Gullvekta
Tyske eventyr og segner  ❀ 10
Seksjon › 40   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Gjetarguten som drøymde så godt

Det var ein gong ein fattig bonde som var landsbygjetar, og det hadde han vore i mange år. Han hadde ikkje stor familie, berre kone og eit einaste barn, ein gut. Frå guten var ganske liten, var han med faren ut i marka og gjette. Då han blei stor, kunne han gå med bølingen aleine, og faren kunne sitte heime og tene nokre øre på å flette korger.

Den vesle gjetaren var glad og sorglaus. Han song morosame visestubbar og smelte med pisken når han dreiv dyra sine ut på marka. Og slik gjekk tida fort frå morgon til kveld. Kvar middag slengde han seg i graset ved sida av bølingen, åt brødet sitt og drakk vatn av bekken, og så sov han ein god lur til det var på tide å drive flokken heim att.

Ein middag la guten seg i skuggen under eit stort tre. Han sovna og drøymde ein underleg draum: Han drog langt, langt bort. Han høyrde klirring og klang som av gullpengar som druste, og han høyrde skot på skot og såg flokkar av soldatar med våpen og glitrande rustningar, og dei trengte seg om han. I draumen gjekk han vidare og gjekk høgare og høgare opp i fjellet. Til slutt stod han på toppen, og der var det bygt ei trone. Han sette seg på den. Og ei herleg jente han ikkje hadde sett før, kom og sette seg ved sida av han. Då reiste guten seg mens han enno drøymde, og sa: "Eg er kongen av Spania."

I same augeblink vakna han.

Han kunne ikkje få draumen ut av tankane då han dreiv bølingen heim, og om kvelden fortalde han den til foreldra. Dei sat utanfor døra og skar til pilekvister til korger, og guten hjelpte dei med arbeidet. Då han hadde fortalt draumen, sa han:

"Ja, drøymer eg det same ein gong til, så drar eg til Spania for å sjå om eg blir konge."

"Tøys, gut", brumma faren, "du konge! Gjer deg ikkje til narr!"

Men mora slo hendene saman og sa undrande: "Konge av Spania, konge av Spania?"

Neste dag la guten seg under det same treet for å sove. Og han drøymde nett det same som dagen før. Då han kom heim den kvelden, fortalde han at han hadde hatt same draumen. Foreldre undra seg over det.

Tredje dagen la han seg under treet att og hadde han den same draumen - han syntest han reiste seg og sa: "Eg er kongen av Spania."

I det same vakna han. Han dreiv no bølingen saman og gjekk heim til landsbyen. Han vørde verken grannar eller foreldra, men pakka helgekleda i ein bylt, hengde bylten på ein stokk og la den over skuldra, og så gjekk han.

Han var rask til beins. I kveldinga kom han inn i ein stor skog. Då det mørkna, kunne han ikkje sjå nokon veg ut av skogen og ikkje eit hus. Så kraup han under nokre tette buskar for å få ly for natta. Men han hadde ikkje sove lenge før han vakna av styr og ståk. Det var nokre karar som gjekk forbi og snakka høgt saman.

Stille kraup guten fram frå buskane og følgde etter mennene. "No får eg kanskje husly", tenkte han. "Der desse karene held til, kan vel eg også vere."

Dei gjekk ikkje lenge før dei kom til eit hus midt i tjukke skogen. Mennene banka på, og døra blei opna. Guten smaug seg inn med dei andre. Så blei enda ei dør opna, og dei kom inn i eit stort, halvmørkt rom. Rundt på golvet låg haugar av høy og halm, og puter og teppe låg strøydde omkring. Det var nok gjort i stand til natta. Guten gøymde seg bak ein stor høyballe som låg bortved døra. Der ville han ligge og lytte og passe på alt. Han skjønte det var ein røvarflokk han var kommen ut for.

