GULLVEKTA

Tyske eventyr og segner

  13 › 1 › 41 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Tyske eventyr og segner 
– SAMLINGA

Ormekrona

Hos ein gjerrig bonde tente ei snill og godhjerta budeie. I fjøset budde ein fager orm, og den hadde gullkrone på hovudet. Kvar natt song den ein herleg melodi, for denne kronormen kunne synge så vakkert som ein songfugl.

Kvar dag kom budeia til fjøset for å mjølke kyrne og mate og stelle dei. Og ho passa dei vel og stelte godt med dei, for kyrne til husbonden var det første for henne. Då kraup ormen fram frå eit hol i muren, der den budde. Den var kvit, og den såg på jenta med kloke auge. Det var som den ville henne noko. Og ho var snill og helte litt av den varme mjølka på ei skål og sette fram til den. Kvitormen blei glad og drakk mjølka, så dreidde den på hovudet, og då glitra krona som ein diamant og lyste opp heile fjøset.

Budeia mora seg over ormen, og kyrne treivst. Dei gav mykje meir mjølk, var friskare, og fekk vakrare kalvar enn før. Og jenta var glad.

Så hendte det ein dag at husbonden kom inn i fjøset, nettopp som ormen drakk mjølka si. Bonden blei rasande og tok fatt i jenta. Det var som om han meinte at ho sløste vekk mjølk i spannevis.

"Du er ei slarvete jente, er du!" skreik han sint. "Er det slik du steller med det eg eig? Skammar du deg ikkje? Og slik ein giftig orm! Han mjølkar nok kyrne om natta, skal du sjå, utan at du gjer han van til å komme i fjøset! Eg har aldri sett maken! Det skulle ikkje undre meg om du er trollkjerring."

Den stakkars jenta visste ikkje kva ho skulle svare, og så gret ho berre. Men det brydde ikkje bonden seg om, han blei ved å bråke og skjenne og gløymde for ei flink og påliteleg budeie ho var.

"Ut av huset, seier eg, ut av huset!" skreik han. "Og det på timen! Eg vil ikkje ha ormar i kosten! Eg vil ikkje ha mjølketjuvar og trollkjerringar i huset! Snør skreppa di og kom deg av garde! Viser du deg her igjen, så blir du sett fast, hulder du er!"

Jenta sprang gråtande ut av fjøset og opp på kammerset sitt. Der pakka ho saman kleda og gjorde seg klar til å dra sin veg. Men då ho gjekk over tunet og høyrde kjælekua si brøle, så kunne ho ikkje bere seg, men måtte inn i fjøset og sjå dyra ein gong til. Der gjekk ho omkring og tok farvel med alle kyrne. Ho klappa og strauk dei og gret, og dei slikka henne. Ho var så glad i dei som dei var hennar eigne.

Og ho stod enno i fjøset og gret og klappa kvar einaste ku, og kjælekua hennar slikka henne på handa. Då kom den vesle kvitormen krypande.

"Farvel, du stakkars orm, no får du ikkje mjølk meir", hulka jenta.

Då reiste ormen hovudet og slapp krona si ned i handa som jenta heldt fram til den, og så glei den ut av fjøsdøra. Det hadde den aldri gjort før. Den ville ikkje vere på garden lenger når dei ikkje unnte den ein mjølkedråpe.

Så gjekk jenta si veg. Ho visste ikkje kor rik ho var blitt. Ho visste ikkje at dei som ber ei ormekrone hos seg, dei går det godt. Alle menneske liker dei, og dei blir glade og lykkelege.

Utanfor landsbyen møtte ho den rike lensmannssonen, som nettopp hadde mista far sin. Han var den kjekkaste guten i landsbyen. Han blei straks kjær i jenta som gjekk der så bleik og sorgfull. Så helste han på henne og spurde kor ho skulle, og korfor ho gjekk frå tenesta. Ho klaga si nød for han, og han bad henne gå heim til lensmannsgarden. Ho skulle berre seie til mor hans at han hadde sendt henne.

