Norsk del, Gullvekta
Ordspråk etter Peder Syv
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Innleiing

Først

Språkmannen Peder Syv (1631–1702) samla ordtak frå mange kjelder og gav dei ut i ei tid då dansk enno ikkje var normalisert. I den storarta samlinga han gav ut, står ordspråk, talemåtar og anna frå eldre danske og andre europeiske kjelder, handskrivne og trykte, ordna etter emne. Seinare danske ordspråksamlingar stør seg i stor grad på Peder Syv.

Her i verket verket er eit alfabetisk ordna utval på rundt 1600 ordtak, Dei er frå "Syv-dansk" som er jenka til, altså på ganske-dansk om ein vil - av di somt er utanfor dagens danske rettskriving, men venteleg forståeleg i samanhengen for det aller meste.

Ordtaka er også gitt att på nynorsk. Alternativ til mange av freistnadane på omsettingar og attgivingar finst fleire stadar.

Døme på Peder Syvs dansk

Naar løgn gavner, da skader sandhed.

Det er ondt at stampe mod brodden.

Man kand lukke for en tyv,
men ikke for en løgner.

Ny syger, ny lægedomme.

Hvad hjelper det, naar hovedet er af,
at mand beholder huden.

Bedre at leve armelig og ærlig,
end uretferdig og herlig.

Intet ædlere end tiden,
og intet agtes ringere.

Ingen maa dræbe sig arv til.

Sax giør barnet blindt og kniiv eenøjet.

Vær heller eene, end i selskab med en daare.

Dernest

Eit slags dansk. Her i boka er altså unormert, eldre Syv-dansk gjort meir forståeleg ved at ei mengde gamle ord er gitt nyare former - men ikkje alle. Fleire som vel er skjønelege likevel, har fått stå. Normert, moderne dansk rettskriving har fleire av orda annleis. Det skulle ein bli gjort merksam på, og no er det gjort igjen. Her i ordtaksamlinga er altså meir eller mindre uskjønelege eller lite skjønelege gamle ord bytt ut med gjeldande danske. Slik er det gjort fleire stadar for å gjere vegen fram til meiningar litt lettare og meir endefram. Kva einskilde ord tyder, kan ein finne i gode danske ordbøker. Prøv gjerne desse:

  1. ◦Den Danske Ordbog.
  2. ◦Ordbog over det danske Sprog frå 1700 til 1950. Rikhaldig, historisk.
Fleire av Syv-ordtaka har elles forskjellige, til dels sprikande utformingar på notidig dansk.

Ordtak frå ei omtykt kjelde. Samlinga til Peder Syv ligg i botnen av ei mengde skandinaviske ordtak, også svenske og norske. Rett mange av ordspråka er i bruk enno, i ei eller anna form.

Dei to utgivingane til Syv, Aldmindelige Danske Ord-Sproge og korte Lærdomme (band 1 og 2 frå 1682 og 1688) er blant hovudverka i dansk litteratur. I verka står ordspråk, talemåtar og anna frå eldre danske og andre europeiske kjelder, handskrivne og trykte, og er ordna etter emne.

Utvalet. Det som er komme med her i utvalet, er "ekte" ordtak, det vil seie ordtak forma som sjølvstendige setningar.

Dei aller fleste av ordtaka her er gitt og gitt att ut frå "face value", utan forklaringar, utdjupingar og kommentarar. Det står dermed nesten ikkje kulturhistorisk og folkloristisk tilfang her, og heller ikkje rimvers frå dansk litteratur, som Syv har med også, og nesten ikkje ordtaksfragment og frasar, som verket til Syv er rikeleg forsynt med. Det er heller ikkje med parallellar på andre språk her.

Men somme ordtak forklarer Syv bakom ei "lita artigheit", nemleg forklaringsteiknet, ɔ:. Det var meir brukt før slutten av 1900-talet. No tillet gode operativsystem teiknet, som tyder "det er", forkorta til "d.e." Forklaringsteiknet blir tidvis brukt på norsk, men er meir sjeldan utanfor Noreg. Eg tenkjer "d.e." får duge her. [WP, sv. "Forklaringstegnet"] Fleire gjengse ordtak som finst hos Peder Syv, har eg hoppa bukk over. Dei er ikkje med. Fokuset har vore å gi att rimeleg kloke og kanskje lite kjende ordtak hos Syv.

Ei sikrare forståing av mange av dei nedarva ordtaka som er med i utvalet, gir gode kommentarar, opplysningar om historia til einskilde ordtak, eller opphavssituasjonane som fødte somme av dei.