Då røvarane hadde funne seg ein plass kvar, reiste høvdingen seg og sa, grov i målet:

"Kva kan de fortelje i dag, og kva har de med?"

Ein høg mann med kolsvart skjegg stod opp og sa: "Eg har rappa skinnbuksene frå ein adelsmann, og dei buksene er slik at berre du vrengjer lommene og rister godt, så drys det med gullpengar."

"Det var ikkje dårleg!" sa høvdingen.

Ein av dei andre reiste seg og fortalde: "Eg har stole ein generalhatt. Han er trekanta, og set du han på hovudet og dreier han rundt, så skyt og smell det frå alle tre hjørna."

"Framifrå", sa høvdingen.

Den tredje stod fram og sa: "Eg har eit sverd som eg røva frå ein riddar. Kvar gong du støyter sverdspissen i jorda, så står eit regiment soldatar der."

"Det høyrest betre og betre ut, dette", sa høvdingen, "var det berre sant."

Den fjerde sa: "Og eg har støvlar som tar sju mil i steget. Dei trekte eg av ein sovande farmann."

"Dyktig gjort!" sa høvdingen fornøgd, for no hadde han fått sjå at dei andre tinga verka som det var blitt sagt. "Heng no sakene på veggen, og et og drikk og sov godt!" Så gjekk han sin veg, mens røvarane svira og drakk så lenge at dei sovna.

Då alt var roleg og mennene sov, reiste guten seg. Han såg over tinga han hadde høyrt om, tok på seg buksene, sette hatten på hovudet, spente sverdet om livet og trekte støvlane på beina. Så sneik han seg stilt ut av huset. Då fekk han sjå kva støvlane dugde til. Det varte ikkje lenge før han var i hovudstaden i Spania, Madrid.

Der spurde han den første han møtte, kor det største vertshuset i byen var.

"Gå ikkje der rike herrar ferdast", var svaret.

Men då guten heldt fram nokre blanke gullpengar, blei mannen litt høflegare og viste han til det finaste vertshuset. Der leigde guten det beste rommet og talde vennleg til verten:

"Nå, korleis står det til her i byen? Er det noko nytt?"

Verten såg på han og sa: "Du er nok framand her i landet, sidan du ikkje veit at kongen rustar seg til gå mot fienden med ein hær på tjue tusen mann."

Då verten var gått, trekte guten skinnbuksene av seg og rista fram ein haug med gullpengar, og så kjøpte han seg stasklede og våpen og smykke. Så kledde han seg opp og bad om å få sleppe fram for kongen.

Mens han var i slottet og to kammerherrar førde han gjennom ei stor og fin sal, møtte han ei ung kvinne. Ho helste vennleg på guten som gjekk mellom herrane, og dei kviskra: "Det er dotter til kongen."

Guten syntest han aldri hadde sett nokon så fin som henne. Han gjekk så til kongen og sa: "Konge, eg står til teneste med hæren min. Den skal sigre og hærta alt det du ønsker. Som lønn bed eg om dotter di til kone."

Kongen syntest guten var i djervaste laget, men til slutt svarte han: "Greitt. Sigrar du, så gir eg deg dottera mi, og du skal følge etter meg på trona."

Så gjekk gjetarguten ut på marka og gav seg til å støyte i jorda med sverdspissen, og straks stod mange tusen kamprusta krigarar der, og guten sat på ein stolt hest med gullbrodert dekken og ein grime som glitra av edelsteinar. Han drog straks mot fienden. Det blei eit blodig slag. Frå hatten til føraren dundra skota i eitt vekk, og sverdet bringa det eine regimentet fram av jorda etter den andre, og fienden blei snart slått og øydelagd, og sigersfana vaia. Men guten gav seg ikkje, han forfølgde fienden like heim og tok det beste av landet frå han.

Så drog han tilbake til Spania med siger og ære, og der venta lykka han. Den vedunderlege kongsdottera var blitt like forgapt i guten ho møtte i slottssalen, som han i henne, og kongen var takksam for den store tenesta. Han heldt ord og gav dottera si til guten og gjorde han til etterfølgaren sin.