Jenta gjekk straks til lensmannskona og fortalde det sonen hadde sagt, og kona likte henne så godt at ho lét henne bli fast med det same. Då gutane og jentene kom inn til kveldsmaten, måtte den framande bede bordbøna, og alle blei andektige av å høyre den. Og dei blei glade i jenta, alle saman. Ho bad også kveldsbøna for dei, og så gjekk alle ut av stua.

Då tok lensmannssonen handa til budeia og sa: "Kjære mor, velsign oss - her er den jenta eg vil ha. Får eg ikkje henne, giftar eg meg aldri. Ho har reint forgjort meg."

"Vi er blitt glade i henne, alle saman", svarte kona. "Ho er god og vakker, varsam og flink. Ta henne, eg vil gjerne ho skal vere nesten-dottera mi."

Så blei den fattige jenta den rikaste kona i landsbyen, og munter og lykkeleg var ho, og alle var glade i henne.

Men det gjekk nedover med den leie, gjerrige bonden som blei så sint over ei skål mjølk at han jaga frå seg ei bra, snill jente. Med kvitormen blei lykka vekke på garden hans. Han måtte snart selje bølingen, og så garden, og til sist huset og hagen. Lensmannssonen kjøpte alt saman, og kona hans fekk kyrne sine tilbake. No var dei hennar eigne og ho pynta fjøset med blomster og grønt den dagen ho skulle sette dei inn, og ho klappa og kjælte dei og lét dei slikke handa si.

Ein dag ho var i fjøset og mjølka og mata kyrne, kom den kvite ormen krypande bort til henne. Hjarteleg glad gav ho den krona tilbake og sa:

"Takk for at du kom. No skal du få nysilt mjølk kvar dag, så mykje du vil ha, og krona kan du få att, for no har eg ikkje bruk for den. Den har hjelpt meg til å bli lykkeleg."

Ormen tok krona si attende og blei i fjøset. Og det kom trivsel og lykke over alt på garden. Og den unge kona og mannen og alle saman levde godt og vel.

Dei tre gåvene

Tre rike studentar kom ein gong til ein fattig vevar. Då dei såg kor dårleg det stod til med mannen, gav dei han nokre tusen kroner. Vevaren blei glad. Han kunne få mykje for dei pengane! Men han ville ikkje bruke av dei straks, han måtte ha dei liggande ei stund og gle seg over dei. Kona var ute, og vevaren tenkte ved seg sjølv at han skulle ikkje seie noko om pengane når ho kom heim. Og så gøymde han dei i fillekorga. Det var ein stad der ingen ville finne på å leite etter pengar, meinte han.

Men då han var ute ein dag, kom ein skraphandlar og kjøpte fillehaugen for nokre kroner. Då vevaren kom heim og kona viste han småpengane ho hadde fått for fillene, då blei mannen sturen.

Året etter kom studentane att. No håpte dei at vevaren levde sorglaust og vel, men han var enda fattigare enn året før. Så gav dei han nokre tusen kroner til og rådde han til å vere varsam med dei. Ja, det skulle han vel greie, meinte han. Han sa ikkje noko til kona og gøymde pengane i oskebytta.

Men det gjekk som gongen før: Kona selde oska til ein kar som gjekk omkring og kjøpte. Og for alt saman fekk ho eit par såpestykke. Mannen var gått for å levere noko lerret til ein kunde. Men då han kom heim og fekk høyre om handelen, blei han så sint at han kasta oske i fjeset på kona si.

Året etter kom studentane for tredje gong. Og då vevaren var like fattig og fillete, kasta dei eit blystykke til han og sa:

"Ta det, din tosk! Den som gir deg pengar, er dummare enn du sjølv. Til deg kjem vi aldri att."

Så gjekk dei sin veg, og vevaren sin tok opp blystykket og la det i vindauget.

