![]() |
Vitsar og blødmer | |||||
| 13 1 60 | ||||||
Gjesta av ein tjuvEi natt i dei tronge tidene for Mankar Prest, då han blei stadig meir tullete, braut ein tjuv seg inn i huset hans akkurat då presten sjølv kom heim att seint ein kveld. Dermed tok presten tjuven på fersk gjerning. Tjuven flykta så overrumpla at han etterlét seg ei saueskinnveske som han hadde teke med til å ha tjuvegods i. Mankar Prest blei svært fornøgd over å ha fått seg saueskinnveske. Men kvar natt han kom heim og alt var stilt og roleg, rynka han likevel panna og mumla: "Ingen tjuv i kveld heller? Nei, nei." "Eg vil ikkje kome fram!"Ein mann i soknet til Mankar kalla kona si feit og lat, og blei dengt av henne for det så mykje at han kraup under senga. "Kom fram derifrå med ein gong!" skreik kona. "Eg er mann! Seier eg at eg vil ikkje kome fram, gjer eg det rett og slett ikkje!" Denne leie hendinga fekk Mankar Prest høyre om, og kom på vitjing der på tunet ein vårkveld. Alt gjekk vel heilt til mannen sa: Det er vårkveld! "Det er den mest øydeleggjande kritikken eg nokon gong har høyrt," sa presten. "Ja, den er fæl," sa kona kontant. "Så er det avklara," sa presten og ville av stad. "Detaljar kan de godt utfylle sjølve," la han til. "No har vi hatt ein dårleg prest på gjesting," sa mannen. "Det var merkeleg at han ikkje freista å løyse noko som helst, var det ikkje? Men så er det jo også slik at Bibelen
StutenMankar Prest skreiv eit brev til ein rik mann og bad om å få låne oksen hans. Brevet sendte han med ein bodbringar, som skikken var i dei dagane. Då brevet kom fram rikingen, sat han og snakka med ein gjest. Han ville ikkje at gjesten skulle få vite at han ikkje kunne å lese, så han lét som han las brevet. Så sa han til bodbringaren: "Ja vel, eg skal kome." DiktarprestenI tronge tider ville Mankar Prest prøve å bli ein av diktarprestane i Norden for å sjå om det var noko vinning i slikt. Til kyrkjelyden fortalde han om valet ein julaftan: "Kjære dykk! Hosting og kremting brukast på mange måtar. Jula tek til i kveld likevel, det er rett nok, men også den 6. januar. Då er julegåvene billegare. Vel, her er den første julesongen eg har forma for den sjette januar. Den er slik mange vil ha preikene mine," og so sa han fem-seks ord, og runda av med: "Slik vil Paulus ha ei preike, trur eg. Det står i Bibelen." Dernest heldt han stilt. Men neste søndag la han ut om det att: "Med fine, stutte songar og preiker blir det kanskje slutt på at unge jenter dultar borti mor si for å få gå på toalettet under songar og preiker. Denne kyrkja har ikkje mange vakre toalett; det er rett. Og, kjære dykk, no kan vi feire ein halv månad i strekk rundt nyttår,anten vi vil eller ikkje." Etter dette fekk han ein streng, skriftleg korreks av bispen sin, men heldt fram å forme dei kort-korte diktpreikene sine det hadde gått sport i det og det stod i Bibelen at det var bra. Med seg sjølv tenkte han: Gode julekaker Han kom etter kvart fram til enda meir: "Få ting er så farleg som ein tosk som har kome i høgda - Kva kan fuglar ha av gleder der dei svever i høgda og skrik med høg gråt? Eg skjønar eg må vere meir forsiktig. Det er også ei av dei mindre gledene i livet." Han gjekk såleis inn for å vere rimsmed utan bruk av rim å snakke om. Stutt og støytvis skreiv han:
"Slikt kan vi neppe syngje," sa prestefrua, "det er så enkelt at det blir gjennomtrengjande med eitt og ikkje slørete. Kan slikt vere klokt, slik forholda er for oss no?" "Vi får sjå. Det er fint du ikkje er sur på meg for at eg kavar med diktinga, kone" sa Mankar Prest, "for Den verkeleg furtne kona
*"Gjul"
Mankar Prest held ei makeleg preikeMankar Prest hadde studert med flid og sa somtid fram eigne likningar. Frå preikestolen sa han: "Ein mann grov ned nokre pengar og sa til pengane, "Viss andre ser dykk, så sjå ut som ormar! Ver pengar berre når det er eg som ser dykk." Nokon høyrde kva han sa, grov opp pengane og sette ormar der i staden. Seinare kom mannen til staden, og då fann han berre ormar. "Det er meg! Har de gløymt meg?" sa han opp att og opp att. Dette syner at når vi trur at andre har gløymt noko mykje viktig, har dei sjeldan det. Det får så vere," forklarte presten. "No er preika slutt. Er det nokon som har eitkvart på hjertet?" Ein fante i kyrkjelyden stod fram og sa: "Eg høyrer du har forma gjuledikt i det siste, prest. Sei noko om dette augeblikksbiletet: "Til Bibelsmør Og som eg høyrer deg snakke, tenkjer eg: Også kjeften på hesten Mankar Prest skjøna at han hadde danna skole, så han sa ikkje noko stygt og nedsetjande til mannen frå preikestolen, enda om naboane hans stønna over den fornærmande framferda til mannen. Presten sa faktisk: "Det første verset lyt du nok underbyggje før ein skal svelje det. Det andre verkar nesten lyrisk vakkert for meg." Den dagen skreiv kona hans i dagboka: I dag fall mannen min ned Ho hadde skjøna eitkvart, ho også, men ikkje det same som mannen. Slik er det ofte. I selskapMankar Prest og kona feira fødselsdagen hans då ein av gjestane prompa fleire gonger, både tydeleg og hardt. Dette fekk ein annan gjest til å bryte ut i skoggerlatter, så presten laga eit nytt dikt for høvet. "He-he-he-he-hedeklamerte han på staden, og la til, "Det gir uttrykk for både prompinga og latteren." Prosten, som var til stades og feira fødselsdagen til Mankar, han også, sa: "Eg har høge tankar om dette verset, både som poesi og filosofi. Det fortener å bli hugsa til dommedag og litt lenger." Slik fekk Mankar Prest oppreisinga han trong for diktekunsten sin, og kona skreiv lykkeleg i dagboka si same kveld: I kveld såg eg kva reindyrka kunst kan gi:
TjaNoko etter den store oppreisinga si kjende Mankar Prest seg sliten, og ville ikkje preike eller messe i det heile. Det fekk eine lærlingen hans til å spørje: "Korleis kan eg dra nytte av dette for å bli prest, Mankar?" Presten såg stilt på han før han sa: "Heldigvis kan eg ein metode som fungerer for nesten alle." "Fortel meg den med det same, er du gild." "Stapp godt med bomull i øyra, men utan å ta skade. Slik slepp du ifrå ganske mykje susete. Eller tren deg fram ved å tenkje "tja" til alt som blir sagt." "Gjeld det dette også?" spurde lærlingen dystert. "Tja -" Kompliserte tårerEi kvinne i blå bluse og raude skjørt ropte og gret: "Å kjære! Å kjære!" Mankar Prest spurde henne om kva ho skreik og sørgde over, og ho svara: "For han som har fars svigerson til far og som har far min til svigerfar for far sin." Mankar sa til følgjet sitt: "Ho sørgjer over sonen sin. For ei gåverik kvinne ho lèt til å vere!" |
|
|
|
© 2011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |