Norsk del, Gullvekta
Tyske segner   ❀ 2
Seksjon › 41 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Amma

For mange hundre år sidan fann folka i huset hos ein adelsfamilie spedbarnet deira i ein sørgeleg tilstand ein morgon. Han låg livlaus i senga i lag med amma. Foreldra mistenkte ho for å ha kvelt barnet deira med overlegg. Enda om ho sa ho ikkje hadde gjort det, blei ho dømt til å bøte med livet.

I det ho bøygde seg ned og skulle til å bli avretta, sa ho for siste gong: "Eg er ikkje skuld i at barnet døydde. Det er like sant som at frå no av kjem alle førstefødde i slekta til å døy."

Etter at ho hadde sagt desse orda, flaug ei kvit due over hovudet hennar, og så blei ho avretta. Sidan døydde dei eldste sønene i slekta alt mens dei var ganske små.

(Grimm og Grimm, nr. 261)

Jegerbesøk

I ein landsby i den nedre delen av ein dal i Tyrol, hende det for over 150 år sidan at ei jente som var blitt dumpa av kjærasten sin, nekta å gå i eit bryllaup som ho var innbydd til hos naboane. Det skulle vere både musikk og dans der, men ho ville ikkje fordi guten som hadde gjort det slutt med ho, også skulle vere der.

Sorgsam og fortvila raste og romsterte ho heime. Då dukka ein framand, grøn jeger opp hos ho og baud ho med til dansen. Og sidan ho no sleppte å gå dit aleine, gjekk ho med jegeren. Han dansa så flott at alle bryllaupsgjestane såg opp til han for det, og han song og var den mest oppliva av alle. Likevel gjekk det kaldt nedetter ryggen på kvar og ein når dei såg på han; han minte dei om ein sleip giftorm. Jenta uroa seg likevel ikkje, og likte seg heile kvelden.

På heimvegen spurde jegeren jenta om ho ville la han synge utanfor vindauget hennar seint neste kveld, og det sa ho ja til med glede.

Seint neste kveld, då kyrkjeklokka slo tolv, banka det på vindauget hos jenta. Ho opna det for å helse på jegeren, men inn kom den vonde sjølv. Han greip tak i ho og drog ho med vald og makt med seg gjennom jernstengene som stod utanfor vindauget. Det skjedde med slik villskap at hud- og kjøtstykke sat fast i dei og raudt blod flauma nedetter veggen under, mens Gamle-Eirik flaug av garde med den skrikande jenta.

Ikkje ein gong femti år etter var det mogeleg å vaske eller gni vekk blodflekkane. Alle som drog gjennom landsbyen kunne sjå dei sjølv.

(Grevinne von Günther 1874, 35-37)

Åtvaringssoge mot sjalu fjasing og det som verre er. Det er heller ikkje alltid godt nok å lukte godt og danse bra, ha smal midje og trinn barm, som i "Balladen Om Fredrik Åkare och Cecilia Lind", der Cornelis Vreeswijk syng sin eigen tekst til den engelske folkesongen "Monday Morning". Om ikkje godt hjartelag og klok omtanke er med i dansen, kan framhaldet fort bli utidig og gå ut over mangt ein ikkje vil miste, så som heimelivet.

Innhald


Tyske segner, Grimm-brørne, folkesegner frå tysk, litteratur  

Kjelder og tilgrensande: [Bøker]

Tyske segner, Grimm-brørne, folkesegner frå tysk, opp Seksjon Sett Neste

Tyske segner, Grimm-brørne, folkesegner frå tysk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]