Bryllaupet blei heldt med stor prakt, og gjetarguten var berre lykkeleg. Ikkje lenge etter gav den gamle kongen han krona og septeret. No sat han på trona og briska seg, og ved sida av seg hadde han den storfine bruda si. Den nye kongen blei dessutan godt likt av folket.

Då kom han i hug draumane og dei fattige foreldra sine, og sa han til kona si: "Kjære, dei gamle foreldra mine lever og er svært fattige. Faren min er landsbygjetar langt herifrå, og eg gjette då eg var gut. Ein underleg draum sa meg at eg skulle bli konge av Spania, og lykka følgde meg, så no er eg konge. Men eg vil gjerne sjå foreldra mine lykkelege. Vil du som eg, så reiser eg og hentar dei."

Dronninga samtykte straks, og kongen drog av stad. Det gjekk fort, for han hadde sjumilsstøvlane på seg. På vegen gav han skinnbuksene, sverdet og hatten attende til dei rette eigarane; berre støvlane beheldt han og gav eit hertugdømme i byte for dei.

Foreldra blei nesten ute av seg av glede, og følgde med sonen tilbake til Spania. Der levde dei lykkelege ved Solkysten resten av livet.

To brør

Det var ein gong to brør. Den eine var klok og den andre dum, men gjetarar var dei begge. Kvar dag gjette dei sauane for ein rik slaktar. Mens den eine gjekk med dyra, var den andre heime og kokte og stelte, og slik byta dei på. Og når den var mattid, tok han som hadde kokt, maten med ut i hagen til broren, og så åt dei saman.

Ein dag var det den kloke sin tur til å gjete og den dumme sin tur til å lage mat. Då maten var ferdig, auste han den opp og gjekk av garde til hamnehagen. På vegen kom han til ei skrøpeleg bru. Den hadde mange sprekkar, og elva gjekk i stryk under den. Då tenkte den dumme: "Den er farleg, den brua. Både folk og fe kan trakke feil og falle uti, for den er vond å komme over. Eg får nok til å bøte den."

Så tok den dumme til å tette alle sprekkane med poteter og graut. Så gjekk han trøystig over brua, no var den trygg nok.

Då han kom fram, spurde broren: Kor har du maten?"

"Mat har eg ikkje", lo den dumme, "men eg har laga i stand brua, så no held den. Eg stua potetane i sprekkane og grauten i sprekkene så sauane ikkje skal falle igjennom."

Den kloke sa berre. "Det er bra du skal gjete i morgon og eg koke så vi ikkje skal svelte to dagar på rad."

Neste dag blei den kloke heime og kokte, og den dumme dreiv sauane på beite. Men sauane ville ikkje legge seg stilt og ete, og den dumme hadde ein svare sjau. Til slutt blei han sint og tok han ein stokk og dengde dei til dei var steindaude. Så la han dei på rad på grasvollen og var nøgd med det.

Då broren kom med matspannet, undra han seg over at sauane låg så vakkert i graset. Og så ropte han: "Så vakkert dei ligg på vollen!"

"Ja, du", svarte den dumme og var kry. "Først ville dei slett ikkje. Men så slo eg dei i hel, og no mukkar dei ikkje."

"Å trøyste oss!" skreik broren. "Kva har du gjort? No er vi ferdige!"

"Å, ikkje verre!" svarte den dumme roleg. "Så kan vi jo gå heim."

"Tosk!" skreik broren. "Slaktaren vi gjeter for, slår oss i hel, slik som du gjorde med sauane. Opp med deg, vi tør ikkje bli her."

Begge brørne tok til beins og sprang så fort dei kunne. Snart kom dei til ein tett, svart skog, og då det blei mørkt, kraup dei opp i eit tre for å sove. Dei tok matspannet med, for no ville dei ete oppe i treet.

