Norsk del, Gullvekta
Tyske segner   ❀ 1
Seksjon › 41 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Skattedraumar

For lenge sidan hadde ein mann i Regensburg ein draum om at dersom han drog til brua der i byen, ville han bli rik. Derfor drog han dit kvar dag.

Etter fjorten dagar spurde ein rik kjøpmann kva han gjorde på brua kvar dag.

Mannen svarte: "Eg drøymde at eg skulle dra til Regensburg-brua og finne lykka der."

"Å," sa kjøpmannen, "kva er alt dette tullet! Draumar er spinkle greier. Eg hadde også ein draum: Eg drøymde at ein kjele med gull var nedgraven under det store treet der", sa han, og peika på treet. "Men eg vørda det no ikkje."

Den andre gjekk straks til treet og tok til å grave under det. Der fann han ein stor skatt og blei svært rik. Slik blei draumen hans oppfylt.

(ATU 1645. Grimm-segn 212, attgiving)

Hendinga er også lagt til andre land - Danmark, Austerrike, Irland, Skottland, England, Persia og Tyrkia - og andre byar, som Lübeck - Der var det ein bakarlærling som drøymde at han skulle finne ein skatt på brua i byen. Han gjekk dit kvar dag i ei tid, heilt til ein tiggar spurde han korfor han kom til brua heile tida. Lærlingen fortalde kva han hadde drøymd. Tiggaren sa då at han hadde hatt ein liknande draum: På kyrkjegarden i byen Mölln låg ein skatt nedgraven under ei lind. Bakarlærlingen tilbaud tiggaren å byte draum med seg, drog til Mölln, grov under linda, og fann skatten.

Bonden og smånissen

Ein bonde hadde ein liten smånisse som støtt gjorde ugagn. Same kva bonden gjorde, blei han ikkje kvitt nissen. Til sist var det nokon som rådde bonden til å brenne ned låven, sidan det var der nissen heldt til. Først køyrde bonden ut all halmen derifrå, og då det siste lasset var komme ut, låste han låven og sette fyr på han.

Då låven var i brann, kikka bonden seg rundt - og der sat nissen bakpå vogna og sa om igjen og om igjen: "Det var så vidt vi kom oss ut derifrå! Det var så vidt vi kom ut derifrå!"

Bonden skjøna at rådet han hadde fått, var eit dårleg råd, køyrde vogna tilbake til garden, og blei ikkje kvitt nissen.

(Grimm-segn 73, attgiving)

"Smånissen" i segna er ein Kobold (/kóbold/), ein gardnisse. Gardnissen i mellomeuropeisk folklore kan stundom hjelpe til med stellet på garden, og stundom vere ein plagsam ertekrok og skøyar. Det varierer, heiter det.

Innhald


Norske folkeeventyr m.m., litteratur  

Kjelder og tilgrensande: [Bøker]

Tyske segner, Grimm-brørne, opp Seksjon Sett Neste

Tyske segner, Grimm-brørne BRUKARGAID: [Lenke]
© 2016–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]