NORSK DEL, GULLVEKTA  

Tyske ordspråk

 13 › 2 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Tyske ordspråk

Ordspråk blei mykje nytta i oldtidskulturane i Kina, Egypt, India, osv. Ordspråk blei brukt til å undervise i rett levevis i Mellomalderen og seinare, til dømes av Benjamin Franklin i "Fattige Richards almanakk" - han tok europeiske ordtak til den. Svært mange ordspråk vi har, deler vi med andre folk omkring oss. For eksempel finst "ein fugl i handa er verdt to i busken", på islandsk, italiensk, spansk, romansk, portugisisk og tysk.

Her er berre tyske ordspråk omsett. Mange tyske ordspråk hjelper realisme. Førsteklasses ordspråk fremmer breie oversyn og utsyn. Her er somme i attgiving. Dei fleste står på tysk og engelsk på ei anna side her.

Twig

Alder vernar ikkje mot toskeskap.

Av sår og skader skal ein bli klok.*

Bekymre deg ikkje over ulagde egg.

Betre å spare frå toppen av bingen enn når botnen syner seg.

Bruken fastset jamt prisen.*

Den som ikkje aktar seg sjølv, blir ikkje akta av andre.

Den som ikkje kan tvile, er fordumma.

Den som ikkje tvilar, er dum.

Det er otte som fører til avguderi.

Eit dårleg eple øydelegg heile hurven.

Eplet fell ikkje langt frå stammen.

Friskt våga er halvt vunne.

Først mat, så moral.

Godt folk lyttar normalt til den andre partens versjonar også. (fritt)

Ingen er for gammal til å lære.

Kjærleiken veks med kvadratet av avstanden.

Korleis vi bruker ein ting avgjer korleis den ser ut.

Nød og trong kan bryte jern.

Når ein har godt med tid, skal ein studere.

Også dette går over.

Pengar aleine gjer ein ikkje glad.

Plag ikkje dyret for moro, for det kan kjenne smerte som deg.

Ros ikkje dagen før kvelden har kome.

Sanning har eit vent andlet men klesplagga er sundrivne.

Slik er livet!

Som du mot meg, så eg mot deg (like for like).

Spar mens det er tid, så har du når du treng (i nøden).

Spar mens det er tid.

Sparsemda held på garden.*

Studer med rikeleg tid.

Svolten er beste kokken.

Ta gamle til råds, unge til dåds (gamle til råd, unge til gjerning)

Tek abbeden eit glas, tek munkane ei krukke.

Ung alder er bra, men gammal ungdom duger ikkje.

Vis meg vennane dine og eg seier deg kven du er.

Vær sparsam så du beheld huset.

Å begynne er vanskeleg støtt.

Åtak er det beste forsvaret.

TO TOP

Andre tyske ordspråk omsett

ved Tormod Kinnes

Avveksling gir appetitt.

Dei er ikkje alle sjuke, som stønnar å og o.

Den beste orsakinga er å la vere å gjere det meir.

Den kloke avventar tida.

Den kloke ventar på tida si.

Den som held ålen i sporden, har den verken halvt eller heilt.

Der det er rotnande kjøt og kadaver, kjem det også fluger.

Det ein har, aktar ein heller lite etter kvart.

Det er ikkje kvar avgrunn som har rekkverk.

Det finst alltid nokon som misunner.

Det som skjer dagleg, aktar ein knapt. (Det er vanens makt.)

Dovne bønder finn ikkje ei god eng.

Ein god klosterforstandar roser klosteret sitt.

Ein skal høyre mykje, før eit øyre fell av.

Enga er veikare enn bonden.*

Etter ein fæl dag skal ein gjere kvelden hyggeleg.*

Før ein snittar av éin gong, skal ein måle to.

Få er utan eit mein.

I god åker veks det også ugras.

Kveldstale og morgontale blir sjeldan heilt samde.

Morgonen er djupt sorgfull.*

Morgonen er klokare enn kvelden.

Om reven preikar, så pass godt på kyllingane.

Otte fører til avguderi.

På mange skuldrer er godt bore.

Ros ikkje dagen før kvelden.

Slik som det er det nyttig, slik blir det halde i akt.

Som åkeren, så gulrøttene.

Tørking er nyttig når ein ikkje dreg ut i regnet.

Utålmodigheit hjelper heller sjeldan mot vondet.

Ved utløpet blir ingen sjø full.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2005–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]