![]() |
Vitsar og blødmer | |||||
| 13 1 60 | ||||||
|
To fuglarGamle Mankar Prest gjekk bort til ein flokk som hadde stimla saman rundt ein mann på marknaden. Mannen prøvde å selje ein fargerik fugl for tjue gullmyntar. Det var ein svimlande pris. Presten kunne ikkje forstå korleis mannen kunne vente å få så mykje for fuglen, og spurde: "Gode mann, kva slags fugl er det du er ute etter tjue gullmyntar for?" "Prest, er det ein merkeleg fugl som heiter papegøye, og eg har lært den å seie nokre ord." Presten gjekk fort heim, tok hanen sin og kom tilbake til marknaden. Der tok han til å kunngjere nær ved mannen som baud fram papegøyen: "Denne fuglen kostar berre tretti gullmyntar. Kom, kom!" Den mest overraska mann i mengda var han som selde papegøyen. Han spurte: "Prest, er ikkje tretti gullmyntar altfor mykje for ein hane?" "Eg ser du sel din fugl for tjue gullmyntar," svara presten. "Men min fugl kan noko, den snakkar." "Min tenkjer."
Eit spørsmål om respektEin dag kom Mankar Prest til ein fest som han ikkje var budd på, då han gjesta ei bygd i nærleiken. Han gjekk i loslitne, gamle reiseklede, og fekk ikkje sleppe inn til dei festande. Men han skunda seg heim, tok på seg bestekleda sine og var tilbake til festen etter eit par timar. Straks kom verten bort til han, helste høvisk og leidde han til ein av heidersplassane ved bordet. Då maten kom på bordet, dytta presten ermane bort til tallerkenen sin og sa: "Et, ermar, et." Han forklarde de overraska folka som sat ved sida av seg: "Der klede blir akta så mykje som her, lyt også dei få seg eitkvart."
Les sjølvEin mann kom eit brev til Mankar Prest: "Vil du lese dette brevet for meg, prest?" Mankar Prest såg gjennom brevet, men det var på gresk. Han kunne ikkje forstå noko av det og gav brevet tilbake til mannen. "Ta det med til ein annan. Eg klarer ikkje å lese det," sa han. "Korleis har det seg? Du ber lærd manns kappe og kan ikkje lese så mykje som ein bokstav?" Mankar Prest tok av seg kappa og la den framfor mannen. "Vel, dersom det er kappa som gjer dyktig, så ta den på og les brevet sjølv."
Ei skikkeleg nøttEin dag sa lærlingen til Mankar Prest:, "Prest, alle seier du er god. Vil det seie verkeleg er god også?" "Ikkje nødvendigvis, son min," sa presten. Guten spurte så: "Om alle seier du er dårleg, vil då det seie at du er dårleg?" Igjen svara presten at det ikkje nødvendigvis var slik. Då lærlingen spurde korleis nokon kunne finne ut av det, fortalde presten han at dersom dei gode menneska sa han var god og dei dårlege sa han var dårleg, då var han god. Så stogga han ein augeblink, klødde seg i hovudet og la til: "Men du veit kor vanskeleg det er å avgjere kven som er dei gode og kven som er dei dårlege."
