlege tema omfattar otte, lykke, kjærleik frykt, lukke, kjærleik og mangt anna som det er godt å kunne føresjå, åtvare mot eller arbeide for og handtere med ein viss suksess i livet. Tema blir ofte utfalda ved bruk av analogiar. [Hovudkjelder: Wikipedia, s.v. "Folk psykologi" og Stanford Encyclopedia of Philosophy, s.v, "Folk Psykologi as a Theory"]

Jerome S. Bruner

Jerome S. Brunar (1915 -) fortel at folkepsykologi går ut på å få, finne og forme meining, og har i seg uformelle, vanlege meiningar via uttrykk og samandrag gjort av ulike menneske i ulike kulturrammer. Desse meiningsbrokkane kan kanskje organisere røynsler og ha som formål at ein skal lykkast betre frametter.

Mennesket uttrykker kultur, og folkepsykologien handlar om ønske, følger, tru, plikter og anna, og summerer ikkje berre korleis ting er, men også korleis dei skal vere - direkte sagt eller underforstått. Brokkane og historiene er slik forma at dei nokså lett når unge hugar, og gir godkjenningar til visse handlingar, så som å utbytte husdyr med hud og hår og slakte dei til sist. Men somtid kjem ulike oppfatningar opp i dagen; Grimm-eventyret om bymusikantane i Bremen og tilsvarande norske kastar såleis skrå blikk på utbytting av husdyr.

Legitimering og kanoniske versjonar florerer.

Hjørnesteinen i vanleg bruk ordtak er meiningane ein tolkar inn i dei ved figurative ytringar, eller overtar i ein tradisjon der tolkingar er gjort, eller som ein meiner ligg opp i dagen, som i moraliseringar. Ettersom meiningane til ordtak varierer med samanhengane dei er sett til og med korleis ein tolkar somme av dei, er det duka for fleirtydigheit og bruk av eige skjønn.

Moralen ein meiner å finne i ordtak kan bli med og påverke handlingar. For som Bruner skriv, er det gjennom folkepsykologi (meiningsbrokkar) at folk får forventingar til mykje i livet, og dømmer kvarandre, trekker konklusjonar og vurderer kva som kan vere vel verdt å bry seg med. (jf. s. 14)

Lause normer og halvreglar er blitt innlemma i den kunnskapsmassa av meiningsbrokkar og anna som vi kallar folkepsykologi (jf. s. 3, 28)

I kva grad ein vinn gode kår kjem an på verdiar og korleis ein ter seg, og dessutan på omverdas skiftande reaksjonar. Meir og meir avheng av byråkratiet og kontroll, overvaking, reguleringar og slikt, slik at sjølvbyrgskapen kan få det hardt. Men det er ikkje berre tilpassing til eit veksande byråkratisering som tel. Folk har enno biologiske behov - blir svoltne og sexy og slikt (s. 30, 13, 21-23)

Ordtak finn eit spelerom midt i alt dette som brubyggande underhaldning mellom tradisjon, folkevisdom, folkedårskap og nye tider som krev justerte og nye handlingsreglar for å verne om gradene av fridom og autonomi som er att imellom fallgruvene. Beste tilpassing med rom for både utvikling, utdanning og fruktbar levemåte bør ein famle etter utan å gjere seg totalt avhengig av offentleg giv. Det same gjeld gagnleg kultur. Det er bak mål å tru at byråkrati må til for å halde deltakarkultur i live; for folkekultur er ikkje hendig om han blir passiv og orientert i retning av passive, betalande tilskodarar - tilreisande og fanatiske supportarar - (jf. s 21-22)

Folkepsykologi inneheld uttrykk og samandrag frå ulike menneske. Ordtak i fleng vitnar om innstillar og utsyn som fanst før, og som var med og organiserte vanlege folks oppfatningar og erfaringar. Mange syner - direkte og indirekte - korleis ein skal vere "kjekk kar" og "godtatt kvinne" - Mensch på jiddisk. I ei tid med grufulle multinasjonale selskap som fungerer meir eller mindre psykopatisk er det overlag vanskeleg å ikkje gå med i spelet, det dragande spelet, dragspelet - Utfordringane ligg mellom anna der.[Wikipedia, s.v. "Mensch", "The Corporation (film)"; About.com.: "Mensch"]

Rohsenow-gløtt

John S. Rohsenow gir eit godt oversyn over oppfatningar av kva ordspråk er, i innleiinga si til ABC Dictionary of Chinese Proverbs (2003). Det finst fleire opplysningar rundt ordspråk - fleire sidar ved dette, fleire "fasettar ved heile edelsteinen" - i mange andre ordspråkbøker òg.

Innhald


Ordspråk, ordtak, litteratur   

Beyer, Horst, und Annelies Beyer. Sprichwörter Lexikon. Weyarn: Seehamer, 1996.

Bremmer, Jan, og Herman Roodenburg, reds. A Cultural History of Humour: From Antiquity to the Present Day. Oxford: Polity Press, 1997.

Bruner, Jerome. Acts of Meaning (the Jerusalem-Harvard Lectures). Cambridge: Harvard University Press, 1990.

Bruner, Jerome. The Culture of Education. Cambridge, Mass.: Harvard University Press, 1996.

Eyles, J., og D. Smith. Qualitative Methods in Human Geography. Cambridge: Polity Press, 1988.

Holm, Pelle. Ordspråk och talesätt. Stockholm: Bonniers, 1975.

Huzii, Otoo. Japanese Proverbs. Tokyo: Board of Tourist Industry / Japanese Government Railways, 1940.

Johnsen, Birgit Hertzberg. Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor. Oslo: Pax, 1997.

Mieder, Wolfgang (hovudred.), Stewart A. Kingsbury, and Kelsie E. Harder: A Dictionary of American Proverbs. (Paperback) New York: Oxford University Press, 1996.

Pemba, Lhamo, coll. Tibetan Proverbs. Dharamsala: Library of Tibetan Works and Archives, 1996.

Rohsenow, John S. ABC Dictionary of Chinese Proverbs. Paperback ed. Honolulu: University of Hawaii Press, 2003.

Smith, Eliot R., og Diane M. Mackie. Social Psychology. 2nd ed. Hove: Psychology Press, 2000.

Swetnam, Derek and Ruth Swetnam. Writing Your Dissertation. 3rd ed. Begbroke, Oxford: How To Books, 2000.

Ordspråk, ordtak, kverning, opp Seksjon Sett Neste

Ordspråk, ordtak, kverning BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]