Norsk del, Gullvekta
Rudolf Steiner og antroposofien
Seksjon › 15 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

"Tunga beint i munnen!"

Steiner Godta barna med vørdnad, oppdra dei med kjærleik, send dei ut i fridom." – Rudolf Steiner

Det er ikkje for strengt - Steinerpedagogikk har mykje å fare med.

Kunsten å handtere Steiners vyar. No kjem ei saumfaring av somt som Rudolf Steiner har dosert - ein faktafundert gjennomgang. Mang ein og mang ei burde ære dei som fremmer fakta framfor dei som speler på overtru og breier ut overtru mellom folk – fordi overtru gjer folk ganske forblinda etter kvart.

Rudolf Steiner, Steinerskolen, antroposofien representert ved løvetann
Også tankefrø blir næra og til sist sendt ut i fridom for å fullbyrde seg – slå rot og vekse fram som dei evnar og har forhold til.

Om føredraga, bøkene og å telje seg fram

Rudolf Steiners kom med mange tankar

Dr. Rudolf Steiner (1861-1924) var ein vel-lest mann som arbeidde hardt og i lang tid med tankar. Han gjekk inn for gradvis å ◦forme om vanleg tenking til høgare tenking som oppfattar åndeverda. Med det utgangspunktet lanserte han kaskadar av tankar for tilhøyrarar rundt om i Europa, skreiv mange bøker, og fekk i gang tiltak som bygde på tankane hans.

Rudolf Steiner ville gagne verda. Han heldt nesten 6000 føredrag. Førtito bokband ligg føre. Ein serie på noko som kan bli 350 band er også i emning frå Rudolf Steiner Verlag. Somme av føredraga til Steiner blei haldne for medlemmar av det teosofiske og frå 1913 det antroposofiske samfunnet; andre var offentlege føredrag, og så heldt han det som blir kalla "arbeidarføredrag" for dei som bygde senteret hans i Sveits. Det finst altså tre typar føredrag. Mange av føredragsseriane hans er også gitt ut i omsettingar.

Stilen hans: målande, stort sett grei, og ofte "danna polemisk"

Føredraga har blitt kalla lange, med gjentak, og ikkje lett tilgjengelege for alle. Steiner sjølv kallar utgreiingane sine "omstendelege" ein stad [1]. Stilen som var for hundre års tid sidan i Tyskland, er somtid ikkje heilt lettlesen.

Avsnitta i bøkene Steiner kan bli lange dersom han argumenterer og debatterer og målar fram ting som ligg han på hjartet. Han bruker tidvis mange penselstrok – han varierer uttrykka. Det er bra sider ved det. Og fleire kjernar i det han vil fram med, er verdt å tileigne seg for den som held fram. Det syner forskingsfunn over Steinerpedagogikken og kva verknader han har på elevar i forhold til elevar frå offentlege skolar. Elevar i og frå Steinerskolar gjer det betre, syner offentlege tal i fleire land. Men offentlege skolar er neppe standarden for human oppseding, og bør heller ikkje reknast som gild og god. Ikkje for alle. Men likevel: Steinerpedagogikk kjem godt ut av samanlikningar. [Meir her]

Steiner og naturvitskapar - somtid i spann, somtid ikkje

Føredraga til Rudolf Steiner er frå ei tid då naturvitskapane hadde mindre å fare med enn i dag (2017). Steiner prøvde villig å vere alliert med naturvitskapen i si tid - og så har naturvitskapar i dag gått ifrå mange av utsyna frå den tida. Det kan ein godt bli gjort merksam på:

I essayet "Reinkarnasjon og karma" seier han til dømes at "dyr, sjølv ikkje dei som står høgast, kan ikkje telje, og kan derfor heller ikkje lære å rekne." Han seier vidare at teljeevna skil menneske frå dyr. Men kva seier naturvitskapen i dag om dyr og teljing? Blant anna at dyr kan telje. Så justerer vi oss til det så vi ikkje kjem til kort.

Dyr kan telje og skilje mengder

Menneske har ofte synt manglande evne og vilje til å forstå, anerkjenne og verdsette intelligens og verd hos dyra. Det gjeld ikkje berre Rudolf Steiner. Det første ein skulle fatte, er at ulike dyr kan ha ulike slags kognitive prosessar som tener ulike tilpassingar i forskjellige miljø og nisjar. Det er ikkje tenking og vett på menneskemåtar som gjeld i alle ting. Sporadisk forsking her og der har elles dokumentert at somme dyr kan skilje mengder og telje. Elefantar har synt dei kan klare enkel matematikk, og rhesusaper kan telje. Maurar er i stand til å bruke mengdeverdiar og overføre slik informasjon.

Også fuglar kan telje. Skarvar som blir nytta til å dykkfiske for kinesiske fiskarar, og som fekk kvar åttande fisk i lønn, har vist seg å kunne telje til åtte. Papegøyar har vist dei kan telje opp til seks. Også kråker kan telje og mykje anna, så som å lage til sine eigne reiskapar, fiske med agn, og løyse problem for handa ("for kloa"). Ramnar kan lage eigne leiker og manipulere rovdyr for maten. [Wikipedia, "Common Raven", "Animal cognition", "Bird intelligence", and "Crow".]

Mange ringverknadar og nedslagsfelt

Steiners verk har påverka mange kjendisar, filosofar, forfattarar og så bortetter. Fleire finn skapande geni i Steinerutsyn på fagfelta sine – det gjeld fysikarar, biologar, legar, arkitektar, filosofar og boklærde. [2]

Livskunst-sider, sannsyn og å la eitkvart ligge

Bra livskunst omfattar å avgjere bra og ikkje vere etterplaprar. Når vi ikkje har noko særleg grunnlag for å vurdere godt, kan vi la tinga ligge inntil vidare.

Det skulle vere bra livskunst å ikkje ta alt det sure i lag med det søte. Det gjeld å velje smart. Steinar var nytenkar. Berre så det er sagt: Eg liker mangt hos Steiner, sjølv om eg ikkje svelger alt han har sagt om oversanselege ting eller kor segnkontinentet Atlantis låg. Og korfor skulle eg? Han meiner sjølv at det er naturleg og godt å ikkje bli etterplaprar, og heller søke sanningar oppriktig. I eit føredrag seier han det likefram: "What I am concerned with is the truth." [◦Til Rudolf Steiner-arkivet]

Så eg nektar meg ikkje å sjå gjennom ◦noko av kritikken av utsyna hans og legge fram somt derifrå heilt enkelt. Eg finn også Steiner somtid polariserer drygt heller enn å snakke om grader av ting.

Ein skulle klare å handtere både det som blir dosert og kritikken av det, både rimeleg og flott. Kritikk kan tolast når han ikkje verkar trugande, og visse spenningar kan vere gagnlege for kreativiteten. Det er lov å sjå ting annleis enn Steiner, det framhevar han sjølv. Og ein treng ikkje utbasunere kva ein trur utan god underbygging, iallfall.

Men når Steiner til dømes seier at Gautama Buddha blei sendt til Mars for nokre hundre år sidan, går det heilt imot læra til Buddha, for rundt 2500 år sidan om at han ikkje kom att. Tvert imot sa han på dei siste dagane sine at han ville "pass away for good", står det. Når Steiner seier noko anna, kan slikt utløyse konflikt, for eksempel ved å truge identitet. I dette tilfellet er det berre å sjå etter kva Buddha sjølv har sagt og avgjere i kva grad Steiners ord om gjenfødt Gautama harmonerer med det. Når ein ser at somt som Steiner fortel, ikkje stemmer med gode kjelder elles eller fakta, får ein klare å stå ved det ein ser er best, av omsyn til eiga helse, mykje som Rollo May kjem inn på. Å bli inspirert og få tillit til alt som kvar ein nemner, og så bli gjort merksam på at grunnlaget for slikt ikkje alltid er å finne, det kan få ein til å kjenne seg liten, aleine, truga – at kritikarar er djevlar, og at det gjeld å klamre seg til Doseringsmeisteren.

Noko som kan hjelpe løysing på fleire problem ved etterfølging, er å slappe av og fjerne feil tru. Eg for min del held meg til at det er jamt bra å tru minst mogeleg. Det er i tråd med kva Buddha rår til. "Ockhams barberkniv" er elles ein slags slektning for teoridanning, om å ikkje bringe inn fleire omgrep og forklaringar enn tiltrengt, og prioritere dei enklaste løysingane mellom slike som ser likeverdige ut. For dei som først syg seg fast i andres ord nokså einfaldig, kan innbiten barrikadering føre til nokså skral livslykke alt i alt, etter kvart.

For å summere så langt: Det skulle vere fole godt for livslykka og livsferda å vite skilnad på fakta og tru og halde seg bra til fakta. Når det gjeld slikt som eg ikkje er viss på, hjelper det meg å skilje mellom (1) slikt eg straks kjenner for; (2) slikt eg straks misliker, og (3) gråsonefeltet imellom desse to – det får eg arbeide med vidare i den grad eg får meg til det: Eg kan gå vidare og finne gagn i å sondere korfor eg liker og misliker somt, og på kva erfaringsgrunnlag eller teoretisk grunnlag. "Gråsonefelt" mellom fakta og tvil og liking og misliking, kan eg sondere nøyare i ved hjelp av det sannsynlege. Slik er det ofte.

