Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sveits  ❀ 2
Seksjon › 45 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Det tørste treet

Det ein gong stod ein nøttetre like ved innsjøen i Merligen. Det bøygde seg så langt ut over vatnet at folk meinte det tørsta. Så ville dei hjelpe treet å få seg vatn; dei ville trekke ei stor grein nedi vatnet. Sorenskrivaren klatra opp i treet, greip den øvste greina, og bad ein annan borgar om å gripe tak i beina hans. Det blei gjort. Ein tredje kom til og klamra seg til den andre, slik heldt det fram til det hang ei kjede av menn like ned til kanten av innsjøen.

Den nedste mannen i kjeda ropte no: "Er de klare? Skal vi trekke?"

"Nei!" ropte sorenskrivaren. "Vent ein augeblink! Eg skal spytte i nevane for å få betre grep."

Dermed sleppte han greina så heile kjeda av folk fall i vatnet med store plask.

[Attgiving]

Swiss chalet
Sveitserhytte

Seelisberg-osten

Seelisberg nokså midt i Sveits er vidgjeten for vakker natur og rike beite. Her budde ein gong ein gjetarbonde som hadde blitt vennar med dvergane i fjella og ofte fekk hjelp av dei. Til takk for alt dei gjorde for han, gav han dei rikeleg av alt han hadde. Når han blei kalla frå staden i ærend som kom brått på, lét han dei ha ansvaret for huset sitt og bølingen.

Bergdvergane kunne han støtt lite på, berre det ikkje bles fønvind [1]. Men når denne kraftige, varme vinden bles over isbreane, kraup dvergane langt nedi berget, og kom ikkje opp att før den vinden hadde stilna. Slik var dei.

Ein gong gjetarbonden var på hi sida av innsjøen Seeli der i trakta, kom det med eitt slik kraftig fønvind at han ikkje kunne ta seg over innsjøen for bølgene og vinden imot. Men etter fire dagar spakna vinden og bølgene la seg såpass at han kunne vende heim. I heile denne tida hadde dvergane vore djupt nedi berget, så dyra hans hadde gått utan mat og stell. Då han kom att og gjekk i fjøset, var nesten alle daude av svolt og tørst. Han reiv seg fortvilt i håret. "Å nei! Stakkars dyr! Men kva skal eg gjere no?"

Han roa seg etter kvart, og då tilbaud dei små vennane hans å lære han å lage ost av søtmjølk. Slik kunne han bruke mykje mjølk som han elles ikkje kunne bruke til noko om mjølka ikkje tjukna tidsnok til å bli surmjølk.

Gjetarbonden sa: "Dersom det går å lage ost av fersk mjølk, kan eg komme på fote att og sleppe å miste garden eg overtok etter mor og far."

Dvergane bad han då slakte den gamle geita han hadde, og synte korleis han kunne få mjølka til å tjukne og oste seg ved å bruke geitemagen som osteløype. [2], og lærte han å lage den framifrå osten som Seelisberg er kjend for den dag i dag. Gjetarbonden kom fort til velstand att; han fekk seg fine beitemarker og ei mengde kyr. Etterkommarane hans bruker framleis osteoppskrifta som dei små vennane gav han. [3]

[Frå Guerber, s. 226-28]

Ord

  1. føn: ein tørr, varm sønnavind som stundom kjem farande ned langs lesidene av fjell; i dette tilfellet nedetter nordlege Alpeskråningar.
  2. løype (m): enzym som får mjølk til å tjukne, og som særleg finst i løypemagen hos unge jortarar - dvs. i den fjerde og bakarste magen deira. Den tjukna, syrna mjølka blir brukt til å lage ost av.
  3. Seelisberg-ost, Seelisberger käse: prisvinnande sveitsisk ost.

Innhald


Sveitsiske eventyr og segner, litteratur  

Kjelder: [Bøker]

Sveitsiske eventyr og segner, opp Seksjon Sett Neste

Sveitsiske eventyr og segner BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]