![]() |
Tyske eventyr og segner | ||||||||||||||||||
|
Gloande kol
DEN VESLE byen Lorch ligg ved Rhinen der elva Wisper kjem til, og ved bymuren
står ei mølle som blir driven av flittige småbølgjer i Wisper. Ei
natt vakna tenestejenta i mølla og trudde ho hadde forsove seg, så ho skunda
seg ut i kjøkkenet for å tenne opp på grua. Då ho såg ut av
kjøkkenvindauget, fekk ho auge på ein liten haug med gloande kol nedi garden.
Då skunda ho seg ned for å hente ei skuffe med glør, så det kunne
gå fortare å få varme på grua.Rundt bålet på gardsplassen låg noen karar ho aldri hadde sett før, men dei brydde ho seg ikkje om, ho stakk skuffa si i glørne og drog attende til kjøkkenet med kolstykke som det ulma godt i. Men då ho helte dei ut i grua, slokna dei. Jenta sprang ut att, henta ein ny skuffe med glør, sprang opp på kjøkkenet og helte dei i grua, men det gjekk som sist - glørne slokna. Enda ein gong sprang jenta ut. Då sa ein av karane med djup røst. "Dette er siste gongen, hører du!" Jenta skvatt, ho blei dyktig redd, men sa ikkje eit ord og skunda seg opp att med glørne. Også denne gongen slokna dei då dei kom i grua. No slo uret i kyrkjetårnet, og jenta hørte etter, for ho ville gjerne ha greie på kor tidlig det var. Ho telte tre - fire - fem - seks - sju - så seint kunne det då ikkje vere - åtte - ni - kva var dette?" Uret heldt fram å slå, og til slutt hadde det slått tolv slag! Nedi garden forsvann bål og karar og gloande kol. Jenta blei kald av skrekk, ho skunda seg ut i kammerset sitt, kraup langt under teppet og bad så mange bøner og salmevers som ho berre kunne. Om morgonen forsov ho seg, og så var det møllaren som kom først ut i kjøkkenet. Han trudde ikkje sine egne auge då han kom bort til grua og i staden for glør såg ein haug glitrande gullstykke. Så samla han saman skatten, og for den bygde han seg eit nytt hus i Lorch, og jenta gifta han seg med, for det var ho som hadde brakt rikdommen. [Eto 191-94] Den nye vegen til Falkenstein
FIRE TIMAR frå Frankfurt ved Main ligg ruinane av borga Falkenstein
høgt oppe i ville fjellet, med bratte stup både ovafor og nedafor, slik at det
må ha vore nesten uråd å kome dit. Frå denne borga stammar ei mektig
slekt, vidgjeten i mange prestegjeld og bispedømme. Eit par menn av denne slekta blei
til og med erkebispar i Trier.Ein riddar frå Sayn fridde ein gong til dottera på Falkenstein, men faren berre lo av han. "Trur du at du er så rik og mektig no, riddar Kuno, at du kan fri til dottera mi? Eg veit nok at du har mange gruver der du grev etter sølv, men det skal meir enn sølv til for å kjøpe ei dotter på Falkenstein!" "Kva skal det til for å få ei dotter på Falkenstein til brur? spurde riddar Kuno. "For ein som deg må eg krevje ei lita teneste. Dersom du på ei natt kan skaffe meg veg hit opp til Falkenstein, slik at mennene mine kan gå den og ri den, då skal du få dottera mi til brur!" Med den beskjeden måtte riddar Kuno gå bort sorgtung, for om han så hadde sett i arbeid tusen mann, kunne dei ikkje klart å byggje veg her i ville fjellet på ei einaste natt. Riddar Kuno prøvde å gløyme dottera på Falkenstein, han drog på korstog til det heilage land og kjempa mot sarasenane. Han søkte døden, men den ville ikkje ha han, og dottera på Falkenstein kunne han ikkje gløyme. Til slutt kom han heim, like sorgtung som før han for. I mørke tankar streifa han rundt i skogane ved Falkenstein og ville gjerne hørt noe om den han hadde kjær, men han trefte ingen som fortalde noe av seg sjølv, og spørje syntest han ikkje han kunne. Han så på juva og stupa og på den harde steinen, han tenkte på det herren til Falkenstein hadde sagt om vegen som skulle byggjast på ei natt, og han sukka. "Her hjelper ikkje menneskelig makt, her må det litt trolldom til!" Med det same var det som han hørte noen rope på seg - og då han såg seg rundt, fekk han auge på ein liten bergmann i brun kufte, grå og rynka i fleisen. Dvergen gløtta fram frå ein sprekk i berget og sa med rar røyst: "Kuno frå Sayn, vil du sjå ein veg her over juv og stup og stein? Vil du ha dottera der oppe på borga, ho som ennå sit ugift og tenkjer på deg og lengtar etter deg? Då kan du love oss ein ting og sverje på at du vil halde det." Riddaren blei rar til sinns då han såg mannen og hørte orda. Han tenkte at dette kanskje var ein som ville freiste han til vonde gjerningar og krevje ting av han som han ikkje kunne love dersom han ville halde fram å vere ein kristen mann og ein riddar med ære. Derfor spurde han "Kva vil du eg skal love?" Då svara bergmannen: "Korfor grev du etter sølv der nede i gruvene dine? Vi får ikkje ro lenger. Lov og gi ditt riddarord på at du vil stengje alle gruvene i morgon den dag, at du sørgjer for at gangane raser saman så ingen kan grave der meir. Om vi ville, kunne vi setje dei under vatn, men vi vil heller bli samde med deg så vi kan vere sikre på at ingen tar fatt på å grave att. Gjør du som vi ber om, skal vi byggje veg for deg alt i natt, og i morgon kan du ri opp til Falkenstein og minne herren der på tilbodet han gav deg. Riddaren blei storglad då han hørte dette, og han lova gjerne det dvergen bad om. Så snart det blei mørkt, hendte rare ting rundt borga Falkenstein. Det drønna, det braka, det banka, det hakka, det grov - tusen små dvergar var i arbeid med å byggje veg. Ved første hanegal neste morgon var vegen ferdig! Då sola steig opp bak fjelltinden Spessart, rei riddar Kuno opp den nye vegen, og hornet hans klang så vaktene på borga Falkenstein måtte undre seg, og då dei kika ned, såg dei vegen. Herren til Falkenstein blei ikkje mindre forundra, men han gledde seg over den praktfulle vegen opp til borga. Han heldt ord, og så blei det bryllaup på Falkenstein. Riddar Kuno frå Sayn heldt også ord. Han gjorde som han hadde lova dvergen og sørgja for at alle gruvegangane der han hadde grave etter sølv blei stengt og øydelagt. Men fjellvegen som dvergane bygde heiter Trollvegen den dag i dag, den går på vestsida av fjellet Altking der dvergane bur. [Eto 108-10] Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||