Eg spør meg til dømes, "Kor sannsynleg er det at det som Steiner kallar sola, i ein viss forstand blei skilt ut av planeten jorda?" Når eg til dømes set meg inn i moderne astrofysikk, finn eg det overveldande sannsynleg at slik skjedde det slett ikkje. Jorda, som er knapt 4,5 milliard år gammal, blei danna i stjerneskodda som hadde forma seg av det som var att etter at sola hadde blitt til. Først etterpå, gjennom ei lang rekke kollisjonar, tok planeten vår til seg støvskyhopar som han kolliderte med. Det er det ◦forskarar held seg til. Men når Steiner på den andre sida seier kloke ting om oppseding og barns utvikling og eg kjenner meg att i dette, må eg vedgå det, og seie noko slikt som, "Eg liker syna hans på dette feltet, og finn dei godt sannsynleggjorde av Jean Piaget sine seinare studiar og dessutan av visse ting eg kjenner att frå eigen barndom og oppvekst."

Vi treng heller ikkje bli fast Steinertruande av "På kvar og ein planet har dei som bur der, si eiga mjølk", fordi romforskarane vi kjenner til, ikkje har publisert funn om noko som liknar mjølkedyr på nokon av dei til denne dag. [Meir]. Men la oss "halde saka svevande (i rommet)" i den grad vi finn det forsvarleg. Heller ikkje etablert astrofysikk og statistikk burde svelgjast ukritisk. Ein treng både skolering og godt oppdatert oversyn for å kunne vurdere.

Når eit eller anna verkar som tull for oss, få vi ikkje lettkjøpt og automatisk avfeie det, men heller grunde ein del – f.eks. over kva Steiner sa om Albert Einsteins utsyn om at tida gjekk seinare ute i rommet: Steiner hevda at eit slikt utsyn mangla realisme – verka som "avansert spesialtull", kan hende. Seinare forsøk har no elles støtta Einstein svært sakleg. Men var Steiner på glatt is i striden mot relativitetsteorien? Sjå sjølv, bedøm sjølv. Ein gjer kanskje urett om ein trur berre på motstandarar av ting, så ein gløymer å sjekke førstekjelder førstehands – for det er ikkje alle som er saklege eller greie. Her er nokså forståelege Steinerord om relativitetsteorien og Einstein. [Meir] Ved å følge lenkene til kvar avkorting der, kjem ein til den vidare samanhengen for kvart utdrag, og det kan vere bra for vidare forståing. Det kan vel hende. Steiner peikar elles på at forskjellen på å gå til berget eller la berget komme til deg, er at ein blir sliten av å gå – og med dette kommenterer eg nokre Steiner-sider som kommenterer relativ rørsle så menneskerelatert og djuptenkt at ein risikerer å sjå verdien av det . . . [3]

Uhilda er gjævt

Det gjeld å sjå så uhilda ein klarer, og takke nei til å gå imot seg sjølv. I høvet Steiners idear, kjem det også til for den som vil, å ikkje hive barnet ut med vaskevatnet. Det skal her tyde at vil ein leite i grumsete vatn etter levedyktige, greie idear, får ein prøve å ta hand om dei etter kvart også, kvar etter si lyst og sine evner. Steiner var god for barn. Dessutan er det stundom slik at tankar som ein sannar men ikkje lever etter når det kjem til stykket, vel ikkje gagnar like bra som gode og fruktbare tankar som ein lever ut til gagn for heim og familie.

Dei menneska som i vår tid hatar antroposofien, gjer det fordi dei er for late til å ta opp dei store manneættoppgåvene og verkeleg leve med dei. Og dei er for feige overfor alt det som må overvinnast og forvandlast om ein skal kunne komme ut av sine noverande omgreps og kjenslers slendrian og trenge fram til noko djupare. Ut frå dette må vi forklare alle stormane som blir reiste mot antroposofien, og mot alt som spring ut frå han. [4]

Steiner avviste etter kvart kritikk, om ikkje kritikaren brukte same metode som han sjølv. Det er ugreitt å pukke slik, for Steiner har skrive at einkvan i nokon monn kan etterprøve ulike tesar frå han. Nokre kan ein studere i ro og mak ved å jamføre dei på ulike vis og gjennom fleire steg, sjølv om ein ikkje har "fått det til heilt fram" langs tenkevegen til Steiner. Han nemner at den vegen ikkje er av dei kjappaste. Som om ikkje dette er nok, hadde Steiner også det grunnsynet at kvar og ein som kunne tenke logisk, kunne rette feil hos åndsforskarar (!). [5]

Der Steiner kommuniserer to ulike standpunkt om det same, vel ein det ein truleg har mest gagn og nytte av. Det høyrer med i livskunsten. "When in doubt, win the trick, er eit godt ord av Edmund Hoyle. Antroposofien legg vekt på individfridom og individuell tenking. Dette avgrensar kanskje tendensar til "gruppetenking", group think, og hindrar at antroposofien glir over til å bli ein kult som tar vekk åndeleg og intellektuell fridom frå medlemmar. Men det er ikkje så vanleg med kritisk tilnærming til Steiner sine ulike verk at det gjer noko, og slik tilnærming blir nok ikkje alltid helsa velkomen i somme antroposofiske krinsar heller. [6]

Korleis avgjere kva som er fruktbart av det Steiner har sett fram?

"Ikkje kor mange (bøker, osv.) men kor vettige dei er" – det er jamt ein god tommelregel å ha i mente. "Korleis kan ein avgjere kva som er vettig, og kven?" er flotte grunnspørsmål attåt.

"Ein kjenner somme tre på fruktene deira", kjem då godt med så ein kan orientere seg som snarast. "Det finst ikkje noko som er så praktisk som ein god teori", heldt Kurt Levin seg til. [7] – Rudolf Steiner tenkte seg fram og fekk sett i gang antroposofisk medisin og helsepedagogikk, det biologisk-dynamiske jordbruket, den såkalla "tregreiningsrørsla" og altså antroposofien. Men på andre felt – langt vekke i tid og stad, spesielt – verkar han inntil demagogisk. Ikkje alt er tull, men korleis kan ein spore opp "farleg rør"? så ein ikkje blir feil-truande? Ein kan sjå kor nervøse eller dyrisk overspente etterfølgarane blir på Steinerfelt ein vil sjekke og handtere proft vitskapleg eller så sakleg og vitskapleg ein får til. Ein kan også lese kritikk som går inn for å vere sakleg.

Steiner sa mellom anna at egg av ferskvassfisk ikkje kan modnast i ferskvatn, at jorda ikkje går i bane rundt sola, at jorda – som vel er nær 4,5 milliardar år gammal – ikkje fanst for tjue millionar år sidan, at jorda er eit digert, daudt menneskehovud, at drakar som blæs eld finst, og at dyra utvikla seg frå menneska, og at oksar blir særleg irriterte av raudt (utan at slikt stemmer).

Den som trur på alt uskapleg berre "fordi Steiner sa det", kan vel tenkast å ha blitt indoktrinert. God forsking og vitskap seier tidvis anna enn Steiner på ymse felt. Men så er det kritikarhandtering, då. Ein får la vere å tru hard kritikk blindt, for fleire gongar kan det vere nyansar med i bildet, nyansar som kritikaren ikkje får med for å gjere nokre gode poeng – kanskje forflata, lettkjøpte. Ein finn ut somt om ein går til gode kjelder – i dette tilfellet autoriserte Steineromsettingar eller Steiner på tysk. [8]

Ein gjer altså ikkje vel om ein kastar ut barnet som ligg att i det grumsete vaskevatnet – og heller ikkje om ein kastar ut alt Steiner sa fordi om noko av det ikkje ser ut til å stemme fullkomment. Steinerord gir framifrå høve til å grunde, avvege og halde ting svevande – in suspensio. Utsegner av geniet kan gi trening i ikkje å tru, men gå fram sakleg, nøkternt, skikkeleg for blant anna eiga mental helse sin del.

Sonder etter fruktbare idear og les høveleg kritikk også. Og det er kjekkare å kunne le med enn å le av, meiner tenkarar.

Tren i enkle jamføringar

Jamføringar skulle gagne mot einsrettingar. Jamføringar kan gjerast på forskjellige felt og ulike måtar. For det første kan ein kjenne etter med seg sjølv om det stemmer, slikt han skriv om barndommen og så bortetter, for somme kyr hugsar dei har vore kalvar. I forlenging av dette kan ein grunde over tinga resten av livet, og sjå kva for tankar og syner som festar seg etter kvart. For det andre kan ein jamføre med kva naturvitskapar set fram på felt der Steiner har uttalt seg særmerkt. Og for det tredje kan ein sjå kva andre okkultistar seier om dette og hint, dei også.

Om ein trenar seg i å jamføre, finn ein fort ut at det ikkje alltid er samanfall mellom alt Steiner seier og (1) eigne røynsler og minne, (2) naturvitskapens syn, og (3) så som teosofars utlegningar. Men likskapar finst også. I somme tilfelle kan ein truleg spekulere på i kva grad ymse vyar og påstandar er låntatt. Sidan Steiner var teosof i mange år, og skreiv bok om teosofi også, kjem den tanken fram i somme. Jamfør til dømes "Uten sans for sannhet? Rudolf Steiner og sansefri forskning" av Bjørn Are Davidsen. [9]

Ut frå dette skulle ingen tru eg er motstandar av Steiners tankar. Det er snarare slik at eg reknar eg det som klokt å sjå gjennom stoff før ein bedømmer det, og å velje ut veldig lovande og givande tilfang først og fremst. Det er ikkje alltid heilt enkelt, men det er i grove trekk noko som kjenneteiknar eklektisk (utveljande) framgangsmåte. Dessutan trur eg det er godt å tru minst mogeleg . . . for mange lar seg stoppe ved tru som ikkje gagnar dei. Verken Buddha eller Steiner seier ein treng å tru stort. Det held eg meg helst til.

Veg for og imot som det kan høve

Steiner står for politisk demokrati, støttar fridom og mangfald i oppsedinga, kunstane, pressa, religionen, og avviser den oppfatninga at staten skal ta over det økonomiske livet.

