Sveitsiske ordspråkNår du ser ein sveitsisk bankmann springe ut av vindauget, så følg han. Det er sikre pengar å tene. [Voltaire] Grüezi (velkommen). Sitatet av Voltaire er ikkje anna enn humor, vel . . . Sveitsiske ordspråk er ordspråk samla i Sveits. Det er fire offisielle språk i Sveits, mellom anna sveitsisk standardtysk, som er ein variant av høgtysk. Knapt sytti prosent av folket skriv slik tysk. Sveitsisk standardtysk ligg langt frå talemåla i området. Folk snakkar jamt dialekter, og dei blir kalla sveitsertysk med eit samnamn. Sveitsertysk har inga offisiell, skriftleg utforming, men ordbøker finst. Her er 19 sveitsiske ordspråk. Dei står på nynorsk og sveitsisk standardtysk for det meste. Boktilvisingar står nedst på sida.
Er ein ikkje som anna folk, går det ein ikkje som anna folk. Wenn man nicht ist wie andere Leute, dann geht es einem nicht wie anderen Leuten. Bygg vel i stein om du ikkje vil li over skavankar ved huset seinare.* [Oppskrift.] Willst du den Bau dereinst nicht beweinen, dann baue nur ja mit eigenen Steinen. Ekteskapet liknar eit dueslag i det at dei som er inni, gjerne vil ut att. Das Heiraten gleicht einem Taubenhaus: Die drinnen sind, möchten wieder heraus. Den som ikkje kan fatte spøk, skal la vere å vitje folk. Wer Spaß nicht kann verstehn, der soll nicht zu Leuten gehn. Kva nytte er det i ei pen høne når ho ikkje legg egg? Was nützt ein schönes Huhn, wenn es keine Eier legt? Lykka står i vegen; den eine grip ho, og den andre går forbi ho. Das Glück steht am Wege; der eine nimmt es, und der andere geht daran vorbei. Få vil ta hand om om salen når festen er over.* ["Ingen vil bry seg om festsalen . . ."] Wann das Fest vorbei ist, so will niemand den Saal kehren. Skjørt og bukse dekker mange manglar. [Også mogeleg: "Jakke og bukse . . ." osv.] Rock und Hose verdecken manche Mängel. Mykje ved er liten rikdom; ingen ved er stor armod. Viel Holz ist kleiner Reichtum, kein Holz ist große Armut. Ein bonde og ein prest veit meir enn ein bonde aleine. Ein Bauer und ein Pfarrer wißen mehr als ein Bauer allein. Ei jente som lukar bed, er betre enn ei som bed. Ein Mädchen, das jätet, ist beßer als eins, das betet. Ei kone er ingen stadar vakrare enn heime. Eine Frau ist nirgends hübscher als im Hause. Ei kone utan barn er som ei ku utan bjølle. Eine Frau ohne Kind ist wie eine Kuh ohne Glocke. I senga sparer ein ikkje på noko som på skorne. Im Bett spart man nichts als die Schuhe. I ei trong seng er det godt å legge seg langs midten. In einem engen Bett ist's gut, sich in die Mitte zu legen. Småbier stikker òg. Kleine Bienen stechen auch. Ekte kjærleik held seg still; uekte kjærleik snakkar mykje. Wahre Liebe hält sich still, falsche Liebe redet viel.
Det geitebukken veit av seg sjølv, meiner han også gjeld for hogeita. Når oksen ber krona, har kalvane verdigheit. Wenn der Stier die Krone trägt, haben die Kälber Würde. Det er nok. (Sveitsertysk: S'isch gnueg) Es ist genug. |
Guggenbühl, Adolf. Schweizerdeutsche Sprichwörter. Zürich: Schweizer Spiegel, 1950. ⍽▢⍽ Her er 34 sider med sveitsiske ordtak på sveitsartysk utan omsettingar og ordforklaringar. I alt er noko rundt 200 ordtak eller vel så det i boka. Portmann, Paul Ferdinand. Ohni Wii und Brot isch d' Liebi tot: Schweizerdeutsche Sprichworter. Frauenfeld: Verlag Huber, 1999. ⍽▢⍽ Det er laust rekna 17-1800 ordtak på sveitsartysk i samlinga. Ho presenterast som eit standardverk i sitt slag. Ordtaka er ordna etter tema, men står utan ordforklaringar og omsettingar av ord som kjem frå frå mange dialekter. Skulle det ikkje vore høgtysk omsetting til? - Utgåva frå 1983 har tittelen: Di Letschti Chue Tuet's Törli Zue: Schweizerdeutsche Sprichworter. Dei to bøkene har heilt det same innhaldet mellom permane og dei same sidetala, så det er tale om same boka i to utgivingar på same forlag, og ikkje to ulike samlingar. Det einaste som skil seg forutan tittelen, er teksten på bokomslaga; han er kortare i 1999-utgåva. Dessutan har sytten ords omtale av forfattaren komme til. Så veit ein dét. Sutermeister, Otto. Die Schweizerischen Sprichwörter der Gegenwart in ausgewählter Sammlung. Aarau: I. I. Christen, 1869. ⍽▢⍽ Sveitsiske ordtak samla av folkloristen Otto Sutermeister (1832–1901), professor ved universitetet i Bern. Sutermeister samla og redigerte ei mengde sveitsiske eventyr og fablar også. Sutermeister, Otto. Schweizerische Haussprüche. Zürich: Höhr, 1860. ⍽▢⍽ Ei samling motto (slagord, valspråk, parolar). Nokre er som ordtak og blir brukt slik. Ordbøker og liknande◦Schweizerische Idiotikon. ⍽▢⍽ Søkeside: [◦Lenke] Netthjelp til å skjøne mange slags sveitsartyske ord. Bickel, Hans, und Christoph Landolt. Duden Schweizerhochdeutsch: Wörterbuch der Standardsprache in der deutschen Schweiz. Zürich: Dudenverlag, 2012. ⍽▢⍽ Ordbok der rundt tre tusen sveitserhøgtyske ord er omsett til vanleg tysk. Eycken, Fritz. Wörterbuch Schweizerdeutch – Deutsch: Anleiting zur Überwindung on Kommunikationsspannen. 17. Auflage. Leipzig: Haffmans Verlag bei Zweitausendeins, 2012. ⍽▢⍽ Ordboksdelen dekker 750 ord eller så. Det kan fort bli for lite. Stauffacher, Verena. Langenscheidt Liliput Schweizerdeutsch. Berlin: Langenscheidt, 2011. ⍽▢⍽ Rundt fem tusen sveitsartyske ord (dialektord, meir eller mindre) blir forklart på gjengs tysk.
Klammer, symbol, stjerner, teikn og meir blir forklart: (1) Teiknforklaringar; (2) Klok fôr-handtering.
|
Seksjon | Sett |
Brukargaid ᴥ User's Guide ᴥ Disclaimer © 2013–2018, Tormod Kinnes, MPhil [Email] |