Gullvekta
Tyske eventyr og segner  ❀ 11
Seksjon › 40   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

To trollmenn

Ein gong gjekk ein ung bokbindarsvein ut i verda for å søke lykka. Han rekte omkring til han ikkje hadde eitt øre att i lomma. Då blei han nøydd til å søke arbeid. Det varte ikkje lenge før han fekk ein plass, og der hadde han det rett godt. Meisteren sa til han:

"Du skal ha gode dagar hos meg, for arbeidet eg krev av deg, er lett. Du skal berre tørke støv av desse bøkene kvar dag og så ordne dei i hyllene igjen. Men denne eine boka, som står her for seg sjølv, den må du ikkje røre og enda mindre opne. Gjer du det, går det gale! Men i dei andre bøkene kan du lese så mykje du vil."

Sveinen var vel fornøgd med vilkåra, og i to år hadde han det godt. Kvar dag tørka han støv av bøkene og las mykje i dei. Maten han fekk, var god, den også. Og boka som låg for seg sjølv, den rørte han ikkje.

Meisteren syntest han hadde fått ein svein som var å lite på, og så blei han borte heile dagen rett som det var, og av og til tok han seg ein enda lengre tur. Men ein gong meisteren skulle vere borte i fleire dagar, fekk sveinen slik sprenglyst til å vite kva det stod i den boka som låg der som ein heilagdom. Alle dei andre bøkene hadde han lese ut.

Han stridde med seg sjølv ei stund, men til sist kunne han ikkje dy seg. Så tok han den og gav seg til å lese. Og det var ei underleg bok. Der stod det om trolldom og trollkunst og mykje sært. Guten las og las og gløymde alt for boka. Det var så greitt og klart sett fram at guten skjønte det meste, og snart prøvde han å gjere etter. Og alt det han prøvde, det lykkast. Sa han eit kraftig trollord slik som det stod i boka, så låg det der straks, det han hadde ønskt. Og han lærde å skape seg om og ta på dyreham. Han øvde seg dagstøtt, og til slutt gjorde han seg til ei svale og flaug heim.

Faren visste ikkje kva han skulle tru då ei svale kom inn gjennom vindauget og så med eitt blei til sonen som han ikkje hadde sett på to år. Men guten slo armane om faren og sa: "No sit vi godt i det, far, for eg har lært å trolle, og det kan gjere oss til dei rikaste i her landet."

Det likte faren godt, for han var ein fattig mann.

Ikkje lenge etter gjorde guten seg til ein stor og feit okse og sa til faren:

"Gå til marknaden og sel meg. Men du skal forlange mykje, og det du vil ha, det får du. Om det venstre bakbeinet mitt er det eit lite band. Det må du ta med deg heim. Gløymer du det, er det ute med meg."

Og faren gjorde akkurat som sonen hadde sagt. Han selde oksen og fekk store pengar for den. Då han kom trekkande med det vakre dyret, trengde marknadsgjestene seg om dei, for alle ville sjå den store stuten og baud over kvarandre for å få den. Men han som baud mest og stolt trakka av garde med oksen, han fann berre ein høydott i båsen neste morgon då han kom i fjøset.

Men bokbindarsveinen sat heime hos faren og var hjarteleg fornøgd, og dei levde høgt på pengane dei hadde fått for oksen.

Ei tid etter gjorde guten seg om til ein sprek hingst og let faren gå til ein hestemarknad for å selje den. Då stima folk saman for å sjå på den skinande svarte hesten.

Imens var bokbindaren kommen heim, og då han såg at sveinen var borte og at trolldomsboka låg open på bordet, tenkte han det var best å leite etter sveinen.

På hestemarknaden var han blant kjøparane, og han såg straks kva det var for ein hest han hadde for seg. Og så tenkte han: "No skal eg knipe deg." Så baud han over alle dei andre og kjøpte hingsten. Faren kjende ikkje mannen, men hesten tok til å skjelve og sveitte og bere seg som den var vettskremt.

Då hesten var sett på marknadsstallen, ville faren ta bandet av beinet på den, men den nekta kjøparen, for han visste korleis det då ville gå. Så måtte faren gå heim utan bandet, men han tenkte ved seg sjølv: "Guten hjelper seg nok, han. Kan han så mykje som å gjere seg om til hest, så kan han vel slite seg og komme heim att også."