Steiner ser det slik at individ kan fri seg frå generelle kjenneteikn ved rase, folk, etnisitet og kjønn.. Kva med å legge til så som: "langt på veg", "vi er ikkje alle like" og "blir ein veldig einsam til sist?" Sjå berre: Ting tyder på at Steiner sjølv iallfall ikkje hadde fridd seg heilt ut frå kulturelle fordommar mot jødar og afrikanarar. Tyder ikkje slikt på at Steiner ikkje såg rett? Han kritiserer rasefordommar også, men seier samstundes slikt som ikkje alltid er stuereint meir. I Nederland kom til dømes ein dom den 31. mai 2000 der nederlandske antroposofar tapte ei rettssak mot vekebladet De Groene Amsterdammer på alle punkt. Retten forkasta alle krava mot vekebladet frå antroposofselskapet. Vekebladet hadde sitert Rudolf Steiner omfattande om det som Steiner sa var negative rasedrag til afrikanarar, asiatar, indianarar og jødar.

Ifølge ein rapport frå det nederlandske antroposofselskapet sjølv kunne Steiner i dag blitt rettsforfølgt for rasediskriminering på seksten punkt ved sida av at det finst mange "mildare diskriminerande" tekstar i Steiners samla verk.

Andre tider, andre oppfatningar. Ein lyt sjå Steiner i forhold til samtida hans og visse strenge hovudoppfatningar som rådde. [10]

Steinerord å trene godt grep på

Aller først vil eg framheve at mykje av det Rudolf Steiner seier om helse og mat, har mykje for seg, var mange tiår før si tid, og er stadig aktuelt.

Det er likefram imponerande, jamvel om ernæringsvitskapen har komme med fleire kjerneomgrep enn dei som fanst på Steiner si tid, så som essensielle aminosyrer (det er nødvendige protein som kroppen ikkje kan bygge opp sjølv, men lyt få i seg utanfrå); metta og umetta feitt; fleirumetta feitt; transfeitt; og mykje anna. I vår tid og vårt samfunn, i den industrialiserte delen av verda, blir den medisinsk funderte striden for helsesam mat snarare: "Mindre feitt og sukker, minst mogeleg transfeitt, mindre metta feitt, osv." Ein parole kan med fordel ta med: "Støtt mindre sut, gladare husdyr og bioorganisk drift – et meir naturleg, bra mat." I fattige deler av verda er det derimot det daglege strevet for å overleve som ber fram: "Meir mat, husly, klede osv.!" er del av den striden i klodens skeive gang.

Steiner var til dels eit barn av si tid og snakka om problem og forhold som var då. Dei var nokså fri for tilsetningsstoff, pesticid, kraftig prosessert ferdigmat og halvfabrikata. Problemet med utarma føde frå utbytting takla han eigentleg genialt; han lanserte kloke dyrkingsmåtar og -skikkar som kan gagne jorda.

Studerer ein berre lausrivne Steiner-sitat – gjerne frå kritikarar – og bygger meiningar oppå berre dei, kan resultata bli "vedunderleg skeive" eller misvisande. Her er slike sitat å gå vidare ifrå for den som vil trene tenkinga si litegrann:

Nokre Steiner-gløtt

Steiner "Isolerte setningar som blir siterte utanfor samanhengen, særleg når dei blir tatt frå ein føredragsserie . . . kan tolkast på fleire måtar. Det einaste eg er opptatt av, er søking etter sanning . . . [Alle] som er opptatt av åndsvitskapens funn med omsyn til menneskeutvikling i vår tid, skulle vere opptatt av sanninga." [Steiner]

"Isolated sentences quoted out of context, especially when taken from a series of lectures, can never mean anything and can be interpreted in all manner of ways. I am concerned solely with the quest for the truth . . . who are concerned with the findings of spiritual science with regard to human evolution in our time, should be concerned with the truth." [◦Lenke]

"Tru ikkje at nokon har sterke lunger dersom han støtt og stadig opnar vindauget og ropar, "La oss få inn noko frisk luft her!" . . . Den som et poteter blir konstant stimulert til å tenke. Han kan ikkje gjere noko anna enn å tenke . . . Dei svakaste menneska er dei som bur i område der . . . folk lever på poteter." [Steiner]

"Don't think that someone has strong lungs if he's always opening the window and crying, "Let's get some fresh air in here!" . . . A person who eats potatoes is constantly stimulated to think. He can't do anything but think . . . The weakest human beings are those living in regions where . . . the people live on potatoes." [11]

"Det finst ingen annan mytologi på jorda som i si tankevekkande, praktfulle oppbygging og eineståande utvikling gir eit meir utsegnskraftig (signifikant) eller klarare bilde av verdsutviklinga enn denne skandinaviske mytologien" [Steiner].

"There is no other mythology on the earth which, in its remarkable construction and unique development, gives a more significant or a clearer picture of the evolution of the world than this Scandinavian mythology." [12]

"I land der sukkerkonsumet er lågt, ifølge statistikk, har innbyggarane mindre definert personlegdom enn i land der konsumet er høgt." [Steiner]

"In countries where, according to statistics, sugar consumption is low, the inhabitants have a less defined personality than in countries where consumption is high." [13]

"Om dei blonde og blåøygde menneska døyr ut, vil menneskerasen bli meir og meir dum og teit (tett) om ikkje menneska kjem fram til ei form for intelligens som er uavhengig av blondleik. Blondt hår gir faktisk intelligens . . ." [Steiner]

"If the blonds and blue-eyed people die out, the human race will become increasingly dense if men do not arrive at a form of intelligence that is independent of blondness. Blond hair actually bestows intelligence . . ." [14]

Blond, blondare, blondast -

At å vere blond gjer ein intelligent, var vel godt å høyre i store deler av Norden . . . Kanskje ein skulle følge opp med å utdjupe det: "Kva med oss grønøygde, då? Eller grønblåøygde - kva med oss?"

Eller kanskje ikkje. For det kan vel tenkast at intelligensen fordeler seg i samsvar med normalfordelingskurva for folk med eit vidt spekter av augefargar: Eigenskapar fordeler seg jamt i tråd med den kurva, og augefarge og mange slags intelligens er noko ein kan måle og studere. Men det avgjerande kan likevel vere kva ein gjer ut av intelligensen sin. "Eitt mistak eller to, og ein er ute av dansen." Å like sterk drikke for godt kan også føre til fæle nederlag i livet, same kva intelligens ein varta opp med i starten. Ein skulle også ha vett til å passe seg.

Når ein lærer med lyst og god læringsmetodikk - berre ein av delane kan gå an også - og får trening og mange korrekte fakta å bygge på, ikkje krenkande førebilde, ikkje gale ideal og så vidare, så kan ein gjere framgang. Når ein derimot blir fødd opp med gold, tullete tru-overtru, tabu og grov tenking, kan ein bli for skremt, for dårleg "prosessert" til at ibuande intelligens hjelper fram rasjonell kunne og fritt, godt liv for mange. Syner ikkje historia frå steinalderen og vidare sånt? Vitskap har kjempa for sanningar mot tull og vas frå mektige som har levd feitt på det, vas som dels er kamuflert som tru, og dels skremmer folk "blinde" og servile, til dels i halvsymbiose der folk "kysser handa som slår dei" eller "kysser handa dei helst ville ha kappa av." Det har vore mykje slikt.

Og mykje kjem an på forholda. Sjå berre: det hjelper neppe å vere hyperintelligent om ein strandar på ein aude holme i havet, mange ti-mil ifrå folk og land utan så mykje som eit grasstrå å tygge på, utan klede, og det er minusgrader jamt.

Det er ein enorm intelligens i kroppen, heilt naturleg. Det ligg planar bakom mangt som utviklar seg heilt naturleg. Ein får lære å handtere seg sjølv (kropp og sinn) fornuftig, også omgitt av krenkande og fordommane deira. Det er lov å vere smart.

Ein får sjå det er mange måtar å vere smart på. Ein snakkar om at folk har mange intelligensformer, men det er noko anna eg vil ha med her: Det beste kan vere å vere så smart og klok at det ikkje synest, og kanskje så smart og klok at ingen forstår det på tusen år og meir. Det nest beste kan vere å vere smart så ein blir høgt akta og fetert. Det tredje beste kan bli å vere smart til sin eigen skade.

Eg få utdjupe litt: Heilt smart har ein ikkje handla når ein har klekt ut ei atombombe og så angrar skaden resten av livet. I så fall blei intelligensen galt brukt, enda om ein blei vidgjeten. Smart nok har ein heller ikkje vore om ein har blitt fanga inn og trampa på på ulike vis så ein ikkje får gjere "my own things". Når ein syner seg smart så ein blir utbytta for det, då var ein iallfall ikkje smart nok. Og så vidare. Jamfør elles Lao Tzu si lære om dei beste leiarane [kap 17. Jf. kap. 15 også] og ordtaket "It is a fool who cannot hide his wisdom." Det er ikkje alltid slik, men Tao Te Ching-versa kan kanskje gjere det rimeleg å meine ting som det i visse høve, om ikkje alle høve.

Føler ein seg dum og teit, kan ein saktens ut frå desse lausrivne sitata prøve å farge håret blondare, ete poteter i von om å stimulere tenkinga, og meir sukker for personlegdommen – men så spørst det kva ein blir av slikt, mellom anna fordi Steiner også har sagt at poteter "gjer ein dummare og materialistisk" av seg. Det er då ikkje flott! Meir nøyaktig: Potetsitatet:

Steiner Å ete for mange poteter er ikkje bra for hovudet . . . Poteta er ein lur og listig krabat . . . Folk som et for mange poteter og blir nøydde til å anstrenge hovudet fælsleg for å hamle opp med potetgjæringa, har derfor ein tendens til å vere veike i hovudet. Det er i hovudsak dei midtre delane av hjernen som blir svekka, og lar berre framdelane av hjernen sleppe unna - og dei delane strevar lite for å hindre potetgjæring. At materialisme har utvikla seg, kjem av at det har blitt ete poteter vidt og breitt i nyare tider, og materialismen blir utvikla framme i hjernen . . . folk lyt fatte klart at dersom dei et for mange poteter kjem midthjernen deira til å visne av. Det er endatil mogeleg at sansane deira lir som følge av å ete for mange poteter.