PengestønnEin gong Mankar Prest langs ein stig oppetter ei li, høyrde han lyden av øksehogg, ei mannsrøyst og hestebjøller som ringla. Det sa han at det var folk her på denne einsame staden. Presten ville gjerne ha kontakt med folk, og vende hesten inn på ein liten stig som førde i retning av lydane. Snart fann han seks hestar som beita på ein rydning. På all sider var det haugar med ved som var oppkappa så den passa til vedomnar. Nær ved var ein sterkbygt mann som felte tre med svingande øksehogg. Mannen gjekk raskt bakover då furua han hogg på, tok til å svaie og stønne før den ramla i bakken. På ein stubbe i svalande skugge sat ein velkledt mann og klappa og applauderte då treet fall. "Bravo!" jubla han. Han var ikkje mykje større enn halvt så stor som tømmerhoggaren. "Det var ein fint, stort tre vi kutta. Det skal nok varme han som har gitt oss oppdraget, gjennom mang ein kald vinterdag. Vidare til neste tre!" Utan så mykje som jå kaste eit blikk på følgjesveinen som sat i ro og mak slik, gjekk tømmerhoggaren rundt eit eiketre å avgjere kva retning det skulle falle i, tok eit fast grep om øksehandtaket, og tok til å hogge i trestammen litt over trerøtene. Kvar gong øksa til tømmerhoggaren hogg inn i treet, grynta den vesle karen. Presten sat på hesten ei stund og såg på denne rare ytinga - den sterke mannen som svinga øksa, mens mannen som sat, serverte ein straum av grynt, stønn og hurrarop. Det blei til sist for mykje for presten. "Korfor lagar du all dette ståket når den andre gjer alt arbeidet?" spurde han den vesle karen. "Å, eg hjelper han," kvitra mannen. "Han har teke på seg å hogge tretti vedlass for ein fyr. Tenk på kor mykje arbeid det ville vere for ein mann. Eg syntest synd på han og gjekk i kompaniskap med han. Han svingar øksa mens eg gryntar og oppmuntrar han så han held motet oppe." Presten såg på sola. Det var blitt seint, så han tok farvel, sa "hypp" til hesten sin og sette kursen heimetter. Fjorten dagar etter kom han over dei to karane att mens han igjen mens han dreiv omkring og stod og hang ved domstolen i tilfelle dommaren skulle trengje råd frå han om noko. Dei to mennene frå lia var i strid med kvarandre for dommaren. Dei bevega hendene fort og hardt mens dei snakka like eins. "Eg tente kvar skilling sjølv," sa den store tømmerhoggaren. "Eg hogg kvart bidige hogg i det som blei tretti hestelass med ved til kunden min. Eg lasta veden på hestane, køyrde den heim til kunden, lossa kvar trestokk aleine, og gjekk tilbake til fjellet etter fleire lass." Den vesle mannen som hadde sete på subben, avbraut han. "Han gløymer korleis eg heia han fram i arbeidet sitt. Eg gav eit grynt for kvart hogg, ropte hurra for kvart tre som fall. Eg fortente altså min del av pengane som kunden feilaktig betale til fulle til tømmerhoggaren aleine." Dommaren hadde aldri fått ei slik sak før. No augna han presten som hengde og slengde der, og sa, "Eg overlet denne saka til den kunnige assistenten min," sukka han og halla seg bakover. No slapp han den vanskelege saka. "Fortel historiene dykkar om att til han." Begge tok til å snakke på ein gong. Tømmerhoggaren og den sjølvutnemnde hjelparen hans fortalde historiene sine. Presten lytta og nikka klokt til begge hadde snakka frå seg. Så vinka han til seg ein rettsbetjent og sa: "Hent ei tom pengeskuffe til meg." Skuffa blei skaffa. "Gi meg pengane, gode tømmerhoggar, dei pengane du fekk av kunden din for dei tretti hestelassa ved," pålagde presten han, held ut handa for posen. Motvillig, gav tømmerhoggaren pengesekken frå seg mens den vesle mannen frå stubben kom nærare. Ein etter ein tok Mankar Prest myntane frå posen og léte dei klinge mens dei fall ned i pengeskuffa, og sa samtidig til mannen som kravde ein del av dei. "Høyrer du det? Liker du lyden? Er det ikkje ein munter klang?" Den vesle mannen nikka, og kom så nær at nasen nesten rørte dei ringlande myntane. Han smilte tilfreds over å sjå så mykje pengar på nært hald. "Du høyrde det heile?" spurte presten den vesle karen. Mannen nikka grådig. "Kvar skilling av dei?" spurte presten. Den vesle mannen heldt fram med å nikke. "Då har du fått lønna di," sa presten, og feia pengane tilbake i posen. "Lyden av pengane er rett løn å betale for lyden av arbeidet." Presten rekte heile pengesekken til den smilande vedhoggaren, sa, "Og pengane er rett lønn for arbeidet." |
|
|
|
© 20102011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |