Norsk del, Gullvekta
Tyske segner   ❀ 2
Seksjon › 41 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Mordet

Grev Frederick budde i Kvitslottet over Unstrut-elva ved Thüringen. Han var gift med den unge og vakre Adelheid. Paret hadde ikkje fått barn saman, og Adelheid hadde ein hysj-hysj-affære med Grev Ludwig av Hessen, som ho elska.

Ho tenkte så det knaka over korleis ho skulle bli kvitt mannen sin så ho kunne leve opent med den unge elskaren sin, Grev Ludwig. Til sist hadde ho ein plan for korleis Ludwig skulle drepast. Ein bestemt dag skulle Ludwig dra på jakt i Riseskogen, som høyrde til mannen hennar. Han skulle ikkje fortelje kor han for, og ikkje skaffe seg innbyding til det heller. Dernest skulle ho eldne mannen sin til å nekte han å jakte i skogen, og så skulle den unge greven drepe han. Den forblinda Ludwig gjekk med på planen hennar.

Då dagen kom, stelte Adelheid i stand eit bad for mannen sin, og sørga for at han blei oppvarta. I mellomtida bles unge Grev Ludwig i jakthornet i skogen, sleppte laus gøyande hundar og gav seg til å jakte på Grev Fredriks mark så han kom nesten til dørstokken hans.

Adelheid let som ho var fortvila og sprang til mannen sin i badet. "Framandfolk jaktar som dei vil på eigedommen din!" ropte ho. "Det kan du ikkje tillate. Du kan miste råderetten over landet for ting som det."

Frederick sprang opp av badet og kasta ei kappe over seg, så hoppa han på hesten sin og reid av garde våpenlaus. Berre ein handfull tenarar og hundar følgde han inn i skogen.

Då Frederick såg Ludwig, skjelte han den unge greven huda full, heilt til greven rende jaktlansen sin gjennom han.

Frederick fall daud frå hesten sin, og tenarane tok med liket heim mens dei sørga høglydt over han. Grevinne Adelheid vrei hendene sine og drog seg i håret med fortvila geberder og fakter så ingen skulle mistenke ho for noko.

Frederick blei lagt i grav, og ein steinkross blei reist over. På den eine sida av krossen var det rissa inn ein jaktlanse, og på hi sida stod "I året 1065 døydde Grev Frederick her. Han blei stukken i hel av lansen til Grev Ludwig."

Før året hadde gått, tok Ludwig Adelheid med til slottet sitt ved Schauenburg og gifta seg med ho.

(Grimm og Grimm, nr. 552)

Slik kan det gå om ein ikkje passar seg.

Innhald


Tyske segner, Grimm-brørne, folkesegner frå tysk, litteratur  

Kjelder og tilgrensande: [Bøker]

Tyske segner, Grimm-brørne, folkesegner frå tysk, opp Seksjon Sett Neste

Tyske segner, Grimm-brørne, folkesegner frå tysk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]