Eating too many potatoes is bad for the head . . . The potato is a sly, crafty thing . . . People who eat too many potatoes and have to make a terrible effort in their heads to cope with potato fermentation therefore tend to be weak in the head. It is mainly the middle parts of the brain that grow weak, leaving only the front parts which make little effort to prevent potato fermentation. It is actually due to the fact that potatoes have come to be widely eaten in recent times that materialism has developed, for this is produced in the front part of the brain . . . people must clearly understand that if they eat too many potatoes their midbrain will wither away and it is even possible that their senses also suffer from eating too many potatoes. [Rudolf Steiner] [15]

Det er ikkje alle Steiner-overleveringar som kjem inn i Steinerskolen. Dei svever i staden omkring han.

Tenk over kor mange poteter som er "for mange". Slikt kan vere individuelt, og noko kjem an på kor store potetene er. Steiner seier ikkje kva som er "for mange". I sitatet seier han heller ikkje at det hjelper å koke dei grundig, kanskje to gongar! Det seier han ein annan stad, så fortvil ikkje . . .

I sitatet er han ullen - det vil seie han bruker tautologisk framsetting som "alle" i ein viss grad lyt seie seg samde i: "Ja, er det for mykje, så mykje at det skader hjernen og sansane eller ein blir sjuk eller sjukare av det, blir overvektig og må skaffe eg mange nye klede, så er det nok for mykje." For eksempel.

Vurder: "Steiner brukte snus, og ikkje for lite heller"

Rudolf Steiner brukte snus. "He indulged in the Old-World pleasure of taking snuff", står det – meska seg med snus. [16] Det folk gjer til vanleg, taler somtid sterkt, og kan hende mykje sterkare enn det dei fattar og preiker over. Men dei rammene folk sel seg til ved jenking og andre tilpassingar som kjem til kort i det etablerte, kunngjer kanskje mest av alt – meir enn rutinane også. Ein får ta høgde for det.

Å snuse er ein uskikk. Vi har nettopp sett sjeldne utsyn om mangt frå ein som brukte snus jamt som vaksen . . . men utan å seie noko imot slik praksis, sjøh. Får vi oss til å spørje: "Korfor brukte ein som kunngjorde at han var klarsynt og ville gjere verda betre, noko så skadeleg som snus, og utan å åtvare mot slik ein dum uskikk?" Kor klarsynt-framsynt verkar snusbruk i lys av medisinsk forsking på tobakk? Det store spørsmålet for mang ein framslenging er ikkje "Er eg gammal nok?" men heller "Er eg uopplyst, dum og galen nok?"

Snus består av mørke tobakkssortar blanda med vatn, salt, smaksstoff og kaliumkarbonat. Brukaren legg i regelen snusen mellom underleppa og gummen, eller mellom kinn og gumme. Snusblandinga verkar som lut på tannkjøtet og framkallar etseskadar der snusprisen blir lagt. 31 stoff i snus er identifiserte som kreftframkallande, og nikotin er eitt av dei mange. Nett som røyk gjer snus ein fort vanebunden. Både snus og skrå gir dårleg ande og misfarga tenner, kan føre til at ein blir vanebunden av nikotin og får kvite sår i munnen som kan føre til kreft i munnhola og svelget – dessutan at tannkjøtet trekker seg tilbake frå tennene, og ein taper knokkelvev rundt tennene. No er snus forbode i EU/EØS med unntak av Sverige og Noreg.

Somme klarsynte syner det same som Steiner. Røykaren Edgar Cayce, son av tobakksdyrkarar i Kentucky, sa at "moderat" bruk av naturleg og rein tobakk er OK. For kven? Rudolf Steiner heldt elles opp å drikke vin som ung mann.

OPP

Antroposofien

Kjernar

Steiners antroposofi (av antropos, som er gresk for menneske, og sofi, visdom) avløyste teosofien, som han målbar mellom 1902 og 1912 så han leidde den tyske greina av det teosofiske samfunnet. Eit anna ord Steiner nytta om antroposofi er åndsvitskap. Åndsvitskapen hans oppmuntrar klar og fri tenking og utvikling av medvett bortanfor dei fysiske sansane. Ein kan (kanskje) nå høgare bevisstheitsnivå ved å meditere og observere. I grunnvoll-bøker som Teosofi og Eit omriss av okkult vitskap greier Steiner ut om hovudsider ved slikt. Som følge av slikt arbeid med eiga utvikling kan ånderiket bli utforska gjennom direkte røynsler når forholda høver, hevda Steiner. Men detaljar frå ånderiket kunne berre bli omtrentleg skildra, hevda han også. Så han føretrekte at lesarane hans gjekk inn i tankeprosessen hans utan å klamre seg for stivt til resultat som han klargjorde, altså utkrystalliserte tankar. [17]

Antroposofien deler mennesket inn i fleire vesensdelar – dei vanlegaste er sju og fire. Dei fire er: kroppen; eterkroppen (eterfeltet); astralkroppen (-feltet) og eget, "eg". Det finst altså andre inndelingar som går finare til verks enn dette. Steiner operer ofte med ei sjudeling som samsvarer rett bra med teosofisk inndeling.

  1. Den fysiske kroppen
  2. Eterkroppen, eller livskroppen
  3. Astralkroppen, også kalla "føle-sjel"-kroppen
  4. "Nedre sinn", intellekt-hug (Nedre manas)
  5. "Øvre sinn", åndsfylt bevisstheitshug (Høgare manas).
  6. Åndekroppen, liv-ånd (Budhi).
  7. Menneskeånda (Atma). [Jf. Theosophy, s. 54-55]]

Antroposofien har sett praktiske spor etter seg og er framleis livskraftig i filosofi og religion og mykje meir. I dag finst til dømes mange bankar, selskap, institusjonar som gjer godt, og skolar der folk utviklar nye samarbeidsformer – også for forretningsdrift – og alle fungerer delvis ut frå Steiners idear for det sosiale feltet. Hovudboka til Steiner på dette feltet er Die Kernpunkte der Sozialen Frage. Norsk omsetting ligg føre. [18]

Steiner skreiv i mange år om teosofi også – han fungerte som frittgåande talerøyr for rørsla – og var påverka av Helena Blavatskys vyar om farne kontinent og kulturar og menneske-rotrasar gjennom svære epokar, og inndeling av mennesket i sju lag innetter, frå den fysiske kroppen til kjernen lengst inne. Det er lausleg sagt. På grunn av usemje og gnissingar med ein av leiarane i teosofien, Annie Besant, starta Steiner si eiga rørsle i 1913. Han kalla rørsla antroposofi. Ho skulle stå fram som åndeleg vitskapleg, og ikkje vere basert på tru og tull. Er ho det? Eller i kva grad synest det som ho er det? Fleire spør seg om det, og har vel ikkje det som skal til for å finne gode svar på alt heller. Som følge blir somme kalla truande antroposofar, enda om dei sjølve helst vil kallast åndsvitskaplege. [19]

Når det gjeld forholdet mellom truande og skeptikarar, skal ein komme i hug eit ordtak: "Tvillingtoskar: den eine trur blindt, og den andre avviser blindt." Som boteråd mot slik og hjelp til modning, har vi "Kanskje ja, kanskje nei, hva vet jeg?" Og i fall ein ikkje finn noko gyldig, påliteleg svar, kan ein halde saka svevande, in suspensio, som det heiter på Latin. Det vil seie: Ikkje (enno) gjere seg opp ei meining. Så unngår ein å lufte arrogante påstandar på spinkelt grunnlag. Å halde ting svevande kan vere det klokaste med omsyn til syner om kontinent som forsvann utan spor å snakke om, til dømes.

Steiner bad ofte studentane sine om å teste alt han sa, og ikkje ta inn over seg fråsegnene hans på grunn av autoriteten hans eller i tru. Han sa også at karakter var viktigare enn ordbunden lære, det vil seie ordbetinget lære. Steiner nemnde også at verka etter han gradvis ville bli forelda, og at kvart slektledd skulle omskrive dei. Å vere individuelt fri og åndeleg uavhengig er blant dei verdiane som Steiner legg mest vekt på i bøkene og føredraga sine. [20]

Antroposofien bak Steinerskolen har blitt kalla religiøs eller religion, ved at somme ser ut til å opphøgje Steiners tankekaskadar til religion. Men tilhengarar av han seier at det i så fall ikkje er Steiner som fortener å skuldast, men heller eit fåtal av elevane hans. Dei framhevar at Steiner ofte bad om at alt han sa, skulle testast ved sunn fornuft, og ikkje bli godtatt i tru eller på grunnlag av autoriteten hans.

Men så blir spørsmål som dette stilt: "I kva grad er det gjerleg å tenke både vitskapleg og åndeleg-kognitivt samstundes?" Antroposofien hevdar det lar seg gjere. For dei som trur at åndeleg oppleving er religiøs av seg, er dette eit problem. Men i 2005 fann ein føderal domstol i California fram til at det ikkje fanst noko vitnesbyrd for at antroposofi er ein religion på nokon som helst måte. Akkurat det kan ein merke seg, sidan mange skuldar Steinerskolane for å botne i religiøst livssyn. Slik er det altså ikkje, sa domstolen. [21]

Antroposofien, ingen liten teosofiavleggar

Sentrale Steinervyar står i samanheng med teosofigründeren Helena Blavatsky sine. Han leidde teosofirørsla i Tyskland, og skreiv teosofilitteratur. I ei bok kalla Teosofi av Max Seiling, skriv Steiner i etterordet sitt til dømes at utsyna til Max Seiling samsvarer med hans eigne "i så stor grad". Så argumenter Steiner for ymse sider ved emna "reinkarnasjon og karma", og går vidare til å fortelje at han sjølv fann det nødvendig å bygge opp teosofien på vitskapleg maner [22].