Stallen var fullpakka av folk, store og små, gamle og unge, og alle ville dei sjå hingsten. Ein liten gut våga seg til å klappe han, og hesten lét til å like det godt. Då guten strauk den over hovudet og halsen, vrinska hesten svakt i øyret hans: "Har du ein kniv?"

Guten kvakk til, men kviskra tilbake: "Ja, og det er ein rett skarp ein."

Då vrinska hesten ganske sakte: "Skjer over bandet på det venstre bakbeinet mitt."

I ein fart skar guten det over. I det same fall hesten saman til ein høydott, og ei svale flaug opp og ut av stallen. Meisteren hadde gløymt hesten ei ørlita stund og stelt med noko anna, men no gjaldt det å vere snar. Han skapte seg om til ei ørn og sette etter svala. Det var snart gjort for ei ørn å fange ei svale, men svala merka faren og såg seg omkring. Rett under den stod eit slott, og ei prinsesse sat på trappa. Svala gjorde seg til ein gullring og fall i fanget til den vakre prinsessa. Ho skjønte ikkje kva det skulle bety, men stakk ringen på fingeren.

Ørna hadde sett alt saman, og i ein fart skapte ho seg om til ein vakker riddar. Han gjekk fram for prinsessa og bad høfleg om han kunne få ringen tilbake, for han hadde gjort eit kunststykke med den, sa han. Prinsessa raudna og lo, trekte i ringen og ville rekke den til kunstnaren. Men ringen glei av fingeren av seg sjølv og rulla som eit ørlite frø ned i ein sprekk. Straks blei riddaren til ein hane, og pikka i sprekken etter frøet. Men då blei frøet til ein rev som beit hovudet av hanen. Og så var det ute med trollmannen.

Då kasta sveinen revehamen og blei til ein ung gut. Han takka kongsdottera for at ho hadde tatt han på fingeren. Ho likte guten så godt at det enda med at dei gifta seg.

Tussehua

Det var ein gong ein møllar som hadde tre søner og ei dotter. Dottera var han svært glad i, men sønene brydde han seg ikkje stort om. Støtt var han misnøgd med dei, og stadig var han etter dei, og dei kunne aldri gjere han til lags. Brørne likte seg ikkje og ønskte seg langt vekk, og dei sat ofte saman og klaga og sukka og visste ikkje kva dei skulle gjere.

Ein dag dei sat slik og sørgt, sa den eldste: "Å, hadde vi berre ei tussehue, så var vi hjelpte, alle saman."

"Kva meiner du?" spurde den nest eldste.

"Tussane i grønfjella", sa guten, "har huer som også blir kalla trollhattar, og med dei kan dei gjere seg usynlege. Med ei slik hue på seg kan ein gå dit ein vil og ta kva ein vil, for ingen ser den som har på seg tussehua."

"Men korleis får vi tak i ein slik hue?" spurde den yngste.

"Tussane er livlege og leikne. Og den største moroa dei har, er å kaste ball med huene sine. Mens hua er i lufta, er tussen synleg, men - vips! - så har han den igjen, og så kan ingen menneske sjå han. Den som vil ha tussehue, lyt passe på når tussane leikar og sjå til å nappe ei. Men den tussen som mister hua, blir synleg, og den som fangar den, får makt over tussane. Enten kan han behalde hua og gjere seg usynleg når han vil, eller han kan krevje så mykje i byte av tussane at han får rikdommar nok for resten av livet. For tussane har makt over alt metallet i jord og i fjell og kjenner alle krefter i naturen, og dei er så kloke at dei kan gjere ein gløgg kar av ein tosk."

Dei andre sa: "Gå og skaff ei slik hue så du kan hjelpe oss alle å komme heimanfrå."

"Det skal eg gjere", sa den eldste av brørne, og det var ikkje lenge før han var på veg til grønfjella. Det var ein dryg tur, og han nådde ikkje tussefjellet før mot kveld. Han la seg ned for å vente. Det var månelyst, og i graset såg han spor etter tussedansen. Det varte heller ikkje lenge før fleire tussar kom trillande bortover til han og gav seg til å danse og leike. Ei hue datt ned like ved sida av han. Han greip etter den, men tussen var kjappare, fekk tak i hua og ropte: "Ein tjuv, ein tjuv!" Straks kasta heile tusseflokken seg over guten. Han måtte følge med tussane djupt ned i det underjordiske riket deira.

Då dei to brørne hans skjønte at eldstebroren ikkje kom att, blei dei sturne, og søstera også. Ho var god og snill og sørgde ofte over at faren var så hard mot brørne. Men den gamle møllaren mumla berre: "La han vere der han vil. Han kjem nok att når han blir svolten."

Men dag etter dag gjekk, og guten kom ikkje tilbake. Den nest eldste broren sa til sist til den yngste: "Veit du kva? No går eg til grønfjella og ser om eg kan skaffe ei tussehue. Kan hende broren vår har vore heldig og er gått ut i verda med hua for å søke lykka og har gløymt oss. Lev vel!"

Så skildest brørne, og den nest eldste gjekk til grønfjella. Der gjekk det han akkurat som det var gått broren. Han greip etter hua, men tussen var kjappare og ropte: "Ein tjuv, ein tjuv!" Og alle dei underjordiske styrta seg over guten, batt han så han ikkje kunne røre ein lem, og førde han med seg djupt under jorda.

Og imens gjekk den yngste guten der heime og stunda etter at broren skulle komme igjen, men ingen kom. Faren sa berre: "Borte er borte. Verda er vid og rommeleg."

No når brørne var borte, sa den yngste sonen til søstera:

"No drar eg heimanfra, eg også, og det er uvisst om eg kjem att. Men far bryr seg ikkje om meg, og no når brørne mine er borte, får eg vondord for tre, og det orkar eg ikkje. Lev vel, og bli lykkeleg!"

Søstera ville ikkje gi slepp på broren, men han måtte og skulle av garde. Så la han i veg mot grønfjella. På vegen tenkte han ut korleis han skulle stelle seg for å få tak i ei tussehue. Då han kom fram så han straks på spora i graset at deitvar der tussane heldt til når dei dansa og forlysta seg. Han la seg ned og venta, og snart kom dei og gav seg til å danse og leike og kaste huene i vêret.

Ein av dei kom rett bort til guten og kasta hua i lufta, men guten var for klok til å gripe etter den. "Eg har tida for meg", tenkte han, "eg ventar til dei kjenner seg trygge."

Det varte ikkje lange stunda før enda ei lue dalte ned ved sida av han. "Her regnar det nesten med huer", tenkte guten, men han rørde den ikkje. Endeleg datt ei tredje hue like i hendene på han, og vips, hadde han den og sprang opp.

"Tjuv, tjuv, ein tjuv!" gneldra tussen så det gjekk gjennom marg og bein. Då yrte og krydde det av tussar frå alle kantar. Men guten hadde hua, og heldt fast på den. Då blei det jammer og syt i tusseskokken; han måtte for alt i verda gi den att.

"Vi kan vel byte", sa guten. "Men aller først, kor er brørne mine?"

"Dei er i slottet i grønfjellet", sa tussen som hadde mista hua.

"Og kva tar dei seg til?"

"Dei tener."

"Jaså? Dei tener? Men no tener de meg! Av stad etter brørne mine! Dei har vel tent og slitt nok, no", sa han.

Dei underjordiske gjorde som han sa, for med hua hadde han makta over dei. Tussane var vettskremde og førde guten med til ei dør i grønfjella, og så bar det ned under jorda. Der nede var det ei stor og vid verd. Og det var eit slott der, med svære haller og små stuer og kammers, alt som tussane vel kunne trenge.

Guten ville sjå brørne sine først av alt. Så blei dei henta- Dei var kledde i tenardrakt. "Vi får aldri sjå himmel og skog og mark, her", stønna dei.

"Å", sa den yngste, "lykka vender seg!"

"Stasklede til brørne mine og meg, og eit festmåltid til oss alle!" sa han til tussane, og han akta vel på hua så ingen skulle nappe den frå han. Tussane stelte og pynta brørne med det same, og duka eit bord med mat og vin også. Guten ville ha song og strengeleik, og så dans og skodespel. Og tussane varta opp med alt saman. Så fekk brørne herlege, mjuke senger å sove i. Då dei vakna, strålte det underjordiske riket i lys som til fest. Så fekk dei ei glasvogn med vakre hestar for, og køyrde og såg seg omkring. Dei køyrde gjennom edelsteinshòler og såg steiner og metall som blomstra akkurat som dei var planter. Alt saman glitra og skein. Make til stas hadde brørne aldri sett.

Då tok han som hadde trollhatten, til å tinge med tussane. Og det var harde vilkår han baud dei for å gi hua tilbake.

For det første ein kosteleg helsedrikk til faren, så det sjuke hjartet hans kunne bli sunt og han kunne bli glad i dei tre sønene sine.

For det andre ei kongeleg brudegåve til søstera.

For det tredje ei vogn full av edelsteinar og kunstvarer, sidan tussane var meistrar i all kunst. Og så ei vogn full av gull, og ei vakker vogn med mjuke sete og glasruter, kusk og hestar, seletøy og alt det som høyrer med til ei stasvogn.

Tussane vrei seg og bar seg over det heile, men det hjelpte ikkje. "Dersom de ikkje vil", sa guten, "kan eg bli her og ta huene frå alle saman. Så får vi sjå korleis det går - det er sikkert nok. Og eg samlar froskar, og dei skal de få i sengene.

Då han sa "froskar", kasta tussane seg på kne og ropte: "Ikkje froskar, ikkje froskar!" For froskar kunne dei ikkje tole.

"Tenk godt no", sa guten. "No når eg ha hua, kunne eg ha tatt alt de har og behalde alle huene og hatt makta over dykk i all æve. For så lenge eg har ei hue, kan eg ikkje døy. Kva?"

"Ja, ja, herre!" sukka tussane og gav seg til å gjere alt i stand som han hadde sagt.

Men heime hos den gamle møllaren stod det ikkje vel til. Då den yngste sonen var borte, knurra faren: "Sjå så, no er han vekk, han med. Når ein er gammal, snur barna ryggen til ein. No har eg berre jenta att, kjælebarnet min, min eigen unge."

Men jenta tok til å gråte.

"Græt du no igjen!" skjente gamlingen. "Meiner du eg skal tru du græt over brørne dine? Eller græt du over den fattige stakkaren som har fritt til deg? Han er så slunken som ein tomsekk - han har ingenting, du har ingenting, eg har ingenting, ingen av oss eig noko. Høyrer du møllehjula? Eg høyrer dei ikkje. Mølla står, og verre kan det ikkje stå til med ei mølle. Eg kan ikkje male, du kan ikkje ha bryllaup, det ville bli ein fantefest!"

Slikt snakk måtte dottera høyre dagstøtt, og ho blei bleik og mager av sorg. Men ein dag kom nokre vogner køyrande, og dei stansa framfor mølla. Tre gutar sprang ut, og dei var kledde mest som prinsar.

Tenarar lessa av vognene og drog både kister og kasser og svære korger inn i mølla, mens møllaren og dottera hans stod mållause.

"God dag, far! God dag, søster! Her er vi igjen!" sa brødrene.

"Drikk ei velkomstskål med oss, far!" sa den eldste og tok ei flaske som ein tenar rekte han, skjenkte ein drikk i eit gullbeger, og bad faren drikke. Det gjorde han, og så gjekk begeret rundt, og alle drakk. Og gamlingen kjende ein varmestraum til det stivna, harde hjartet sin, og han gret og tok sønene inn til seg og kyssa dei. Mannen som dottera hans ville gifte seg med, kom til, fekk ein sup, han også, og gleda seg med dei.

Og møllehjula som hadde stått så lenge, tok til å snurre att.

Spania

No skal eg fortelje dykk om Spania, eit herleg land som mange ville reise til om dei berre kunne få vite vegen. Men vegen er lang og varm om sommaren.

