NORSK DEL, GULLVEKTA

Vitsar og blødmer

 13 › 1 › 60 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR AAA 
– SAMLING

Esteten Mankar

Mankar Prest blei forkjøla og mista luktesansen for ei tid. Akkurat i dei dagane fann han ei praktfull kappe som låg ved vegen som om nokon hadde kasta den. Kappa verka god som ny og såg heilt rein ut. Han tok den først med seg heim og la seg, for han skulle ha middagsluren sin.

Så stod han opp, tok på seg kappa og gjekk ut att. Det han ikkje hadde merka, var at kappa stinka heilt forferdeleg. Folk flydde frå han i alle retningar.

"Det er jammen einsamt å vere estet," klaga han. "Folk som ikkje har vett på det vakre, går glipp av mykje fint!"

Forunderleg statistikk

Ei tid då Mankar Prest hadde eit så elendig kall at han blei fattig av det, sa han til ein prest som tente godt: "Alle pengane mine går med til mat."

"Å, så det er problemet," sa den andre presten sakte. "Eg for min del bruker berre fem prosent av pengane på mat."

Veit ikkje

Mankar Prest sende ein gong den fremste hjelpepresten sin, ein lærd ein, for å teste lærdommen til ein mann som helst ville gifte seg med dottera hans. Den unge mannen var frå ein enkel heim. Då hjelpepresten kom tilbake frå misjonen sin, fortalde han: "Han svara, "Eg veit ikkje" til alt. Eg er no ikkje så sikker på han . . ."

Mankar sa: "Storarta! Eg tykkjer allereie om å ha ein slik mann til svigerson!"

Kva Mankar sa

"Kva for kjernelære gav skiftefar din i Spania til deg?" spurte nokre i kyrkjelyden Mankar Prest ein gong.

Han sa: "Eg hugsar så forferdelig dårlig - men skal tru om det ikkje var slik:

"Det er ikkje mat, alt som glimrar. Grådigheit i feil kanalar gjer det uråd for dykk å skilje sjølvbedrag frå røyndommen. Å ikkje vere sorgfull over dum grådigheit, kan gjere ein bitter, dernest sur og tverr. Mot slikt kan ein trene seg, men i den første fasen ein synest ein treng dei, er jo gode og sterke øvingar forbodne. Det er fordi sorgfulle ikkje er klare enno, og då kan flotte øvingar skade dei. Det er i denne tida dei jamt ønskjer øvingar mest. Og når øvingar til sist har gjort sitt, er dei sjeldan tiltrengte meir.

Dessutan kan smiger, mat og velstand la fiendar sleppe til og øydeleggje folk mens dei er opptekne med å nyte og endatil takke.

Lyttarane gjekk sin veg fortalde alle dei møtte at Mankar Prest var lat og udugeleg. Dette fekk Mankar høyre, og sa til dei: "Kva vil de eg skal seie? Vil de ha seremoniar og tilmålt høflegskap og rang heller enn ærlege spørsmål og svar her på jorda?"

Makt i blikket

Mankar Prest hadde konsentrert seg så lenge for å lese Bibelen med lita skrift at han fekk eit bydande blikk. Ein dag han sat ute i sola og skulle lese litt til, blei han avleidd av ein fugl som song så vakkert i greinene over seg. Presten syntest ikkje fuglen hadde rett til å skiple han med vakker song, og såg så kvast på han at fuglen datt i bakken. Der låg han, død.

No syntest altså Mankar at han kunne sjå så sterkt på fuglar at dei fall ned. "Sanneleg har Bibellesinga vore nyttig," tenkte han nøgd.

Så kom han seg på beina og gjekk mot næraste bygd. Han kom til eit flott hus og banka på, for han var blitt svolten og tørst. Kona i huset kom i døra.

"Kom med mat og drikke, kvinne, for eg har kome langt, eg," sa han.

"Det skal bli så snart eg kan," sa kona og gjekk inn og lukka døra.

Tida gjekk, men det tok lang tid før ho kom attende. Han såg kvast på henne og sa: "Du er heldig som får leve, så lenge som eg har måtta vente her."

"No vel, men så er eg heller ikkje nokon fugl som syng og fell ned frå treet."

Mens han stod der og ikkje visste kva han skulle tru om dette, gjekk kona inn att. Ein tiggar kom snart til og helste han:

"Mankar, har du drepe fugl i dag? Somme blir narra av andre, og somme av seg sjølve. Det er det du får sjå i auga no. Så kanskje du bør samle deg om plikta di, heller?" Og med det gjekk han sin veg.

Mellom to fjøler

Ein lege sette inn annonse i avisa om kva han kunne gjere. Han kunne blant anna gjere krumme ryggar rette om dei så var krumme som bogar og hovudet var heilt nede ved tærne. Sjølv når det stod slik til, kunne han gjere ryggane rake, skreiv han.