Steiner Antroposofien var dog ikke et fuldstændigt brud med de teosofiske idéer. Steiner bibeholdt alle de grundlæggende teosofiske idéer, men dertil føjede han en del af Goethes tanker og en ny, selvopfunden kristen trosretning. [23]

Steiner fortel ein heil del om åndelege hierarki. Han overtok terminologien om åndelege hierarki frå den kristne nyplatonisten Dionysius, forfattar av eit skrift som Steiner feilaktig hevda var skrive av Paulus. Ein kjenner att gammal tru på engleordenar (med fallande rang): serafar, kjerubar, troner, herredøme, makter, myndigheiter, velde, erkeenglar, og (vanlege) englar frå kunsthistoria i dette. Steiner knyter dei fleste eller alle til Saturn på eit vis – han om det [24].

Madame Blavatsky lanserte hovudstrukturen for flytande, farne kontinentvyar først i teosofirørsla som Steiner var med i. [Sjå f.eks. Wikipedia, "Root race"] Men det syner seg rett som det er at mange som kallar seg klarsynte, seier ulike ting om det same, til dømes Gud. Det er så mange ulike truer! "Klarsyntes usemje" om somt, og det at Steiner stelte tru-krav til medlemmane i strid med sterke teosofiprinsipp, krenka teosofar og førte til at verdsleiaren for teosofane på den tida, Annie Besant, kjende seg tvinga til å stenge Steiner ute frå rørsla. Rett etter skipa Steiner si eiga rørsle, der han fekk "boltre seg" og seie kva han såg for seg om rolla til Kristus, blant anna.

Steiner hadde mange påverknadskjelder elles også. Han var sterkt påverka av Goethe etter å ha ordna og gitt ut ◦trettifem verk av Goethe i åtte års tid. Steiner fann seg dernest til rette som tysk leiar i teosofien i ti år. Han blei også innvigt Rosekrossmedlem i 1907. Brorskapsordenen har namn etter ein Christian Rosenkreutz, og blei offentleg kjent i førsten av 1600-talet. Det fanst også mange andre som den mykje lærde Steiner henta tankar frå, slik sjølvbiografien hans syner. Steiner står til overmål fram som "så godt som frimurar".

Steiner leidde faktisk tre okkulte skolar: (1) Hans eigen esoteriske skole innan teosofsamfunnet blei skipa i 1904. (2) Steiners eigen frimurarorden, Mystica Aeterna, frå 1905. Det høyrer med i den soga at Steiner sjølv ikkje stod som frimurarmedlem. Meir: [25] (3) Åndsvitskapsskolen innan antroposofien. [Wikipedia, "Rudolf Steiner"]

Steiner om det gåtefulle Atlantis

The great Egyptian age is but a remnant of The Atlantian culture . . . My antediluvian baby, oh yeah yeah, yeah yeah yeah. – Donovan Leitch, Atlantis

Det er ikkje nok at det er fantasifullt; det skal vel stemme også om det gir seg ut for å vere sant. Donovans og Steiners vyar om Atlantis verkar totalt footloose, utan fast grunn under føtene. Dette stadfestar forsking over plater som driv på jordmantelen, og korleis. Det står om korleis jordskorpa er strukturert og har endra seg, nedanfor i teksten. Ser ein vidare, finn ein dessutan at bl.a. Steinerpedagogikken innlemmar i seg kjernar av det Steiner seier om Atlantis og andre farne kontinent, nærare bestemt Polarea, Hyperborea og Lemuria, som går føre Atlantis i opprekningane hans i den rekkefølga. Og Steinerpedagogikken, han er liv laga, syner forsking. Surprise . . . Verda er ikkje alltid berre i svart-kvitt, dessutan.

Boka Cosmic Memory inneheld mange Steiner-fråsegner om Atlantis. Rudolf Steiner hadde mykje å seie om Atlantis, som at det var eit stort kontinent mellom Europa og Nord-Amerika, ganske som illustrasjonen nedanfor viser, og at dei siste restane av det søkk for om lag 10 000 år sidan. Steiner seier det er botnen på Atlanterhavet som var Atlantis, eit stort, gammalt kontinent som søkk nokså nyleg. Får han støtte frå forsking over havbotn og platetektonikk? Slett ikkje. Les vidare, sjekk referansane, og døm sjølv. [26]

Atlantiskart
Kart 1: Rudolf Steiner gjekk god for at Atlantis i si tid låg ganske som på kartet. Det er fargelagt litt så det blir lettare å finne ut av, frå Steiners bok Atlantis (Rudolf Steiner Press, 2001:12-13. Jf. note 28.)

Ein gjer truleg vel om ein ser gjennom kjeldene til Atlantisstoffet heller enn å bli småtussete av skoddeprat attåt og oppå tilfang frå gamle Egypt. Egyptarane i oldtida kjende til og skreiv somt om folket frå Kreta og øyene omkring. Grekarar fekk høyre om denne fortidskulturen frå ein stad vest for Egypt gjennom Solon, som vitja Egypt og fekk høyre om Kretakulturen. Sagt på andre måtar: Bak Platons Atlantissegner i to av dialogane hans, skimtar eg for min del sider ved den minoiske sivilisasjonen. Han gjekk dukken rundt 1480 fvt. (= før vår tidsrekning, f.Kr.). [Meir]

I det siste har også Tartessos i Andalusia segla fram til å bli meir av ein Atlantis-kandidat enn før, på grunn av arkeologiske undersøkingar i området. Tartesso var både ein hamneby og ein eigen kultur der elva Baetis eller Oba (= Gullelv) rann ut i sjøen i sørvestre Spania vestanfor Gibraltarstøttene. Tartessianarane var rike på metall, som tinn, gull og koppar og var handelspartnarar med fønikarane. Tartessos-området er særs interessant stad i eiga kraft, iallfall for arkeologar.

Atlantis hos Platon. Platon skreiv to dialogar som tar med tilfang om noko som blir kalla Atlantis, men ser ein nøye etter, finn ein påstandar der som ikkje kan stemme. Dei to verste er vel at han skriv om Aten før Aten fanst, og at historia om Atlantis ikkje blei overlevert (!).

Klarsynte om Atlantis. Sidan har fleire klarsynte hevda ditt og datt om Atlantis i tillegg. Edgar Cayce er ein, og Rudolf Steiner er ikkje noko unntak. Han overtok elles mykje tankegods frå teosofien, der han var formann for den tyske avdelinga i ti år. Eller så dikta han det opp og sa han såg det heilt uavhengig, der noko kontinent slett ikkje har vore i det tidsrommet han snakkar om, dvs. mellom ca. 1 000 000 – 9600 fvt., då Atlanterhavet skal ha vore forma for lengst. [jf. elles Wikipedia, "Root race"].

Atlantisforkynnarar seier Atlantis søkk i havet etter omfattande naturkatastrofar, der Atlanterhavet ligg no. Kor sannsynleggjort er det?

Segna etter Platon seier Atlantis er øy(ar), og at krigarar derifrå hærtok mange delar av Vest-Europa og Afrika rundt 9600 år fvt. Dei freiste å ta Aten også, men det gjekk ikkje (PS. Grekarane sitt Aten hadde ikkje eingong blitt bygt då, og grekarane var ikkje meir enn stammar då, om dei fanst i den delen av verda på den tida.). Straks etter søkk Atlantis i havet, hos Platon. I oldtida heldt somme Atlantis for å vere oppdikta, og andre rekna det for verkeleg. Platons Atlantis inspirerte Renessanse-utopistar mykje seinare.

Det har komme klarsynt til også. Hos somme – f.eks. Edgar Cayce og Rudolf Steiner – heiter det at Atlantis var eit kontinent som etter kvart sprakk opp, og at dei siste restane forsvann i havet slik Platon skreiv, om lag på den tida. Ein Julius Evola skreiv i 1934 at atlantane var hyperborearar – nordiske overmenneske som stamma frå nordpolen. Ein Alfred Rosenberg talte likeins, i 1930, om ei "nordatlantisk" eller "arisk-nordisk" meisterrase. [Wikipedia, "Atlantis"]

Det som går for "god Latin" mellom folk i dag, er at dette store, salte, blå havet blei til for over femti millionar år sidan, då det gamle superkontinentet Pangea delte seg. Ulike delar dreiv av på jordmantelen, og midt mellom det som no er Europa og Afrika på den eine sida og Nord- og Sør-Amerika på den andre, tok det til å tyte opp magma i rifta mellom platene som dreiv i sakte kino. Dette forma etter kvart ein undersjøisk fjellrygg. Han strekker seg frå Island til rundt 60 grader sørleg breidd langt nedi Sør-Atlanteren. Langs ryggen finst også ei riftgrop. Havbotnen rivnar smått om senn – det fører til at Europa og Nord-Amerika driv eit par centimeter ifrå kvarandre årleg, men ikkje til at havbotn søkk i djupet, for måten som platene under havet driv på, har ikkje nedtrykkingsfølger. Ein har dessutan funne så langt at havbotnen i snitt er over 3900 meter djup, ganske flat og jamn, trur ein, men heile botnen er på langt nær utforska. At Atlantis skulle ha vore eit kontinent som søkk i Atlanterhavet, bryt etter dette med forskingsfunna på jordmantelen frå dei siste 40-50 åra. [Wikipedia, "Atlantic Ocean"; "Plate tectonics"]

Ut frå slikt som dette verkar det svært lite sannsynleg at det har vore eit kontinent der Atlanterhavet er no. Men somme klarsynte har villa det annleis likevel. Dei har så godt som fylt opp Atlanteren med Atlantis. Jf. kart 1 ovanfor. Det spørst kor retteleg klarsynte fleire som har kalla seg klarsynte kan vere, og kor seintenkte hyllarane er! Ein gjer godt mot seg sjølv om ein grev og spør etter pålitande dokumentasjonar og takkar nei til å tru blindt. Så slepp ein å bli tilgjort ved feil tru, med meir. [Jf. Store Norske, "platetektonikk" og "geologi", og Wikipedia, "Plate tectonics", t.d.]