Men så kom to røvarar. Dei hadde ein sekk med nøtter og ein sekk med gull. Dei slengde sekkane under treet der brørne sat, og så gav dei seg til å dele gullet. Då skvulpa det over frå matspannet, og den eine røvaren sa til den andre

"Du, det dryp!"

Då skvulpa og skvalpa det både velling og brød over spannkanten, og den andre røvaren ropte:

"Du, det regner og haglar!"

Brørne oppe i treet blei redde og rista og skalv så dei ikkje kunne halde på spannet, og så styrta spannet og all vellingen og alt brødet ned over røvarane.

"Å du, å du! Skybrot! Verda går under!" skreik røvarane. Dei sprang av garde alt dei kunne, og gløymde både gullsekken og nøttesekken i forskrekkinga.

Men brørne gjekk ned frå treet, og den kloke sa til den dumme: "Her er to sekkar. Den eine er liten og fylt med noko hardt, tungt noko. Den andre er stor og full av nøtter. No spør eg, kva sekk vil du ha? Du er eldst og skal velje først."

"Ja!" svarte den dumme. "Og eg vil ha den største sekken, den med nøtter, for nøtter er etande. Men den andre kan du ta."

Så tok dei kvar sin sekk og gjekk vidare saman. Den dumme åt nøtter heile vegen og gav eit par til broren. Og sekken blei lettare og lettare, og til slutt var den tom. Men den andre slepte og drog på gullsekken og syntest den blei tyngre og tyngre for kvart steg han gjekk. Til slutt orka han ikkje å bere den lenger.

"Du kan gjerne ta sekken min litt!" sa den kloke til den dumme. "Den blir for tung for meg!"

"Nei! Delinga var ikkje slik!" svarte den dumme. "Du bar jo ikkje sekken min. Men eg gav nøtter til deg, eg, og du har ikkje gitt nokon ting til meg. Vil du lette på sekken, så deler vi så eg får halvparten av det harde, tunge, og du halvparten. Det er broderleg, og så ber ingen av oss for mykje."

Først ville ikkje den kloke høyre om noka deling og prøvde å bere sekken aleine. Men han greidde det ikkje. Så delte dei då, og kjøpte sauar for pengane. Og sidan levde dei som før, den eine gjette mens den andre ordna med maten, og så gjette og kokte dei kvar sin dag.

Folen som kunne snakke

På eit høgt, skogkledt fjell budde det ein mektig bergtusse. Og den tussen var ein retteleg ertekrok. Alltid var han ute med strekane sine, men verst gjekk det utover dårleg folk og dei som var vonde. Snille og gode menneske hjelpte han. Men hjelpa var ikkje berre søt, den heller, ein stakkar kunne både riste og skjelve før han skjønte kva det blei til.

Slik gjekk det ein kramkar som hadde kjøpt varer i eit glasverk oppe i fjella og skulle ned i dalen og selje dei. Han gjekk og rekna ut kor mykje han kunne tene på varene sine -kor mykje han kunne tene på røra og kolbane og flaskene til apotekaren, kor mykje av skomakaren for lampekuppelen. Og hos gjestgivaren skulle han selje glasa han gjekk med.

Kramkaren gjekk varsamt og såg seg godt for, for vegen var bratt og steinete, og børa hans var tung.

Bergtussen følgde med og høyrde korleis kramkaren snakka høgt med seg sjølv. Og sidan han rekna på å tene meir på varene enn det som var rett og rimeleg, fekk tussen lyst til å sette litt skrekk i han litt lenger framme langs vegen. Der skapte tussen seg om til ein trestubbe like ved stigen, slik at den som gjekk der, ville sette seg ned.

Kramkaren var trøytt og sliten av å gå nedetter den tunge stigen med tung bør på ryggen, så då han fekk sjå trestubben, ville han sette seg ned med korga på ryggen. I det same var stubben borte, og mannen sette seg heilt uventa i bakken, så hardt at alt glaset gjekk i knas.