Der er hustaka tekt med pannekaker, dørene og vindauga er av sukker og veggane av sjokolade. Og så er allting så billig der, det du gir tjue kroner for her, får du for ei krone i Spania. Og rundt kvart einaste hus er det eit gjerde av pølser, der er ferske pølser og røykjepølser, klipte pølser og kokte pølser, så alle kan få det dei liker best. Og alle brønnar er fulle av saft og vann og søt vin, ja sjampanje også. Du kan berre sette munnen til vassposten, så får du så mykje du vil. Alle som er glade i vin, bør skunde seg til Spania.

På bjørkene, korkeikene og piletrea veks det fullt av ferske rundstykke, og under greinene flyt bekkar med mjølk, og rundstykka lèt seg falle ned i mjølka og bløyter seg opp for dei som har dårlege tenner. Gå berre til rundstykkeskogen, men gløym ikkje å ta med ei stor mjølkesleiv.

I Spania held fiskane seg oppe i vasskorpa, og dei svømmer like ved bredda. Den som er skikkeleg lat, han roper berre: Pst! Pst! Så hoppar fisken like i handa på han så han slepper å bøye seg.

Og du skulle sjå fuglane! Synest nokon det er for strevsamt å strekke ut handa etter gjæser og kalkunar, duer og annan fugl, ja så flyg fuglane passe steikte like i munnen på dei. Og steikte smågrisar spring rundt med gaffel og kniv så kven som vil kan skjere seg eit stykke.

Ostar ligg spreidde på marka som store og små steinar, og steinane er fylte kålhovud eller små kjøtpuddingar. Når det regnar, så regnar det honning i små søte dropar, så du kan berre strekke ut tunga og slikke i deg så mykje du orkar. Og når det snør, så snør det strøsukker, sukkerbetar og fikenar og rosiner og mandlar.

I Spania legg ikkje hestane hestepærer, men egg, og dei ligg på vegen i svære haugar og kostar berre ei krone for tusen. Og pengane kan du riste av trea som hasselnøtter. Alle tar berre dei største og lèt småpengane ligge.

Det er store skogar i Spania, og det veks vakre klede på trea. Det er frakkar og kjolar, pelsar og genserar, strømper og huer i alle fargar, kvite og grøne og gule, blå og raude og mange fargeblandingar også. Den som treng nye klede, kan berre gå ut i skogen og slå ned med ein staur dei han vil ha, eller skyte dei ned med pil.

På heiene veks dei nusselegaste damekleda av silke og fløyel, ull og bomull. Og graset er fylt med band og sløyfer i alle fargar. Einerane ber knappar, og bæra er ekte perler. I granene heng dameur og gullkjeder, og på tistlar veks sko og støvlar og herre- og damehattar. Hårpynt med band og perler og gull og sølv veks i mengdevis på neslene.

Og det er mykje moro i Spania. Den som har uhell med seg her heime i leik og idrett, han blir premievinnar der. Og søvnige og late som blir utfattige av berre dovenskap og må gå og tigge trygd eller noko i heimlandet, for dei er Spania rette staden. For kvar time dei søv, får dei ein dalar og for kvar geisp ei krone. Og taper dei i spel, så fell pengane tilbake i pungen. Og den som er glad i å drikke, får vinen for ingenting og ein god drikkeskilling attpå for kvar einaste slurk, ja både menn og kvinner får det. Og den som er flinkast til å narre folk utan å skade dei, han får ei krone for kvar gong. Og ingen gjer noko utan lønn, og den som slår i den verste skrøna, får hundre kroner.

Den som gjerne arbeider og gjer det som er rett, han blir ille sedd og fredlaus i Spania. Men den som er slampete og ingenting kan, men likevel ein storskrytar, han blir akta og sett opp til som ein underhaldar. Den som berre kan sove, ete, drikke, danse og spele, han blir kalla greve og høge herre. Og den unyttigaste av alle blir vald til konge og får høg lønn.

No kjenner du Spania. Vil du vite vegen, så kan du spørje ein blind, eller kanskje ein stum er best, for han gir ikkje feil beskjed. Men før ein kjem inn i landet landevegen, lyt ein ete seg gjennom ei fjellrekke av risgrynsgraut. Om ikkje, får ein fly eller ta sjøvegen.

  Innhald  


Bøker      

Tyske eventyr og segner.    Seksjon     Sett    Neste

Tyske eventyr og segner. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2010–2020, Tormod Kinnes. [E‑post]