Rudolf Steiner hadde mykje å seie om sitt "alveland" Atlantis, og gnomar også. Han sa gnomane er verkelege skapningar som er aktive i verda vår. Han gjorde krav på å ha klarsynt kjennskap slikt noko – og dessutan til fjerne, gåtefulle fortidskontinent som han kalla Atlantis, Lemuria, Hyperborea og så vidare. Mykje kjem fram om dei skjelettlause, mjuke, atlantiske forfedrane dine (?) i verket Cosmic Memory. Eg gir att:

Dei hadde ikkje logisk forstand, hevdar han, men dei kunne hugse godt, og betre enn folk i dag. Atlantane tenkte i bilde, og køyretøya deira leviterte [endå atlantane var utan forstand, utan reason. Forstå det den som kan. Vatnet på jorda var tynnare då enn no [Spør ein kjemikar om H2O-strukturane tillèt slikt].

Atlantane budde i ein slags hagar dei eigde i fellesskap. Plantar og dyr har endra seg sidan den tida [Verkeleg?]. Forfedrane til atlantane budde sør for Asia – og ifrå atlantane kom den ariske (aryan) rotrasen som skal fremme tenking. Hugseevna til atlantane fekk etter lang tid fram personlegdom og egoisme. Somme atlantar tok til å kalkulere og lytte til innvendige stemmer. [Det trudde og doserte Steiner, og:] Saman med evna til å tenke kom ei viss glede over fornyingar og endringar. [27] [Jf. også Steiner-boka Atlantis: The Fate of a Lost Land and Its Secret Knowledge [28]

Med få ord: på grunnlag av å hugse, kunne folk med tida ønske, tenke, gå heilt feil og øydelegge seg i mengdevis. Det gjorde dei fleste, seier han også. [29]

Det gjekk nedanom med den gamle greske gullalderen også, og samanlikninga stoppar ikkje med det.

Hyperborearane langt vekke

Ein finn stoff om hyperborearane i okkult litteratur, men aller først i greske soger og romerske attgivingar og oppsummeringar av dei. For å ta det siste først: Hos romerske Plinius den eldre ser det nesten ut til at hyperborearane kjem frå gode forhold nord for Svalbard – ei langliva, glad rase "nord for nordavindane", med dag i seks månadar og tilsvarande lang natt. Klimaet er behageleg lell, og folket bur i skogar og lundar. Desse folka døyr først når dei gjer ende på seg etter eit liv med mykje festing. Då hoppar dei i havet frå ein klippe der. Her står dette og mykje anna rør, som omfattar nokre fleire plasseringar av Hyperborea: [Plinius den eldres naturhistorie, bok 4;]

Stoff om hyperborearar i gamle greske forteljingar handlar også om folk som budde nord for nordavinden. Dei gamle grekarane trudde hyperborearane var eit gåverikt, genialt folk, fritt for sjukdom og alderdom, særleg elska av solguden Apollo, som levde hos dei om vinteren, og av den pene gudinna Artemis. Tradisjonen om hyperborearane var sterk på Delos og i Delfi. Etter kvart som grekarane lærde dei nordlege områda i Europa noko betre å kjenne, tenkte dei seg hyperborearane stadig lenger mot nord. Ein ser dei etter kvart kunne noko om midnattssola også, fortel Store Norske (s.v. "hyperboreer").

Gresk og norrønt tilfang: [Greske forteljingar] Apollonius Rhodius har med at dei er ein heilag rase. [Argonautica, kap. 4] Norrøne mytologi har også med restar av tilfang frå lenger sør i Europa: [Norrøne kjemper – noter]

Ein må ikkje absolutt tru det – ikkje alt hos Plinius, og ikkje kva som helst anna heller; det er hovudsaka.

Når teosofien og antroposofien snakkar om hyperborearane, gir dei det innbilte folket frå grekarane mykje nytt innhald og legg det fælande langt vekk i tid – frå verkelegheita også, kan vel tenkast. Rudolf Steiner fortel i Cosmic Memory at den første rotrasen var den "polariske", og den andre den "hyperboreiske" frå den tida då sola trekte seg ut av jordmassen og blei lysgivar, som han seier [!]. Det er ikkje slikt noko astrofysikarer fortel i dag, berre så det er sagt. Det blir rekna som klart gale at jorda blei til før sola.

Steiner held fram: Mennesket tok til å tenke over kva som verka inn på det utanfrå, og tok til å sjå i fargar – Før dette starta, hadde mennesket hatt berre eitt auge, eit kyklopauge, og menneska delte seg i to kjønn. Slikt fortel Steiner i Cosmic Memory, kap viii. [◦Lenke].

"Ein trur det ikkje før ein ser det . . ."

Mange vil truleg avvise vyar om gamle kulturar det ikkje finst restar av, som tull, men så viser det seg at dei ikkje alltid kan prove det godt – mellom anna fordi det ikkje kan finnast skjelett og beinrestar etter forfedrar heilt utan beingrind, og menneskerelatert arkeologi er så dårleg stelt utan leivningar. Det er dessutan eit slags figurativt, ryggradslaust element i å avvise blindt det som ein ikkje kan prove godt nok er feil. Å halde seg rak i sak skulle vere mykje betre og verdigare. Enten ein vil tru eller ikkje tru element av Steinerlæra, bør ein hugse på spørje rette vedkommande: "Kor er gode nok bevis?" Det er jo dei som set fram ein påstand som det krevst prov ifrå først og fremst. Mykje tull kan bli avverja om slike enkle vitskapsprinsipp blir innlemma og innarbeidde – i deg også, kan vel tenkast. Ver ikkje del av problemet, men heller del av forskinga som gir betre løysingar enn bombastiske, duperande utsegner og forsikringar "opp i lufta, ut i vêret". Og finn ein ikkje god nok grunn til å bli dupert truande-innbilsk-snobbete eller småtussete, får ein faktisk sleppe, som del av menneskerettane sine.

Læra: Jesus var det to av i tolv års tid, og Kristus var sola

Buddha skikka til Mars – Caramba!

To Jesus-ar på programmet

Det er verdt å merke seg at med "kristus" meiner Steiner sola som vesen. I boka Videnskaben om det skjulte fremstillet i omrids greier han ut om at slik han ser det, er det solvesenet, (solgud) som er "kristus", og at dette opphøgde vesenet ein gong blei menneske i form av eit heller tvilsamt sett med Jesus 1 og Jesus 2 [30].

Steiner opererte med to Jesus-ar fordi det er laga to ulike ættetavler for Jesus i ulike evangelium. Men Steiners to Jesus-ar harmonerer ikkje godt med Skrifta. Steiner utfyller: den eine Jesus-en voks opp i Nasaret og den andre i Betlehem, og eitt av desse barna kunne bli sett på som retardert og kanskje autistisk. Men Jesus-en med ættetavle i Matteus, skulle vere fremmeleg og for seg fordi han hadde i seg det utvikla eget til Zarathustra. Denne fremmelege Jesus-en døydde då han var tolv, heiter det i "Steiner-familien", og så flytta eget i dette vesenet inn i den Jesus-en som kanskje var retardert, og stod i samband med astralkroppen til Buddha, fortel Rudolf Steiner vidare.

Fleire detaljar: I From Jesus to Christ og The Spiritual Guidance of Mankind (kapittel 2 i begge) blir det fortalt at ein av Jesus-ane var Zarathusthra som kom att, heilt til Zarathusthra forlét han i tolvårsalderen og gjekk over i den andre jesuskroppen, og der heldt han seg til den Jesus-en blei tretti, hevdar Steiner. Buddha innverka på den andre Jesus-en med impulsar frå åndelege riker, slik at Jesus 2 var Gautama Buddha. Men då Jesus blei døypt av døyparen Johannes, forlét Zarathusthra og Buddha den døypte kroppen, og kristus-egoet overtok den tomme, døypte jesuskroppen – og Buddha blei utstasjonert på Mars. Det er slikt dei lærer i antroposofien. Kor sant dette outrerte røret vel kan vere? Finn det ut sjølv. I Buddhismen finst ikkje noko som helst stø for det, men derimot gamle tekstar som seier at Buddha forlét verda (samsara) for godt for om lag 2500 år sidan. Eg vil seie Steiner forkludrar Buddhismen (også). – Steiner seier dessutan at kvar og ein kunne utvikle åndeleg syn til å sjå at det fanst to Jesusbarn, og dessutan at det finst naturånder som alvar og gnomar omkring her i verda. Dei åndene vil gjerne hjelpe menneska som sendebod for høgare åndsvesen. [31, 32] [Jamfør]

For å forklare sprik i ættetavlene til evangelias Jesus held det nok med dei enklaste og best faktafunderte, sannsynlege løysingane. Sidan det finst ein vrimmel sjølvmotseiingar og anna rart i Bibelen, skulle ein heller seie, "det er mykje gale i Bibelen" heller enn å legge enda meir til det. Det meiner no eg.

