![]() |
Vitsar og blødmer | |||||
| 13 1 60 | ||||||
Katten og kalvekotelettaneEin dag sende Mankar Prest heim eit og eit halvt kilo kalvekotelettar og ein lapp der det stod korleis han ville ha dei kokt, og at han ville ha dei til kveldsmat. Han skulle vere vekke heimefrå heile dagen, så kona hans blei aleine heime så lenge. Ut på dagen stelte ho i stand eit enkelt middagsmåltid for seg sjølv. Men då nokre av venninnene hennar kom uventa innom, stelte ho snøgt i stand kotelettane til dei og seg sjølv, og gode var det. Om kvelden kom presten heim med god appetitt og spurde om kotelettar var ferdig kokte. Kona hans var redd for at han skulle bli sint på henne for at ho hadde spandert alle kotelettane på venninnene og seg sjølv, så ho laug og sa at katten hadde ete dei. Presten fekk straks tak i den vesle katten deira, sette den på vekta og fann at den vog eit og eit halvt kilo, det same som kotelettane. Han vende seg til kona og sa: "Dersom det som står på vekta er kotelettane, kor er katten vår? Dersom dette er katten, kor er kotelettane?"
Isbjørnfrykt i balanseEin dag strødde Mankar Prest noko pulver på marka rundt huset sitt. "Mankar, kva er det du gjer?" spurde einkvan. "Eg vil halde dei farlege isbjørnane unna." "Men det er ikkje isbjørnar på hundre mils avstand?" "Der ser du."
Ei påliteleg kjelde"Kor gammal er du, Mankar?" spurde einkvan. "Førti," sa Mankar Prest. "Men det sa du jo for to år sidan då eg spurde." "Det stemmer. Eg står alltid ved mitt ord!"
Vesledottera sitt verkEin tid budde Mankar Prest uti øydemarka med familien så han fekk forhold til å faste i stor einsemd, utan telefon eller anna kontakt med sivilisasjonen. Første dagen tenkte han med seg sjølv, "I dag er det den første i denne månaden. Korleis skal eg halde lettvint rekning på dagane vidare her ute, utan aviser, radio, telefon eller noko slikt? Jo, eg vil lage ei leirpotte og leggje ein småstein i den dag for dag. Når det er tretti steinar i potta, er fasten forbi." Dermed tok han til å leggje steinar i potta, ein kvar dag. Men ein dag kasta dottera hans mange steinar i potta med dei vesle hendene sine. Litt etter kom vandringsfolk uventa innom og spurde presten: "Kva for dag i månaden er det i dag?" Det var den tjuefemte, men presten visste ikkje deg. Han sa: "Vent litt, så skal eg sjå etter." Så gjekk han inn og tømde potta, og fann syttifem steinar i den. Presten sa til seg sjølv, "Dersom eg seier dette talet til folk, kjem dei til å kalle meg ein tosk." Dermed gjekk han tilbake til dei og sa: "I dag er det førtiandre dagen i månaden." Men, sa dei, " Prest, det er berre tretti eller trettiein dagar i ein månad, så korleis kan du seie det er den førtiandre i dag?" "Eg synte eigentleg dumt måtehald, sa presten. "Dersom de fekk sjå rekneskapen eg har i potta, ville de sjå det er det den syttifemte i dag."
To døtrerMankar Prest hadde to gifte døtrer. Ein dag dei kom saman til han, sa han til dei: "Vel, døtrer, korleis går det med dykk?" No var den eine gift med ein bonde, og den andre med ein kar som laga takstein. Den eine dottera sa: "Mannen min har sådd mykje korn. Blir det nok regn og ikkje tørke, gir han meg ein ny kjole." Den andre sa: "Mannen min lagar takstein av leire, og har lagd ei stor mengd av dei som skal tørke i sola. Dersom det ikkje blir ein drope regn, gir han meg ein ny kjole." Mankar Prest sa: "Ein av dykk ligg jammen dårleg til, men kven, må fuglane vite."
Å tru den retteEin dag kom ein mann heim til Mankar Prest og bad om å få låne ponnien hans. "Han er ikkje heime," svara presten. Men no hadde det seg slik at ponnien tok til å vrinske bakom huset. "Prest," sa mannen, "du seier at ponnien ikkje er heime, og så er han her og kneggjar bakom huset ditt." "Kva!" sa Mankar Prest. "Du trur ein hest, men ikkje ein gråskjegga prest?"
Innfløkte spørsmålPå Mankar Prest si tid drog tre lærde prestar gjennom mange land og rike, og kom til sist til Finland. Den finske kongen skulle gjerne hatt det slik at dei forstod at han hadde den sanne trua. Dei tre sa: "Kvar av oss har eit spørsmål til deg. Dersom du kan gi oss svar, skal vi omvende oss til di tru." Alle gjekk med på dette, og då viste det seg at ingen ved det finske hoffet evna å svare på spørsmåla frå dei fremmende. Kongen utbraut, "Ingen riket mitt og ingen i Norden kan visst gi svar til desse karene." Ein hoffmann svara, "Kanskje Mankar Prest frå Bergenskanten kan." Kongen gav straks ordre om å hente Mankar Prest i båt i ein fart. Straks presten kom i land, sitjande på ponnien sin, rei han til kongen. Kongen fortalde han korleis det låg til. Mankar Prest vende seg til prestane og sa: "Kva er spørsmåla dine?" Den eine av dei sa: "Kor er midt på jorda?" Mankar Prest peika straks med stokken sin mellom føtene sine og sa: "Her er det, akkurat her." "Korleis veit du det?" sa presten. "Dersom du tviler på det" sa Mankar Prest, "så ta eit målband og sjå etter om det blir meir eller mindre -" Den andre av prestane sa, "Kor mange stjerner er det på himmelen over oss?" Mankar Prest sa: "Like mange som det er hår på ponnien min." "Korleis veit du det?" sa presten. "Dersom du tviler," sa Mankar Prest, "så kom og tel håra. Dersom det er nokon skilnad, så sei det straks." "Har du telt håra på ponnien din då," sa presten. "Og har du telt alle stjernene på himmelen?" sa Mankar Prest. Den tredje presten steig fram og sa: "Kor mange skjeggstrå er det i skjegget mitt?" "Like mange som det er hestetagl i halen på hesten min, sa Mankar Prest. "Korleis veit du det?" sa presten. "Dersom du ikkje trur det, så skal du telje etter," sa Mankar. Presten ville ikkje seie seg einig. "Dersom du ikkje synest svaret er rett," sa Mankar Prest, "så kom hit og la oss plukke skjeggstrå frå skjegget ditt og tagl frå hestehalen, eitt og eitt. Så får vi sjå kor rett det er." Presten innsåg at ein grundig etterrøknad ville bli verst for han sjølv, så han sa til dei to kameratane sine: "Eg trur eg går over til den kongetrua," og det same gjorde dei to hine.
|
|
|
|
© 20102011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |