Norsk del, Gullvekta
Vittigperen  ❀ 1
Seksjon › 68 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Slik er det ikkje med graskar

Ein varm dag låg Ullmund og kvilte i skuggen av eit eiketre. Etter ei tid la han merke til at det voks store graskar på marka nær ved, og at det var små eikenøtter over han oppi den høge, breie eika.

"Av og til kan eg berre ikkje kan forstå meininga!" tenkte han. "Å la små eikenøtter vekse på eit så stort og fint tre, og store graskar på små plantar nedpå marka!"

Akkurat då fall ei nøtt ned og i hovudet på han. Han løfta straks hendene i vêret og sa: "Å, kor dum eg er! Kor ville eg ha vore no, om graskar voks på tre?"

Graskarfruktene kan bli svært store, og somme sortar har hardt skal. Mange blir dessutan over fem kilo, Det største kjempegraskaret som er vege var nær 500 kilo. Det er god mat.

Historia kan også minne om kor bra det er at kyr ikkje har vengar å fly med også.

Rett

Ullmund var i lang tid dommar i bygda. Sonen hans var ved sida hans for å lære korleis ein handhevar rettferd.

Ein mann kom for å klage, "Eg fekk sydd meg ei kappe, men så snart eg tok ho på og gjekk ut på vegen, fall den dårleg sydde kappa frå kvarandre - og tilgi at eg nemner det - så eg blei ståande naken i skam framfor folk som samla seg. Derfor må eg sleppe å betale skreddaren."

Framstillinga gjorde sterkt inntrykk på Ullmund. Han utbraut: "Det har du rett i!"

Då skreddaren fekk høyre dommen, storma han fram til dommaren og sa inntrengande: "Den toskete kunden kom til meg med sine eigne tøyfiller og sa eg skulle sy dei saman. Han lena seg fram over skuldra mi mens eg sydde og ergra meg med råda sine, la handa si på mi mens eg sydde sting, og tvinga meg til å bli fort ferdig. Mot slutten kunne han ikkje vente til kappa var ferdig, men nappa ho til seg og gjekk, enda eg åtvara mot det. Han må betale for arbeidet mitt!"

Ullmund samtykte igjen. "Det har du rett i!" sa han.

Dette fekk både seljar og kjøpar til å undre seg stort. Etter at dei fór sin veg, sa sonen hans rådvill: "Men dei kan då ikkje begge ha rett?"

Ullmund samtykte straks. "Det har du rett i, son", sa han.

Kven kan vite?

Ein ungdom hadde bestemt seg for å fare til Nordkapp for å finne gagnleg kunnskap, og spurde Ullmund kva slags folk han skulle sjå etter og lære av. Ullmund kom i hug nokre visdomsord han hadde høyrt ein gong, og sa:

Dropp den som ikkje kan og veit og ikkje veit at han ikkje kan og veit.

Fortel eitkvart til dei unge som ikkje kan og veit, og veit at dei ikkje kan og veit.

Vekk den som søv og veit utan å vite at han veit!

Du kan følge den kloke som kan og veit at han kan og veit.

"Men du veit kor vanskeleg det er å vere viss på at den som veit og veit at han veit, eigentleg veit", heldt han fram.

Storleg trist på ein måte

Ein dag då Ullmund heldt preike i eit lokalt kapell han gjesta, la han merke til at det sat ein gjetar han ikkje kjende, like under talarstolen. Den lokale presten fortalde Ullmund at mannen hadde gått ifrå geitene sine oppi åsane og gått i tre timar for å delta i gudstenesta.

Mens Ullmund forkynte, såg han at mannen blei rørt til tårer og drog fram ein lommeduk å tørke tårene med, så dei ikkje rann nedover fjeset hans. Ullmund blei meir og meir oppelda heilt til han runda av gudstenesta med enda nokre oppglødde ord. Deretter sette han seg ned i den vesle kapellet og spurde geitegjetaren kva som hadde rørt han så sterkt.

"Å-å, "svarte gjetaren, "Førre veke døydde den beste geitebukken min. Dess meir eg såg og høyrde deg med skjegg under haka, dess meir måtte eg tenke på geitebukken min, og dess tristare blei eg."

Kosteleg og verdilaust

Ein dag spurde vennane Ullmund: "Du er ein klok mann, Ullmund. Kan du fortelje oss kva du reknar som mest verdifullt her i verda?"

"Det er enkelt", sa han. "Eg vil tru at råd er det mest verdifulle."

Vennane hans tenkte over dette ei stund, og så spurde dei: "Vel, kva reknar du som utan verdi?"

"Eg vil meine det er råd."

"Gi deg no!" protesterte dei. "Korleis kan noko vere overlag verdifullt, og utan verdi? Du tullar!"

"Nei, slett ikkje, vennar. Eit råd som blir følgt kan vere uvurderleg, men tenk over kor verdilaust det er om ingen følger det."

Innhald


Vittigperen, vittige forteljingar, små vettige soger, korte historier, kløkt, vitsar, litteratur  

Vittigperen, vittige forteljingar, små vettige soger, korte historier, kløkt, vitsar, opp Seksjon Sett Neste

Vittigperen, vittige forteljingar, små vettige soger, korte historier, kløkt, vitsar BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2016, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]