"Kristus er sola", med meir

Rudolf Steiner fekk forståing av at Kristus var sola på vitjing i ein menneskekropp også. Sola har "slektningar" i vesena til planetane. Steiner seier somt om dei som kan minne om skoddesnakk, men altså – Steiner stod og stå for astrologi. Sin astrologi. Den ros skal han ha.

I tredje og fjerde førelesing i serien Human and Cosmic Thought snakkar han om ein indre, åndeleg astrologi, der ein skodar innetter til sjela heller enn utetter over kosmos. Dei tolv stjerneteikna finn sine indre førestillingar, og kvart av desse indre stjerneteikna har sine dominerande verdsutsyn. Slik er Vekta realist og Væren idealist, heiter det. [33]

Men dette er langt frå alt Steiner fortel. Han har spesialdatoar for når kvart stjerneteikn tar til, til dømes at Væren startar den 29. mars. I astrologien elles startar Væren ved vårjamdøgn. [34].

"Kristus" (sola) hos han, er også relatert til månen og dei planetane som var kjente i solsystemet før i tida – og altså stjerneteikna i eit større system. Her er indre stjerneteikn slik Rudolf Steiner sjølv teikna dei: [◦Meir]

Forholda mellom himmelkroppane og Steiner-postulerte utviklingsstadium for menneska og andre, er til dels vridne å fatte, iallfall for meg. Eg ser kva det står, men heng det på greip? Her er nokre døme; Steiner skriv:

Steiner Himmelkroppane si rørsle blir leidd av dei vesena som bur på dei. [35]

Sola skilde seg frå jorda [!]. Dette vesenet er solrikeherskaren. Saman med han [sola] drog dei opphøgde vesena som var modne til det ved den kosmiske utviklinga si, til den nye bustaden på sola. [36]

Jupiter og andre planetar løyste seg ut frå den felles verdssubstansen som frå starten av fanst i den fysiske jordorganismen. [37]

Det fanst [andre høge] vesen som nok hadde forlate jorda då sola skilde seg ut [!], men som likevel ikkje stod på den høgda at dei i lengda hadde kunna gjere solutviklinga med. Derfor delte dei av litt av sola for å få seg ein bustad; det var Venus . . . Saturn-, Jupiter- og Marsinnvigde måtte uttrykke seg meir i sinnbilde [enn Solinnvigde]; dei Sol-, Venus-, Merkur- og Vulkaninnvigde kunne uttrykke seg ved førestillingar. [38]

Innan astro-vitskapar tenker dei ikkje slik.

Røtene til ordet "kristus"

Om sola som Kristus og litt anna: Bibelhistorisk talt er "kristus" gresk omsetting av hebraiske "messias", som tyder "den oljedynka", fordi det var slik dei første Israel-kongane blei kåra, slike kongar som Herren åtvara kraftig og fåfengt imot, og som førte til samanbrot for Guds folk ifølge Bibelen [jf. 1 Samuel 8, ff]. Veldige vyar knytte til "kristus"-termen kom til etter kvart etter at Jesu blei lagt i grav og hendingane rundt og etter det. Hebrearbrevet gir døme på oppsvulma meiningar med ordet. Etter den tida finst det mange slags oppfatningar av kva som blir å legge i termen. Somt ser ut til å ha røter i gamle Egypt, f.eks. at Logos er Thoth (Djehuty) som er sann og rettvis i hjartet av heile verda, og den einaste Gud, osv. [39]

Steiner si meining om at Jesus og "kristus" ikkje er heilt det same i eitt og alt, minner eit grann om den danskfødde Rosekrossaren Max Heindel si, ved at også Heindel skil mellom Jesus og Kristus. Steiner dreiv som alt nemnt sin eigen Rosekrossar-losje. [Wikipedia, "Christ".]

Solsystemet av i dag, med eit gløtt inn i statsdriven tvangsbasert undervisning i det

Somt av det som Steiner sette fram om jorda og korleis solsystemet blei til, stemmer nok ikkje med dei vanlegaste vitskapsteoriane i vår tid, og blir ikkje støtta av astrofysiske, geologiske eller paleontologiske funn heller. Han gir uttrykk for at det ikkje er heilt lett å snakke om kva som fanst då menneska var utan fysiske kroppar og då sola og månen enno ikkje hadde skilt seg ut frå jorda – men astrofysikarar har ikkje slikt syn på korleis solsystemet blei til. I staden reknar dei med at sola og planetane blei til frå ei diger molekylsky som kollapsa for om lag 4,6 milliardar år sidan. Ein har rekna seg til at sola inneheld ca. 99.86 % av massen i heile solsystemet, og dominerer det blant anna med omsyn til gravitasjon. [40] [Wikipedia, "Solar system".]

For vår eigen del bør vi ikkje late att auga for at ulike klarsynte seier ulike ting om dei same fenomena, og at somt av det ein som Steiner seier, ikkje får støtte i harde data heller. Betyr så dette at alt Steiner har sagt og skrive er vas? Slett ikkje! For å avgjere alt, lyt vi sette oss skikkeleg inn i alt. Når det gjeld pedagogikken etter Steiner, for eksempel, så finst kjernar ifrå dei kosmologiske utviklingsvyane til han, kjernar som går att i hovudskipinga av undervisningsopplegget - og dessutan finst det gode vitnesbyrd om at Steinerpedagogikken kan gi betre elevutbytte på mange måtar enn offentlege, statsdrivne skolar, som kviler på tvang, når alt kjem til alt. Så kven er dum? Compulsory education, "pliktig utdanning", er i siste instans tvangsbasert utdanning, ofte statsdriven, temmande og vanleg. Kven og kva sine interessert tener slik utdanning mest av alt, og kven skulle ho tene meir? (Rasl i lenkene -)

Steiners kristendom

Steiners spesielle på-si-kristendom har blitt kalla kjetteri fordi han bryt med hevdvunne oppfatningar. Det heiter at fire prosent av dei samla verka hans handlar om kristensynet hans, men dei fire prosentane utgjer likevel femten band med bøker og føredrag. Steiner har altså vyar om Jesus som ikkje finn mykje støtte i gjengs bibelforsking. Han grunngir at det var to Jesus-ar med at ættetavlene hans er ulike i to evangelium. Steiner:

Steiner Ikkje eitt men to Jesusbarn blei fødde, eitt skulle vere i Salomolinja i slektstreet som blir kalla Davids hus [og] eit anna frå Natanlinja av Davids hus (Not one but two Jesus-children were born, one of them from the Solomon line of the House of David [and] another Jesus-child was born, from the Nathan line of the House of David). [41]

Det finst antroposofar som truande har overtatt Steiners doserte utsyn på Jesus og Kristus. Steiner sitt syn på Kristus skil seg monnaleg frå teosofilæra, frå gjengs kristendom, og frå gnostisk kristendom. Det skil seg altså ut ein del. Men så oppmuntrar også antroposofien hans til fri tenking og kunstnarleg uttrykk for kva ein eventuelt kjem fram til. [42]

Det finst altså andre forklaringar på ulike ættetavler i evangelia enn at det var to Jesus-ar. Den rette er at det er feil i den eine eller andre eller begge ætteopprekningane, sidan det også står at mor til Jesus blei gravid utanfor ekteskap med ein Guds engel, som gir ei anna farslinje og kunne eller skulle straffast med steining etter Lova - , og då ville ikkje nokon av ættelinjene stemt, og det ville ikkje vore snakk om ein eller to Jesusar som sa at Lova skulle gjelde (5 Mosebok 22: 20, 23, 24; Matteus 5:17-19; Lukas 1:26-35)

Ein skal ikkje lese for mykje inn i Bibelen. Forfalskinga versjonar finst. Det er godt kjent. Sjå kva som hende Judas, for eksempel. I ein versjon hengde han seg, i ein annan fall han frametter på eit jorde så alle innvolane taut ut. [Matteus 27:5 versus Apostelgjerningane 1:18]. Det ville vore eit mirakel – og unødvendig for hovudutfallet – om han gjekk av stad og hengde seg i tarmane sine etter det døyelege, stygge fallet . . . – Vel, sjå også alt som skil seg i dei fire evangelia frå då Jesus blei gravlagt. Aktørane er ikkje dei same, hendingane skil seg, rekkefølger, og så bortetter. — Kristendom har blitt godt utforska sidan Steiner, og mens Steiner tok evangelia som vitnesbyrd skrivne av augevitne-apostlar, har teologar lenge visst at slik er det no ikkje: Evangelia blei forma fleire tiår etter Jesu blei vekk, og samla frå ulike kjelder. [Meir].

Steiner hevda dessutan – på grunnlag av kravd klarsyn-innsyn i det som blir kalla ei usynleg bevisstheitskjelde kalla "akasha-krønika" (av Sanskrit akash(a), eter) – at eit skrift av den anonyme og sterkt neoplatoniske Areopagitten Psevdo-Dionysius frå rundt 500 stamma frå Paulus. Tekstane av Psevdo-Dionysius gir seg ut for å vere skrivne av den Dionysius som er nemnt i Apostelgjerningane 17,34. Neoplatonikaren Proclus (412-85), som det blir vist til i tekstane, har tydeleg påverka Psevdo-Dionysius sin fiksjonslitteratur, heiter det også. – I mellomalderen blei dei to Dionysius-ane blanda saman til ein. La oss dessutan seie det forsiktig: Sambandslinjene og -kanalane tilbake til apostelen Paulus som Steiner gjer eit stort nummer av, forsvann med forskinga -. Det høyrer kanskje også med å få fram at veldig få antroposofar etter Steiner har gjort krav på å vere i stand til å lese akasha-krønika i større omfang. [43] [Wikipedia, "Pseudo-Dionysius the Areopagite"]

Dette kan verke ille nok, men heldigvis hjelpte Steiner til med å forme eit trussamfunn der ein ikkje treng å tru – heller ikkje at Jesus var eit lam som ville vere sauegjetar og hønemor for sauar som ikkje ville ha han og at han fekk li fordi eit par geiter hadde blitt gløymt så fælt i lang tid – – det er det kanskje ikkje alle som hygger seg fullgodt med. Men at "den beste gjetaren er neppe lam frå livet og ned", kan vel få passere . . . [Mykje meir, med bibelreferansar.]