Opplegget. I utvalet er rekkefølga av orda og oppbygginga av setningar, stort sett som hos Syv. Skrivemåten av fleire av dei gamle orda har eg freista å rette til notids-dansk. Andre har eg late stå, og sett til ordforklaringar og ei og anna utdjuping. Nynorske omsettingar og tillempingar blandar seg. Det er meiningar som bør gå fram, om enn noko laust i somme høve.

Mange ordtak har rim og rytme. Somtid kan slikt komme med i omsetting. Men form-grep er underordna meiningsframberingar i dette. Mange ordtakfinesser, med elegante, finurlege eller omsnudde rekkefølger av ord, verkar bra på gammalt dansk, men lar seg berre vanskeleg omsette. Til den som vil bruke tid på det: Ver så god! Prøv gjerne!

Innhald og form - to sider ved det same

Ordtak er ofte fiffige, men det er gjerne innhaldet som tel mest. Berre form utan mykje meiningsinnhald sjaltar mang ein lett ut. Mykje meining som ikkje er velforma, sjaltar mang ein også ut . . . Det gjeld nok å finne ein farbar veg som kombinerer berande innhald med gild form.

Ordtakstilar rommar fleire retorikk-grep. La oss utdjupe noko av forholdet mellom form og innhald ved hjelp av eit ordtak frå samlinga:

Han får Noget der gryden rører
Men han får inthet der Plougen kiører.

Blant ganske vanlege stilistiske grep i danske ordtak finn ein så som enderim, bokstavrim (alliterasjonar), hyperbolar (overdrivingar), spissformuleringar, kontrasteringar og andre jamføringar. I dømet finst fleira av desse, for eksempel kontrasteringa "får noget" i forhold til "får intet".

I ordtaket ovanfor er den litt tildekte meininga at kokken får seg vel noko å ete, men bonden er det verre med: "Han får intet der plogen kjører" siktar til den usle stillinga og dei usle forholda til bonden i gamle dagars Danmark (Mau 1879). Og gamle ordkunstar - som omfattar metrikk, haltande metrikk, og retoriske grep som at ein trekker fram ein av mange, og bruker den framhala til å seie noko om dei mange, til dømes når forma bonden eigentleg viser til bønder).

Det skal gjerne vere snert i gammal ordkunst. Overdrivingar er del i gamet. Dei får ein gjennomskode etter evne. [Meir]

Vittige vendingar, kan hende beiske realitetar attom. Diktekunst-grep og retorikk til sides, eit ordtak har innhald og form. Forma gjer kanskje halve ordtaket, men det er helst innhaldet - meiningar ein kan lese ut frå det eller inn i det - som det kan vere gagn i vidare langs livsvegen, om berre meininga er livsklok, stemmer godt med forholda, lar seg fatte, og er formgitt med eit røynd spinn å bli opplagt av. Eller muntrar. Eller hjelper samtalar. Bruken avgjer gjerne slikt.

I dei norske tillempingane er fokuset å få med hovudmeiningar (i fleire tilfelle er det fleirval; det kjem an på kva for meiningar av fleirtydingsord ein kjem fram til. Så lyt ein avvege og velje. Av og til gir det vittige vendingar som ikkje var meint i originalen, ganske som når ein bruker maskinomsettingsprogram. Eit nytt døme:

Barnet skal krybe til det lærer at gange.
Barnet skal krype før det lærer multiplikasjonstabellen.

Gange i gammalt dansk tyder gå. Så "Barnet får krype til det lærer å gå", står det. Det er ikkje på sida av originalen. Mangle slags dugleikar kjem med vekst-korrelert modning, når ein er gjort klar (ready) for det nye attåt noko ein meistrar allereie.

Ein kan fatte harde lærdommar i andre ordtak også, utanom at det har vore hardt å vere arm, dansk bonde, om enn ikkje hundsa fullt så grotesk som Jeppe på Bjerget, ein figur forma av norsk-danske Ludvig Holberg (1684-1754).

Syv-samlinga under eitt

Alt som står i Syv-samlinga er ikkje like nyttig lærdom - så eg har lagt vinn på å plukke fram dei beste - eller gode - blant tja-stoff som det trøystande eller kanonføde-motiverande "Han dør ikke, som dør for fædernelandet". Jo, han dør, og kanskje ikkje så klokt eingong.

Syv-samlinga. Samlinga til Peder Syv (1631–1702) er brokete og vidkjend. Utvalet her er tatt frå heile samlinga, Aldmindelige Danske Ord-Sproge og korte Lærdomme. Samlinga er i to band - eitt frå 1682 og eitt frå 1688.

