NORSK DEL, GULLVEKTA

Vitsar og blødmer

 13 › 1 › 60 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR AAA 
– SAMLING

Han fekk det som han ville med oksen sin

Mankar Prest hadde ein gammal okse som hadde veldig store horn. Dei stod så langt ifrå kvarandre at ein mann kunne sitje mellom dei. Kvar gong stuten nærma seg Mankar Prest, hadde han for vane å seie til seg sjølv, "Eg skulle likt å sitje mellom dei to horna," samtidig med at han prøvde å finne ut kva sjansar han hadde til å kome seg opp dit.

Ein dag kom oksen og la seg ned og jorta framfor huset. Presten ropte, "No er tida komen!" og klatra fort opp mellom horna på oksen. Oksen kom seg like så fort på beina og slengte presten i bakken, og der låg han i svime til kona hans kom til. Ho fann han liggjande utan å røre seg, og tok til å jamre og klage.

Etter ei tid kom presten til seg sjølv. Då han fekk sjå kona som gret og bar seg ved sida av han, utbraut han: "Gråt ikkje, kone. Dette blei ei fæl oppleving, men eg fekk det eg trakta etter."

Plagsame supar

Ein dag koka kona til presten buljong, og for å plage han, gjorde ho noko av kjøtbuljongen gloheit. Så bar ho den inn i matrommet og sette den på bordet. Men ho gløymde kor varm ho hadde gjort den, tok ei skei og tok ein sup. Ho brente seg på buljongen så tårene spratt i auga hennar.

"Kva er det med deg, kone?" sa presten, "Er suppa varm?"

"Å kjære!" sa kona. "Mor mi, som er død no, var så glad i buljong. Det kom eg til å tenkje på, og så laut eg gråte over henne.

Presten trudde at det ho sa var sant, tok seg ein sup og brente munnen, han også. Han til å gråte og bere seg.

"Kva er det med deg?" sa kona, "Korfor græt du?"

Presten: "Du græt fordi mor di er borte, men eg græt fordi dottera hennar er her."

Sant nok

Mankar Prest hadde det med å seie: "Vel, det kunne vore verre." Ein dag stoppe ein kjenning der i bygda han og sa: "Eg drøymde i natt at eg døydde, fór til helvete og blei dømd til evig pine."

"Vel," sa presten, "det kunne ha vore verre."

"Kva meiner du, far?" utbraut den andre. "Korleis kunne det ha vore verre?"

"Det kunne ha vore sant."

Tubaspel

Ein mann som budde til leige i loftsetasjen til Mankar Prest, ropte ein dag til han nedafor: "Viss du ikkje sluttar å spele tuba no, går eg frå forstanden!"

"For seint," sa Mankar Prest. "Eg slutta for ein time sidan."

Kjærasten bak skogen

Ein kveld la faren til Mankar Prest merke til eit lys i løa si. Han gjekk for å sjå kva det var, og fann sonen oppstasa med ei lykt i handa.

"Kva gjer du her i løa, oppstasa og med lykt?" spurde faren.

"Eg skal på besøk til kjærasten min, far," sa presten. "Det er mørkt, så eg gjekk innom løa og henta fjøslykta først."

"Då eg var på din alder og vitja kona mi for første gong," sa faren, "gjekk eg gjennom skogen rundt garden her utan lykt."

"Eg veit det," sa presten, "men sjå kva du fekk, far."

Han ville ikkje ha råd

Mankar Prest gjekk ein gong bort til ein eldre mann som såg fin og kultivert ut, fortalde kor ille han hadde det og kor hardt han sat i det, og bad om hjelp. Den gamle herren sa nei slik: "Eg har dessverre ingen pengar, men eg kan gi deg nokre gode råd."

Presten svarde, "Nei takk. Er du pengelaus, er kanskje ikkje råda dine verdt så mykje."

Kunsten å nyte

Mankar Prest var til kontroll hos legen sin. Blant dei mange spørsmåla legen stilte, var: "Er du plaga av usømmelege tankar?"

"Slett ikkje, sa presten," "Sant å seie nyt eg dei."

"Always look on the bright side of life." - Song av Eric Idle frå Monty Pythons film "The Life of Brian." Det som Martin Seligmann har kalla Positiv Psykologi, fokuserer på slikt. Ei bok av Sarah Zobel Kølpin, Lev deg lykkelig med Positiv Psykologi, gir godt funderte råd.

Jamfør Alfred Adlers' syn på vellykka livsgang: "Å yte og nyte".

Forferdeleg

Mankar Prest fann ein dag vegen til kunnskapskjelda. Den som drikk seg utørst av den, kan få alt han ønskjer seg og eit ønske i tillegg.

Presten drakk og ønskte at han kunne forstå kva folk tenkte og snakka med kvarandre om. Men då han hadde brukt litt tid på å lytte til kva folk tenkte og snakka om, brukte han ekstraønsket sitt til å drive vekk den nye evna si.

Dei andre prestane i soknet sa til ham: "Kva var så forferdelig ved kva folk flest tenkjer og snakkar med kvarandre om?"

Han sa: "Eg trur nesten ikkje de vil tru meg når eg seier det, men folk tenkjer at Gud er som eit digert menneske!"

Dei andre prestane spurde: "Men er det ingen som meiner noko anna?"

"Det er somme, men det dei tenkjer er farlege saker for den som vil bli godteken."

"Forferdelig!" skreik alle prestane, "Det var forferdelig."

"Det var det eg helst ville sleppe å fortelje dykk," sa presten som hadde funne vegen til kunnskapskjelda.

Vitsar og blødmer – SAMLINGA
Vitsar og blødmer - SLUTTBOLK

Vitsar og blødmer - LITTERATUR  

Kølpin, Sarah Zobel. Lev deg lykkelig med Positiv Psykologi. Tr. Kari Olsen. Rev. norsk utg. Oslo: Engelstad Forlag, 2010.

Seligman, Martin E. P. Ekte lykke: Den nye positive psykologien. Oslo: Universitetsforlaget, 2009.

Vitsar og blødmer - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Vitsar og blødmer BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]