Fetteren til Mankar Prest drog til han for å få behandling. Legen la han mellom to fjøler og skrudde dei tettare og tettare saman så ryggen blei stramma meir og meir. Fetteren ropte ut i store smerter. Enden på visa var at legen fekk retta ut ryggen hans ganske bra, men då var fetteren også død.

Då slektningane gjekk på legen og skreik og laga oppstyr, sa han til Mankar Prest, som også var der. "Eg garanterte å gjere ryggen rett, men ikkje at nokon skulle leve gjennom det."

Presten svara: "På sett og vis rett, sia ein kan vel kanskje ikkje lage omelett utan å knekkje egg."

Kunsten å symje

Legen tok nokså fort livet av så mange pasientar at slektningane deira kom med våpen i hand og ville fakke han. Men han slapp vekk om natta ved å stupe i elva og symje vekk så ingen såg han.

Seinare den natta kom han heim og fann Mankar Prest heime hos seg. Han sat og lét som han las i ei bok om medisin. Legen sa til han: "Ha ikkje slik hast med å studere den boka. Det ein treng aller først, er å lære å symje."

Forbetra drikk

Mankar Prest ville ikkje bli udødeleg ved kunsten sin, men heller ved å drikke ein spesiell drikk frå ei svart bok han hadde, og som han fekk i stand.

Han testa drikken på ein hund aller først, og straks låg den som død. Så drakk han sjølv, og fall straks i koll. Ein av lærlingane hans trudde framleis på han, og drakk også av drikken. Etter litt låg også han på bakken utan å røre seg.

Dei andre lærlingane drog no for å førebu gravlegginga. Men straks dei var gått, kom Mankar til sans og samling att. Han reiste seg, men ramla saman nokre gonger at han sette seg på huk med: "Dersom eg hadde visst at eg skulle falle ned att så mykje, ville eg ikkje stått opp!"

Mens han sat på huk, fann han ut korleis han skulle forbetre drikken sin. Han dryppa nokre dropar i munnen til lærlingen og hunden som låg der. Straks tok dei seg inn att og vakna opp. No var dei alle tre blitt udødelege eller iallfall levande, tenkte dei, og fryda seg.

No gjekk Mankar til borgarmeisteren i Bergen for å syne fram livseliksiren. Men ei portvakt drakk opp alt saman. For det blei mannen dømt til døden av den rasande borgarmeisteren. Men portvakta sa: "Om De vil drepe ein som har drukke livseliksir, kan to ting skje. Dør eg, viser det at den ikkje verka heilt som tiltenkt. Dør eg ikkje, har De skaffa Dykk ein farleg fiende som De ikkje kan bli av med."

"Det høyrest sant og rett ut," samstemte Mankar Prest. Så borgarmeisteren lét portvakta leve.

Veslehusa

Det kom så tronge tider at Mankar Prest laut leve av å la folk som gjekk forbi der, få bruke veslehuset* hans for pengar. Ein nabo fekk nyss om stoda og samrådde med kona si om å setje opp eit veslehus langs vegen, han også. Ho sa at når han Mankar alt hadde ordna med slikt, var det kanskje ikkje penger i å setje opp enda eit veslehus langs vegen i det heile.

Men naboen ville og skulle byggje det, og alt frå første dag håva han inn pengar frå folk som gjekk forbi og trengte å lette seg. Ingen brukte presten sitt veslehus meir, og kona lurte på korleis det kunne vere.

Mannen hennar sa: "Eg sit i veslehuset hans dagen lang."

Ein annan nabo av Mankar Prest fekk høyre om desse veslehusa, og sette opp sitt eige ved vegen han også, og tok ikkje betaling i det heile. For kvart besøk gav gjødsel til markane hans, tenkte han.

Snart fekk han auge på ein mann som gjorde seg klar til å gå inn på eit av dei to andre veslehusa for å lense*. Han sprang til og prøvde å hindre han i å gå inn der. "Her er det gratis og like godt," sa han og peika på sitt eige veslehus. Han fekk mannen til å gå dit.

I mellomtida sette han seg inne på Mankar Prest sitt veslehusog kvilte ryggen. Mens han sat der, feis han, og utan å tenkje vidare over det, lét han det kome ut mykje meir. "Eg sannar feilen min," sa han sørgmodig, "eg drap eit lite insekt og lét dei store sleppe unna!"

* Veslehus: dass, utedo.

Lense: late vatnet.

Vitsar og blødmer – SAMLINGA
Vitsar og blødmer - SLUTTBOLK

Vitsar og blødmer - LITTERATUR  

Vitsar og blødmer - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Vitsar og blødmer BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]