Det kan vere godt og vel 11 000 ordspråk på dansk i samlinga, men det er ikkje enkelt å seie nøyaktig kor mange som er ekte danske, og av fleire grunnar:

  1. Peder Syv omsette ordspråk til dansk frå andre språk.
  2. Same ordspråket dukkar opp under ulike emneord.
  3. Ordspråka er samla i klasar under emneorda, og ikkje nummererte eitt for eitt.
  4. Det Syv kallar ordspråk, er ei mangslungen gruppe ytringar:
    1. Rettelege ordspråk, som er sjølvstendige setningar.
    2. Sitat.
    3. Slagord, maksimar, læresætningar, reglar frå dogmatikk, etikk, jus, legevitskap og vidare, og "erfaringssætninger". Med i gruppa er også omskrivne ordspråk eller utgreiingar av dei og av maksimar, og dessutan vers med moraliserande og rettleiande innhald.
    4. Talemåtar. Dei er ikkje så sjølvstendige i forma som rettelege ordspråk, ikkje så allmenngyldige, og er innordna i ein samanheng.
    5. Skjemtesprog, som er vittige seiemåtar.
    6. Frasar, også kalla faste vendingar og talemåtar. Dei går inn i setningar som "kjende vriar", som større eller mindre delar av setningar. Å "skjere alle over ein kam" er ein frase.
    7. Korte ordsamband og enkeltord.

Kjelder og skrivemåtar av eldre dansk og nodansk

Syv-samlinga er eit verdifullt tiltak, og heilt utan språkleg normalisering. Syv nytta dei aller fleste trykte samlinga frå Peder Låle og fram til rundt år 1680. "Han har i reglen udskrevet ordsprogene i den form hvori de fandtes, uden forsøg på normalisering, hvorfor Syvs samling sprogligt gør et meget uensartet indtryk", fortel Aage Hansen [1944:xvi]

Syv-språket skil seg i somt frå moderne dansk. Her i utvalet har eldre, danske skrivemåtar blitt litt normalisert ved at lange vokalar i eldre dansk her blir skrivne med berre éin vokal, og ikkje to. Såleis er aa blitt å etter ny dansk normal, så til dømes laane blei til låne. Og ee - stavefeil på nodansk etter ◦rettskrivingsreforma i 1948 - har blitt e; øø har blitt ø, osv.

Dansk rettskriving som gjeld. I same reforma blei det innført at substantiv som er samnamn, skal ha små forbokstavar - Ikkje Huus, men hus - og det blei slutt med "kunde, vilde, skulde". Og stum d i visse ord, som vadske og pronomenet hand, hadde falle vekk alt i 1869, så ein fekk vaske og han, osv. [◦Noko attåt]

Danskane fekk den såkalla Retskrivningsloven i 1997 for heile det offentlege Danmark - så no er det til dømes feil å skrive dobbel e i danske skolar - een er feil, mens en er rett. Ved dei grepa som danske styremakter steg for steg har fått til, har danskane nådd fram til meir "◦ordnede forhold" i skriftvegen enn før.

Ikkje alle danske endringar er fanga inn av "ein kortar inn blant doble vokalar og fjernar store forbokstavar i samnamn og stumme d-ar i fleng", men mange. Sjølv om noko av dansken her er litt modernisert, har det ikkje vore tenleg å gå mykje inn i slikt i høvet. Det som er gjort, er for å gjere eldre dansk enklare å ta inn - ikkje anna. Ein får heller sjekke skrivemåten av ord i veleigna ordbøker for å halde orden på det. To danske ordbøker som nok kan komme godt med er:

  1. ◦Den Danske Ordbog over samtidsdansk. Grundig og god.
  2. ◦Ordbog over det danske Sprog frå 1700 til 1950. Ei rikhaldig, historisk ordbok som også har med mange skriveformer som ikkje lenger er i bruk på dansk.

- Tormod Kinnes

Innhald


Peder Syv ordspråk, ordsprog, ordtak ved Peder Syv, litteratur  

Det finst gamle og nyare utgåver, og dessutan nokre nyare utval av ordspråksverket. Den første boka som er lista opp nedanfor, er fullstendig. Berre bitte lite grann i ho står med gotisk skrift.