Ei stund etter kom grannen innom. Han var fiskar. Han baud god kveld og sa, "Du skulle vel ikkje ha eit blystykke eller noko anna tungt? Eg har ikkje søkke til garnet mitt." Vevaren gav han blyet, og grannen takka og sa: "Den første store fisken eg tar, den skal du ha for blyet!"

"Å, det er ikkje noko å snakke om", sa vevaren, "men takk skal du ha!"

Seinare på kvelden kom grannen tilbake med ein vakker fisk på ein to-tre kilo. Og den måtte vevaren ta imot. Då vevaren skar opp fisken, fann han ein stor stein i fiskemagen.

Vevaren tok steinen og la han i vindauget. Og då det blei mørkt, tok steinen til å lyse og skine. Dess mørkare det blei, dess klarare skein steinen.

"Det må eg seie - ein merkeleg og billig lampe", sa vevaren til kona. Og så la han steinen så han lyste opp heile stua.

Dagen etter rei ein herre forbi i kveldinga. Då han fekk sjå skinet, gjekk han av hesten og inn i stova. Han tok steinen i handa og såg nøye på han. Så baud han ti kroner. Vevaren svarte at steinen ikkje var til sals.

"Ikkje for tjue kroner heller?" spurde herremannen.

"Nei", sa vevaren.

Herren blei ved å by og by, og til sist baud han mange tusen kroner. For steinen var ein diamant og mykje meir verdt. Vevaren slo til og blei den rikaste mannen i landsbyen. Då fekk kona det siste ordet og sa:

"Ser du, mann, hadde ikkje eg gitt bort dei første pengane, hadde du ikkje blitt så rik! Det er mi forteneste alt saman!"

Haren og reven

Det var ein gong ein hare og ein rev som var ute og ferdast. Den var vinter, tre og plantar hadde mista blada, og på marka kraup verken mus eller lus.

"Dette er eit fælt svelktevêr", sa reven til haren, "det er reint som magen min vrenger seg", sa han.

"Ja", svarte haren, "det er retteleg smalhans. Eg åt ørene mine om eg kunne nå dei."

Så gjekk dei vidare, svoltne og slunkne. Då såg dei ei bondejente som kom mot dei. Ho bar ei korg, og haren og reven lukta ferskt franskbrød på langt hald.

"Veit du kva!" sa reven. "Legg deg ned så lang du er og lat som du er daud, så set jenta korga frå seg for å få tak i den stakkars pelsen din, for av hareskinn får ein hanskar. Imens tar eg korga og spring min veg."

Haren gjorde som reven bad og la seg ned og lét som han var daud. Og reven gøymde seg bak ei snøfonn. Då jenta kom og såg haren som låg flat på vegen, sette ho korga frå seg og bøygde seg over harepus. Straks styrta reven fram, greip korga og fór tvers over vegen og ut på marka. Og haren blei levande på timen og sette etter.

Men reven stansa ikkje og gjorde ikkje teikn til å ville dele - den viste tydeleg at den ville ete alt saman sjølv. Det var slett ikkje som haren ville, og i det dei kom passerte ein fiskedam, ropte den til reven:

"Tenk om vi fekk oss litt fisk! Så kan vi ete fisk og franskbrød som herremenn. Stikk halen ned i vatnet, så henger fisken seg på, for dei har det ikkje feitare enn oss no for tida. Men skund deg, før dammen frys til."

Det syntest reven var eit godt råd, og så gjekk den ned til vatnet, som hadde fryse til så vidt alt, og stakk halen nedi. Ei stund etter var revehalen frosen fast, for det var streng kulde.

Då tok haren korga og åt det eine brødet etter det andre like for auga på Mikkel. Og så ropte den:

"Vent berre til isen smeltar, du, vent berre til våren, vent berre til det tiner, du!"

Då korga var tom, sprang haren sin veg. Og reven gøydde etter den og bar seg som ein sint bandhund.

Tyske eventyr og segner – 
SAMLINGA
Tyske eventyr og segner - SLUTTBOLK

Tyske eventyr og segner - LITTERATUR  

Tyske eventyr og segner - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Tyske eventyr og segner BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2010–2012, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]