"Å nei!" skreik kramkaren og var reint ute av seg. "For ei ulykke, for eit tap!" skreik han og gret og bar seg. Fleire varer kunne han ikkje få, sidan han ikkje hadde fleire pengar og fekk ingenting på kreditt.

Då kom ein ung gut ned frå fjellet. Han rei på ein fole og plystra og song. Han stansa og spurde kramkaren korfor han gret og klaga. Kramkaren fortalde han heile ulykka, og guten spurde kor stor skaden var.

"Åtte eller ni daler har eg gitt for varene. Og så det eg skulle tent på handelen", gret kramkaren.

"Eg vil gjerne hjelpe deg", sa han med folen, "men eg har ingen pengar. Men nede i dalen bur ein møllar, og han er ein luring og ein gjestgivar. Når han mel mjølet, stiller han det slik at det fyk i auga på kundane så dei ikkje ser at dei blir narra, og så skriv han for store rekningar. Han er gjerrig og pengegrisk, og til straff skal han betale glaset ditt."

"Er det mogeleg at ein grisk og gjerrig mann vil gjere det?" spurde kramkaren der han gjekk ved sida av guten med folen.

"Han vil ikkje, men han skal få gjere det likevel", sa guten. "Vi sel folen til han, og den er verdt tolv daler. Når han får den for ni eller ti daler, slår han til på flekken. Vil du, så kom med."

Kramkaren visste ikkje at guten med folen var bergtussen, og det var han som hadde stelt til heile ulykka, og blei med. Snart kom dei til mølla, og møllaren stod i døra og gledde seg over å få gjestar. Især såg han på folen. Den var kraftig og velfødd.

Gjestane bad om øl og mat. Så kom dei i snakk med verten, og imens stod folen bunden utanfor døra. Noko etter tok det i å knegge.

Då sa møllaren: "Det er eit vakkert dyr, den folen din! Kva vil du ha for den? Eg kunne trenge ein hest etter den som døydde i førre veka."

"Du fôra den kanskje for mykje", erta guten med folen.

"Nei, tvert om", glapp det ut av møllaren.

"I så fall får du ikkje folen min, for den skal ha det godt, slik den er van med."

Møllaren blei reint ivrig etter folen. Han greip pungen sin klirra med pengar. Han måtte og skulle ha folen, og telte til sist opp ti daler og la dei på bordet. Guten tok dei og la dei i ein skinnpung, og den gav han til kramkaren. Og møllaren skunda seg ut til folen og sette den på stallen, blid og glad.

Kramkaren visste ikkje korleis han skulle få takka nok, men guten sa: "La vere å takke! Eg skulda deg ni daler, og den tiande får du attpå, for skrekken. Gå no ut i stallen og sjå kva møllaren tar seg til, og så farvel. Spør han etter meg, så sei berre at eg er i fjellet."

Kramkaren tok korga si på ryggen og gjekk over tunet bort til stallen. Der stod folen bunden, og møllaren kom med eit fang angande gras og ville mate dyret.

Då rista folen på hovudet, opna det gapet og sa med djup stemme: "Kjæ-kjæ-kjære møllar - eg e-e-et ikkje hø-ø-øy! Eg et berre ko-kokt og ste-steikt!"

Vettskremt fór møllaren ut av stallen så han nesten velta kramkaren i døra, og skreik og ropte: "Kor er guten som selde meg eit slikt dyr?"

"I fjellet!" sa kramkaren og gjekk sin veg.

Og møllaren kalla saman alle folka og skreik over folen som snakka. Folka hans ville sjå det heller enn tru det. Så tok han dei med inn i stallen for å vise dei. Men der folen hadde stått, låg det berre ein høydott.

"Det var rart", sa han.

  Innhald  


Bøker      

Tyske eventyr og segner.    Seksjon     Sett    Neste

Tyske eventyr og segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]