Hansen, Aage, red. Peder Syvs danske ordsprog. København: Det Danske Sprog- og Litteraturselskab / Munksgaard, 1944. ⍽▢⍽ Heile ordspråksamlinga til Peder Syv er med, rundt 11 300 nummerte ordspråk, eller 15 000 ordspråk (Den Store Danske, s.v. "Peder Syv"), eller 15 474 nummererte (Kjær og Sørensen, 1988:418). Ein finn andre estimat også. Noko kjem an på kva ein vil rekne som ordspråk (ovanfor). Syv gav ut verket i to band, i 1682 og 1688, med tittelen Almindelige danske Ordsprog . Mange danske ordspråk "avla på dansk grunn" står i samlinga. Ho er litt tung å handtere, men i samtida si var ho likande. Då var det andre forhold.
    Rettelege ordspråk er berre éin del av fleire i Syv-verket, for i tillegg til det vi i dag kallar ordspråk, har han med sitat, slagord, læresetningar, maksimar, røynslesetningar, talemåtar, skjemtespråk, folkevisebrokkar, reglar, fraser og enda kortare uttrykk, endatil enkeltord (s. ix-x).
    Ordspråk frå Peder Laale si eldre, danske samling er med hos Syv, og tilfang frå andre, gamle danske verk. Det er i stor grad også med innlånte ordspråk frå latin. Mykje tilfang er dessutan tatt inn frå tysk, eit språkområde der interessa for ordspråk var særleg stor; ei samling frå Holland; ei oldfransk osv. Interessa for ordspråk i den tida hang saman med kveiken frå humanismen frå før 1500-talet, den gryande opplysningstida og mellomkulturelle samanhengar i Syv si tid, viser Hansen (1894-1983) i innleiinga (s. xii-xvi).

Mau, Edvard, saml. Dansk Ordsprogs-Skat, eller Ordsprog, Skjæmtesprog, Rimsprog, Munheld, Talemåder, Tankesprog, samt et lille Udvalg af Bibelsteder: efter trykte og utrykte Kilder samlede og ordnede, tillige med nogle Varianter, Oplysninger og Henvisninger. Band 1 og 2. København: E. C. Gad, 1879. ⍽▢⍽ Mau si samling har mykje å by på. Ho femner over 12 161 nummererte ordtak som er ordna til etter tema-ord i dei. "Døden er ofte i sukkermad", er nr. 1557, til dømes. Får ein i seg meir sukker enn leveren kan handtere daglig, går det slag i slag fram til ein vil over til så som stevia rebaudiana av gode grunner [Litt til]. — For 6950 av ordtaka finn ein ei stutt forklaring, kanskje i form av stikkord, kanskje litt lenger. I tillegg er det ei nyttig ordliste bak, for den interesserte. Mau-samlinga kviler mykje på Syv si, så her er det hjelp å få for den som vil skjøne Syv også.

Syv, Peder. Danske Ordsproge I. Bd 7:1 i serien Danmarks gamle ordsprog. København: Iver Kjær og John Kousgård Sørensen / Reitzel 1983.

Syv, Peder. Danske Ordsproge II. Bd 7:2 i serien Danmarks gamle ordsprog. København: Iver Kjær og John Kousgård Sørensen og Det danske sprog- og litteraturselskap / Reitzel 1988. ⍽▢⍽ Desse to banda er med i serien "Danmarks gamle ordsprog". Verket er gitt ut seinare enn Aage Hansens bok, men ordspråkskrifta er gotisk. Det er ikkje Hansens. Hovudskilnaden med omsyn til innhald er at i dei to nyaste bøkene har redaktørane nummerert ordtaka i større grad enn Syv og Hansen har gjort. Syv ordna mange av dei i grupper, "klynger" og nummererte ikkje alle ordtaka i ordklyngene (1983:vii).
    For den som ikkje vil gi seg i kast med ordspråk med gotisk skrift, er ikkje 1983- og 1988-utgåvene av band 1 og 2 midt i blinken. Men 1988-bandet har også med 62 sider med nyttige utgreiingar (som ikkje er med gotisk skrift): Først kjem ein gjennomgang av Peder Syv og arbeidet hans, så ei brei orientering om tilfanget i ordspråksamlinga, korleis ho er er strukturert, kva føremål ho tente i samtida, og kva for kjelder som Syv nytta. Dernest kjem ei utgreiing av "etterlivet" til samlinga etter første-utgivinga, avrunda med stoff om tobandsutgåva frå 1983 og 1988 - og til sist to vedlegg der i sær kjeldene til Syv er spesifiserte.

Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

Peder Syv ordspråk, ordsprog, ordtak ved Peder Syv, opp Seksjon Sett Neste

Peder Syv ordspråk, ordsprog, ordtak ved Peder Syv BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]