Kristensamfunnet var og er eit trussamfunn som Steiner rekna som uavhengig av antroposofien, og som han hjelpte fram som ei handsrekning til den protestantiske presten Friedrich Rittelmeyer. Folk skulle få tenke som dei ville der i trussamfunnet. Då blir det nesten – men ikkje heilt – som den hjelpande læra til Buddha.

✑ Vidare: Del 2

Innhald


Rudolf Steiner og Antroposofi, litteratur  

1. (a) Steiner, Rudolf. Reinkarnation og Karma fra den moderne naturvidenskaps standpunkt. Kristiania (Oslo): Vidarforlaget, 1924:22. = (s. 22)

(2) Kazlev, M. Alan. Rudolf Steiner: Steiner's Life and Teachings. 1999.
www.kheper.net/topics/Anthroposophy/Steiner.htm

2. Robbins, Michael D. Rudolf Steiner. 2005
www.makara.us/04mdr/01writing/03tg/bios/Steiner.htm

3. Steiner, Rudolf. From Elephants to Einstein, (GA 352). Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 1998. Partial view at Google Books, s. 164-73

4. Steiner, Rudolf. Nordens folk mellom øst og vest.. Oslo: Antropos, 1999, s. 53

5. Global Oneness. Rudolf Steiner – Steiner criticism.
www.experiencefestival.com/a/Rudolf_Steiner_-_Steiner_criticism/id/1869625

6. Ibid (same stad), og Global Oneness. Rudolf Steiner – A few aspects of Steiner's way of thinking.
www.experiencefestival.com/a/Rudolf_Steiner_-_A_few_aspects_of_Steiners_way_of_thinking/id/1869623

7. Smith, Eliot R., and Diane M. Mackie. Social Psychology. 2. utg. Hove: Psychology Press, 2000, s. 11

8. Waldorf Watch. Steiner's Blunders: The Fruit of Clairvoyance. – Tilrådd.
sites.google.com/site/waldorfwatch/steiners-blunders

9. Davidsen, Bjørn Are. "Uten sans for sannhet? Rudolf Steiner og sansefri forskning". Skepsis. 22 februar 2009. skepsis.no/?p=678

10. Simpos. Anthroposophy, Rudolf Steiner, Waldorf schools; and their critics. "Dutch Anthroposophists lose court case."
www.stelling.nl/simpos/anthroposophy.htm#groene

11. (a) Rudolf Steiner. From Elephants to Einstein, s. 44, 45, 46 , (GA 352). London: Rudolf Steiner Press, 2001. Book review online
www.doyletics.com/arj/fetervw.htm

(b) Steiner, Rudolf. Nutrition and Health: Two Lectures to Workmen, Lecture 2 of 1924. (GA 354). Fremont, MI: Rudolf Steiner Archive. Online.

12. Rudolf Steiner The Mission of Folk-Souls, Lecture 7. (GA0121, 1910). Fremont, MI: Rudolf Steiner Archive. Online.

13. Rudolf Steiner Archive. Foundations at the Periphery: Rudolf Steiner's Observations on Star Knowledge., under "21 mars 1913". Fremont, MI: Rudolf Steiner Archive. Online.

14. Steiner, Rudolf. Health and Illness: Lectures to the Workmen. New ed. Herndon, VA: Steiner Books, 1983:86.

15. Steiner, Rudolf. Food, Health, and Spiritual Development.. Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 2008:63-64, passim.

16. Steiner, Rudolf. Christianity As Mystical Fact. Introduction: Rudolf Steiner – A Biographical Sketch. Fremont, MI: Rudolf Steiner Archive. Online. 16. Steiner, Rudolf. From Elephants to Einstein, s. 44, 45, 46 , (GA 352). Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 2001. Online at Rudolf Steiner Archive.

17. Global Oneness. Anthroposophy – Description.
www.experiencefestival.com/a/Anthroposophy_-_Description/id/4796984

18. Rudolf Steiner. Kjernepunkterne i det Sociale Spørsmaal fremstillet ut fra nutidens og fremtidens livskrav. Kristiania: Forlaget Vidar, 1920. Seinare: Kjernepunktene i det sosiale spørsmål: Livsnødvendigheter i nåtid og fremtid: Fritt selvforvaltende åndsliv, demokratisk rettsstatssystem, assosiativt selvstyrende næringsliv. Bergen: Forlaget De tre funksjoner, 1969. ◦Dansk omsetting ligg på nettet.

19. Steiner, Rudolf. Cosmic Memory. New York: Harper and Row, 1981. Online at Rudolf Steiner Archive.
wn.rsarchive.org/Books/GA011/CM/GA011_index.html

20. Global Oneness. Rudolf Steiner – Steiner criticism.
www.experiencefestival.com/a/Rudolf_Steiner_-_Steiner_criticism/id/1869625

21. Global Oneness. Anthroposophy – Critiques of Anthroposophy.
www.experiencefestival.com/a/Anthroposophy_-_Critiques_of_Anthroposophy/id/4796991

22. Seiling, Max, with an Afterword by Rudolf Steiner. Theosophy and Christianity: A signpost for those who desire information concerning Theosophy. Chicago: Rand McNally, 1913:54, 64-65.

23. (a) Ansvang, Erik. Rudolf Steiner. Visdomsnettet.
www.visdomsnettet.dk/a-152-10/

24. (a) Rudolf Steiner. Aandsvidenskap i omrids. Kristiania: Kølbelske (i kommisjon), 1916: 101 ff.

(b) Rudolf Steiner. Videnskaben om det skjulte, fremstillet i omrids. Oslo: Vidar-forlaget, 1930:89 ff.

(c) Kazlev. M. Alan. Angelology. Kepher. 1998.
www.kheper.net/topics/Anthroposophy/Steiner-angelology.htm

(d) Jørgensen, Erling M. Jørgensens lille kunstordbok. Oslo: Forsythia forlag, 1999:30.

25. Jf. Steiner, Rudolf. "Freemasonry" and Ritual Work: The Misraim Service. GA 265. Herndon, VA: Steiner Books, 2007.

26. Steiner, Rudolf. Cosmic Memory: Prehistory of Earth and Man. New York: The Rudolf Steiner Publications, 1959. Preface, ff. Limited preview at Google Books, and complete online version at Rudolf Steiner Archive.

27. Op cit (det siterte verket ovanfor), kapittel iii.

28. Steiner, Rudolf Atlantis: The Fate of a Lost Land and Its Secret Knowledge. Comp. Andrew Welburn. Forest Row, East Sussex: Sophia Books / Rudolf Steiner Press, 2001.

29. Cosmic Memory, kap iii.

30. (a) Steiner, Rudolf. Videnskaben om det skjulte fremstillet i omrids. Oslo: Vidar-forlaget, 1930, s. 185;

(b) Steiner, Rudolf. From Jesus to Christ. Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 1973. Online at Rudolf Steiner Archive.

31. Esmann, Jan. Rudolf Steiner og Buddhas mission på mars. 1995-2009.
www.janesmann.com/Articles/Steiner.html

32. Steiner, Rudolf. Nature Spirits: Selected Lectures. Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 2003.

33. Steiner, Rudolf. Human and Cosmic Thought.. (GA 151) Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 1961. Online at Google Books (partial view), and Rudolf Steiner Archive
wn.rsarchive.org/Lectures/GA151/English/RSP1991/HCT991_index.html

34. (a) Bobbette, R. S. W. Rudolf Steiner's Identification of the Zodiac. Fremont, MI: Rudolf Steiner Archive, 1997. Online.
wn.rsarchive.org/RelArtic/BobbetteRSW/steiner2_005.html

(b) Rudolf Steiner. Astronomy and Astrology: Finding a Relationship to the Cosmos. Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 2009:2-12. Partial view at Google Books.

35. Steiner, Rudolf. Åndsvitenskap i omriss. Kristiania: Kølbelske Forlag, 1916:168. (i kommisjon).

36. Op cit, p. 171.

37. Op cit, p. 172.

38. Op cit, p. 196.

39. G. R. S. Mead. Thrice-Greatest Hermes: Studies in Hellenistic Theosophy and Gnosis, Vol 1, Prolegomena.. London: The Theosophical Publishing Society, 1906, kap iii.
www.sacred-texts.com/gno/th1/index.htm

40. Jf. Åndsvitenskap i omriss. og Human and Cosmic Thought

41. Steiner, Rudolf. From Jesus to Christ., føredrag VIII (GA 131, 1911). Forest Row, E. Sussex: Rudolf Steiner Press, 1973. Online at Rudolf Steiner Archive.

42. Global Oneness. Anthroposophy – Description.
www.experiencefestival.com/a/Anthroposophy_-_Description/id/4796984

42. Kazlev, M. Alan. Rudolf Steiner: Steiner's Life and Teachings. 1999.
www.kheper.net/topics/Anthroposophy/Steiner.htm

43. Steiner, Rudolf. Materialism and the Task of Anthroposophy, 15. føredrag. Fremont, MI: Rudolf Steiner Archive, 1997. Online.

Rudolf Steiner, Steinerskole, biodynamisk dyrking og antroposofi, opp Seksjon Sett Neste

Rudolf Steiner, Steinerskole, biodynamisk dyrking og antroposofi BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]